Sehl, søre; Tolleivsgarden gnr. 45 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sehl, søre; Tolleivsgarden gnr. 45 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sehls-gardane ligg øvst i søre Votndalen. Jorda er svært brattlendt, men ikkje frostlendt. Det vart sagt at her var så bratt at dei kunne dyrke jorda på båe sider! I sør grensar garden mot Selsberget, mot sør til Bøygard og Gunhildgard og mot vest til nordre Sehl.
    Namnet Sehl kan koma av 'sel' som tyder hus på ein støl. L. Opsata viser til ei liste over krongods 'på 1600-talet' der det står 'Seel der tilforn kaltes Voldsett'. Skrivemåten har variert mellom Solde, Selidt, Sæhl, Seel og Sehl. Ein ukjent gard med namnet 'Flotsol' er nemnt 1528. Det kan vera Sehl.
    I 1557 skatta Sehl av 1 kalvskinn og betalte 1 album. Dette kan vera garden Sehl før delinga i nordre og søre garden. Sehl vert rekna for å vera ein høgmellomalder-gard. Jfr. K.O. Solhjell (1987).
    Søre Sehl er nemnt i jordebøker frå 1577 og framover. Det var krongods i garden, rekna til 1 pund smør med ein årleg skatt på 4 kalvskinn og 1 album i frelse. I 1616 heitte det at Kongen rådde bygsla. Arnulf Sehl kjøpte krongodset i Sehl hjå Daniel Knoff for 70 rd. I 1670 var søre Sehl skattlagt som halvgard med 6 laupsbol i landskyld.
    Søre Sehl vart delt i 1742. Då lånte odelsmannen 400 rd hjå bror sin mot å gje skøyte på halve garden. Den frådelte delen vart 'Uppistugu Sehl'. Resten av garden vart kalla 'søre Sehl' fram til 1840-åra. Då kom etterkvart namnet 'Tolleivsgarden' i bruk, dvs. garden vart kalla etter bonden Tolleiv Olson.
    Sehlsgardane hadde flaumkvern i Sehlsgrove like ved husa. Utanom flaumtida brukte dei kvern i Grytegroven innpå Heimåsen. Denne kverna var nemnt så tidleg som 1742. Ved å demme opp Svartetjønn kunne dei mala mykje korn.
    Frådelte bruk og plassar: Uppistugu og Nordistugu Sehl, Smiubakken (eige bruk 1889-1965).
    Areal 1865: åker 13 1/2 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 32 mål. Avling 13 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 65 mål, anna jbr. 10 mål, anna utm. 420 mål. Buskap: 40 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1962, kårhus og stabbur omkr. 1890, driftsbygning 1966, garasje 1980.
    Stølar: langstøl på Tormodset, kjøpt til garden i 1977. Heimstøl på Sehlsstølen. Ein nedlagt heimstøl var Øydestølen.
   

{2634} År: 1778

Halvor Person Sehl 03.11. 1748-1815
Foreldre: Per Halvorson Garden-Opheim Sehl og Margit Embriksdtr. Sehl.
Gm Dordei Olsdtr. Veslegarden Sehl 1749-1830
Foreldre: Ola ... Veslegarden og ... ... ... . (Ikkje frå Ål.) Bror: Eirik Olson Veslegarden Huus Jøto. Foreldre: truleg Ola Syverson Byggjargarden Sire og Margit Knutsdtr. Nubgarden/Helling. Ut frå oppkalling av Dordei-namnet har slektforskaren Oleiv Bråten ein teori om at Margit Knutsdtr. og Ola Syverson hadde dottera Dordei Olsdtr.
*Barn
1. Haldis Halvorsdtr. Sehl 1782-1873
Gm Ola Tolleivson Opsata. Gm Ola Olson Kyrkjedeld. G 1824 m Ivar Oleivson Bråten. Sjå komande to hushald.
2. Margit Halvorsdtr. Sehl Gunhildgard 1785-1853
G 1807 m Svein Ivarson søre Gunhildgard.
3. Eli Halvorsdtr. Sehl Bråten 1788-1873
Barn: Halvor 1810- sjå barnebarn. Eli vart g 1815 m Halvor Oleivson Bråten.
4. Marte Halvorsdtr. Sehl Medhushaugen 1793-1881
G 1814 m Tolleiv Eirikson Ruud Holterudningen Tveito Medhushaugen, gnr. 21/13.
*Barnebarn
1. Halvor Olson Sehl 14.10. 1810-1881
G 1839 m Birgit Olsdtr. Løkensgard 1816- . Sjå Nordistugu Sehl år 1840.
    Fadderar: Ola Guttormson ... og Eli Halvorsdtr. Sehl.

Halvor overtok søre Sehl ved skøyte i 1778. Prisen var 365 rd. Foreldra skulle ha kår og husrom i øvre stugu. Halvor lånte 380 rd i 1780 mot pant i garden.

{2635} År: 1803

Haldis Halvorsdtr. Sehl 1782-1873
Foreldre: Halvor Person Sehl og Dordei Olsdtr. Sire.
Gm Ola Tolleivson Opsata Sehl 20.07. 1766-1811
Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Rangdi Olsdtr. Sehl 15.05. 1803-1810
2. Dordei Olsdtr. Sehl 10.02. 1805-1807
3. Ingeborg Olsdtr. Sehl Bæra 27.04. 1806-1850
G 1827 m Holge Halvorson Bjørøyslåtta Bæra. Sjå Kristmoen og søre Bæra.
    Til Am. 1850: Ho døydde i ein kolera-epidemi i Rock Prairie Wisconsin. Like føreåt hadde ho overlevd ein fødsel på overfarten til Amerika. Barnet døydde ombord på skipet Drafna. (1411)
4. Tolleiv Olson Sehl 21.04. 1808-1880
G 1841 m Birgit Larsdtr. Springgard. Sjå år 1841.

Ola og Haldis gifte seg omlag 1802. Ola Tolleivson kjøpte 1806 Nordistugu Sehl (seinare bnr. 2) for 600 rd. Fram til 1834 vart desse to Sehlgardane drivne saman.
    Mennene til Haldis vart ikkje gamle. Ho vart attgift fyrst med Ola Olson Kyrkjedeld, deretter med Ivar Oleivson Bråten i 1824. Sjå neste hushald.

{2636} År: 1814

Haldis Halvorsdtr. Sehl 1782-1873
Foreldre: Halvor Person Sehl og Dordei Olsdtr. Sire (?)
Gm Ola Olson Kyrkjedeld Sehl 1775-1821
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld og Margit Embriksdtr. Espegard.
Gm Ivar Oleivson OpheimsBråten Sehl 1790-____
Foreldre: Oleiv Halvorson OpheimsBråten og Guri Ivarsdtr. Haugstad, Gol.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Olson Sehl 20.08. 1815-1833
Ola datt utfor Selsberga og slo seg i hel.
2. Dordei Olsdtr. Sehl Baggegard 12.12. 1816-1897
G 1838 m Sevat Larsson Baggegardplassen.
3. Margit Olsdtr. Sehl Arnegard 14.06. 1818-
G 1836 m Ola Olson Arnegard i søre Votndalen.
4. Ola Olson Sehl Kolbjørnsgard 24.09. 1819-1906
G 1843 m enkje Anne Olsdtr Skjervheim Kolbjørnsgard, gnr. 27/1.
5. Ola Olson Sehl Bæra 30.03. 1821-1906
G 1848 m Gunhild Knutsdtr. Haug 1820- . Barn: Guri 1848- Haldis 1858- ; Meir om ungane på nordre Haug.
    Ola hadde søre Bæra mindre enn eit år i 1850. Han vart kalla 'tamburen' skriv L. Opsata i Ål III s 381.
    Ola og Gunhild reiste til Am. kring 1861: Goodhue Co, MN.
*Barn i tredje ekteskap
1. Oleiv Ivarson Sehl Tveito 12.04. 1825-1902
G 1858 m Helge Larsdtr. Holo. Sjå søre Tveito.

Haldis vart attgift 1814 med Ola Olson og fekk fem barn med han. Haldis løyste inn garden etter takst på skiftet etter Ola i 1821 og vart attgift 1824 med Ivar Oleivson.
    Haldis skal ha sagt at ho kvidde seg for å sova aleine, difor laut ho gifte seg oppatt sama kor gamal ho vart. Sjå foregåande hushald. Etter 10 barnefødslar gjekk ho inn i det 3. ekteskapet 42 år gamal, og så fekk ho det 11. barnet. (1345)
    I 1841 selde Ivar garden til sonen hennar frå fyrste ekteskap, Tolleiv Olson.

{2637} År: 1841

Tolleiv Olson Sehl 21.04. 1808-1880
Foreldre: Ola Tolleivson Opsata Sehl og Haldis Halvorsdtr. Sehl.
Gm Birgit Larsdtr. Springgard Sehl 08.10. 1814-1893
Foreldre: Lars Tolleivson Dengerud Springgard og Kari Eiriksdtr. Springgard.
*Barn
1. Ola Tolleivson Sehl 21.12. 1841-1917
G 1889 m Ingeborg Knutsdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
2. Lars Tolleivson Sehl Teigen 04.06. 1846-1919
G 1883 m Rangdi Torsteinsdtr. Huus. Sjå Teigen i Opheim.
3. Haldis Tolleivsdtr. Sehl Springgard 13.05. 1849-1895
G 1874 m Helge Embrikson Springgard. Til Am. 1884: Dakota.
4. Halvor Tolleivson Sehl 16.02. 1854-1935
G 1888 m Rangdi Ivarsdtr. Gunhildgard. Sjå SmiuBakken Sehl.
5. Eirik Tolleivson Sehl 20.09. 1857-1858
Død liten.

Tolleiv og Birgit gifte seg i 1841. Birgit delte frå og selde Smiubakken i 1889.

{2638} År: 1890

Ola Tolleivson Sehl 21.12. 1841-1917
Foreldre: Tolleiv Olson søre Sehl og Birgit Larsdtr. Springgard.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Leksvol Sehl 10.08. 1846-1925
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Torand Levorsdtr. Huus.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Sehl 29.06. 1889-1969
Ug.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1889. Dottera Birgit hadde garden til 1933 då ho selde til Rangdi Kleivstølen.