Skjervheimhagen gnr. 35 bnr. 15
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skjervheimhagen gnr. 35 bnr. 15-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skjervheimhagen ligg nedst i jordet på nordre Skjervheim. Bruket vart frådelt nordre Skjervheim som Skjervheimhagen bnr. 15 i 1885 og Skjervheimsjordet bnr. 18 i 1888.
    Skjervheimhagen vart slege saman med Gamli/Satahagen i 1966.
   

{2266} År: 1885

Tolleiv Olson Martehaugen Nyhus 15.06. 1847-1940
Foreldre: Ola Hermundson Kaslegard Brattegardslåtta (ungkar) og Dordei Tolleivsdtr. Martehaugen.
Gm Ragnhild Torsteinsdtr. SataBakken SkjervheimsHagen 31.08. 1868-1901
Foreldre: Torstein Olson SataBakken og Turid Ellingsdtr. Juven.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Tolleivsdtr. Skjervheimshagen Rudningsdokken 20.06. 1898-1979
G 1941 m Ola Olson Rudningsdokken. Sjå Tollefsrud, gnr. 11/15. Anne var omvisar på bygdamuseet.

Tolleiv og Ragnhild gifte seg i 1897. Dei fekk ei datter. Tolleiv var enkjemann etter Anne Eiriksdtr. Nyhus.
    Tolleiv bygde opp bruket frå botnen av. Vanleg buskap var tre kyr. Tolleiv var ivrig fruktdyrkar. Tolleiv vart attgift 1909 med enkja Birgit Nilsdtr. Skomakarjordet Gjerden. Sjå Tollefsrud, gnr. 11/15.