Stranden gnr. 36 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stranden gnr. 36 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stranden eller Gullhagastranden er eit lite småbruk som ligg vest for Slåtta, og grensar mot sør til Hallingdalselva. Her var husmannsplass frå 1786 og fram til 1892. Opphavleg vart jorda her rekna for å vera 'ubrukeleg'. Men husmennene nytta plassen godt, og greidde å pine seg leveveg likevel.
    Innmarka er omlag 13 mål, av det er omlag 8 mål dyrka. Husa er ei stugu frå fyrst på 1800-talet, nytt våningshus, loft, låve og fjøs. Det vart fortalt at ein vinter på 1860-talet budde det 13 menneske i denne vesle stugu.
   

{2290} År: 1786

Eivind Trondson Skjervheim Stranden 1735-1821
Foreldre: Trond Torjusson Håkonsgard Skjervheim og Astrid Jonsdtr. ... .
Gm Liv Torsdtr. Sataslåtten Stranden 24.12. 1758-1846
Foreldre: Tor Sveinson Aslaksgard Sataslåtten og Åse Persdtr. ... Sato (?)
*Barn i andre ekteskap
1. Tor Eivindson Stranden 1782-1853
Barn: Ola 1818 2410 m Birgit Olsdtr. Bakke-eie (hans 2. lm hennes 1. lm.)
    G 1821 m Ingeborg Knutsdtr. Einsetlien, Hol. Barn: Guri 1822-1909 gm Ola Olson Frokeplassen u/Brattåker.
    Då Tor var ute i krigen 1807-14, fekk han ei kule i låret. Den vart ikkje teke ut.
    Dei budde lenge i Einsetlien i Hol,- siste åra i Dokken i Hol. Tor var skinnfeld-makar og elles gjorde han ymse bruksting av bjørk. Korn voks ikkje i Einsetlia, så der var ingen våronn. Tor reiste i staden til Aurland og arbeidde der fram mot jonsok. Då kom han att med kandis og tobakk.
    Vinteren 1853 var Tor ute etter eit mosalass. Det var kaldt og han forfraus so såret frå krigen gjekk opp. Koldbrann fylgde, og det vart slutten for Tor. (1329) s 535
2. Birgit Eivindsdtr. Stranden Kulutunga 1786-____
Barn: Turid 1811- sjå barnebarn. G 1822 m Anders Torkjellson Svarteberg Kulutunga, gnr. 115/16b.
3. Ola Eivindson Stranden Myrland 1790-1858
Barn: Ola 1812- med Kari Oleivsdtr. Bergsgard(?)
    G 1812 m enkje Ragnhild Steensdtr. ... Myrland 1757-1830. Ingen barn. Til Myrland i Hovet i 1812.
    G 1830 m Birgit Arnesdtr. Haugen frå Hovet. Barn: Jørand 1831- gm Guttorm Torjusson Hagen; Liv 1834- gm Svein Torgeirson Sveingard Myrland; Ragnhild 1837-1837; Arne 1838- ; Arne 1840-1868, hadde Myrland, gm Kristi Olsdtr. Kvamen; Ragnhild 1843- ; Eivind 1846- gm Birgit Johannesdtr. Eggen-Myren; Ragnhild 1849- ; Birgit 1852-1915 ho omkom i snøstorm på Eggedalsfjellet. (1329) s 468
    Ola var ute i krigen 1807-14, men fekk permisjon for å gifte seg i 1812. Dimmiterte i 1818. Av type var han stor og sterk, roleg og logn. Han sette opp eit loft i Myrland, det skulle "lyse ein fjordungs veg". Dei hadde visst 12 kyr og 1 hest på garden.
4. Åse Eivindsdtr. Stranden Asgrimsplass 1792-____
G 1817 m Ola Torsteinson Granhagen Asgrimsplass.
5. Torjus Eivindson Stranden Hagen 08.03. 1795-1878
G 1816 m Ågot Mikkelsdtr. Slåtta under Larsgard i Hol. Barn: Liv 1817- gm Anders Olson Kleppo og reist til Am.; Guttorm 1820- var skomakar og overtok Torjushagen, gm Jørand Olsdtr. Myrland, gm Turid Aslesdtr. Villandsmoen Slåtta. Etter at Torjus vart enkjemann fekk han Gunhild 1851-1934 m Ågot Tolleivsdtr. Raggsteindalen.
    G 1858 Hol m enkje Guri Olsdtr. Gudbrandsgardsmoen Hagen. ("Halendings-Guri")
    Torjus var soldat i 1816. Han var spelemann og vart kalla Fele-Torjus. Han budde i bruket Hagen under Sletto i Hovet (som då vart til Torjushagen). Det var ikkje rare bruket, men med god arbeidsinnsats så fødde dei to kyr og fem geiter. Torjus var ein liten rundryggja og lettvint kar, han hadde to spel levande auge og tok livet frå godsida. Då han spelte, brukte han heile kroppen og trampa takta så knea gjekk mest oppunder haka. (Sjå Hol II s 512 og s 635, Hol V s 297 og s 366.)
6. Ola Eivindson Stranden 1799-
G 1824 m enkje Birgit Eilevsdtr. Glomsletten.
7. Svein Eivindson Stranden 27.12. 1805-1846
G 1836 m Guri Torsteinsdtr. Holto. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Turid Levorsdtr. Stranden Bruteigen 29.06. 1811-1888
Barn: Margit 1831- m Eirik Tolleivson Kolbotnen; Rangdi 1835- m/ enkjemann Anders Anderson Leksvol.
    G 1843 m Ola Olson Ulshagaplassen Busteteigen, gnr. 115/16a.
    Foreldre: Levor Olson Holto (ungkar) og Birgit Eivindsdtr. Stranden.

Om fyrste ekteskapet til Eivind, sjå Juven. Eivind bygsla Stranden i 1786. Det fyrste barnet var født i Sataslåtta, heime hjå Liv, sidan budde dei i plassen Stranden.
    Dei bygsla Stranden i 1786 som var 'et jordstykke beliggende nordenfor Sundsbroen kaldet ...'. Leiga var 1 rd 2 ort. Dette jordstykket var ikkje inngjerdt og det vart beskrivi som ubrukeleg jord. Dei kunne rydde og bygge, og bygge seg støl hitanfor "Kren-daagmyren". Så var det rispling under Geiteryggen. Vanlege rettar i skog og hamn. Plassen skulle falle attende til garden utan vederlag etter at båe var avgått ved døden. (1221) s 342b
    Eivind gjorde eit par snedige trekk på tinget. I 1797 tok Eivind inn Ola Eirikson Gullhagen for Forlikskommisjonen. Klagemålet var at Ola hadde overfalle Eivind og brote armen hans. Dei gjorde slik semje bonden og husmannen: all gjeld Eivind måtte ha hjå Ola skal slettast, ingen leige av plassen dei fyrste fire år, dertil fekk Eivind 4 rd og to tunner korn.
    Same dag var Eivind over Bjørn T. Sata som hadde overfalle og slege kona hans på allfarvegen. Vidare søksmål vart fråfalle ved at Bjørn lova å levere 3 kvarter korn. (1389)
    Eivind vart innklaga for forfall av plassen Gullhagastranden i 1804. Truleg skulle husbonden 'ta att.'
    Ei soge i Hallingen handlar truleg om Liv. Liv Stranden hadde bygsla plassen på livstid. Så ville kapteinen i Gullhagen dyrke opp ei myr som låg til plassen, men for Liv var myra slåttemark til den einaste kua ho hadde. Like før rettssaka kom amtmannen på besøk til kapteinen. Liv strauk opp i vegen og møtte herrane på spasertur. Liv spurde amtmannen beint fram om ikkje ho som enkje hadde rett på plassen så lenge ho levde. Amtmannen vreid seg og sa at det var ikkje godt for han å seie noko om det. "Nei, det sant som du sigji", svara ho Liv. "Det er kji godt for amtmann helde, eg skal ha min rett, og kapteinen skal ha medhald!" Men Liv fekk behalde myra. (1235)s 903
    Det vart fortalt kva Liv sa til kapteinen på tinget: "Eg sat i Stranden før du kom til Gullhagen. Og eg skal sita der når du er vekk, endå eg ikkje har so mange feite gardmann-søni å hengi upp i stolphuset mitt!". ( Kapteinen var berykta for å ta mot slakt frå dei som ville sleppe militærtenest.) (1553)1908/17

{2291} År: 1840c

Guri Torsteinsdtr. Holto Stranden 23.12. 1812-1848
Foreldre: Torstein Torkjellson Svarteberg Holto og Margit Aslesdtr. Holto.
Gm Svein Eivindson Stranden 27.12. 1805-1846
Foreldre: Eivind Trondson Skjervheim Stranden og 2.g Liv Torsdtr. Sataslåtten.
Gm Arne Syverson TorpeHagen Tretterud 07.07. 1816-1850
Foreldre: Syver Torkjellson TorpeHagen og Margit Håkonsdtr. Storlien.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Liv Sveinsdtr. Stranden 31.10. 1836-
'Liv Sveinsdtr. Strand' var sett bort på legd 1846. Liv er ikkje å finne død i Ål eller i Ft 1865.
2. Ingeborg Sveinsdtr. Stranden 12.08. 1841-
Ingeborg gjekk på halv legd og halv skulegonge i Torpo i 1850.
    I 1861 kom det rekning frå Froens fattigkommisjon. Ingeborg hadde fått eit barn kring 1860.
    I 1864 kom det rekning frå Kr.ania fattigkommisjon: 1 barn levde, 1 barn var død.
3. Gro Sveinsdtr. Stranden 08.09. 1844-
Gro var tenestjente hjå Ola Pederson på øvre Hensrud på Jevnaker i 1865. Ikkje funnen i Ft 1875 eller 1900.

Svein og Guri gifte seg i 1836. Dei var inderstar på Holo i 1836 og i Røyseplassen i 1840. Til Gullhagastranden kom dei før 1841.
    Guri vart attgift 1847 med Arne Syverson Torpo Tretterud. Barna Ingeborg og Gro kom på legd i 1849 då foreldra var døde. Liv fekk eit nytt 'linned' same år. Fattigvesenet forsørgde ungane frå fyrste ekteskap i 1848.

{2292} År: 1850c

Ola Sevatson Tveito Stranden 23.03. 1800-1867
Foreldre: Sevat Olson søre Tveito og Anne Olsdtr. Arnegard.
Gm Gunhild Torsteinsdtr. Gurigard Smedhaugen 07.04. 1806-
Foreldre: Torstein Knutson Gurigard (ungkar) og Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Trintrudjordet 28.01. 1839-
Barn med Kristian ... , Kr.ania: Ole Vilhelm 1868- ; barn m/Ola Håkonson: Sevat 1874- sjå barnebarn.
2. Guri Olsdtr. Tveito Hansen 20.09. 1841-
Gm Nils Nilsson, ... . Gm graver Hans Hansen, .... 1820-.... . Barn: Halvard 1879- ug. dagarbeidar, vedhogst og grøftegraving; ...
    I 1900 budde Guri og Hans i Graverboligen på Nedreengen på Jevnaker, Hans var pensjonist og 'kunde intet udrette', Guri var dagarbeiderske og vaskekone.
3. Birgit Olsdtr. Smedhaugen Noss 01.09. 1844-1943
Barn m/Peder Jensen Kjenn, Lørenskog: Guri 1871- .
    Barn m/stortingsmann Ole Pedersen ... : Gjertrud/Gerda 1872-1942 g 1923 m Sim Swenson, ho dreiv hotel Scandinavian/ Red Mill i Crosby, Divide Co.
    G 1872 m Asle Torsteinson vesle Dengerud Birgitplassen 1843-1923. Sjå Birgitplassen Noss.
4. Ambjørg Olsdtr. Tveito Sjåheim 09.11. 1847-1932
Ugift. I 1891 budde 'Ambjørg O. Sjåheim' med barna Ola og Gunhild i ei stugu på Tveito. Ho levde av 'handarbeid og husgjerning'. I 1900 budde Ambjørg på SireRudningen.
    Ambjørg hadde to barn utanfor ekteskap. Sjå barnebarn. Sonen Ola fekk utflyttingsattest i 1884.
5. Sevat Olson Smedhaugen 26.06. 1852-1853
*Barnebarn
1. Sevat Olson Hestebrekk-Eie 21.01. 1874-
Foreldre: Ola Håkonson .. inderst på Bakke f. 1835 og Anne Olsdtr. Hestebrekk-eie 1839. Sevat fekk utflyttingsattest i 1889.
2. Ola Knutson Hestebrekk 1877-
Foreldre: Knut Torsteinson Løkplassen (ungkar) og Ambjørg Olsdtr. Hestebrekk. Truleg til Am.
3. Gunhild Knutsdtr. Hestebrekk 04.06. 1880-
Foreldre: Knut Torsteinson Løkplassen (ungkar) og Ambjørg Olsdtr. Hestebrekk.

Ola og Gunhild gifte seg i 1838. Dei budde mange stader. Dei var i Trintrudjordet, Stranden, Smedhaugen og på Hestebrekk. Dei fekk seg tildelt korn på kassa i 1846.
    Ola døydde i Hestebrekk-eie i 1867. Gunhild sat då med 5 barn. I 1875 budde ho i Hestebrekk saman med dottera Anne og tre barnebarn. (Dei to barna til Anne og dessutan ei dotterdotter Guri Aslesdtr. f. 1871 i Ål.)
    Gunhild har truleg flytta ut, me finn ho ikkje i kjeldene etter 1875.

{2293} År: 1861

Eirik Steingrimson Ruud Stranden 24.08. 1813-1888
Foreldre: Steingrim Tidemannson Narum Ruud og Ragnhild Eiriksdtr. Kolsrud (Flå).
Gm Sissel Olsdtr. Helling Stranden 27.02. 1819-1902
Foreldre: Ola Olson Helling Hellingstølen og Guri Nilsdtr. Holto.

Eirik og Sissel gifte seg i 1844. Fyrste åra bygsla dei slåtta Under Berget eller Opsata-eie på livstid. NB. Ungane er førte der. Då Under Berget vart selt i 1861, fekk dei bygsle Stranden.

{2294} År: 1892

Tolleiv Håkonson Skrindo Stranden 27.06. 1845-1917
Foreldre: Håkon Olson Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
Gm Ingebjørg Halvorsdtr. Sehl Stranden 11.10. 1855-1910
Foreldre: Halvor Olson Sehl og Birgit Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Håkon Tolleivson Stranden 04.03. 1888-1976
G 1928 m Rønnaug Larsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
2. Halvor Tolleivson Stranden 04.12. 1889-1917
Ug.
3. Birgit Tolleivsdtr. Stranden Solheimslien 29.07. 1894-1956
G 1933 m Knut Olson Solheimslien, Hol. (Kramkar) Sjå eige hushald.
4. Ola Tolleivson Stranden Dalen 10.08. 1899-1989
G 1922 m Kristi Larsdtr. Luten. Sjå Skriudalen og Luten.

Tolleiv og Ingebjørg gifte seg i 1888. Tolleiv kjøpte Stranden i 1892 og vart sjølveigar. Ved sida av bruket gjekk han på ymse dagarbeid.