Svillegarden, nordre gnr. 51 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svillegarden, nordre gnr. 51 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Holo er nordre garden av nordre Holo/Svillegarden. Namnet 'Svillegarden' var meir bruka enn 'Holo' frå gamalt. I 1840 vart ein mann frå søre Holo inngift på garden, og sidan har både gardsnamn og slektsnamn vore Holo.
    Svillegarden skatta som øydegard frå gamalt, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Dette kan vera den opphavlege Holo-garden. Namnet Svillegarden kan koma av 'svill-stokk' dvs. botnstokken i eit timrahus. Det kan og tenkjast at svill kjem av 'svell', om vintrane er det mykje kjøving, dsv. is og svellkuler på bnr. 1 og 2.
    Plassar og frådelte bruk: myljo Svillegarden/Holo bnr. 2, søre Svillegarden bnr. 3, Ørjansplassen/Holeplassen bnr. 4, Lund bnr. 8 og Skogly bnr. 11. Hovedbølet bnr.1 vert no kalla nordre Holo.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 22 mål, utslått 32 mål. Avling 8 1/2 tunne bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål som dels vert leigd bort, anna areal. 50 mål, produktiv skog 150 mål, anna utmark 150 mål.
    Våningshus, loft og stabbur frå 1880, låve og fjøs 1880, stall 1890. Eit gamalt kvernhus står på Drammen museum.
    Stølar: heimstøl i Nilsehovda. Langstøl på Haugestølen.

{2850} År: 1788

Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden 07.11. 1756-1812
Foreldre: Torgeir Nilson Sehl Løkensgard og Kari Olsdtr. Løkensgard.
Gm Guri Olsdtr. Skjervheim Svillegarden 12.04. 1762-1833
Foreldre: Ola Nilson Skjervheim og Birgit Bjørnsdtr. Medgarden i Liagardane.
*Barn
1. Torgeir Olson Svillegarden 22.04. 1787-1844
G 1820 m Kari Knutsdtr. Torsteinsrud. Sjå neste hushald.
2. Birgit Olsdtr. Svillegarden Skjervheim 01.02. 1789-1864
G 1828 m Anders Olson Ulshagen Skjervheim. G 1834 m Asle Larsson Opsata Sataroen. Sjå neste hushald og Luten.
3. Kari Olsdtr. Svillegarden 1792-1840
Gm Embrik Asleson Arnegard i nordre Votndalen. Embrik og Kari var inderstar på Arnegard. Dei brådøydde i ein farsott. Dottera Guri vaks opp på Svillegarden. Sjå barnebarn.
4. Barbro Olsdtr. Svillegarden Leksvolplassen 11.05. 1794-1869
G 1824 m Ola Sevatson Leksvolplassen, gnr. 123/33.
5. Ingeborg Olsdtr. Svillegarden 02.07. 1797-1893
Ugift i 1864. Sjå barnebarn: Ola Torsteinson 1833-1874 og truleg ein 'Ola Larsson'.
    I 1891 hadde Ingeborg 'formue at leve av'. Død 96 år gamal i 1893 som Ingeborg O. Holo.
6. Ola Olson Svillegard 08.09. 1799-1841
Ugift dreng.
7. Ågot Olsdtr. Svillegard 26.12. 1801-
8. Guri Olsdtr. Svillegard 02.12. 1804-1810
9. Ågot Olsdtr. Svillegard 26.12. 1806-1810
*Barnebarn
1. Ola Torsteinson Holo Arnegard 12.08. 1833-1874
G 1870 m Margit Embriksdtr. Arnegard. Sjå Eikro under Arnegard.
    Foreldre: Torstein Torson Løkplassen (ungkar) og Ingeborg Olsdtr. Holo.
2. Guri Embriksdtr. Arnegard Rotneim 10.10. 1835-1921
G 1862/3 m Ola Olson ..Sandelien (inderst) til Gutigard Rotneim. Barn: Kari 1863-1899 til Am., g 1893 m Ola O. Lybekk, Gol; Birgit 1865- til Am. i 1891, gm Håkon Kinneberg (1 dotter), g 1910 m Thore Lybekk;
    Barn i Gol: Turid 1868-1905 til Am. gm Ola Torsteinson TrintrudRudningen (3 barn); Ola 1871- farmar gm Guro Knudsdtr. Smedsgården (1 barn); Kari 1874-1888; Embrik 1878-1909 forretningsmann i Fordville; Ivar 1882-1894 til Am.; Asle 1886- forretningsmann gm Gunda Holte, Kr.ania (2 barn). (Hallingen 1919 )
    Foreldre: Embrik Asleson Arnegard og Kari Olsdtr. Holo.
    Foreldra hennar døydde med 5 dagars mellomrom i ein farsott. Kari var då omlag 5 år. Ho vaks opp hjå morsyster Birgit Holo.
    Guri og Ola kjøpte Gutigard på Rotneim. Guri vart enkje i 1890, ho dreiv garden i tre år før ho reiste til Am. i 1893 saman med dei minste barna og dottera Kari med mann. Eldste sonen Ola hadde teke seg land ved Petersburg, ND. Busett i Fordville.
   

Ola og Guri gifte seg i 1786. Ola fekk skøyte på Svillegarden i 1788 i fylgje ein dom av 1775 og auksjonsskøyte av 1779. I 1794 løyste Ola ut odels- og løysings-rett i garden for 50 rd og eit kår til Ingeborg Larsdtr.
    Ola hadde delt eiga før han døydde. På skiftet i 1816 var det difor berre 57 spd å dele. Sonen Torgeir overtok garden for gjelda. Guri hadde ikkje kår, Torgeir skulle gje henne det ho trong.

{2851} År: 1811

Torgeir Olson Svillegarden 22.04. 1787-1844
Foreldre: Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden og Guri Olsdtr. Skjervheim.
Gm Kari Knutsdtr. Torsteinsrud Svillegarden 1799-1866
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 2.g Astrid Nilsdtr. Krosshaug.
*Barn
1. Ola Torgeirson Svillegarden 06.02. 1821-1825
2. Knut Torgeirson Svillegard 15.02. 1822-
Knut reiste ut 'for lenge siden' , kanskje til Bergen. Overformynderiet kvitterte for arv etter foreldre og farsyster i 1859. Knut hadde 'ubekjent ophold' heitte det då. I 1864 var han i Bergens stift.
3. Guri Torgeirsdtr. Svillegarden 05.01. 1824-1824
4. Guri Torgeirsdtr. Svillegarden Berbye 09.05. 1825-
Gm Anders Pedersen Ørbakke i Id (eller i 'Soon.') som var husmann under kjøpmann Bjørnstad på Berbye nær Fredrikshald. (=Halden). Anders kvitterte for farsarven hennar, 80 spd i 1860.
5. Astrid Torgeirsdtr. Svillegarden Bergo 25.01. 1828-1915
G 1856 m Nils Torson TrillhusBergo. Til Am. i 1880, busett Rochester MN. Sjå Bergo gnr. 2/7.
6. Ola Torgeirson Svillegarden 25.08. 1832-1903
Ola var borte i mange år, ingen visste kvar. Truleg død 1903 i Am.
7. Nils Torgeirson Svillegarden Torgerson 03.05. 1835-1921
G 1866 m Guro/Julia Hansdtr. Rust 1843-1880, Rochester. Barn: Teodor 1867- ugift eigedoms-handlar i Enderlin, ND; Caroline 1870-1960; Isabella 1872-1936. (1440)258
    Nils reiste frå Gol til Amerika. Nils køyrde postvogna til Red Wing og møtte ho Guro. Pioner-gardbrukar ved Rock Dell, Olmsted Co MN. Flytta til Mitchell Co for helsa hennar Guro, men ho døydde. Nils og ungane er gravlagde på First Lutheran cemetary i St. Ansgar i Iowa. Dei skreiv seg 'Torgerson'. (J. Marler)
8. Anders Torgeirson Svillegarden Torgerson 12.01. 1838-1889
Gm Sarah (Sigrid) Evans Flaget (norsk) 1847-1933. Barn: Caroline 1867- ; Helena 1869- ; Theo 1871- ; Emma 1874- ; Thorvald 1876- ; Alice 1879- ; Evan Adolph ....- ; Anna Sophia ....- ; Nils 1882-1904; Severt 1890-1975 gm Agnes C. Helgeson. (J. Marler)
    Anders farma 160 acres land i High Forest, Olmsted Co, MN. Anders tente i Borgarkrigen.

Torgeir og Kari gifte seg i 1820. Torgeir måtte selja garden i 1851 til Nils Larsson Holo for å dekke gjelda. Dei beste tinga or lausøyret måtte fylgje garden for at dei skulle få kår. Torgeir og Kari vart buande på garden som kårfolk.
    Kari vart attgift 1854 med enkjemann Torstein Torsteinson Holo, og budde i Sandelien dei siste åra.

{2852} År: 1829

Birgit Olsdtr. Svillegarden Skjervheim 01.02. 1789-1864
Foreldre: Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden og Guri Olsdtr. Skjervheim.
Gm Anders Olson Ulshagen Holo 21.07. 1768-1833
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen (ungkar) og Anniken Andersdtr. Sundre.

Anders og Birgit gifte seg i 1828. Dei fekk ikkje barn saman. Anders var skulehaldar i 1801.
    På skiftet etter Anders i 1833 var eiga 260 spd i fastegods, 48 spd i lausøyre. Birgit gifte seg opp att. Sjå neste hushald. (1301) nr 360

{2853} År: 1834

Birgit Olsdtr. Svillegarden Skjervheim 01.02. 1789-1864
Foreldre: Ola Torgeirson Løkensgard Svillegarden og Guri Olsdtr. Skjervheim.
Gm Asle Larsson Opsata Holo 1789-1851
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.

Birgit vart attgift med Asle Larsson i 1834. Sjå også Luten. Dei selde garden til Sevat Sevatson frå søre Holo i 1841. Etter denne tid ser ein knapt namnet Svillegarden i bruk.

{2854} År: 1841

Sevat Sevatson Holo 26.12. 1806-1895
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk søre Holo og Birgit Olsdtr. Holo.
Gm Kari Botolvsdtr. Kyrkjedelen Holo 29.07. 1809-1847
Foreldre: Botolv Syverson Kyrkjedelen og Lukris Olsdtr. Gudbrandgard.
Gm Guri Holgesdtr. ... Bråten Holo 1788c-1859
Foreldre: Holge Anderson ...
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Sevatsdtr. Holo 22.05. 1842-
Til Am. i 1870. Truleg gm Knut Pålson Eilevstølen. Barn: Malla Marie 1871- ;
2. Sevat Sevatson Holo 07.02. 1845-1924
G 1866 m Sigrid Håkonsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.

Sevat og Kari gifte seg i 1840. Dei fekk to barn. Sevat vart attgift 1848 med Guri Holgesdtr.
    Ho var enkje etter Anders Knutson Brattegard/Sundrebråten. Far hennar skal vera Holge Anderson, men ein kan ikkje finne henne døypt i kyrkjeboka for Ål. Heller ikkje i FT 1801. I fyrste ekteskap hadde Guri sonen Anders, laborant i Kr.ania, og Birgit, ugift og busett i Kr.ania i 1859.

{2855} År: 1873

Sevat Sevatson Holo 07.02. 1845-1924
Foreldre: Sevat Sevatson Holo og Kari Botolvsdtr. Kyrkjedeld.
Gm Sigrid Håkonsdtr. Skrindo Holo 07.01. 1836-1911
Foreldre: Håkon Olson søre Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Sevat Sevatson Holo 07.03. 1874-1957
G 1909 m Helga Syversdtr. Holo. Sjå neste hushald.

Sevat og Sigrid gifte seg i 1866. Sevat overtok garden i 1873. Sevat og Sigrid bygde nye hus på garden.
    Han la mykje arbeid i solide tak, og spara ikkje på kreftene. Sevat braut steinheller nede ved Votna, og fekk hellelagde tak på dei fleste husa på garden. Dei taka står like godt i dag. Garden vart overført til sonen i 1911.