Baggegarden gnr. 44 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Baggegarden gnr. 44 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Baggegarden er eit småbruk opp mot åskanten vest for Sehl. Namnet kjem av Bjørn Bjørnson Olsgard Opheim, også kalla Bjørn Bagge, som hadde nedre Gunhildgard i 1590-åra. Baggenamnet kjem frå adelsslekta av same namn. Meir om Bagge-namnet, sjå innleiinga til nedre Gunhildgard, søre Opheim og Olsgard i Gol. (Gol VI s 303)
    Sjølve Baggegarden vart omtala som ei slåtte i 1728. Truge og sidan Per på 'nordre' (dvs. øvre) Gunhildgard hadde brukt ei slåtte kalla Baggegarden. Det heitte at ingen på søre Gunhildgard hadde hausta slåtta. Under gardsynet på Gunhildgard i 1747 var nemnt ei lu på Baggegarden.
    Areal 1865: åker 3 mål, naturleg 20 mål. Avling 2 3/4 tunne bygg, 2 1/2 tunne potet. Hamn vår og haust.
    Frå 1949 har Baggegarden vore brukt under nordre Sehl. Baggegarden hadde ingen støl.

{2609} År: 1765c

Lars Guttormson Sata Gunhildgard 1733-1815f
Foreldre: Guttorm ...
Gm Lukris Johannesdtr. Noss Sata Baggegarden 1731-
Foreldre: Johannes Olson Noss og Guri Sveinsdtr. ... (Holto?)
*Barn
1. Margit Larsdtr. Gunhildgard Baggegard 23.03. 1761-
2. Ola Larsson Gunhildgard Baggegard 06.04. 1764-
3. Guri Larsdtr. Gunhildgard Baggegard 15.05. 1769-
4. Guttorm Larsson Gunhildgard Baggegard 20.04. 1772-

Lars og Lukris hadde fire barn som truleg er døde i 1790-åra. Lars var husmann i Baggegard. Også kalla Baggegardstølen 1768. Lars fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Lars sine sysken var Knut Piper og Sigrid Guttomsdtr. Sando.
    I 1801 var dei almisselemmer og losjerande på Sata. Korkje Lars eller Lukris er funne døde i kyrkjebøkene for Ål. Lukris er sist nemnt på legd i 1815.

{2610} År: 1781c

Herbrand Person Gunhildgard Baggegard 07.06. 1744-1817
Foreldre: Per Herbrandson Skrindo og Margit Olsdtr. ... .
Gm Ingeborg Knutsdtr. Tuftedokken Gunhildgard 21.07. 1748-1827
Foreldre: Knut Tolleivson Svarteberg Tuftedokken og Birgit Larsdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Knut Herbrandson Gunhildgard 10.03. 1776-
2. Margit Herbrandsdtr. Gunhildgard 1778-
3. Knut Herbrandson Gunhildgard 1780-
4. Ågot Herbrandsdtr. Gunhildgard 1780c-
5. Margit Herbrandsdtr. Gunhildgard Baggegard 1782-1850
G 1811 m Lars Sevatson Toplass Baggegard. Sjå neste hushald.
6. Birgit Herbrandsdtr. Gunhildgard 1786-

Herbrand og Ingeborg gifte seg i 1776. 1773: Han tenestgjorde ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 9 år, han budde heime hjå faren i Gunhildgard.
    Ola, bror hans, sa i 1778: 'Min eldre broder skal have Baggegard for sin odelsrett i Gunhildgardbakken'. Sønene Knut er fødde omlag 1780 som 'GunhildgardBakken'.
    Det vart fortald ei segn om ein Herbrand frå Gunhildgard som fekk jordstykket Baggegarden for noko brorsarv. Men då han tok til å tufte, kom ein skapning fram or haugen og sa at "byggji du her her, so bi det sjukdom bestandigt". Herbrand tok ikkje dette på alvor. Ei tid etterpå vart dei halte både Herbrand og kjerringa. Og det vart fleire sjuke i slekta. (L.B. Sehl s 388)
    Herbrand var husmann med jord i 1801. Ingeborg døydde på Tune i 1827.

{2611} År: 1814

Margit Herbrandsdtr. Gunhildgard Baggegard 1782-1850
Foreldre: Herbrand Person Bakke husmann u/Gunhildgard og Ingeborg Knutsdtr ......
Gm Lars Sevatson Thon Baggegard 21.10. 1781-1850
Foreldre: Sevat Olson Thon Gunnbjørghus=Bergaplass og Mari Embriksdtr. Tonplassen.
*Barn
1. Sevat Larsson Baggegard 24.11. 1812-1889
G 1838 m Dordei Olsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
2. Herbrand Larsson Baggegard Tveito 14.08. 1816-
G 1854 m Borghild Guttormsdtr. Bergsgard (Brattegard). Barn: Margit 1854- ; Birgit 1857- . Herbrand og Borghild var inderstar på Tveito 1854-1857 . Truleg til Am.
3. Ingeborg Larsdtr. Baggegard 24.07. 1822-1822
4. Ingeborg Larsdtr. Baggegard Veslestølen 27.03. 1825-1896
G 1852 m Sevat Olson Løkensgard Svarteberg. Sjå Veslestølen.

Lars og Margit gifte seg i 1811. I 1854 heitte det at Lars hadde fått heimel på Baggegarden ved å bruke garden i 40 år.
    Det vart fortald ei segn om at ein Herbrand frå Gunhildgard fekk jordstykket Baggegarden for noko brorsarv. Men då han tok til å tufte kring 1700, kom ein skapning fram or haugen og sa at "byggji du her her, so bi det sjukdom bestandigt." Etter den tid vart både Herbrand og kjeringa halte, Lars (og broren Sevat frå Bergaplass) gift innpå med Margit, mange vorto sjuke. Og so vidare. LBSehl s 388)

{2612} År: 1854

Sevat Larsson Baggegard 24.11. 1812-1889
Foreldre: Lars Sevatson Thon Baggegarden og Margit Herbrandsdtr. Baggegarden.
Gm Dordei Olsdtr. Sehl Baggegard 12.12. 1816-1897
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld Sehl og Haldis Halvorsdtr. Sehl.
*Barn
1. Margit Sevatsdtr. Baggegard Jensen 25.11. 1837-
Gm Johan Jensen, Aker. Barn: 4. Ei tid var dei husmannsfolk under Hov i Aker. Sidan reiste dei til Am. Johan vart formann på ein mekanisk verkstad. Margit var død før 1903. (Mehlum 1903/57)
2. Haldis Sevatsdtr. Baggegard Johannesen 1840-
Gm Torvald Johannesen. Ingen barn. Haldis reiste til Kr.ania i 1874 for å tene. Johannesen var formann på Nordbye's Trelast-tomt. Dei budde i Ekebergv. 32. (1553)
3. Ingeborg Sevatsdtr. Baggegard Hansen 26.04. 1842-
Truleg gm fiskehandlar Hans Hansen frå Enebakk i Vinkelgt. 17 i Oslo. Barn: Lovise 1887- (FT 1900).
    Til Kr.ania i 1868 for å busette seg. Gm møbelsnikker Peter Hansen. (Mehlum 1903/57)
4. Dordei Sevatsdtr. Baggegard 05.10. 1845-
Ugift frukthandlar på Stortorvet i Kr.ania i 1903. Men i 1869 reiste ho til Kr.ania for å gifte seg.
5. Mari Sevatsdtr. Baggegard Gjerden 02.10. 1848-1929
G 1899 m enkjemann Ola Olson Arnegard (målaren). Sjå neste hushald og Bakkegjerda.
6. Lars Sevatson Baggegard Syverson 26.03. 1852-1942
Gm 'Birgit ... Røyseplassen i Ål 1884. Barn: Lars 1907- ;'.
    Helst: G 1888 m Kari Syversdtr. Sataslåtten (Røyseplass) 1860-1949. Barn: Sophie 1889-1965 gm Albert Vaa; Lois 1891-1932 gm Mary Olson; Selmer C. 1897-1974; ...
    Til Am. 1881: Zumbrota, MN. Lars tok namnet 'Syverson' i Amerika. Lars var fyrst på jarnbanearbeid, sidan farmar før 1903. Han var heim att ein tur i 1913. (1082) (1202)
7. Ola Sevatson Baggegard 01.01. 1856-
Ug. FT 1900:' alm. gaardsarbeide dagarbeider'. Ukjent lagnad.
    Lærar Lars Skrindo skildra sundagsstemning i Votndalen slik: 'Baggen gjekk på Baggegardsberget og bles på bukkehorn'. Ola S. Baggegard er på to av premielistene til 'Hallingluren' i 1890-åra. Han spelte prillarhorn. (Oppl. av Eilif Gundersen.)
    Ola Baggegard lærte bort ein lauslått som vart kalla 'Baggen' til Olav Timannhagen. (Oppl. av Jens A. Myro.)
8. Ola Sevatson Baggegard 18.09. 1859-1883
Ug. Død 1883.

Sevat og Dordei gifte seg i 1838. Dordei selde garden til dottera Mari i 1889.

{2613} År: 1889

Mari Sevatsdtr. Baggegard Gjerden 02.10. 1848-1929
G 1899 m enkjemann Ola Olson Arnegard (målaren) Ingen barn. Foreldre: Sevat Larsson Baggegarden og Dordei Olsdtr. Sehl.

Mari stellte foreldra sine i alderdomen. Ho overtok Baggegard og dreiv garden nokre år før ho gifte seg 1899 med Ola Olson Arnegard (målaren). Dei hadde ingen barn.
    Sidan Baggegarden låg opp mot åskanten, var det uhøveleg for Ola som handverkar å bu der. Difor kjøpte Ola heimstølen Bakkegjerda hjå Lars P. Gunhildgard og flytta ned dit. Av uviss grunn kjøpte Ola attende Baggegarden i 1909. Kan han ha nytta Baggegarden som støl til Bakkegjerda ei tid?