Bakke, søre gnr. 49 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bakke, søre gnr. 49 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bakke vart skattlagt som øydegard frå gamalt. 1 1/2 bismarpund smør landskyld var krongods, så bonden var leiglending med ei årleg avgift på 2 kalvskinn eller ein sau. Bonden måtte bygsle hjå kongen fyrst, sidan hjå Toller, Knoff og Fritchler fram til krongodset vart selt i 1713.
    Bakke hadde 6 laupsbol i landskyld i 1670-matrikkelen. 1743 vart oppgjeve 3 lb. for Bakke. I 1838-matrikkelen står det 6 3/10 lb på både nordre og søre Bakke. Dermed kan Bakke ha vore på over 12 laupsbol opphavleg. Men då ville garden venteleg ha vore skattlagt som halvgard og ikkje som øygard. Truleg var opphavleg landskyld 6 laupsbol.
    Bakke vart delt på to brukerar i 1690-åra, to sjølvstendige gardar vart det fyrst i 1717. Bonden på Bakke betalte kvernskatt i 1770. Det gamle tunet var nord-vest for noverande tun. Tunet vart flytta i 1880-åra.
    Frådelte bruk og plassar: Bakkeplassen og Teigen.
    Areal 1865: åker 15 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 33 mål. Avling 13 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna areal 90 mål, barskog 150 mål, bjørkeskog 300 mål, anna utmark 135 mål. Leigd jord 40 mål. Buskap: 11 mjølkekyr, 15 ungdyr, 23 vinterfora sauer, 35 revetisper, 3 hestar.
    Våningshus bygt 1973, kårhus 1956, loft omkr. 1860, driftsbygning 1966, ombygd 1979, gamal stall med trev. Langstøl på Hellebu. Heimstøl Stolpelidokkji (nedlagt).
    Nokre stadnamn: Tuftidn etter det gamle tunet; Jensenåkeren, truleg kalla etter dyrkingsmannen.
   

{2767} År: 1778

Torkjell Arneson Sehl Bakke 21.12. 1744-1815
Foreldre: Arne Torkjellson søre Sehl. d.y og 1.g Ingrid Larsdtr. Sata.
Gm Dordei Olsdtr. Kjellargard Bakke 1744-1811
Foreldre: Ola Kjellargard (?) Sysken: Ola Olson og Arne Olson Kjellargard. Ho var truleg på Sata i 1762-manntalet.
*Barn
1. Ingrid Torkjellsdtr. Bakke 12.05. 1782-1815
G 1800 m Arne Olson Tveito Bakke. Sjå neste hushald.

Torkjell kvitterte for hennar arv etter den barnlause Ola Olson Finnesgarden i 1785. Han var truleg broren hennar. (Gol V s 400) Torkjell selde 1784 Bergåker-urde til Asle Syverson.

{2768} År: 1806

Ingrid Torkjellsdtr. Bakke 12.05. 1782-1815
Foreldre: Torkjell Arneson Sehl Bakke og Dordei Olsdtr. Kjellargard (?)
Gm Arne Olson Tveito Bakke 01.09. 1771-1837
Foreldre: Ola Olson myljo Tveito og Guri Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Arneson Bakke 26.12. 1800-1809
2. Ola Arneson Bakke 26.12. 1803-1808
3. Torkjell Arneson Bakke Trintrud 06.07. 1806-1866
G 1840 m Margit Larsdtr. Holo. Sjå Inderstar Trintrud.
4. Guri Arnesdtr. Bakke 02.09. 1809-1844
Ugift. Guri var trulova med Torstein Larsson Bakkeplass. Det fortelst at dei var på kyrkjeveg for å vigslast, då ho vart sjuk og fall i barselseng. Kanskje hadde dei kome så langt. Men sikkert er at både ho og barnet døydde.
    Men før det hadde ho skrive eit brev 'Jeg frykter Døden maaske snart hente mig herfra. Da min tanke hittildags har været at jeg og Tosten skulle sammen vies til ekteskaps stand..', så ville ho at Torstein skulle arve det meste av eignelutane og farsarven hennar. Og syskena skulle arve det ho hadde i kista.
5. Dordei Arnesdtr. Bakke Gundersen 04.02. 1812-
Gm Martin Gundersen nær Kr.ania. Barn: August 1840- vognmann, gm Helene ..., Enebakk (minst 2 barn);
    Dordei var i Norderhaug i 1827. Ho var i tenest hjå skomakar Olsen i Kristiania i 1837.
    I 1858 var ho enkje 'med stue ved Gulbrennen ved Kristiania'. Ho budde hjå sonen August i Bjerregaardsgade 10c i 1875.
6. Ola Arneson Bakke 22.01. 1815-1815
Ola levde i to dagar. Mora døydde tre dagar etterpå.

Arne og Ingrid gifte seg i 1800. Ho døydde i barselseng i 1815 saman med sonen Ola. Garden Bakke vart rekna for 105 rd, men likevel var buet var 107 rd i underskot. Teigen vart fråselt søre Bakke i 1809 og gjekk i fleire handlar i
    tida fram til 1842.
    Arne var snikkar og soldat. I 1814 gjorde Arne semje om kyrkjekua som stod på garden. Det skulle svarast 7 bismarpund smør årleg av kua, og avtalen skulle vera uoppseieleg frå kyrkja si side.
    Arne gifte seg opp att med Ågot Olsdtr. Medgarden Lislelien, fekk dottera Liv og budde i Holeplass utan heimel til 1837.

{2769} År: 1822

Embrik Olson Ulshagen Bakke 13.03. 1774-1853
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
Gm Margit Mikkelsdtr. Hove Bakke 03.07. 1774-1840
Foreldre: Mikkel Toreson Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.

Embrik og Margit var i nordre Ulshagen frå 1800. Sjå meir om familien der. Dei kjøpte Bakke i 1822.
    På skiftet etter Margit i 1841 overtok Embrik garden Bakke for 950 spd. Som kårenkjemann hadde Embrik 2 kyr, 2 sauer og 3 fjorsauer. Embrik selde Bakke til sonen Embrik i 1845.

{2770} År: 1845

Embrik Embrikson Ulshagen Bakke 26.09. 1813-
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen Bakke og Margit Mikkelsdtr. Hove.
Gm Birgit Olsdtr. Randen Bakke 11.05. 1822-
Foreldre: Ola Olson Skarsgard Randen og Kari Tolleivsdtr. Breieeikro.
*Barn
1. Embrik Embrikson Bakke 18.01. 1848-1848
2. Margit Embriksdtr. Bakke 09.01. 1849-
Til Am. i 1880: Delavan, MN.
3. Embrik Embrikson Bakke 19.02. 1852-1852
4. Embrik Embrikson Bakke 22.01. 1853-
Til Delawan, MN.
5. Kari Embriksdtr. Bakke 17.01. 1855-
Til Am. 1880: Delavan, MN.
6. Ragnhild Embriksdtr. Bakke Warstad 16.08. 1857-1928
Gm Nils Warstad, ....-1929. Utflytta til Am. 1880: Gary, MN.
7. Barbro Embriksdtr. Bakke Randen 11.11. 1859-
Gm Embrik Tolleivson Randen. Barn: 'mange'.
    Til Am. i 1880: hadde farm i Gary, MN.

Embrik og Birgit gifte seg i 1846. Han makeskifta bort heimstølen Hellane og halve Kallegjerda til broren Mikkel på Bakkeplassen, og fekk att heimstølen Stolpelidokken og jordstykket Urde.
    Embrik og Birgit selde garden i 1873 og reiste til Amerika: Gary, MN/Delavan, MN. Dei reiste med skipet 'Angelo' 30. april 1880. (BB)
    Kven var Torand Bakke? Sonen Arne Holgeson kom heim att frå Am. ein tur vinteren 1878 og henta/betalte reisa for "hele Bakke-familien". Kan vera Torand Knutsdtr. Holedokken. (1441)

{2771} År: 1873

Ola Nilsson Skrindo Bakke 27.05. 1835-1915
Foreldre: Nils Embrikson Skrindo og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakke.
Gm Helga Torsteinsdtr. Skjerping Bakke 25.02. 1854-1910
Foreldre: Torstein Knutson Medhus Skjerping og Margit Eiriksdtr. Opheim(sjordet).

Ola og Helga gifte seg i 1875. Dei hadde ingen barn. Han kjøpte søre Bakke i 1873. Ola og Helga hadde pengar på utlån.
    I 1880-åra flytta Ola Nilsson alle husa til noverande tun. Far hans, Nils Embrikson, var med på dette arbeidet. Dei var komne heilt opp med låveveggen, då gongene brotna og 'gamlingen' datt ned. Men han var heldig, ein tomme over ein spiss stein vart han hengande. Sokkebandet hans hadde hekta seg på ein kvist i veggen!
    Ola vart kalla 'Skraddaren'. Ola bygde seg kårhus litt aust for tunet, og selde garden til sonen Nils Olson i 1904.