Skrindo nordre gnr. 47 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrindo nordre gnr. 47 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gardsnamnet Skrindo vart skrive 'i Skrindum' i 1528. I fylgje O. Rygh skal namnet koma av turr og mager jord. No kan ein ikkje seia at det høver om jorda i Skrindo. NB. Eit liknande namn finn me på Barskrind i Opheim. Det vart skrive 'Bardheskrudhe' i 1480. Slektsnamnet har vore 'Skrinde' ei tid, no vert det mest nytta 'Skrindo'.
    Skrindo skatta slik i 1557: 8 kalvskinn og 1 skilling. Frå 1588 var årleg skatt sett ned til 6 kalvskinn, og 1 album i frelse. Etter Skrindo i skattelista for dette året står no slottelendene 'Holland' (Holo?), Løkensgard, nordre Torsteinsrud, Haug i Leveld og Kyrkjedeld. Desse slottelendene skatta 1 album kvar, truleg i ferd med å bli sjølvstendige bruk att etter øydetida.
    Opphavleg landskyld for Skrindo var 24 laupsbol. Garden vart delt i nordre og søre Skrindo etter ein avtale av 1598. Men når Amund Skrindo tok den 'søre tufta på Skrindo, som var utan hus, og bygde der', så har nok garden vore delt også frå gamalt. Nordre Skrindo kan ha vore den opphavlege garden.
    Nordre Skrindo skatta som halvgard frå gamalt og hadde ei landskyld på 12 laupsbol. Nordre Skrindo bnr. 5 er den søre (geografisk austre) av dei to 'Nordre Skrindo-gardane' som ligg i vest.
    Nordre Skrindo skatta som halvgard frå gamalt og hadde ei landskyld på 12 laupsbol. I 1828 vart garden delt i løpenr. 134a (bnr. 5) og løpenr. 134b (bnr. 6), båe kalla Skrindo, og båe med 6 laupsbol landskyld. Bnr. 7 Skrindo er samanslege med bnr. 5. Ved desse delingane vart skipa greie gardar og tun. Det vart visst ikkje teigblanding slik som skikken ofte var.
    Inn mot Skrindehaugen bygde Skrinde-bøndene opp eit større vatningsanlegg som gav vasskraft til kvern og slipe utanom vårflaumen. Det er registrert 4 km reguleringar, 4 dammar og det er funne 'vass-slok', dvs. den stengsla som dei styra vatnet med.
    Frådelte bruk og plassar: Kvernteigen bnr. 9. Stadnamn: Persåkeren (truleg eit minne etter Per Ellingson.); Humlegarden (ei innhegning der dei dyrka humle).
    Kring hamnehagen vart sett opp steingjerder ein gong det var uår på 1700-talet, skriv L. Opsata i Ål III s 515. Desse gjerdene skal ha kome opp som naudsarbeid. Grunnen var den at sjølv i uår så vart det gode kornavlingar på Skrindo. Og dermed kunne garden sysselsette fleire arbeidsfolk.
    Areal 1865: åker 46 1/2 mål, naturleg eng 224 mål, utslått 116 mål. Avling 22 tunner bygg og 17 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 57 mål, anna jbr. 70 mål, prod. skog 160 mål, anna utm. 170 mål.
    Stugu er bygd 1917, påbygd 1967, loft 1665, ombygd 1835, driftsbygning 1986, fjøs frå 1853 flytta i 1983, gamle stallar, låve og eldhus, garasje 1969. I fylgje Ål III skal loftet vera sett opp av timremenn frå Valdres. Loftet ber årstalet 1665. Den gamle låven er frå 1584. (Nyleg undersøkt dendrokronologisk i fylgje M. Skrindo.)
    Då stugu frå 1917 var bygd, vart det rive to store gamle stuguhus. Kvar av dei gamle stogene hadde ei grunnflate på lag som den nye, men dei var låge. Rom-inndelinga var stugu, to klevar og bislag med utskorne stolpar. Det finst ikkje bilete av dei, men Tor Hago Skrindo, som budde på bnr. 6 i barneåra, fortalde til Magne Skrindo at han tenkte på vikingetida når han mintes dei stogene.
    Ved ei restaurering i 1835 fekk loftet fylgjande inskripsjon: 'O Gud bevare dette hus fra ildebrand og tyvehand. Det ønskes af Knut Engebretsen og Sigrid Olsdtr. Skrinde 1. juli 1835.'
    Stølar: heimstøl i Skrindehaugen, langstøl på Kråkhamar. Buskap: Mjølkekyr til 1976. 90 vinterfora sauer.
   
   
   

{2714} År: 1780c

Johannes Knutson Skrindo 25.02. 1753-1825
Foreldre: Knut Embrikson Skrindo og Astrid Torsteinsdtr. Sando.
Gm Kari Olsdtr. Sehl Skrindo 23.10. 1746-1803
Foreldre: Ola Nilsson nordre Sehl og Lukris Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Lukris Johannesdtr. Skrindo Stave 11.02. 1781-1857
G 1800 m Gjermund Asleson Høgset, gnr. 26/1. G 1802 m Lars Asleson nordre Stave, gnr. 114/12.

Om Kari vart fortalt at ho skulle ha vore ei svært gild brur. På heimveg frå kyrkja på bryllaupsdagen skjedde ei stygg ulykke. Ridesalen losna og ho stupte baklengs av hesten. Kari vart aldri seg sjølv att etter denne ulykka. Det vart sagt at ein forsmådd friar skulle ha forårsaka ulykka ved å skjera i selatøyet. I 1801 skal Kari ha vore 'vanvittig'.
    Johannes var den eldste av brørne, og han sat med halve garden fram til 1788. Ved skøyte av 1788 selde både Johannes og faren sin odels- og løysingsrett for garden Skrindo til bror Embrik Knutson. Johannes held att på livstid: ein åker og ein engteig norda grove, eit loft og ein liten stall med trev. Dette skulle falle attende til garden etter Johannes si tid. Vidare skulle broren betale 150 rd til Johannes då foreldra var avlidne. (1221) s 326b

{2715} År: 1788

Embrik Knutson Skrindo 05.03. 1758-1848
Foreldre: Knut Embrikson Skrindo og Astrid Torsteinsdtr. Sando.
Gm Randi Nilsdtr. Opsata Skrindo 1776-1867
Foreldre: Nils Tolleivson Opsata og Barbro Olsdtr. Rust (Gol).
*Barn
1. Astrid Embriksdtr. Skrindo Breie 18.09. 1796-1889
G 1818 m Halvor Torsteinson søre Breie.
2. Barbro Embriksdtr. Skrindo 1798-1798
Barbro døydde tre veker gamal.
3. Knut Embrikson Skrindo 13.10. 1799-1874
G 1822 m Sigrid Olsdtr. Haga. Sjå neste hushald.
4. Nils Embrikson Skrindo 03.11. 1802-1886
G 1828 m Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass. Sjå Skrindo bnr. 6.
5. Ola Embrikson Skrindo Tormodsgard 1806-1877
G 1831 m Ingeborg Eiriksdtr. Sando Tormodsgard, gnr. 30/1.
6. Barbro Embriksdtr. Skrindo Tveito 16.11. 1810-1900
G 1832 m Nils Toreson Tveito. G 1844 m Knut Embrikson Settungsgard Tveito.
7. Birgit Embriksdtr. Skrindo Huus 07.10. 1814-1869
G 1838 m Torstein Olson Stave Huus, gnr. 112/1.
8. Gunhild Embriksdtr. Skrindo Løkensgard 06.02. 1818-1907
G 1840 m enkjemann Ola Olson Løkensgard. G 1853 m Johannes Embrikson Kyrkjedeld Løkensgard. Sjå Løkensgard, gnr. 58/6.

Embrik og Randi gifte seg i 1795. Han kjøpte halve Skrindo hjå foreldra for 550 rd i 1788. I kjøpesummen var 198 rd som oppgjer til broren Johannes for odels- og løysingsretten.
    Truleg var det Embrik som gav opphavet til ei herme om kor lite mat det kunne vera for tenestfolket kring på gardene. Husbonden var økonomisk anlagt, og ein dag var det ein slåttekar som utbraut: "I går såg e kji smøret på brødet, men no ser eg Nerset gjønom ostesneiet!" Men ho Rangdi ordna med maten på sin måte, og tenestfolket fekk det dei trong. (Mehlum 1904/43)
    I 1797 selde Nils Tolleivson Ro på søre Opsata selde garden til Embrik Knutson Skrindo for 800 rd.
    I 1802 gjorde Embrik slikt forlik med Lars A. Stave og Lukris Johannesdtr. Skrindo: mot 450 rd sa Lars og Lukris frå seg all rett i Skrindo. Vidare tok Embrik på seg kårytingane til Johannes Skrindo og kone.
    Embrik var blind og dauv i mange år før han døydde som kårmann i 1848. Randi og sju barn levde då.

{2716} År: 1828

Knut Embrikson Skrindo 13.10. 1799-1874
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. søre Opsata.
Gm Sigrid Olsdtr. Haga Skrindo 1796-1854
Foreldre: Ola Kolbjørnson Haga (Hoftunhagen) og Ingeborg Narvesdtr. Bjertnes (Krødsherad), Gol.
*Barn
1. Embrik Knutson Skrindo 12.09. 1823-1902
Ugift. Han var døvstum og hadde kår på garden.
2. Ingeborg Knutsdtr. Skrindo 21.11. 1825-1832
3. Ola Knutson Skrindo 21.06. 1829-1916
G 1852 m Anne Håkonsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
4. Knut Knutson Skrindo 11.02. 1836-1863
Knut var soldat i 'Aalske Compagnie' og var på veg frå Nes til tenest på Tandbergmoen sumaren 1863. Dei var sju soldatar i båten som kantra i Tolleivsrudfossen. Båten var overlasta og soldatane litt drukne. Seks av dei kom seg i land, men Knut drukna. Han vart gravlagt på Voll kyrkjegard i Flå. (1016) s 52
5. Ingeborg Knutsdtr. Skrindo 11.09. 1839-1840

Knut og Sigrid gifte seg i 1822. Knut kjøpte 6 laupsbol i nordre Skrindo etter delinga av garden i 1828.

{2717} År: 1863

Ola Knutson Skrindo 21.06. 1829-1916
Foreldre: Knut Embrikson Skrindo og Sigrid Olsdtr. Haga.
Gm Anne Håkonsdtr. Skrindo 11.01. 1831-1887
Foreldre: Håkon Olson søre Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Skrindo Smedsplass 25.10. 1852-1914
G 1887 m Svein Torson Sørbøenston Smedplass. Sjå Vestvang, gnr. 30/3.
2. Guri Olsdtr. Skrindo Rudshagen 15.02. 1854-
Gm Kristian Amundsen Rudshagen, Nes på Romerike. Ingen barn. Dei hadde eit småbruk.
3. Knut Olson Skrindo 03.06. 1856-1939
Knut budde mange år i kleven på Oppåstølen, og vart sidan kalla 'Knut Kleven' eller 'KleivaKnut.' Ugift gardsarbeidar på Skrindo. Knut prøvde å overta garden då far hans måtte selja. Etter dette var han tenestgut hjå Embrik Nilsson på 47/6 fram til 1901 om lag. Då fekk Knut Norges Vel si påskjøning for arbeidet sitt, ein stor bibel. Sidan flytta Knut inn i kleven på 47/5 og tok på seg ymse gardsarbeid kring i bygda.
    Han hadde særleg godt lag med tresking. Det vart fortalt at Lars Håheim sa ein gong i 1930-åra at han ville ikkje kjøpe treskemaskin så lenge han hadde Knut. (1807)
    Grannen Knut Knutson bad om å få brygge ølet til likferda etter Knut. (Oppl. M. Skrindo)
4. Håkon Olson Skrindo 18.09. 1858-
Håkon reiste til Delavan i Minnesota i 1880. Kom heim att 1920. Sidan ???
5. Ingeborg Olsdtr. Skrindo 28.02. 1861-
Ingeborg levde i 1865. Ingeborg var i Kr.ania eller Aker i 1893. Truleg utan etterkomerar.
6. Rangdi Olsdtr. Skrindo 08.09. 1863-
Myndig og busett ved Kr.ania ifylgje skifte av 5. mai 1893. I 1900 arbeidde Rangdi med fjøsstell på garden Rønaas i Nes på Romerike. Fødestad er 'Valdres', men etternamnet hennar er 'Skrinde'.
    Rangdi hadde dattera Gina f. 1892 med Erling .... . Gina var sambuar med Karl ..., og overtok eit småbruk etter Guri og Kristian. (Oppl. M. Skrindo)
7. Knut Olson Skrindo Løkensgard 03.02. 1866-1950
Ugift. Var på Løkensgard som tenestgut hjå Ola O. Løkensgard i mange år. Etterpå flytta han til nedre Løkensgard og budde der til han døydde.
8. Birgit Olsdtr. Skrindo Skjerpingmoen 23.08. 1868-
G 1892 m Hermann Ellingson Skjerpingmoen. Sjå under 'Skjerpingmoen' på inderstar.
9. Ågot Olsdtr. Skrindo 12.10. 1870-
Gm Oscar Larsen. Barn: Reidar 1901- skraddar; Bergljot 1903-1994 gm ... Ekervold, gm Rolf Haugen (2 barn); Dorid 1905-1979 kontorfullmektig, gm Anders Fosby.
    Ågot og Oscar budde i Gøteborgsgata i Kr.ania (der dei hadde både ku og høns). Oscar var murar. Ågot hadde aksjar i det fyrste sporvognsselskapet. (e-post M. Skrindo)
10. Margit Olsdtr. Skrindo Thoresen 02.05. 1873-1971
Sbm Erik Ragnvald Thoresen, Enebakk (1874-1948). Barn: Torvald Edvard 1904-1916; Georg Nikolai 1906-1971 bygningsarbeidar, gm Lilly Margrete Halvorsen (3 barn); Gunhild Marie 1909-1998 syerske, gm Torolf Marius Stenberg (3 barn); Ragnvald 1912-2005 lastebil-eigar, grenselos, boksar og politikar, gm Gerd Elfi Olsen (3 barn).
    Margit hadde strikkemaskin, dei hadde og dreiv utleige av ein bygard på Kampen i Kr.ania. (944)
11. Astrid Olsdtr. Skrindo 15.12. 1875-1907
Ugift. Tenestjente i Smedseplassen hjå systera Sigrid. Døydde der i 1907.

Ola og Anne gifte seg i 1852. Ola Knutson kjøpte garden etter faren i 1863. Han fekk garden for gjelda (1000 rd) og kår til faren og broren Embrik og bestemora.
    Ola Knutson delte frå halve garden i 1872 (løpenr. 134c). Han tok opp fleire lån i 1870-åra og har tydeleg slite med økonomien. I 1880 selde Ola Knutson resten av garden til syskenbarnet, Mikkel Nilsson. Ola måtte selja og flytte frå garden. Han døydde 1916 som inderst i Smedseplassen (Vestvang).

{2718} År: 1880

Mikkel Nilsson Skrindo 28.01. 1847-1925
Foreldre: Nils Embrikson Skrindo (bnr. 6) og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass.
Gm Guro Johannesdtr. Løkensgard Skrindo 09.10. 1857-1929
Foreldre: Johannes Embrikson Kyrkjedeld Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo Løkensgard.
*Barn
1. Nils Mikkelson Skrindo 14.09. 1883-1884
2. Johannes Mikkelson Skrindo 10.09. 1884-1947
Ugift. Til Am. i 1908. Farmar på heimebesøk 1914.
3. Embrik Mikkelson Skrindo 04.10. 1885-1951
Ugift. Til Am. i 1908. Han kjøpte seg farm i Montana, men der var det turt: han fekk sju år utan regn. Embrik måtte ta seg jarnbane-arbeid til sist, men då kom regnet. Død i Great Falls Montana i 1951.
4. Ragnhild Mikkelsdtr. Skrindo 25.02. 1887-1933
Ug. Ragnhild var budeie på ein gard i Skoger, og ho fekk premie for arbeidet sitt. Ragnhild fekk turberkulose og flytta heim.
5. Gunhild Mikkelsdtr. Skrindo 02.08. 1888-1967
Ug. Gunhild var budeie m.a. på Hadeland. Ho stelte systera Ragnhild då ho vart sjuk. Gunhild budde då på Skrindo, men kjøpte seg ei stugu på Baggegarden. Gunhild fekk alvorleg revamatisme og var sterkt plaga i mange år, men greidde seg sjølv til ho flytta på gamleheimen.
6. Nils Mikkelson Skrindo 08.08. 1890-
Nils utvandra til Am. i 1913. Sidan 1923 då han reiste frå Montana til Canada har ingen høyrt frå han. (944)
    Nils vart nok borte, i 1940 var dødsformodnings-dom kunngjort.
7. Knut Mikkelson Skrindo 24.06. 1893-1970
G 1929 m Ingebjørg Håkonsdtr. Sørbøen. Sjå neste hushald.
8. Rangdi Mikkelsdtr. Skrindo Bakke 10.06. 1895-1976
G 1922 m Ola Larsson Bakke, gnr. 49/2.
9. Margit Mikkelsdtr. Skrindo 16.07. 1896-1952
Ugift. Margit budde og arbeidde på Skrindo.
10. Astrid Mikkelsdtr. Skrindo 17.02. 1898-1989
Ug. Sjukesyster i Holmestrand. (944)

Mikkel og Guro gifte seg i 1882. Mikkel overtok garden hjå syskenbarnet sitt i 1880 etter at halve garden hadde vore på handel. (Sjå nærare i Ål III s 518.)
    Mikkel var handelskar i unge år, hadde gått på amtsskulen på Sundre. Han var ein dugande smed og var vide kjent som låsesmed. Mikkel bygde ny stugu, restaurerte og flytte fleire stølshus. Han dyrka 7 mål jord. Mikkel var glad i song og musikk, laga sin eigen salmodikon.