Veslestølen gnr. 53 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Veslestølen gnr. 53 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Veslsestølen var støl og husmannsplass under søre Svarteberg. Frå 1897 var Veslestølen småbruk. I dokumenta heiter bruket Veslestølen og Toskebakken. Kva er Toskebakken???
    Areal 1865: areala er irekna under Svarteberg. Plassefolket hadde 3 kyr, 2 sauer og 3 geiter.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, prod. skog 15 mål, anna utm. 10 mål. Husa er ei gamal stugu, gamle uthus, leirstad 1978, styrarbustad 1985. Eigedomen vert driven som leirskule.
   

{2936} År: 1852c

Sevat Olson Løkensgard Svarteberg/Veslestølen 30.03. 1823-1905
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Sigrid Olsdtr. Myking.
Gm Ingeborg Larsdtr. Baggegard Veslestølen 27.03. 1825-1896
Foreldre: Lars Sevatson Toplass Baggegard og Margit Herbrandsdtr. Baggegard.
*Barn
1. Ola Sevatson Svarteberg 18.09. 1854-1855

Sevat og Ingebjørg gifte seg i 1852 og har truleg kome til Veslestølen om lag på den tida.
    I 1865 hadde Sevat og Ingebjørg fostersonen Håkon Olson søre Skrindo 1860-1944. Han kjøpte Veslestølen i 1887. Sjå søre Tveito.
    Ingebjørg døydde som husmannkone på Veslestølen. Den lengstlevande skulle arve den andre.

{2937} År: 1887


Ola Torson Lislelien på søre Svarteberg selde frå Veslestølen og Toskebakken til Håkon Olson Skrindo Veslestølen i 1887. Sjå førre hushald og søre Tveito.

{2938} År: 1897

Embrik Knutson Leksvol Veslestølen 22.08. 1885-1916
Foreldre: Knut Embrikson Gjeldokk Leksvol og Birgit Holgesdtr. Dengerud .

Birgit Holgesdtr. Dengerud Leksvol vart enkje i 1894. Ho sat då med fem ungar. Bror hennar hjelpte til så ho fekk kjøpe Veslestølen i 1897 i namnet til sonen Embrik Knutson.
    Embrik dreiv med kramhandel. Han dyrka og bygde opp bruket. Embrik drukna i ei tjørn i hausten 1916. Det vart systera hans som overtok etterkvart.