Skogly gnr. 51 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skogly gnr. 51 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skogly er eit småbruk som vart frådelt nordre Svillegarden i 1950.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna jbr. 25 mål, prod. skog 80 mål, anna utmark 23 mål.
    Våningshus bygt 1985, kårhus 1952, stabbur 1977, garasje 1975, driftsbygning 1961, utleigehytte 1986. Buskap 12-14 fôringsdyr, 100 høner. Til garden høyrer Rudningen (gnr. 32, bnr. 34) og Holedokken (gnr. 42, bnr. 2).
    I Holedokken er det ein gamal låve og ei utleigehytte. Bruket har ingen støl, men er deleigar i fellestøl på Hevjansåsen.