Baklien gnr. 41 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Baklien gnr. 41 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Baklien dukkar opp som slottelende under Arnegard i søre Votndalen. Landskyld 1 laupsbol. Baklien vart delt i nordre og søre før 1657, men båe delane vart liggande under Arnegard, og nytta skiftesvis som bruk, underbruk eller støl fram til frådelingane i 1790 og 1805. Før 1790 har det ikkje lukkast å plassere folk på nordre eller søre Baklien. Kåre O. Solhjell reknar det sannsynleg at Baklien er frå høgmellomalderen. I nordre Baklien vart funne ei tjukknakka flintøks frå steinalderen. (Registrert som C 20594 UiO.)
    NB. I seinare tid hadde søre Bøygard ein tredje plass som også var kalla søre Baklien. Den låg i skogen sør for søre Baklien og vart tilkjøpt i 1947.
    Namnet kjem av at Baklien ligg i lia på andre sida av elva Votna, tvers overfor Arnegard. Gardsvegen tek av vest for Gullhagabrua.
    I 1707 var det Ola (Jørgenson) og Knut (Embrikson) som skatta av 1 laupsbol i Baklien. Dvs. bøndene på Øvre og Nedre Arnegard. I 1749 var Baklien 'Ubesået'. Korkje nordre eller søre Baklien var busett i 1762. Berre Nordre Baklien var busett i 1801.
    I tida frå 1790 til 1869 var det to bruk i Baklien. Hushalda under Øvre Arnegard dvs. søre Baklien står under år 1800 og 1839. Hushalda i nordre Baklien under nedre Arnegard står under år 1790, 1814 og 1842. Baklien vart samla att fyrst i 1869. Dei gamle tuftene er no oppdyrka.
    Areal 1865 søre Baklien: åker 1 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 4 mål.
    Areal 1865 nordre Baklien: åker 9 mål, naturleg eng 88 mål, utslått 6 mål. Avling: 7 tunner bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål + 40 mål på stølen, prod. skog 200 mål. Buskap: 75 sauer, 50 sylvrevtisper og 30 blårevtisper.
    Våningshus bygt 1949, loft 1906, pelsdyrfarm 1928, rest. 1992-94 med fleire nye skur, pelsingshus og lagerhus. Stølar: langstøl Juvsjordgjerda på Hellebu innkjøpt 1910. Heimstølen Juvsjordbaklien er makeskifta mot ein Juvsjord heimstøl innved innmarka til Baklien. Baklien stølen på Kitilset vart bortpanta på 99 år for 1700 kr. Den kan løysast i 2016.
   

{2486} År: 1785c

Lars Knutson ... Baklien 1747-____
Foreldre: truleg Knut Olson og Anne på nedre Sando.
Gm Margit Knutsdtr. Sando? Baklien 1746-1829
Foreldre: truleg Knut Olson og Anne på nedre Sando.
*Barn
1. Anne Larsdtr. Baklien 1788-
Truleg død i 1790-åra.
2. Knut Larsson Baklien 24.10. 1790-
Truleg død i 1790-åra.
3. Anne Larsdtr. Baklien 24.02. 1793-
Anne levde i 1801.

Frå 1788 til 1793 budde Lars og Margit i Baklien. Truleg søre Baklien. I 1787 var Baklien brukt under Arnegard.
    Margit var enkje i andre ekteskap då ho møtte Lars. Den andre mannen var Hermund Olson Gudbrandsgard, den fyrste er ukjent. Omlag 1793 kom dei til Skruvedalen der sonen til Margit var husmann.

{2487} År: 1790

Fingar Asleson Skalle Baklien 22.08. 1756-1808
Foreldre: Asle Eivindson Rime Skalle Stavehaugen og Rønnaug Olsdtr. Sundre. (970)
Gm Margit Endresdtr. Liahagen Baklien 16.11. 1755-1829
Foreldre: Endre Larsson Liahagen og Gro Herbrandsdtr. Tomasgarden Sire.
*Barn
1. Asle Fingarson Baklien 06.04. 1788-1858?
G 1814 m Anne Aslesdtr. Aslegard Strand. Sjå neste hushald.
2. Asle Fingarson Baklien 06.09. 1789-
Truleg død i 1790-åra.
3. Margit Fingarsdtr. Baklien 26.12. 1794-
Truleg død i 1790-åra.
4. Gro Fingarsdtr. Baklien Tveito 1795-1830
G 1820 m Ola Embrikson søre Tveito. Gnr. 55/4.

Fingar og Margit gifte seg i 1787. Dei bygsla Øvre Luten under Øygarden i 1788. Så fekk han skøyte på '1/2 løb udi' Baklien i 1790 for 80 rd. Stølen 'Hellebrud' (ein heimstøl) fylgde med, likeeins var det fri hamn i fellesbeitet i lia norda stølen.
    På auståsen hadde bruket 'fornøden skov og storrslått i felles mark.' Merk: denne delen av Baklien hadde løpenr. 121 og låg under nedre Arnegard. Baklien hadde 120 a og b.
    Fingar skulle svara landskyld etter 1/2 laupsbol til Ola Torkjellson nedre Arnegard. Grensene for Baklien var: på nordre kant etter nedsatte steinar like frå elva og opp i øvre gjerdesgarden og den der 'opprettede skillesten' nedetter til ein stor jordfast stein. Frå midten av denne går delet etter snor ned i begynnelsen av ein graven veg i bakken. Sidan går delet like ned i elva att.
    I 1806 var forlikskommisjonen i Baklien. Det kom til semje om den planlagte vegen, og det vart teke avgjerd om grindar m.m. Sjå meir om vegen under år 1814.
    Det var 400 rd å dele etter Fingar i 1808. Margit var attgift 1816 med enkjemannen Embrik Embrikson Sataøyen. (992)

{2488} År: 1800

Arne Olson Arnegard Baklien 01.03. 1767-1837
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Ambjørg Persdtr. Gunhildgard.
Gm Guri Nilsdtr. Sehl Baklien 10.09. 1775-1846
Foreldre: Nils Olson Sehl og Anne Amundsdtr. Bakke.
*Barn
1. Ola Arneson Baklien 20.11. 1803-1846
G 1827 m Sigrid Danielsdtr. Danielsplass. Sjå neste hushald.
2. Lukris Arnesdtr. Baklien 23.03. 1806-1806

Arne og Guri gifte seg i 1803. Arne Olson bygsla fyrst Baklien løpe nr. 120 hjå faren i 1800. Og då faren delte Arnegard i 1805, fekk Arne myljo Baklien. (1536)439b
    Arne var tambur i 1801.
   

{2489} År: 1814c

Asle Fingarson Baklien 06.04. 1788-1858
Foreldre: Fingar Asleson Skalle Stavehaugen Luten Baklien og Margit Endresdtr. Liahagen.
Gm Anne Aslesdtr. Strand Baklien 22.02. 1784-1860
Foreldre: Asle Olson Skottebøl søre Strand Aslegarden og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Baklien Hagaøyne 20.06. 1815-1884
Gm Guttorm Eilevson Slettemo-eie Hagaøyne.
2. Asle Asleson Baklien 27.07. 1817-1910
G 1839 m Anne Ivarsdtr. Styrkestad. Sjå år 1842.
3. Margit Aslesdtr. Baklien Havik 12.08. 1820-
G 1858 Ål m Eirik Nilsson Sveinplassen eller Havik frå Krødsherad. Barn: Gunhild 1859- ; Anne Marie 1863-
    Dei kjøpte Monseplassen i Krødsherad. Til Am. i 1867. Dei skreiv seg Havik.
4. Guri Aslesdtr. Baklien Helgelien 03.03. 1823-1906
G 1850 m Knut Halvorson Granhagen Helgelien, gnr. 110/35.
5. Lars Asleson Baklien Brattegard 01.05. 1827-1895
G 1857 m Birgit Torsdtr. Lislelien. Sjå Hovdegard og systugu Brattegard.

Asle og Anne gifte seg i 1814. Asle var omgangskulelærar. På denne tida vart kløvjavegen til Baklien utvida til køyreveg, dvs. Baklivegen var fyrste køyrevegen til Nordbygdane. (971)
    I 1835 hadde det vore slagsmål i stugu i Baklien. Soldaten Sevat Bjørnson Sata vitna for ekstraretten at Oleiv Olson Sata gav Svein Eirikson ('Løkji-Sveidn') ein øyrefik og reiv av han vesten. (Om Løkji-Sveidn sjå Jøta under Sørbøen.)
    Anne fekk ei kledekiste verdt 4 rd og 1 ku (14 rd) på skiftet etter faren i 1803. Asle og Anne Aslesdtr. selde garden i 1842 til sonen Asle og kona Anne Ivarsdtr.
   

{2490} År: 1839

Ola Arneson Baklien 20.11. 1803-1846
Foreldre: Arne Olson Arnegard Baklien og Guri Nilsdtr. Sehl.
Gm Sigrid Danielsdtr. Danielsplass Baklien 24.10. 1802-1864
Foreldre: Daniel Torgeirson Hellinghaugen Holo Danielsplass og Birgit Nilsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Arne Olson Baklien 14.08. 1823-1846
Arne var noko tilbakeståande. Presten Heyerdahl tok seg av han og fekk lært han såpass at han vart konfirmert.
2. Guri Olsdtr. Baklien Perplass 26.10. 1829-1910
G 1856 m Per Olson NubgardsRudningen Perplassen.
3. Birgit Olsdtr. Baklien 22.07. 1836-1842
Birgit drukna seks år gamal.
4. Daniel Olson Baklien Bråten 08.02. 1840-1890
G 1870 m Ågot Olsdtr. Sundrebråten 1846-1921. Barn: Sigrid 1871-1938 g 1900 m Tolleiv Henrikson Jallen; Ola 1872-1958; Ågot 1875-1918 g 1905 m Tor Anderson Ludderud-Haugo i Grønlio; Ola 1878-1882.
    Daniel vart sett på legd som barn. Daniel kjøpte seg Oleivsbråten i Åsgardane i Gol og vart ein halden mann.

Ola og Sigrid gifte seg i 1827. Han fekk skøyte på myljo Baklien i 1839. Ola døydde brått under onnearbeid på Baklistølen sumaren 1846. Folk meinte at ein orm hadde krope inn i munnen hans medan han kvilte på vollen.
    På skiftet etter Ola i 1846 ville Sigrid behalde Baklien. Og bruket vart kalla Sigrid-Baklien ei tid utover. Sigrid selde noko av jorda til Asle i nordre Baklien i 1851, og reisten kjøpte Asle av Daniel Olson i 1869.
    Stugu til Sigrid reiste i skriene 1876. Asle Baklien hadde grøfta noko oppi bakkane før flaumen kom. Det førte nok til at stugu i Baklien gjekk i raset. Sigrid kravde Asle for dette, fekk 50 rd og mat så lenge ho levde.

{2491} År: 1842

Asle Asleson Baklien 27.07. 1817-1910
Foreldre: Asle Fingarson Baklien og Anne Aslesdtr. Strand.
Gm Anne Ivarsdtr. Styrkestad Baklien 23.01. 1791-1880
Foreldre: Ivar Halvorson Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Tune/Holto.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Baklien Gjeldokkslåtta 29.06. 1839-1923
G 1869 m em Botolv Olson Gunhildgardjordet Gjeldokkslåtta.

Asle og Anne gifte seg i 1839. Som barn var Asle på legd i Strand/Breie. Han var inderst på Lå i 1839.
    I 1869 vart dottera Anne gift med Botolv Olson Gunhildgardjorde Arnegard. Sjå neste hushald.

{2492} År: 1869

Anne Aslesdtr. Baklien Gjeldokkslåtta 29.06. 1839-1923
Foreldre: Asle Asleson Baklien og Anne Ivarsdtr. Styrkestad. Sjå år 1842.
Gm Botolv Olson Gunhildgardjordet Baklien 14.03. 1832-1919
Foreldre: Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde og Birgit Olsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Anne Botolvsdtr. Baklien Svarteberg 03.12. 1868-1959
G 1895 m Ola Sevatson Tveitehagen Håplass-Svarteberg. Sjå Håplassen og søre Svarteberg.
2. Asle Botolvson Baklien 02.03. 1870-1949
G 1904 m Birgit Olsdtr. Øygard. Sjå neste hushald.
3. Margit Botolvsdtr. Baklien Øygarden 05.08. 1871-1912
G 1909 Bergen m Ola Olson Øygard Gjeldokkslåtta. Sjå barnebarn og Øygarden gnr 48.
4. Nils Botolvson Baklien Slåtten 08.03. 1877-1964
G 1911 m Kari Syversdtr. Logsengard. Sjå Gjeldokkslåtta, gnr. 105/6.
5. Halvor Botolvson Baklien 09.08. 1879-1962
G 1915 m Kari Larsdtr. Luksengard. Barn: Birger 1916-1996 g 1943 m Eva Skar, var kjøpmann på Nes i Hedmark (2 barn); Anne Marie 1918- gm Kåre Skytteren, Grue (4 barn), g 1953 m Tor Lindkjølen (1 barn), g 1958 m Petter Wilhelm Hagstrøm (1 barn), gm Oskar Knutsen, Skien; Lars 1920- gm Elida Kjensmo, kontorsjef busett på Kongsvinger (3 barn); Sigrid 1922- gm Hans Davidsen, busett Kirkenær (1 barn); Mari 1925- gm Jon Gudmund Håbesland, busett Oppegård (3 barn); Arne 1928- gm Inger Johanne Huset, driv garden Berger i Solør (3 barn); Sigurd 1931- gm Randi Halvorsen, major (2 barn); Kåre 1933- gm Kari Thorstad, spesialist i indremedisin, busett Oppegård (3 barn). (962)
    Halvor kjøpte garden Berger i Solør i 1916 og dreiv krøterhandel ved sida.
*Barnebarn
1. Anne Marie Johansdtr. Baklien Haugen 11.10. 1895-1923
G 1916 m Karl Emil Haugen, Mjøndalen 1896-1971. Barn: Margit 1917-ung ; Anne Karin 1918- gm Asbjørn Viken, busett i Mjøndalen (2 barn); Margit 1920-1967 gm Erling Johansen (4 barn); ein son død liten. (1803)
    Karl Emil arbeidde på Mjøndalen cellulosefabrikk og hadde småbruket Åslund på nedre Eiker.
    Foreldre: Johan Simenson Vinnes (ungkar) og Margit Botolvsdtr. Baklien Øygarden.

Botolv var enkjemann etter ekteskap med Guri Embriksdtr. Arnegard. Sjå nedre Arnegard år 1860.
    Botolv og Anne gifte seg i 1869. Dei selde Slåtta til sonen Nils i 1917.

{2493} År: 1899

Asle Botolvson Baklien 02.03. 1870-1949
Foreldre: Botolv Olson Baklien og 2.g Anne Aslesdtr. Baklien.
Gm Birgit Olsdtr. Øygard Baklien 09.03. 1877-1968
Foreldre: Ola Arneson Bergsgard Øygard og Sissel Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Asle Asleson Baklien 28.02. 1904-1976
G 1929 m Birgit Arnesdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
2. Anne Aslesdtr. Baklien Myregard 05.03. 1906-2005
G 1932 m Ivar Knutson Myregard.
3. Sissel Aslesdtr. Baklien Flåm 02.09. 1909-1989
G 1933 Bergen m Andreas Anderson Flåm. Sjå eige hushald.
4. Haldis Aslesdtr. Baklien Luksengard 16.01. 1912-2004
G 1948 m Olav Syverson Luksengard (Kongsvoll). Sjå eige hushald under jarnbanen.
5. Botolv Asleson Baklien 01.03. 1914-
G 1945 m Ambjørg Ulshagen. Sjå Sandbakken.
6. Gudrun Aslesdtr. Baklien Indrelid 29.09. 1916-
G 1943 m Magne Hansson Indrelid, Fresvik, Leikanger 1918-1999. Barn: Helge 1945- gm Gerd Helen Hovland, elektroingeniør busett Aurland (3 barn); Berit 1949- g 1969 m Levor Vestheim, busett i Rukkedalen (4 barn).
    Dei hadde hus i Fresvik og har no bygd på Vestheim i Rukkedalen.
7. Olav Asleson Baklien 06.08. 1918-1974
Ugift. (1770)

Asle og Birgit gifte seg i 1904. Asle kjøpte nordre Baklien av bestefaren sin i 1899. I 1900 var han og broren Halvor på skoghandel i Oslo. Asle var fehandlar i 1904. Han var ein av dei fyrste som dreiv med pelsdyr i bygda.
    Asle og Birgit bygde nytt loft, og sette opp hus på langstølen Juvsjordgjerda på Hellebu som vart kjøpt i 1910. Dei tok i mot feriegjester på stølen.
    Asle B. Baklien kjøpte Arnegard som kårgard i 1929, i namnet til og på sonen Botolv sin konfirmasjonsdag.