Arnegard gnr. 40 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegard gnr. 40 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnegard går i bygdetale under namnet Ådngard. Øvre Arnegard, bruksnummer 1, vert i dag kalla Sandbakken.
    Arnegard i søre Votndalen er nemnt i jordebøkene frå 1560 og 1577 med årleg skatt 4 kalvskinn, og 1 skilling i frelseskatt. I 1577 var namnet skrive som 'Odennegardt'. Sjølve Arnegard ligg sentralt i Votndalen. Litt lenger inne i Votndalen ligg dei frådelte bruka Nupestølen og Buset. Det området har nok vore bruka som heimstølsmark saman med Baklien, som ligg på andre sida av Votna. NB. Baklien er matrikkulert under gnr. 41.
    Opphavleg var Arnegard skattlagt som fullgard, og hadde ei landskyld på 24 laupsbol. Av dette sat Ål kyrkje med 4 lb. Tidleg på 1600-talet heiter det at kyrkja har 1/2 rd gods og presten det same. I 1616 vart garden brukt under Skrindo. Bakgrunnen for dette finn ein truleg i oppgjeret etter drapet på 'Eivind Olson'. Sjå under 1560- og 1612-hushaldet.
    Ola Person brukte kyrkjegodset frå 1619 og framover. Ola Person var nok bonden på garden, 'Ola Arnegard'. Frå 1630 var det 'Isak Arnegard' som bygsla ein kyrkjeteig i Arnegard. Han vart nemnt siste gong i 1633 og har nok berre brukt kyrkjegodset.
    I 1617 vart det skatta av to halvgardar i Arnegard, Per og Guttom på den eine og Elling og Gjertrud (Medhus?) på den andre. Dette var nok berre ei mellomsbels ordning, truleg etter eit arveoppgjer. Frå 1620 var det ein brukar att fram til garden vart delt kring 1670.
    Av underbruk/evt. brukargods til Arnegard var Juvsjord, 4 laupsbol vart innkjøpt i 1598. Vidare er nemnt åslendet Torsteinsrud og Torsteinsrud Lille i 1647. Slottelendet 'Bakli' er nemnt i skattelister fyrst i 1670.
    Det opphavlege tunet i Øvre Arnegard låg 2-300 m ovanfor noverande tun, i nordvestre hjørnet av eigedomen og på grensa mot 'Uppåbakka'. Her viser enno stugutufta, men tuftene elles er oppdyrka. Garden vart flytta ned til 'den såkalte sandbakke' ved utskiftinga i 1905. Og etterkvart vart namnet 'Øvre Arnegard' skifta ut med 'Sandbakken' sidan det nye tunet vart liggande lågare enn Nedre Arnegard.
    Frådelte underbruk og plassar: Nedre Arnegard bnr. 8, Baklien, Eikro bnr. 2, Buset bnr. 17, Nupestølen. I 1848 vart Giggeråkeren frådelt og selt til nedre Arnegard.
    Areal 1865: 4 1/2 mål åker, 7 1/2 mål naturleg eng, avling 5 1/2 tunne bygg, 3 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål og anna jbr. 20 mål som vert leigd bort.
    Våningshus og låve med fjøs er bygd kring 1905 og påbygde/utvida i 1940-åra.
   

{2434} År: 1797

Ola Olson Arnegard 07.07. 1765-1820
Foreldre: Ola Olson d.e. Arnegard og Ambjørg Persdtr. Gunhildgard.
Gm Anne Torsteinsdtr. Sundrelien Arnegard 27.05. 1776-1816
Foreldre: Torstein Larsson Sundre SundreLien og Anne Olsdtr. ... (Dusegard?).
Gm Liv Knutsdtr. Torsteinsrud Logsengard 1789-1843
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 1.g Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ambjørg Olsdtr. Arnegard Gunhildgard 12.10. 1800-1876
G 1821m Bjørn Håkonson Medgarden Gunhildgard. Dei var i Arnegard om lag seks år.
2. Anne Olsdtr. Arnegard Løken 15.12. 1805-1871
G 1835 m Knut Ellingson Løken. Sjø søre Løken. I unge år var Anne var i tenest hjå kaptein Selmer. Ho brende brennevin for han.
3. Ågot Olsdtr. Arnegard 08.10. 1808-1848
Ug. Fattiglem.
4. Ola Olson Arnegard Hallbjørghagen 03.01. 1812-1873
G 1836 m Margit Olsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
5. Ågot Olsdtr. Arnegard 16.08. 1815-1848
Ågot vart konfirmert i 1834. Ågot hadde formyndar i 1845. Død som ugift inderst i 1848.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Olsdtr. Arnegard Bøygard 12.12. 1817-1891
G 1843 m Arne Guttormson Bøygard. Sjå søre Bøygard.
2. Borghild Olsdtr. Arnegard Haga 08.06. 1821-1896
G 1845 m Nils Olson Eikrene Haga, Hemsedal. Barn: Ola 1846-1917 gm Birgit Syversdtr. Purkestad Haga; Guri 1848-1900 gm Rasmus Grohaugen; Liv 1851- til Am.; Ola 1853-1926 'Store-Lykkjaren' på Hagen i Lykkja; Knut 1855-1924 g 1882 m Kari Høllebakka Kammerud; Kari 1858- gm Gunnar øvre Sundheim; Nils 1860-1928 Purkestad; Barbro 1862- gm Tore Semlebakka til mittre Sundheim; Oline 1865- gm Nils O. Rugnus, Ulnes. (1235) s 102
    Borghild og Nils møttest som tenestfolk i Bjøbergo i Hemsedal. Nils sa om ho Borghild: "Når ingin kjøpte meir enn kjæringi mi, svølte kremmeradn i hel, om dei vøre seige som hunda". Dei to arbeidde hardt og la seg opp peng.

Ola og Anne gifte seg i 1800. Anne hadde dottera Birgit 1798-1854 m/Embrik Olson Ulshagen. Buet etter Anne var 564 spd i 1816. Då hadde dottera Birgit fått ei kvige verdt 6 spd i heimegifte.
    Ola og Liv gifte seg i 1817. Liv var enkje etter Tor Olbjørnson Dokk Logsengard.
    På skiftet etter Ola i 1821 var det 218 spd å dele. Noko lausøyre vart selt for å betale skattar. Svigersonen Bjørn Håkonson Gunhildgard overtok garden i påvente på at eldste sonen Ola skal løyse garden for 600 spd når han vert myndig. Enkja skulle ha kår, m.a. åker til '5 settung potets utsettelse' og Bjørn skulle ha barna Ola og Ågot i sitt brød til dei vart 15 år.

{2435} År: 1839

Ola Olson Arnegard Hallbjørghagen 03.01. 1812-1873
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Anne Torsteinsdtr. Sundrelien.
Gm Margit Olsdtr. Sehl Arnegard 14.06. 1818-
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld Sehl og Haldis Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Ola Olson Arnegard 19.01. 1837-1898
G 1863 m Dordei Olsdtr. Gjøta. Sjå 1864-hushaldet.
2. Anne Olsdtr. Arnegard 09.06. 1838-1839
Barne-koppar.
3. Anne Olsdtr. Arnegard 06.06. 1840-1853
4. Ola Olson Arnegard 09.10. 1842-1896
G 1868 m Marit Knutson, Valdres 1847-1886. Barn: Ola 1869-1959 bankmann g 1916 m Elizabeth DeKay (2 døtre); Martin 1873-1939 budde i Alberta i Canada, g 1902 m Anetta ... ; Knut budde i New York; Oscar 1883-1964; Albert Olai 1877-1962 farmar/postmann, g 1909 m Emma Larson, g 1949 m Alice Walla; Maria ....-1965 gm L. K. Lee; Agnetta 1880-1965 gm Martin K. Lee (2 barn); Andrew; Oscar ; Emma 1884- . (J. Marler).
    G 1893 m Maria H. Smaaladen 1870-1956. Barn: Mabel 1894-1930 gm Toni Paulson (3 barn); ...
    Til Am.: Trail Co. Ola dreiv pengeutlån, sonen Ola førde dette vidare med interesser i 4 bankar, m.a. Hillsboro National Bank. Byen Arnegard i McKensie Co. ber namn etter grunnleggaren Albert Arnegard.
5. Haldis Olsdtr. Arnegard Engebrektson 05.02. 1844-1878
Gm Ola Embrikson Kvelprud. Barn: Ingebret 1862-1891; Olaus 1864-1890; Anne Marie 1865- ; Ole 1867-1965; Guri 1868- ; Torkel 1872- ; Albert 1873- ; Georg 1875- ; Ingeborg 1876- ; Haldis 1878- . (J. Marler)
    Til Am. ca 1864: farm ved Hillsboro, ND. Dei skreiv seg 'Engebrektson'. Gravlagt 1878 på Arnegard Cemetery.
6. Halvor Olson Arnegard 16.06. 1846-1921
Gm Ingeborg Botolvsdtr. Øygarden. Barn: Ole gm Augusta Josephine ... (2 barn); Kari, Bennie, Eddie, Mary 1874-1960 gm Andrew Swenson (minst 2 barn); Helena 1878-1967 gm O. P. Olson (6 barn). (J. Marler)
    Til Am. i 1869 (frå Stavanger): Ceder Falls, Iowa i 1869, til Hillsboro ND i 1871.
    Han gav grunn til kyrkje i Aal menigheit i Trail Co. Det vart til Arnegard Cemetery (gravplass). Halvor hadde 640 acres land, og han dreiv utlån av pengar. Hallingen 171 s 11.
7. Ivar Olson Arnegard 10.09. 1849-1882
Gm Gjertrud Moen 1846-1939c. (Eller Gjertrude W. Evanson som var norsk immigrant i USA.). Barn: Maria (?) gm ... Strom, Oscar gm Laura ... (1 barn); Even 1878-1940 farmar, gm Ida Rindy (5 barn); Iver 1882-1950 farmar, gm Clara Justine Strom (2 barn); Julia 1880-1969 g 1904 m Halvor Smaaladen (6 barn). (J. Marler)
    Utvandra til Lier, så til Am. i 1871: Hillsboro, ND.
    Ivar døydde i sin beste alder etter ei ulykke med eit hestespann. Han let etter seg enkje og fire barn. Ein av sønene var den rikaste farmaren i Trail Co. Det heitte at sønene tok seg land i McKenzie Co., ND. (1047)
8. Ågot Olsdtr. Arnegard Sundre 06.02. 1852-1941
G 1879 m Håkon Olson Espelund Sundre f. 1843. 8 barn: Marie 1882- ugift eigedomsmeklar i USA; Ola ....- farmar gm ... ... ; Sevat 1880- vart borte i USA; Ågot ....-1968 i USA; Margit .... -1984 gm ... Moran, New York; ...
    Ågot og Håkon hadde eit gardbruk inne ved Oslo og dreiv mjølkehandel. Då Håkon døydde, flytta Ågot attende til Ål og kjøpte eigedomen Moen i Nasagardane. Dottera hennar, Margit Moran, kom att frå Amerika og stellte mor si. Margit Moran døydde i New York 1984.
9. Anne Olsdtr. Arnegard 02.07. 1854-1856

Ola og Margit gifte seg i 1836. Dei budde på Øvre Arnegard, men der gjekk det visst ut med dei økonomisk.
    Så kom dei til Hallbjørghagen. Sonen Ola tok att Arnegard på odel i 1864. (Mehlum 1903/57)

{2436} År: 1851

Gunvor Olsdtr. Arnegard 07.10. 1804-1857
Foreldre: Ola Torkjellson Arnegard og Margit Sandersdtr. Tufte.
Gm Embrik Olson Reiersgard Arnegard 1789-1875
Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. søre Opsata.
*Barn
1. Guri Embriksdtr. Arnegard 23.03. 1842-1865
G 1864 m Botolv Olson Trintrud Baklien. Ho var født som tvilling, men berre Guri vaks opp.
2. Margit Embriksdtr. Arnegard 07.09. 1845-1889
G 1870 m Ola Torsteinson Holo. G 1876 m Torkjell Larsson Hovdegard Arnegard Breieøyen.

Embrik og Gunvor gifte seg i 1841 og fekk to barn. Dei makeskifta til seg Arnegard i 1851. Frå før hadde Embrik barna: Henrik 1816- m/Birgit Henriksdtr. Sataeie; Embrik 1820- og Margit 1822- m/Gunhild Håkonsdtr. Ruud; Margit 1820- m/Anne Eiriksdtr. Ruud; Ola 1831- m/Anne Torkjellsdtr. Skjervheim.
    I 1859 vart makeskiftet omgjort, og Ola Olson Arnegard selde garden til Mikkel Embrikson Bakke i 1861. Han selde vidare til Bjørn Håkonson Gunhildgard etter to år. Bjørn selde 1864 til Ola Olson Arnegard, som truleg gjorde odelskrav.

{2437} År: 1864

Ola Olson Arnegard 19.01. 1837-1898
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Margit Olsdtr. Sehl.
Gm Dordei Olsdtr. Gjøta Arnegard 21.11. 1838-1895
Foreldre: Ola Tolleivson Ruud Gjøta og Guri Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Rangdi Olsdtr. Arnegard 03.09. 1863-1872
2. Margit Olsdtr. Arnegard 27.06. 1865-1891
Til Am. i 1888, men død like etterpå. (1345) Gravlagt Gran Lutheran Church, Hatton. (J. Marler)
3. Guri Olsdtr. Arnegard Sundby 04.07. 1867-1927
G 1890 m John Sundby, Gudbrandsdalen 1859-1935. Barn: Albert 1891-1952; Oscar ; Agnes 1900-1973 ug.; Dina 1906-2003 ug. avisskribent; Edwin 1908-1962. (1245)
    Til Am. i 1888: Hillsboro, ND. Guri og systera Randi kom til farbroren Ola Arnegard i Trail Co. John og Guri farma i Hillsboro. Gravlagt på Arnegard Cemetery, Trail Co. ND. (J. Marler)
4. Haldis Olsdtr. Arnegard 25.10. 1869-1913
Gm Ola Amundson Dekko Arnegard 1869-1944. Sjå 1898-hushaldet.
5. Ola Olson Arnegard Gjerden 11.09. 1871-1932
G 1894 m Liv Larsdtr. Kaslegard. Gm Mari Sevatsdtr. Baggegarden. Sjå neste hushald og Bakkegjerda.
6. Randi Olsdtr. Arnegard Øygard 17.07. 1874-1966
G 1901 m Henrik Olson Bergsgard Øygard 1873-1904.
7. Haldis Olsdtr. Arnegard Billehuset 26.11. 1877-
G 1895 m Håkon Håkonson Billehuset. Dei tente utpå bygdene i 1903. Budde i Voksenlia i 1955.

Ola og Dordei gifte seg i 1863. Han var målar og vart kalla 'Ådngardsguten'. I hans tid kom den brune 'eike-målinga' som avløyste rosemålinga. Men Ola var også rosemålar.
    Ola var god spelemann, og farta mykje ikring med fela. Det fortelst at han fekk slik 'ljø' i fela. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 255.)

{2438} År: 1894

Ola Olson Arnegard Gjerden 11.09. 1871-1932
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Dordei Olsdtr. Gjøta.
Gm Liv Larsdtr. Kaslegard Arnegard 19.03. 1866-1897
Foreldre: Lars Embrikson Thon Kaslegard og Guro Olsdtr. Tistilsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Olsdtr. Arnegard #Sørlie 11.07. 1894-
G 1924 m Hans Andreas Sørlie frå Lier. Ingen barn. Handelsmann på Ål.
2. Ola Olson Arnegard Gjerden 07.02. 1896-1982
G 1942 m Guri Håkonsdtr. Gunhildgard. Sjå Bakkegjerda.

Ola og Liv gifte seg i 1894. Ola var gardbrukar, snikkar og målar. Då Liv gjekk bort, selde han Arnegard til systera Haldis. Så var Ola tre år på Eikro før han slo seg til i Bakkegjerda. Attgift med Mari Sevatsdtr. Baggegarden. Sjå både Bakkegjerda og Baggegarden.

{2439} År: 1898

Haldis Olsdtr. Arnegard 25.10. 1869-1913
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Dordei Olsdtr. Gjøta.
Gm Ola Amundson Dekko 27.08. 1866-1944
Foreldre: Amund Olson Perplassen Dekko og Rønnaug Knutsdtr. Dekko.
*Barn
1. Dordei Arnegard Bergo 21.05. 1902-1965
G 1922 m Lars Larsson Bergo. Sjå eige hushald under NSB.
2. Arnfinn Arnegard 29.11. 1905-1983
Var g 1927 m Rangdi Krosshaug. Gm Anette Rånes - Kure. Sjå neste hushald.
3. Margit Arnegard Sataslåtten 15.07. 1908-1977
Gm Lars Sataslåtten. Sjå eige hushald under jarnbanen.
4. Oline Langeland Berg 27.11. 1911-1992
G 1936 m Bernhard Berg. Sjå eige hushald under 'Bygdefolk'.

Då broren Ola vart enkjemann, kjøpte Haldis Arnegard i 1898, og dreiv garden til ho vart gift. Ola Amundson vart kalla Vesle-dekken og var som bror sin ein flink spelemann. Ola selde gardsskogen og heimehamna til Hermann Gullhagen i 1911.
    Dottera Oline tok namnet Langeland etter løyve frå departementet 1926. Sidan mor hennar var sjuk då ho var liten, voks Oline opp hjå Marte og Embrik Langeland.