Holo søre gnr. 51 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Holo søre gnr. 51 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Holo er søre garden av nordre Holo eller Svillegarden. I 1759 vart garden kalla 'Mellom Hoele'. Det opphavlege tunet låg nede ved sida av tunet til bnr. 2. Der heiter det no 'Gamlegarden'. Noverande tun vart teke i bruk i 1880-åra.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 25 mål. Avling 14 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna jbr. 10 mål, prod. skog 230 mål, anna utm. 15 mål.
    Våningshus bygt 1960, påbygt 1987, stabbur 1975, driftsbygning 1979, stall omkr. 1885. Buskap 85 vinterfora sauer og 2 hestar.
    Stølar: heimstøl i Margitbakken. Langstøl på Haugestølen (Øynegjerda, gnr. 32/21, tilkjøpt frå Sataøyen i 1867). Tidlegare støla dei i Systerskardet.
    Margitbakken fekk namnet etter ei kone som kom ut for bjørn her ein gong i gamal tid. Ho gjekk barntung, og døydde etter å ha sprunge frå bjørnen. Sjå Ål III s 545.
    I 1982 overtok Kjell Buseth bruket Smedsplassen/Vestvang gnr. 30/3. Her er 40 mål skog og 10 mål jord og beite som vert nytta under garden.
   
   

{2869} År: 1765c

Ola Larsson Holo Svillegarden 1743-1802
Foreldre: Lars Olson Holo-Svillegarden og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
Gm Sissel Knutsdtr. Kyrkjedeld Svillegarden 1727-1793s
Foreldre: Knut Syverson Kyrkjedeld og Margit Olsdtr. Oleivsgard (?)
Gm Birgit Syversdtr. Kyrkjedelen Svillegarden 03.08. 1766-1840
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedelen og Kari Botolvsdtr. Espegard.
*Barn i andre ekteskap
1. Sissel Olsdtr. Svillegarden 09.11. 1794-1802f
Død før 1801.
2. Lars Olson Holo Hovdegard 17.01. 1796-1845
G 1835 m Ågot Olsdtr. Arnegard. Sjå søre Hovdegard frå 1805.
3. Sissel Olsdtr. Svillegarden Brattegardslåtta 04.03. 1798-1853
G 1834 m enkjemann Hermann Olson Holo Langegard Brattegardslåtta.
4. Ambjørg Olsdtr. Svillegarden Settungsgard 03.11. 1799-1840
G 1832 m enkjemann Embrik Oleivson Settungsgard, gnr. 83/1.

Ola og Sissel gifte seg i 1776. Dei fekk ingen barn.
    Ola Larsson lånte 168 rd til å innløyse odelsgods i Svillegarden i 1765. Ola fekk skøyte på garden på skiftet etter mora i 1791. Likevel hadde han alt lånt seg 190 rd med pant i garden.
    Ola vart attgift med Birgit Syversdtr. Kyrkjedeld, og fekk fire barn. Birgit Syversdtr. tok i mot arven for ungane på skiftet etter Ola. ('Da arven er saa ringe, tillades moderen at mottage barnas arvemidler.') Birgit gifte seg opp att med Ola Olson Nestegard Holo Noss. Sjå neste hushald.

{2870} År: 1806

Birgit Syversdtr. Kyrkjedelen Svillegarden 03.08. 1766-1840
Foreldre: Syver Embrikson Kyrkjedelen og Kari Botolvsdtr. Espegard.
Gm Ola Olson Noss Svillegarden 11.02. 1753-1831
Foreldre: Ola Tolleivson Breie Haugegarden Noss og enkje Guri Sevatsdtr. Thon Noss.
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Olsdtr. Holo 27.12. 1805-1806
2. Margit Olsdtr. Svillegarden Toeie 14.05. 1807-1902
Barn: Birgit 1837-1920. Sjå barnebarn.
    G 1840 m Guttorm Olson Veslegarden Toteigen.
3. Ola Olson Svillegard 1810c-1840
Vanfør. Ola døydde i legd 30 år gamal i 1840.
*Barnebarn
1. Birgit Hansdtr. Holo 16.04. 1837-1920
Ei Birgit Hansdtr. frå Hallingdal var gangkone ved Krogstøtten Sykehus i Kr.ania i 1865.
    Foreldre: Hans Jakop Corneliussen Buskerud-eie (ungkar) og Margit Olsdtr. Holo.

Birgit vart attgift 1806 med Ola Olson Arnegard Noss. Han var enkjemann etter Margit Botolvsdtr. Bakketeigen. Sjå Arnegard Noss, gnr. 121/1.

{2871} År: 1816

Torstein Torsteinson Ødelien Holo 14.10. 1787-1867
Foreldre: Torstein Larsson Svarteberg (ungkar) og Kari Syversdtr. Ødelien.
Gm Birgit Eiriksdtr. Trintrud Holo 10.03. 1789-1843
Foreldre: Eirik Olson Trintrud og Sissel Knutsdtr. Torsteinsrud.
Gm Kari Knutsdtr. Torsteinsrud Svillegarden 1799-1866
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 2.g Astrid Nilsdtr Krosshaug.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sissel Torsteinsdtr. Holo 18.02. 1813-
G 1836 m Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen.
2. Kari Torsteinsdtr. Holo Holo 16.11. 1814-
Gm ... ... . Busett i Kr.ania. Ho leigde ut losji i huset på Tyreholmen i 1850.
3. Borghild Torsteinsdtr. Holo 21.01. 1820-
Borghild var i tenest ute på bygdene. I 1865 var ho ugift tenestjente hjå Peder Kristoffersen på nedre Vang i Jevnaker.
4. Eirik Torsteinson Holo 04.03. 1822-1822
5. Torstein Torsteinson Holo 13.06. 1823-
Torstein reiste til Am. i 1853. Torstein fall i borgarkrigen. (Hall. 9 s 51.)
6. Eirik Torsteinson Holo 13.06. 1823-1844
Eirik var mest på Modum og i Bergen stift. Var han fehandlar?
    Han vart knivstukken 1844 av Eirik Tolleivson Holo. (Sjå år 1842.) Før han døydde undra han seg over kva som hende. Dei hadde jamnt vore gode vener, - truleg hadde brennevinet skulda den kvelden. Eirik bar ikkje nag til banemannen og ville ikkje forlange tiltale. (1016) s 23.
7. Liv Torsteinsdtr. Holo Madsen 23.07. 1830-
Gm Anders Madsen, Ringerike, kusk på Kongsgarden i Kr.ania. Sidan var han vognmann hjå Meinich.
    Barn: Mads 1856- jernpussar på Thune's Mekaniske, g 1879 m veverske Lina Hansen (9 barn); Thorvald 1862- ; Emilie 1866c-1954 "Milla" ugift såpefabrikk-arbeiderske; Anna Matilde 1866c- skreiv seg 'Lappegard', var i Amerika mange år.
    Liv og Anders budde i Maridalsvegen 103 i Kr.ania. Anders var møllearbeider i 1865. Dottera Anna kom heim att frå Amerika på sine eldre dagar. Ho kosta innlegging av elektrisk straum i bustaden.

Torstein og Birgit fekk sju barn. Dei fyrste barna vart fødde på Svarteberg. I 1816 kjøpte dei Holo hjå Ola Olson Nos i 1816. Men i 1834 gjekk garden på auksjon, og Lars Torsteinson Svarteberg fekk tilslaget.
    Torstein hadde kjøpt ei stølshamn frå Holde i Hemsedal kring 1820, men vanta heimelsdokument. Takst 20 spd. i 1843. Han låg då i prosess med Lars Svarteberg om kåret sitt der.
    Så vart han attgift 1854 med Kari Knutsdtr. Holo. Ho var enkje etter Torgeir Olson Svillegarden. Torstein og Kari var i Sandelien dei siste åra.

{2872} År: 1834


Lars Torsteinson Svarteberg kjøpte Holo på auksjon i 1834. Han selde att i 1842.

{2873} År: 1842

Birgit Sevatsdtr. Holo 06.06. 1809-1894
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og Birgit Olsdtr. Holo (?)
Gm Eirik Tolleivson SundreHago Holo 04.08. 1810-1897
Foreldre: Tolleiv Nilsson Brunsvoll (Nes) SundreHago og Margit Halvorsdtr. OpheimsBråten.
*Barn
1. Margit Eiriksdtr. Holo 05.07. 1834-1918
G 1854 m Syver Torkjellson Haugo Holo. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Eirikson Holo 16.09. 1846-1849

Eirik og Birgit gifte seg i 1834. Eirik kom frå tronge kår, måtte tigge for maten i oppveksten. Så kom han til presten Grøtting i Prestgarden og fekk bedre oppdraging enn folk flest. Fyrste åra budde dei i Presteikrene. Så kjøpte dei søre Svillegarden i 1842.
    Så skjedde ei fæl ulykke. Eirik Tolleivson Holo fekk åtte år på slaveriet etter at Eirik Torsteinson Holo døydde i 1844. Dei to var gode vener, men hadde fikla med knivar i fylla. Men før han døydde fekk han sagt frå at han bar ikkje nag til Eirik, og ville ikkje forlange tiltale. Brennevinet hadde skulda!
    Eirik og Birgit selde garden til dotter og svigerson i 1857. Eirik var nok ikkje mykje arbeidskar etter straff-opphaldet, men levde til 1897.

{2874} År: 1857

Syver Torkjellson Haugo Holo 25.08. 1827-1905
Foreldre: Torkjell Syverson Glomsletten Tveito Haugo og Sissel Eiriksdtr. Brattegard.
Gm Margit Eiriksdtr. Holo Holo 05.07. 1834-1918
Foreldre: Eirik Tolleivson Hago Holo og Birgit Sevatsdtr. Holo.
*Barn
1. Sissel Syversdtr. Holo 22.03. 1855-1877.
Død 22 år gamal.
2. Eirik Syverson Holo 08.06. 1858-1932
G 1890 m Guri Olsdtr. Bakke. Sjå neste hushald.
3. Torkjell Syverson Holo 19.11. 1861-1879.
Død 18 år gamal.
4. Birgit Syversdtr. Holo Myro 13.11. 1864-1952
G 1893 m Jens Olson Myro. Sjå Myro gnr. 32/19.
5. Tolleiv Syverson Holo 02.08. 1867-1951
G 1910 m Barbro Persdtr. Tretterudhaugen. Sjå år 1899.
6. Birgit Syversdtr. Holo Bakke 28.10. 1869-1931
G 1895 m Lars Olson Bakke. Sjå nordre Bakke.
7. Margit Syversdtr. Holo 09.02. 1873-1880
8. Helga Syversdtr. Holo 20.08. 1875-1963
G 1909 m Sevat Sevatson Holo. Sjå Svillegarden gnr. 51/1.

Syver og Margit gifte seg i 1854. Dei overtok garden 1857 hjå foreldra hennar.

{2875} År: 1890

Eirik Syverson Holo 08.06. 1858-1932
Foreldre: Syver Torkjellson Haugo Holo og Margit Eiriksdtr. Holo.
Gm Guri Olsdtr. Bakke Holo 26.12. 1864-1895
Foreldre: Ola Larsson Holeplass Bakke og Margit Johannesdtr. Bakke.
*Barn
1. Syver Eirikson Holo Lund 12.11. 1890-1968
G 1916 m Margit Ivarsdtr. Svarteberg. Sjå Lund gnr. 51/8.
2. Ola Eirikson Holo Granlund 24.03. 1894-1961
Gm Birgit Kitilsdtr. Lien. Målar/rosemålar på Sundre. Sjå eige hushald.

Eirik og Guri gifte seg i 1890. Dei fekk to gutar. Guri fekk ein stygg verkefinger, og døydde fire dagar etterpå.
    Eirik dreiv litt fehandel i unge år, og sidan brukte han garden ei tid. Men då Guri gjekk bort, mista Eirik mista lysta på å drive garden. Broren Tolleiv overtok garden, og Eirik arbeidde litt hjå han og litt hjå andre.
    Eirik og gutane budde på garden fram til 1918. Då kjøpte han nedre delen av jordet hjå bror sin, og bygde opp småbruket Lund. (bnr. 8) (1553)1902

{2876} År: 1899

Tolleiv Syverson Holo 02.08. 1867-1951
Foreldre: Syver Torkjellson Haugo Holo og Margit Eiriksdtr. Holo.
Gm Barbo Persdtr. TretterudHaugen Holo 24.01. 1880-1929
Foreldre: Per Torkjellson Tretterudhaugen og Gunhild Knutsdtr. Nibstad (Gol).
*Barn
1. Margit Holo 11.05. 1911-2005
Ug. Margit var hushalderske i Sande i Vestfold.
2. Syver Holo 20.07. 1913-
G 1941 m Ragna Storeli. Sjå neste hushald.
3. Gunhild Holo Stavehaug 09.04. 1923-
Gm Ola Larsson Stavehaug. Sjå eige hushald.

Tolleiv kjøpte garden hjå foreldra i 1899. Tolleiv og Barbro gifte seg 1910. Barbro hadde sonen Knut 1935- med Eirik Torson Kolsrud.
    I 1918 delte Tolleiv frå nedre delen av jordet (Lund, bnr. 8) til bror sin Eirik. Eirik var odelsguten, sjå år 1890. I 1941 selde Tolleiv garden til sonen.