Halvorsgard gnr. 37 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Halvorsgard gnr. 37 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Halvorsgard ligg synst i Votndalen, oppe under Sehlsberget. Denne garden kan vera ein del av garden 'Votndal' som er nemnt i gjengjerdsmanntalet i 1528. Halvorsgard er truleg ein svært gamal gard. Landskyld 1557: 4 kalvskinn, 1 album i frelse. Garden skatta som halvgard og hadde 12 laupsbol i landskyld. Ei tid vart Halvorsgard og Reiersgard brukt av same mann. Etterkvart vart det teigblanding i innmarka. Den vart oppløyst ved utskiftinga i 1902.
    Tunet vart flytta til noverande stad kring 1940. Før stod tunet på høgda i nordvestre hjørne av eigedomen. Gamlestugu står att i det gamle tunet. Midt på 1600-talet sette Ola Halvorsgard opp badstugu og stolphus på Reiersgard sin grunn. Grunnen skal ha vore at det var vanskeleg med hustomter i Halvorsgard.
    Plassar og frådelte bruk: Sveinslåtta, Halvorsgardhagen, Fåbrunngjøta.
    Stadnamn: Stiksåkeren, Kyrkjedalen, Halvorsgardsolda.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 48 mål, fjellslått 44 mål. Avling 23 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 69 mål, anna areal 114 mål, produktiv skog 40 mål. Buskap: 2 hestar, 65 vinterfora sauer.
    Husa er ei gamal stugu, våningshus bygt 1923, ombygt i 1946 og 1978, gamalt loft, driftsbygning 1941, ombygd 1988.
    Stølar. Frå gamalt var det heimstøl på Åsetno og langstøl på Hellebu. Desse stølane vart fråselde i 1880-åra. Ei tid støla dei på Sveidnvollane oppunder Såta. No vert Nedreskår brukt som heimstøl, og ny langstøl er tilkjøpt på Hellebu.
   

{2322} År: 1753

Ola Olson Gunhildgard Tistilsgard 1710c-1766s
Gm Torand Olsdtr. Tistilsgard. Sjå meir om familien på Torkjellsgard. Foreldre: Ola Torson Gunhildgard og Ingeborg Ivarsdtr. Dusegard.

Ola kjøpte Halvorsgard i 1753 hjå Svein Olson. Dei krangla litt om handelen. Sjå førre hushald. Ola selde Halvorsgard att til Ola Sveinson Halvorsgard for 870 rd i 1762.

{2323} År: 1762

Ola Sveinson Halvorsgard Bøygard 16.04. 1736c-1809
Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og Mari Olsdtr. Åker (Hol).
Gm Gro Håkonsdtr. Arnegard Halvorsgard 1744-1809
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard (i Votndalen) og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Svein Olson Halvorsgard 26.12. 1765-1857
G 1804 m Guri Olsdtr. Skjerping. Sjå år 1789.
2. Håkon Olson Halvorsgard 14.02. 1768-
Truleg død liten.
3. Håkon Olson Halvorsgard Bøygard 24.11. 1771-1817s
G 1810 m Kari Olsdtr. Løken. Sjå nordre Bøygard.
4. Mari Olsdtr. Halvorsgard Sata 11.09. 1774-1843s
Gm Ola Bjørnson Sata.
5. Botolv Olson Halvorsgard Skalle 1776c-1866
G 1814 m enkje Gunvor Larsdtr. Svarteberg Håheim. G 1826 m enkje Anne Olsdtr. Kvinnegard.
    Botolv kjøpte Rime saman med Ola Bjørnson Sata. Etterkvart overtok Ola heile Rime, og Botolv held att plassen Skalle, Skallestølen, skog og andel i Rime sin langstøl Rødungen med fiskeri. Botolv vart kalla Noss eller Halvorsgard på skiftet i 1867.
6. Gunhild Olsdtr. Halvorsgard 23.05. 1779-
Truleg død liten.
7. Ola Olson Halvorsgard 29.04. 1781-1801?
Truleg død liten.
8. Ola Olson Halvorsgard 06.10. 1782-1867
Ola var ute i krigen 1807-14. Truleg død som O. O. Sata, ytterst fattig, sinnsvak i nokre år og forsørga av broren Embrik.
9. Embrik Olson Halvorsgard 04.09. 1785-1868
Ug. Død som inderst på Sata i 1868. Arvingar var etterkomarane av brørne Håkon og Svein.

Ola og Gro gifte seg i 1765. Ola dreiv handel med slaktefe saman med Gjermund Larsson Rime Bøygard og Henrik Huus.
    I 1762 kjøpte han Halvorsgard for 870 rd, og lånte 598 rd. Ola kjøpte Bøygard for 1000 rd i 1776 og kår til Guri Olsdtr. Han brukte båe gardane i 1781.
    Ola tok på seg å bygge ny tingstugu på Sundre for 145 rd. Då den var ferdig i 1782 han bad tinget på synfaring. Bygningen var i to høgder, storstugu og kjøken i fyrste høgda og 2 kammers oppe. Der var skorstein og jordtak med never og bord. Tingstugu var nybygd, men der var nytta litt tømmer og litt bord frå den gamle tingstugu. Utanfor veggen skulle byggast "Comod stæd eller Vandhus". (1396) s 62
    Saman med to andre kjøpte Ola 1/4 i Ål stavkyrkje hjå futen Dorph i 1788. Prisen var 100 rd. I 1789 selde han garden til sonen Svein.

{2324} År: 1789

Svein Olson Halvorsgard 26.12. 1765-1857
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard og Gro Håkonsdtr. Langegard.
Gm Guri Olsdtr. Skjerping Halvorsgard 04.02. 1776-1864
Foreldre: Ola Olson Storedal Skjerping og Birgit Embriksdtr. Ellingsgard/Lien.
*Barn
1. Gro Sveinsdtr. Halvorsgard 01.01. 1805-1805
2. Gro Sveinsdtr. Halvorsgard Halvorsgardslåtta 27.07. 1806-1892
G 1834 m Embrik Person Bøygard Halvorsgardslåtta.
3. Birgit Sveinsdtr. Halvorsgard 17.01. 1808-1833
4. Gunhild Sveinsdtr. Halvorsgard Skjervheim 02.02. 1811-1856
G 1840 m Mikkel Knutson Skjervheim Halvorsgard. Barn: Anne 1837-, Guri-, Birgit-, Mari-, Botolv 1848-, Svein 1853- . Dei budde truleg på Solheim i Nes i 1842.
5. Margit Sveinsdtr. Halvorsgard Odden 07.12. 1812-1894
G 1844 m Knut Larson Opsata Sataøyen Odden, gnr. 10/10.
6. Mari Sveinsdtr. Halvorsgard Gunhildgardsjordet 26.01. 1815-1870.
G 1848 m Ola Larsson Holeplass Gjerden. Sjå Frankrike.
7. Ola Sveinson Halvorsgard 10.03. 1817-1910
G 1849 m Anne Olsdtr. Embrikstugu Opheim. Sjå neste hushald.
8. Margit Sveinsdtr. Halvorsgard Rust 21.06. 1819-1889
Barn: Birgit 1852- m Knut Knutson Løyte.
    G 1859 m Tolleiv Halsteinson Rustjordet Gol 1826-1869. Barn: Hallstein 1860, Margit 1862-1933 g 1885 m John Monsen busett Pope Co, MN. I 1865 budde Margit og dottera Birgit som inderstar i Sataøyn. Dottera vart konfirmert 1868 som "Løyte". Margit finnst ikkje i FT 1875, 1891 eller som utflytta.
9. Ola Sveinson Halvorsgard 14.01. 1824-1892
G 1857 m Guro Nelson 1830-1904, frå Hallingdal. Barn: Christiana 1855- gm Myron Kenison; Julia 1858- gm Martin Hovelsrud; Tolina gm Peter Pederson; Mary 1861- gm Amund Amunson; Bergit 1862-1865; Svein 1864-1942 g 1894 m Julia Getterson (ættar frå Skurdalen) (12 barn); Elizabeth gm Henry G. Getterson; Nels 1868-1934; Ole ; Henry 1872-1948.
    Ola reiste til Am. i 1845: Fenimore, Grant Co. Wisc. Han arbeidde i ei blygruve, vart sidan farmar. (1520)

Svein og Guri gifte seg i 1804. Guri er nok den same som var ugift tenestjente i Halvorsgard i 1801.
    Svein fekk skøyte på garden i 1789 for 570 rd. Svein var svært sterk. Ein gong hadde ei av dei beste kyrne hans brote foten langt inne på fjellet. I staden for å slakte dyret, bar han kua ned i ein meis. Kua kom seg att. "Men detta va den leiaste børe! Føtadn vilde ta ni markji!", sa Svein. (NU 1899 og 1908).
    Svein kjøpte skog i Ridalen i 1806.

{2325} År: 1849

Ola Sveinson Halvorsgard 10.03. 1817-1910
Foreldre: Svein Olson Halvorsgard og Guri Olsdtr. Skjerping.
Gm Anne Olsdtr. Opheim Halvorsgard 09.06. 1827-1908
Foreldre: Ola Mikkelson Medhus Opheim Embrikstugu og 2.g Mari Andersdtr. Vøllo (Hemsedal).
*Barn
1. Svein Olson Halvorsgard 19.07. 1849-1940
G 1882 m Julia Erickson 1860-1929. Barn: Anetta Celia 1883-1955 g 1907 m Nick Hartland; Anna Marie 1885-1973 gm A. M. Rawson; Oscar 1889-1968 ug.; Emma Julia 1892-1981 ug.; Nora Bertina 1894-1984 gm C. Hanson; Selma Gertie 1899-1978 g 1922 m Jorgen A. Johnson. (1520)
    Svein reiste til Am. 1861 og var farmar ved Fairview, Lincoln, SD.
2. Mari Olsdtr. Halvorsgard Herbrandson 03.03. 1853-1916
G 1869 m Even Herbrandson Purkestad (Hemsedal) 1839-1926. Barn: Henry 1870-1939 farmar/lærar, g 1899 m Anne Asper (5 barn); Anna 1872-1958 g 1917 m John Arneson; Ole E. 1875-1897 ug.; Joseph 1878-1878; Joseph 1880-1957 farmar, g 1904 m Caroline S. Guge (10 barn); Benjamin 1882-1952 ug.; Andrew 1887-1947 ug.; Maria 1889-1970 g 1915 m John Fredrickson. (1520)
    Mari reiste til Am. 1861. Dei farma ved Jackson, MN.
3. Birgit Olsdtr. Halvorsgard 17.09. 1854-
Til Am. 1861.
4. Ola Olson Halvorsgard 12.02. 1859-1930
Til Am. 1861.
   
    Barn i USA. Bessie 1861-1921 ug.; Barbara 1865-1900 g 1895 m Gilbert Gubbrud; Engebret 1870-1951 ug. (1520)

Ola Sveinson fekk skøyte på halve garden i 1849. Ola Sveinson Halvorsgard kjøpte skogremmar frå Bjørøyen og andelar i ei sag i Ridalen på auksjon 1861.
    Ola fekk skøyte på reisten av garden hjå mor si i 1861. Same året selde han garden til Håkon A. Bøygard og reiste til Amerika. Dei fekk seg farm ved Fairview, SD.
   

{2326} År: 1861


Håkon Asleson Medgard Bøygard (1827-1879) hadde Halvorsgard frå 1861 til 1865. Han grunngav handelen med at han ville velja seg granne. Sjå meir om Håkon på nordre Bøygard, gnr. 38/2.

{2327} År: 1865

Håkon Halvorson Opheim Halvorsgard 12.04. 1837-1897
Foreldre: Halvor Knutson søre Garden Opheim og Gro Håkonsdtr. Bøygard.
Gm Guri Larsdtr. Rime Halvorsgard 13.12. 1837-1931
Foreldre: Lars Olson Rime Skalle og Guri Bjørnsdtr. Sataroen.
*Barn
1. Halvor Håkonson Halvorsgard 14.03. 1863-1952
Halvor var svært liten av vekst. Gardsarbeid vart for tungt, så reiste han til Am. i 1889: Beresford, SD.
    Foreldre og sysken kom etter to år seinare. Då tok dei seg land i Lyman Co. "Med sparsomhed og flid gik det fremover". Halvor sa det slik på gamleheimen i Beresford: "Jeg har tumlet på her i gode og onde dage, men Gud har vendt alt til det gode".
2. Nils Håkonson Halvorsgard 13.02. 1866-1867
3. Nils Håkonson Halvorsgard 24.04. 1868-1918
G 1896 m Haldis Larsdtr. Opsata. Barn: Hagen 1897- ; Lars 1898- gm Ada Antonini; George 1900-1976 ,død i Egersund, gm Thyra Hafso; Mabel Gladys 1902- g 1920 m William Rugland; Anna Gurine 1906-1960 g 1941 m Edward Laumbach. Til Am. i 1888: Aitken, MN. Dei gifte seg i Cavite, SD.
    Dei fyrste setlarar ved White River, SD. Dei reiste til Alberta, Can. i 1902.
4. Gro Håkonsdtr. Halvorsgard 29.07. 1871-
Til Am. i 1890. Død før 1931.
5. Håkon Håkonson Halvorsgard 03.09. 1874-
I 1931 var han i Duvolt i Texas.
6. Knut Håkonson Halvorsgard 18.02. 1877-
Til Am. i 1890. 1931: Presho, SD.
7. Guri Håkonsdtr. Halvorsgard 17.03. 1880-1880
8. Ola Håkonson Halvorsgard 19.03. 1881-
Til Am. i 1890.

Håkon og Guri gifte seg i 1862. Håkon dreiv hestehandel, men det gjekk ikkje så bra. I dei harde 1880-åra selde han frå stølane og nokre jordstykke heime. I 1890 selde dei garden og reiste til Amerika.
    Håkon og Guri vart dei fyrste setlarane ved White River, SD. Sonen Halvor Håkonson gardbrukar ved Cavite SD. Sjå Ulvestad Bind 2 s 655 -656 (941)
    Guri vart attgift med Paul Halvorson som døydde før 1913. Budde i Allamakee Co, Iowa.

{2328} År: 1890

Solve Olson Langero Halvorsgard 18.09. 1853-1934
Foreldre: Ola Torsteinson Medgarden Langero og Rangdi Solvesdtr. Myro.
Gm Birgit Sevatsdtr. Holo Halvorsgard 27.04. 1861-1922
Foreldre: Sevat Larsson Holo og Guri Andersdtr. Hago.

Solve og Birgit gifte seg i 1891. Solve kjøpte Halvorsgard i 1890. Han dyrka ein del jord og la opp den store steinrøysa på jordet.
    Under skiftet etter Birgit i 1924 selde han garden. Solve O. Halvorsgard gav eit legat på 450 kr til hygge og nytte på gamleheimen.