Sehl Nordistugu gnr. 45 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sehl Nordistugu gnr. 45 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordistugu Sehl ligg mellom Tolleivsgarden og nordre Sehl. Opphavleg var Nordistugu enkjesete for enkja i Uppistugu. Kring 1778 held ho attende noko av garden då ho selde Uppistugu. Sjølve Uppistugu skriv seg frå delinga av søre Sehl i 1742.
    Denne garden låg i eige med søre Sehl frå 1811 til 1834. Nordistugu Sehl vart slege saman med Øvre Sehl eller 'Uppistugu' i 1948. Tunet i dag er det opphavlege tunet til Nordistugu. Husa på bnr. 3 er rivne.
    Areal 1865: åker 13 mål, naturleg eng 10 mål, utslått 34 mål. Avling 12 1/2 tunne bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 53 mål, prod. skog 37 mål, anna utm. 638 mål. Leigd jord 70 mål og beite 40 mål. Areala frå Smiubakken ligg inne i desse tala. Buskap 13 mjølkekyr og 15 ungdyr.
    Husa på bnr. 2 og 3 utgjer eit tun: Våningshus bygt omkr. 1800, ombygt 1933 og rest. 1985, nytt våningshus 1993, 2 loft omkr. 1600 og 1795, stolphus omkr. 1795, driftsbygning 1988.
    Stølar: heimstølar på Sletto/Sehlstølen og Nedrestølen, og langstøl på Tormodset. Opphavleg langstøl på Nystølen vart selt. Ei tid støla dei på Hellebu, den stølen vart nedlagt og så vart det rydda støl på Tormodset i 1830-åra.

{2640} År: 1778

Guri Danielsdtr. Sørbøen Sehl 1733-1805
Gm Arne Torkjellson Uppistugu Sehl. Foreldre: Daniel Syverson Sørbøen og Anne Aslesdtr. Stave.

Sjå Sehl Uppistugu, gnr 45/3, år 1742.
    Guri Danielsdotter selde 3 laupsbol i Sehl for 300 rd i 1781 til Torkjell Person. Sjølv sat ho i enkjesete med 3 laupsbol. Ho var kårkjering på Bakke og hadde ei ku. I 1779 vart ho stevna av presten Nimb for fire år preste-avgifter.

{2641} År: 1778c

Torkjell Arneson Sehl Bakke 21.12. 1744-1815
Gm Dordei Olsdtr. Kjellargard. Foreldre: Arne Torkjellson Uppistugu Sehl. d.y og 1.g Ingrid Larsdtr. Sata.

Torkjell Arneson overtok nok halve søre Sehl på skiftet etter faren i 1778. Stemora hadde den andre halvparten. På same tid overtok han Bakke. Sjå meir om familien der. I 1790 selde han Sehl for 299 rd til Arne Asleson Arnegard Sehl.

{2642} År: 1790

Arne Asleson Arnegard Sehl 15.11. 1767-1840
Gm Birgit Jakopsdtr. Rudningen. Foreldre: Asle Håkonson nordre Arnegard i Votndalen og Guri Arnesdtr. Sehl.

I 1803 vart Arne og Ola Person Sehl samde om at dei skulle dele garden som dei hittil hadde kvar sin halvpart av. Sjå meir om denne familien på nordre Arnegard i Votndalen.

{2643} År: 1806

Ola Tolleivson Opsata Sehl 20.07. 1766-1811
Gm Haldis Halvorsdtr. søre Sehl. Foreldre: Tolleiv Nilsson Skjervheim Håkonsgard Opsata og Rangdi Larsdtr. Sata.

Ola Tolleivson kjøpte Nordistugu Sehl i 1806 for 600 rd. Så vart han gift i 1802 med odelsjenta på bnr. 1. Sjå der. Nordistugu Sehl fylgde bruksnr. 1 frå 1811 til 1834.

{2644} År: 1834

Embrik Olson Reiersgard Arnegard 1789-1875
G 1841 m Gunvor Olsdtr. Arnegard. Foreldre: Ola Torson Reiersgard øvre Sata og Guri Tolleivsdtr. Opsata.

Embrik Olson Reiersgard eller Arnegard kjøpte Sehl for 350 spd. i 1834. Sjå nedre Arnegard.

{2645} År: 1840

Halvor Olson Sehl 14.10. 1810-1881
Foreldre: Ola Guttormson ... og Eli Halvorsdtr. søre Sehl.
Gm Birgit Olsdtr. Løkensgard Sehl 19.09. 1816-1900
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Sigrid Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Haldis Halvorsdtr. Sehl Slåtto 05.02. 1840-1931
G 1867 m Sindre Torgeirson Juven SkjervheimSlåtta. Sjå Slåtto, gnr. 26/4.
2. Ola Halvorson Sehl 26.01. 1842-1934
Ug. Sjå neste hushald.
3. Ola Halvorson Sehl 10.08. 1844-1929
Gm ... ... . Barn: Henning - død tidleg; ... . Farmar i Norseland, Nicollet Co. MN.
4. Sigrid Halvorsdtr. Sehl Reiersgard 18.10. 1847-1909
G 1875 m Asle Håkonson Øygardslåtta Bøygardshagen Reiersgard.
5. Rangdi Halvorsdtr. Sehl 03.05. 1851-
Til Am. 1880: Norseland, Nicollet Co. MN.
6. Ingebjørg Halvorsdtr. Sehl Stranden 11.10. 1855-1910
G 1888 m Tolleiv Håkonson Skrindo Stranden. Sjå år 1882 og Stranden under Gullhagen.

Halvor og Birgit gifte seg i 1839. Det har ikkje lykkast å spore opp kvar far hans, Ola Guttormson, kom i frå. Han kan vera ein utanbygdes kar. Ved dåpen i 1810 er alle fadderane frå Sehls-gardane.
    Halvor rydda ny langstøl på Tormodset. I 1868 kjøpte han inntil vel 4 mål jord kalla Skogaråkeren, Målet og Klone.
    Birgit selde garden til sonen i 1882 for 500 spd eller 2000 kr og slikt kår: årleg 4 tunner bygg a 20 settung a 20 merker, og 2 settung rug.

{2646} År: 1882

Ola Halvorson Sehl 26.01. 1842-1934
Foreldre: Halvor Olson Sehl og Birgit Olsdtr. Løkensgard.

Ola Halvorson overtok garden i 1892 etter foreldra for 500 spd/ 2000 kr og kår. Ola var ugift. Han selde garden i 1905 for kr 2800 til Tolleiv Håkonson Skrindo Stranden.