Arnegard, nedre gnr. 40 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegard, nedre gnr. 40 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Ådngard, eller berre Ådngard i søre Votndalen.
    Denne garden vart frådelt Arnegard kring 1675 og skattlagt som øygard med 8 laupsbol i landskyld.
    Stadnamn: Karlåkeren (skal vera broten av ein svensk krigsfange 1812-14).
    Areal 1865: åker 16 1/2 mål, naturleg eng 20 mål, utslått 38 mål. Avling 18 tunner bygg og 14 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål, anna jbr. 40 mål, prod. skog 450 mål, anna utm. 100 mål.
    Våningshus bygt 1893, påbygt 1941 og 1960, nytt kårhus 1989, stabbur 1914, hytte 1942, driftsbygning 1967, påbygd 1982, reidskapshus 1971.
    Stølar: opphavleg heimstøl på Åsetno vart fråselt i 1745. Sidan var Nupestølen brukt inntil den vart frådelt som eige bruk. Heimstølen Saueslettane vart fråselt i 1892. Opphavleg langstøl Hellebu vart fråselt og lagt til øvre Medgard i 1880. Ny langstøl på Geitevasstølen vart tilkjøpt i 1940. Buskap: 80 vinterfora sauer, 12 oksar, 12 kalvar, 1 hest, 150 revetisper i pelsdyrfarmen i Svarteberg.
   

{2457} År: 1775

Embrik Nubson Arnegard 06.02. 1746-1785s
Foreldre: Nub Embrikson Arnegard og Kari Knutsdtr. ... .
Gm Ragnhild Hermundsdtr. Slettemoen Arnegard 1746-
Foreldre: Hermund Knutson Slåtta Slettemoen og Birgit Olsdtr. Åkreslåtta, Hol.
*Barn
1. Nub Embrikson Arnegard Sundrebråten 1778-
Nub var dreng og soldat. Han hadde i allefall to barn, men vart bøtelagt for sitt tredje legemål i 1808.
    Barn: Aslak 1802-1890 m/Anne Sevatsdtr. Granhagen Sundrebråten.
    Barn: Birgit Huse 1808-1856 m/Birgit Botolvsdtr. Espegard. Sjå meir på mødrene og på Sundrebråten.
    I 1821 heitte det at Nub budde på Svelvik-eie. Han fekk då reisepass hjå Drammen politikammer for utreise til Danmark. (Opplyst av Terje Østro.)
2. Birgit Embriksdtr. Arnegard 03.03. 1782-1785

Embrik og Ragnhild gifte seg i 1777. Embrik fekk skøyte på Arnegard 1775 for 550 rd og kår til foreldra. Unnateke frå handelen var plassen Baklien. Embrik ville ikkje kvittere for fars-arven som Ragnhild hadde motteke. Han meinte at noko mangla. I 1781 vart han saksøkt av Elling Tufto for dette.
    På skiftet etter Embrik 14.10.1785 var det 113 rd å dele på enkje og son. Ragnhild var med barn under skiftet som då vart utsett, men barnet var dødfødt.
    Garden gjekk på auksjon hausten 1785. Sonen Nub lyste pengemangel for å halde på odelen. I 1793 gjorde oppsittarane på Arnegard slik avtale: Nub skulle få sin odels- og løysingsrett til Arnegard då han fyllte 18 år. I mellomtida skulle brukarane ikkje føre avling eller møk frå garden.
    Ragnhild vart attgift 1788 med Aslak Knutson Strand Amundsgard.

{2458} År: 1786

Nils Torkjellson Tveito 17.04. 1761-1824
Gm Liv Olsdtr. Håheim. Sjå meir om familien på nordre Tveito. Foreldre: Torkjell Olson nordre Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.

Nils fekk auksjonskøyte på Arnegard med Baklien i 1786. Oppropsum: 600 rd, prisen vart 864 rd og kår til 'Kari Knutsdtr.' Han selde vidare til broren Ola i 1789 for 697 rd og kår.

{2459} År: 1789

Ola Torkjellson Tveito Arnegard 04.03. 1764-1848
Foreldre: Torkjell Olson Tveito og Borghild Nilsdtr. Skjervheim.
Gm Margit Sandersdtr. Tufte Arnegard 06.03. 1774-1837
Foreldre: Sander Holgeson Ruud Tufte og Gunvor Eivindsdtr. Hovde (Hemsedal).
*Barn
1. Borghild Olsdtr. Arnegard 17.01. 1802-1837
G 1824 m Lars Håkonson Berg Arnegard. Sjå neste hushald og Dusegard.
2. Gunvor Olsdtr. Arnegard 07.10. 1804-1857
G 1841 m Embrik Olson Reiersgard Arnegard. Sjå år 1841.
3. Ågot Olsdtr. Arnegard Hovdegard 23.07. 1807-1879
Gm Lars Olson Svillegard Hovdegard. G 1851 m Embrik Olson Tullegard.
    Ågot døydde som enkje og fattiglem på Arnegard i 1879.
4. Guri Olsdtr. Arnegard 09.04. 1811-
Til Am. i 1861 ELLER busett i Bergsundlia i Ådal i 1865 i lag med sonen Ola Olbjørnson Arnegard f. 1850. Ho var ugift dagarbeidar. 'Ole Olbjørnson Bergsundlia', oppgjeven alder 20 år gamal, melde utreise frå Ådalen til Amerika 10. mai 1869.
5. Turid Olsdtr. Arnegard Berg 08.04. 1815-1908
G 1842 m Henrik Olson Berg.

Ola og Margit gifte seg i 1801. Ola kjøpte Arnegard 1789 hjå broren Nils for 697 rd og kår til Kari Knutsdtr. Nupestølen og ein halv skogrem var ikkje med i handelen. (1221) s 69
    Ola selde 1792 stølen Baklien eller "Skattebaklistølen" til Kristen Ånstad for 80 rd. Kristen fekk beite med to kyr innanfor delesteinane. (1221) s 375
    Dei selde garden til dottera Borghild og svigersonen Lars i 1825.

{2460} År: 1825

Borghild Olsdtr. Arnegard 17.01. 1802-1837
Foreldre: Ola Torkjellson Arnegard og Margit Sandersdtr. Tufte
Gm Lars Håkonson Berg Arnegard 1795-1859
Foreldre: Håkon Olson Berg og Ragnhild Syversdtr. Mørk (Hol).
*Barn
1. Ola Larsson Arnegard 17.03. 1829-
Til Aukra i Romsdal.
2. Håkon Larsson Arnegard 17.03. 1829-
Til Aukra i Romsdal.
3. Ragnhild Larsdtr. Arnegard Preinsrud 07.06. 1831-
Gm Oleiv Ivarson Preinsrud 1832-.... . Barn: gut 1859-; Borghild 1860- ; Magdalena .... gm prest /skulemann/redaktør S.A. Scarvie. Til Am. i 1861: Iowa. (943) , (1047)
4. Margit Larsdtr. Arnegard 14.01. 1836-1836

Lars hadde ei dotter med Ingebjørg Ivarsdtr. Vøllo, Hemsedal: Margit 1818- . Barn med enkje Anne Gregersdtr.: Gregor 1849-
    Lars og Borghild gifte seg i 1824. Lars kjøpte Arnegard i 1825 hjå foreldra hennar. Borghild døydde 14 dagar etter mor si. Etter ein eksekusjon i 1839 selde han garden i 1841. Deretter kjøpte han garden Hasle i Aukra i Romsdal.
    Lars fraus i hel på fjellet mellom Lio og Ustedalen i februar 1859.

{2461} År: 1841

Embrik Olson Reiersgard Arnegard 1789-1875
G 1841 m Gunvor Olsdtr. Arnegard. Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. Opsata.

Embrik Olson kjøpte Lars Berg sin halvpart i nedre Arnegard og sat med heile garden i 1841. Han selde til sonen sin Embrik i 1854. Sjå øvre Arnegard.

{2462} År: 1854

Embrik Embrikson Ruud Medgarden 30.04. 1820-1885
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard m/Gunhild Håkonsdtr. Ruud Opheimshaugen.
Gm Margit Eiriksdtr. Underåsen Medgarden 23.10. 1833-1917
Foreldre: Eirik Rasmusson Opheim Underåsen og Rangdi Olsdtr. Sørbøen.

Embrik og Margit gifte seg i 1856. Meir om familien i nedre Medgarden år 1861. Embrik kjøpte garden hjå far sin i 1854 og selde att til halvsystera i 1860.

{2463} År: 1860

Guri Embriksdtr. Arnegard 23.03. 1842-1865
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard Arnegard og Gunvor Olsdtr. Arnegard.
Gm Botolv Olson Gunhildsgardjordet Baklien 14.03. 1832-1919
Foreldre: Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde og Birgit Olsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Guri Botolvsdtr. Baklien 07.03. 1865-1890
G 1883 m Eirik Person Nupestølen søre Baklien 1852-1915. Barn: Anna 1883-1928 gm Gustav Ferdinand Johnson, gm Lars Iverson; Gurine 1886-1978 gm Helge Nilsson Langeland, farmar i Gary, MN.; Peder 1887-1891; Gilbert Bjerke 1890-1958 gm Gertie Tildahl Rystad. (968) Guri reiste til Am. i 1883, dei farma i Winger, MN.

Botolv og Guri gifte seg i 1864. Guri døydde i barselseng 1865. Botolv vart attgift 1869 med Anne Aslesdtr. Baklien. Han selde Arnegard til Arne Arneson Arnegard Bergsgard og flytta til Baklien.

{2464} År: 1873

Arne Arneson Arnegard Bergsgard 03.03. 1842-1905
G 1873 m Guri Håkonsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald. Foreldre: Arne Arneson Arnegard og Haldis Olsdtr. Sehl.

Arne var sersjant i unge år. Arne overtok Arnegard i 1873, men flytta til Bergsgard i 1879. Sjå Bergsgard.

{2465} År: 1876

Margit Embriksdtr. Arnegard 07.09. 1845-1889
Foreldre: Embrik Olson Reiersgard Arnegard og Gunvor Olsdtr. Arnegard.
Gm Torkjell Larsson Hovdegard Arnegard 23.02. 1844-
Foreldre: Lars Olson Svillegard Hovdegard og Ågot Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ågot Torkjellsdtr. Arnegard 17.04. 1876-1879
2. Gunvor Torkjellsdtr. Arnegard 11.03. 1878-1880
3. Lars Torkjellson Arnegard 07.06. 1879-____
Tvilling. Død eller utreist?
4. Embrik Torkjellson Arnegard 26.02. 1882-1968
Embrik var i tenest på Nordre Fro på Norderhov i 1900, reiste så til Amerika og vart farmar i Govan, Sask. Canada. (1032)
5. Ågot Torkjellsdtr. Arnegard 28.02. 1885-____
vart bortsett til Margit og Ola Skaret Larsstølen Konfirmert Larsstølen 1900.
6. Ola Torkjellson Arnegard 23.11. 1888-____
Død liten eller utreist?

Margit vart attgift med Torkjell Larsson i 1876. Ho var enkje etter Ola Torsteinson Holo. Sjå år 1841.
    Torkjell Larsson hadde garden utan heimel. Han var handelskar i 1875. Det vart halde utleggsforretning hjå han i 1880, og i 1886 gjekk garden på auksjon for 3600 kr. Torkjell og Margit kom då til Breieøyen.
    Ny eigar på Arnegard vart Ola H. Sata d.y. Han brukte ikkje garden, men delte frå fleire parsellar for sal.

{2466} År: 1893

Steingrim Nilsson Juvsjord Arnegard 17.12. 1848-1921
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
Gm Guri Mikkelsdtr. Stølen Arnegard 23.02. 1870-1947
Foreldre: Mikkel Olson Holeplass Stølen og Sissel Eiriksdtr. Skjerping Øygardslåtta.
*Barn i andre ekteskap
1. Liv Steingrimsdtr. Arnegard Villand 10.09. 1898-1961
G 1923 Voss m Lars Pålson Villand, Hovet. Barn: Sissel 1923- gm Marvin L. Holestøl; Pål 1924- bonde på Villand, gm Aase Lindstad, Nes på Hedmarken.
    Ved sida av garden dreiv dei turisthytte i Raggsteindalen med plass til 90 gjester.
2. Nils Steingrimson Arnegard 31.05. 1903-1992
G 1927 m Birgit Syversdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.

Steingrim vart attgift med Guri Mikkelsdtr. i 1898. (Fyrste ekteskapet hans med Guri Olsdtr. står på søre Skrindo.) Steingrim tok til med fehandel som 17-åring, og kjøpte sauer på vestlandet. (1471) s 53
    Steingrim kjøpte inntil bnr. 3 'Øvre Arnegard' og bnr. 4 'Øvre Arnegard'. Dei sette garden i god stand. I 1915 tok han Bringejordet på odel.