Bergsgard gnr. 43 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bergsgard gnr. 43 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bergsgard vart skattlagt som halvgard med årleg skatt 4 kalvskinn og 1 album i frelse. Dessutan vart skatta 2 album for eit slottelende. Frå 1588 er slottelendingen 1 album. Landskyld 1557: 5 kalvskinn og 4 album. Sidan 12 laupsbol. Ål kyrkje hadde minst 1 laupsbol og skulle ha 1 mæle korn i årleg leige.
    Bergsgard ligg i Votndalen. Garden grensar til Juvsjord i aust, mot vest til Steinsrud og mot nord til Skrindo og Gunhildgard.
    Bergsgard er ein gamal gard. Den kan vera rydda i høgmellomalderen. (Solhjell: 1987) Namneforskaren O. Rygh meiner at namnet kjem av mannsnamnet Berge. Men på innmarka ligg åker og eng mellom bergknausar.
    Areal 1865: åker 22 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 42 mål. Avling 21 tunner bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna jbr. 43 mål, prod. skog 250 mål, anna utm. 90 mål.
    Våningshus bygt 1812, nytt våningshus 1970, stolphus 1751, stabbur omkr. 1700, driftsbygning 1955, garasje 1984. Eldhuset skal vera den gamle stugu frå plassen Tråo. Buskap: 10 ungdyr, 30 vinterfora sauer.
    Stølar: langstøl på Fekjastølen. Tidlegare var også ein heimstøl på Åsetno og heimstølen Skotrehol.
    Noko av heimstølen som kallast Baklistølen eller BergsgardBaklien vart fråselt i 1820. Her var fastbuande folk kring 1875. (Det var Torstein Larsson Svarteberg og Gunvor Olsdtr. Løkensgard. Dei stod og 'skotra' og fylgde med dei reisande på Baklivegen. Såleis kom namnet Skotre-hol. (B.B. i Dølaminne 1976.))
    I 1841 vart makeskifta langstøl med nordre Skjervheim. Hellebu vart bytta i Fekjastølen. (som var kalla 'Torkjellstølen' i 1811, skriv Lars Opsata.)
    På eigedomen Bergsgard vart bygd grendeskule i 1886. Bergsgard skule vart nedlagt i 1963. (Brann ned i 1969.) Og i 1930-åra vart bygd eit bedehus på ei frådelt tomt.
   

{2531} År: 1787

Ola Guttormson Bergsgard 20.02. 1763-1821
Foreldre: Guttorm Olson Bergsgard og Haldis Olsdtr. Barskrind.
Gm Gunhild Aslesdtr. Arnegard Bergsgard 03.12. 1769-1847
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard og Guri Arnesdtr. Sehl.
*Barn
1. Guttorm Olson Bergsgard 06.04. 1788-1801f
Død før 1801.
2. Haldis Olsdtr. Bergsgard 14.06. 1789-1801f
Død før 1801.
3. Haldis Olsdtr. Bergsgard 12.09. 1790-1801f
Død før 1801.
4. Haldis Olsdtr. Bergsgard 02.02. 1794-1801f
5. Asle Olson Bergsgard 25.01. 1795-1874
G 1816 m enkje Ågot Larsdtr. Rime Rimehaugen. Sjå neste hushald.
6. Guttorm Olson Bergsgard Tråo 21.01. 1798-1872
G 1825 m Birgit Persdtr. Brattegard. Sjå Tråo og Brattegard, bnr. 83/1 år 1841.
7. Ola Olson Bergsgard 23.03. 1800-1813
8. Arne Olson Bergsgard 06.04. 1803-1814
9. Ola Olson Bergsgard 20.10. 1805-1810
10. Håkon Olson Bergsgard Øygardslåtta 16.02. 1808-1881
G 1829 m Ambjørg Olsdtr. Sehl. Sjå Øygardslåtta.
11. Haldis Olsdtr. Bergsgard 25.07. 1811-1811
Haldis døydde to dagar gamal.
12. Arne Olson Bergsgard Nestegardsdokken 14.03. 1815-1881
G 1841 m Guri Olsdtr. Strand. (Dotter til Ola Asleson Strand.) Barn: dødfødt jente 1842.
    G 1845 m Turid Tolleivsdtr. Hamarsbøen Lysaker. Barn: Guro 1845-1913 gm Lars Tomasson Elven (Hol); Gunhild 1847-1935 gm Tolleiv Olson Bryjøto NestegardSlåtto; Tolleiv 1849-1923 ug.; Ingeborg 1852-1852; Ingeborg 1854- gm Asgrim Larsson Larsgardseie; Stein 1857-1858; Ola 1859- ; Ola 1861- gm Guri Ellingsdtr. Skøro; Stein 1864-ung.
    Arne fekk si opplæring hjå Nils K. Gudmundrud, lærar og ordførar. Arne vart oppfostra hjå han frå han var 8 år. Arne vart tilsett som lærar i Hol 1840.
    Dei bygsla plassen Nestegardsdokken (sidan kalla Skule-dokken) i Hol. Der var slike rettar: fiske med 5 mortegarn neda Belgvatnet, 3 storrlass or Byrkjedalen, 100 lauvkjervar i Skarsetlia. Arne arbeidde mykje på plassen, han sette opp stugu og låve. I 1875 hadde dei 3 kyr.

Ola og Gunhild gifte seg i 1785. Ola fekk 1787 skøyte på 6 laupsbol i Bergsgard hjå faren. Pris 496 rd. Faren held attende slåttelendet Øygardslåtta til bruk på livsstid.

{2532} År: 1813

Asle Olson Bergsgard 25.01. 1795-1874
Foreldre: Ola Guttormson Bergsgard og Gunhild Aslesdtr. Arnegard.
Gm Ågot Larsdtr. Rime Rimehaug 22.06. 1788-1866
Foreldre: Lars Olson Rime og Turid Toresdtr. Hove.
*Barn
1. Haldis Aslesdtr. Bergsgard GjermundsOdden 25.08. 1816-1900
G 1838 m Ola Nilsson Grøvo i Hol 1813-1902. Barn: Asle 1839- ug. (1 son); Nils 1840- gm ... ..., Oslo; Turid 1842- gm ... ..., Oslo; Ågot 1844- gm em ... Mathiesen, Tønsberg; Ola 1848- ; Lars 1852- gm ... ..., Oslo; Svein 1855- gm Turid Torsdtr. Hago i Holet. Ei tid var Ola på nordre Kaupang og Haldis i Liaplassen i Hol. Så kjøpte Ola GjermundsOdden i Hol, og då flytta både han og Haldis dit. Ola selde Odden og tok seg kår av bruket. Haldis kom tilslutt til Øyen til Herleik Larsson og vart der livet ut. (Hol III s 19 og VI s 352)
2. Sissel Aslesdtr. Bergsgard Hansesveen 27.05. 1819-1894
Gm Peder Pedersen ... Hansesveen, Fluberg i Lands pr. gjeld. Peder var husmann med jord, og hadde ein hest og to kyr. Dei hadde ingen barn i 1865. Sonen Lars var dreng hjå Erik Pedersen på Store Odnes. (DigArk)
    Barn m/Ola Olson søre Sehl: Lars 1845-1927. Sjå barnebarn. Sissel reiste ut og tok seg tenest på Prestgarden i Nordre Land i 1858. Sonen Lars var med. I 1885 reiste Sissel og Lars til Waukon, Iowa.
3. Ola Asleson Bergsgard 10.12. 1821-1821
Ola vart ni dagar gamal.
4. Gunhild Aslesdtr. Bergsgard 07.07. 1823-1905
Ug. Gunhild var døvstum og budde på Rimehaugen.
*Barnebarn
1. Lars Olson Bergsgard 17.03. 1845-1927
G 1871 m Agnete Andersdtr. Tranby eller Skøyen-eie ....-1892. Barn: Per 1871-1937 farmar, g 1891 m Olina Livdal (7 barn); Ola 1873-1949 farmar, g 1896 m Annie Hvinden (10 barn); Gunda 1874-1952 g 1893 m Nels John Nelson (12 barn); Johan 1876-1902 ug.; Ågot 1879-1947 ug.; Cecilie 1883-1961 g 1905 m Albert Sundet (10 barn); Otto 1885-1962 g 1911 m Petronella Ovidia Langlie (4 barn); Laura 1889- gm Helmer Sundet. (1652)
    Dei reiste til Spring Grove i MN. i 1885. Sidan tok dei land i Benson Co. ND. (811)
    Foreldre: Ola Olson Søre Sehl (ungkar) og Sissel Aslesdtr. Bergsgard.

Asle og Ågot gifte seg i 1816. Ho var enkje etter Lars Asleson Stave Rimehaug. Asle hadde vore ute i krigen 1807-14. Han fekk skøyte på garden kring 1820.
    I 1820 selde han eit jordstykke av Bergsgardstølen som kallast Baklistølen til Lars Knutson Holedokken for 40 rd.
    Asle kunne 'opføre sig som en der har tapt sans og samling' i fylla. I 1828 overfall han broren Guttorm med kniv. Asle kom full til Tråo og kravde attende noko korn på timen. Broren vart skadd og stugu rasert. Broren kom seg att, men kona hans vart sjuk etter hendinga. Ho rømde or stugu med eit barn på fire dagar, og sprang til Juvsjord. I retten kom det fram at Asle var ein brutal og drikkfeldig mann. Brørne kom til semje slik: Asle betalte 5 rd i bot og Guttorm skulle få bruke Tråo i tre år utan leige.
    I 1828 sette han Øygardslåtta i brukeleg pant til Håkon broren Olson for 250 rd. Men økonomien bar ikkje og i 1834 vart garden selt på auksjon.
    I 1866 døydde Ågot Larsdtr. i Juven, ein plass under Sekshus i Hol.

{2533} År: 1834


I 1834 vart Bergsgard selt på auksjon til Lars Tolleivson Noss. Han selde garden attende til Asle Bergsgard i 1836 som skøytte til svigersonen Ola Nilsson Grøvo i 1838. Men Ola og Haldis sat med garden berre tre år før Ola Lofthus overtok.

{2534} År: 1841


Ein Ola Olson Lofthus kjøpte garden i 1841. Han makeskifta langstøl med nordre Skjervheim og selde att i 1851.

{2535} År: 1851

Arne Arneson Arnegard Bergsgard 10.10. 1809-1887
Foreldre: Arne Asleson Arnegard og Birgit Jakopsdtr. TrintrudRudningen.
Gm Haldis Olsdtr. Sehl Bergsgard 12.11. 1808-1885
Foreldre: Ola Person Sehl og Gro Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Arne Arneson Arnegard Bergsgard 03.03. 1842-1905
G 1873 m Guri Håkonsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Ola Arneson Bergsgard Øygard 10.07. 1844-1916
G 1870 m Sissel Henriksdtr. Huus. Sjå Øygarden år 1882.
3. Birgit Arnesdtr. Bergsgard Løkensgard 02.10. 1847-1925
G 1880 m læraren Sevat Olson Løkensgard.
4. Asle Arneson Bergsgard 17.06. 1850-1930
G 1885 m Ingeborg Nilsdtr. Wangenstein Tune frå Vang i Valdres. Barn: Arne 1886-1954 dr. philos og historikar, rektor/professor ved Noregs lærarhøgskule, g 1921 m Unni Normannsdtr. Eng (1 son); Haldis Marie 1887-1977 ug.; Haldis Aslaug 1889- ug.; Nils Jakop 1895-1991 ug. bankfullmektig.
    Asle var evnerik. Som 16 åring fekk han eit 3-vekers kurs hjå presten Kjelstrup. Deretter vart Asle tilsett som omgangskule-lærar i Ål. I 1868 reiste Asle på Balestrand lærarskule. Han var amtskule-lærar og sidan styrar i Valdres 1878-1898. Sidan var han fattigforstandar i Fredrikstad til 1922, då dei flytta til Oslo.
    Han var ein av dei fyrste som tok opp arbeidet med sløyd-undervising her i landet. Han gav ut boka "Gammelt fra Hallingdal" (dvs. utdrag or tingboka) i 1925. Og han gjorde noko arkivarbeid for Ål Bygdesoge. (1241), (1345)

Mora døydde då Arne var 15 år. Arne kravde tenestløn på skiftet etter mora i 1837. Han hadde arbeidd heime på garden saman med brørne til han var 22 år, - utan løn. Sidan var han i militæret og måtte ta anna arbeid for å få noko å leva av. Arne måtte gå til rettssak på dette kravet. (1301) nr 472
    Arne og Haldis gifte seg i 1842. Haldis hadde ei dotter med Sevat Bjørnson Roen: Margit 1837-1903 gm Ola Olson Skrindo Opheim, sjå på Voll.
    Arne var ein kunnig kar. Han dreiv årelating, han kunne stille blod og stelle sår. Det er oppbevara delar av ei svartebok etter Arne. (Dølaminne 1975 s 71), (Mehlum 1903/15)
    Det vart fortalt at Arne forpakta ein gard i Aker eit år. Han reiste ut med heile huslyden og kom heimatt neste år.
    Arne skal ha vore ein sterk og uredd kar. Ein gong han var i eit gjestebod på Skrindo, vart det noko bråk med ein drukken kranglefant, og gjestene vart redde. Då la Arne kranglefanten på golvet og dengde han varm, fyrst på ei side, og sidan på hi. Deretter vart han kasta på dør, og gjestebodet kunne halde fram. Gjestebodslyden var takksam for dette 'arbeidet'. (1770)
    Arne pantsette garden og i 1879 selde han garden til sonen Arne.

{2536} År: 1879

Arne Arneson Arnegard Bergsgard 03.03. 1842-1903
Foreldre: Arne Arneson Arnegard og Haldis Olsdtr. Sehl.
Gm Guri Håkonsdtr. Skrindo Bergsgard 06.02. 1839-1926
Foreldre: Håkon Olson Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Arne Arneson Bergsgard 01.07. 1873-1885
2. Haldis Arnesdtr. Bergsgard 10.09. 1874-1918
Ug. I FT 1900 står det: 'Alm. husgjerning arbeiderske'.
3. Guri Arnesdtr. Bergsgard 23.11. 1876-____
Ug. Ukjent lagnad. Guri arva etter mora i 1927. (BB)
4. Håkon Arneson Bergsgard 13.12. 1877-1942
G 1925 m Haldis Larsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
5. Birgit Arnesdtr. Bergsgard 13.12. 1877-1897
Birgit var litt lite for seg. Ho omkom sumaren 1897. Ho gjekk med ei rive og skulle sjå til med noko turrfor på heimstølen Skotrehol, men vingla og fall utover ein bergklant i Svarteberga. Det vart leita etter henne, men fyrst om hausten neste år vart ho funnen av gjætsleungar. (1770) s 3
6. Ågot Arnesdtr. Bergsgard 26.02. 1881-____
Ug. Truleg i arbeid som 'Barnefrøken' i Kr.ania i 1900. Ho budde i eit losji i 4. etasje i Nonnegaden 1. Ukjent lagnad. Ikkje nemnt i skiftet etter mora i 1927.
7. Gro Arnesdtr. Bergsgard 28.03. 1882-1947
Ug. Døvstum.
8. Margit Arnesdtr. Bergsgard 27.08. 1884-1889
9. Arne Arneson Bergsgard 01.07. 1885-1889
10. Arne Arneson Bergsgard 30.06. 1885-1885

Arne og Guri gifte seg i 1873. Arne var sersjant i unge år. Det vart reist spørsmål om Arne skulle tiltalast for aktløyse då dottera hans omkom. Arne tok seg nær av dette og reiste frå familie og ungar. Han drog til Amerika i 1897 og døydde som farmar i Minnesota i 1903.
    Arne var ein opplyst og gåverik mann. Han reiste om kring i Amerika og held foredrag om Noreg for landsmenn. Til slutt vart han liggande sjuk i hytta si. Då folk fann han, var han dauden nær.
    Guri Håkonsdotter sat med garden til 1902 då sonen Håkon tok over.