Skrindo gnr. 47 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrindo gnr. 47 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skrindo eller Kvernhusteigen er namnet på eigedomen. Opphavleg var Kvernhusteigen eit engstykke og ein heimstøl som vart makeskifta til Skrindo bnr. 6.
    Skrindo er eit småbruk som vart frådelt nordre Skrindo bnr. 6 i 1901. Over eigedomen renn Kvernbekken der både Skrindo og søre Bakke hadde kvern.
    Areal 1960: dyrka jord om lag 16 mål, udyrka 15 mål og kulturbeite på 12 mål.
    Areal 1995: dyrka jord 27 mål, anna jbr. 22 mål, bjørkeskog 40 mål. Buskap 38 vinterfora sauer.
    Husa er ei stugu frå 1868 som vart flytta frå nordre Skrindo i 1901 og seinare påbygd. Loftet er frå 1903 og eldhus/verkstad frå 1959. Våningshus bygt 1974. Uthus frå 1903.