Svarteberg, myljo gnr. 54 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svarteberg, myljo gnr. 54 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Svarteberg eller Store Svarteberg er fyrst nemnt i skattelister frå 1577. Frå 1588 var årleg skatt 1 kalvskinn. Ut frå plasseringa i skattelistene kan ein tru at Svarteberg var brukt under Gunhildgard på den tida, og frå 1598 under Halvorsgard. Jfr. Elling Bakke/Halvorsgard. Sjå år 1630.
    Store Svarteberg vart skattlagd som øydegard, og hadde ei landskyld på 6 laupsbol. Årleg skatt hadde auka til to kalvskinn i 1641.
    Slektsnamnet er 'Sorteberg'. Svarteberggardane har namn etter Svarteberga rett ovanfor gardane. Storesvullen var den største av dei mange isjøklane i Svartebergi. Dei gamle rekna at krøtera var framfødde når Storesvullen losna om våren.
    Nordre Svarteberg var ein gard fram til delinga i 1778. Då vart garden delt mellom to søner med 3 laupsbol på kvar. Den frådelte garden er kalla nordre Svarteberg og har bnr. 2, medan bnr. 1 har sidan vore kalla Myljogarden eller Frammigarden Svarteberg.
    Frådelte plassar og underbruk: Glomsletten bnr. 6, Vesleengen bnr. 7.
    Areal 1865: dyrka jord 21 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 64 mål. Avling 17 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 51 mål, anna jbr. 3 mål som vert lånt bort til beite, prod. skog 195 mål, anna utm. 176 mål.
    Husa på garden er stugu, kårhus 1914, eit fint loft, gamal låve, fjøs 1918, heste/saue- og grisestall.
    Stølar: heimstøl er Storesteinflåte. Før 1874 var Vesleengen bruka som heimstøl. Langstøl er Varaldset som er tilkjøpt frå Nestegard i Hol. Langstøl før 1891 var Skålen. Opphavleg langstøl var truleg Skardstølen som ligg på åsbrotet opp for garden. Torstein Larsson f. 1816 fortalde at stølsbua var reist i ei skride då dei kom til Skålen våren 1860. Den sumaren rigga stølsfolket seg til i eit slags bøle under ein stor stein.
   
   

{2949} År: 1778

Lars Torsteinson Svarteberg 1727-1798s
Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og 1.g Liv Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Ågot Aslaksdtr. Hove Svarteberg 1737-1817
Foreldre: Aslak Larson Stave Hove og Astrid Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Liv Larsdtr. Svarteberg 25.03. 1757-
Liv var ugift i 1798. Død før 1801.
2. Astrid Larsdtr. Svarteberg Styrkestad 08.07. 1759-
G 1779 m Lars Halvorson Styrkestad.
3. Torstein Larsson Svarteberg 14.02. 1762-1833
Gm Ågot Olsdtr. Løkensgard. Sjå neste hushald.
4. Ågot Larsdtr. Svarteberg Amaliehagen 14.10. 1764-1845
G 1808 m enkjemann Lars Olson Amaliehagen Opheim. Sjå Hagen gnr. 22/51.
5. Aslak Larsson Svarteberg Holto 08.06. 1767-1824
G 1797 m Margit Ivarsdtr. Espegard. G 1817 m Ambjørg Knutsdtr. Gjøto.
6. Gunvor Larsdtr. Svarteberg Håheim 09.06. 1771-1822
Gm Per Olson Arnegard Håheim. G 1814 m Botolv Olson Halvorsgard Håheim.
7. Tolleiv Larsson Svarteberg Medgard 23.10. 1774-1847
G 1800 m Margit Olsdtr. Løkensgard.
8. Ola Larsson Svarteberg Ulshagen 04.07. 1779-1830
G 1802 m Haldis Knutsdtr. Ulshagen. Sjå Øygarden år 1806.

Lars og Ågot gifte seg i 1756. Dei budde på garden i 1762. Lars var miltær legdsmann i 1773. Han fekk skøyte på halve garden for 700 rd og kår i 1778. Broren Torkjell fekk den andre halvparten. Men fyrst var dei på tinget ein tur.
    Faren hadde 1771 skrive skøyte på garden til brørne Knut og Torkjell for 600 rd og kår. Då skøytet skulle tinglysast, kom det protest frå både Lars og broren Ola på at dei yngre brørne skulle få garden. Lars rekna seg nærast til å overta åsetet, og ville betale same prisen og gje same kåret som var avtale med dei andre. Handelen vart nok omgjort.

{2950} År: 1794

Torstein Larsson Svarteberg 14.02. 1762-1833
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
Gm Ågot Olsdtr. Løkensgard Svarteberg 03.08. 1766-1851
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunvor Sevatsdtr. Tveito.
*Barn
1. Lars Torsteinson Svarteberg 25.10. 1795-1858
G 1815 m Jørand Tolleivsdtr. Hove Varaberg. Sjå neste hushald.
2. Ola Torsteinson Svarteberg 29.04. 1798-1858
G 1821 m Birgit Rasmusdtr. Opheim. Sjå nordre Svarteberg gnr. 54/2.
3. Torstein Torsteinson Svarteberg 05.07. 1801-1802
4. Gunvor Torsteinsdtr. Svarteberg 11.04. 1803-1811
5. Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg 16.11. 1806-1813
6. Liv Torsteinsdtr. Svarteberg 16.10. 1809-1810

Torstein og Ågot gifte seg i 1795. Torstein fekk 1794 skøyte hjå foreldra på halve Svarteberg (3 laupsbol) og 1/4 av Skålen for 498 rd. Men då protesterte Lars Halvorson og Aslak Larsson Svarteberg på at garden skulle seljast for mindre enn verdet. (1221) s 487 b
    I 1807 kjøpte Torstein nordre Svarteberg for 1115 rd. Han sat med båe gardane fram til 1822. Då overtok sonen Ola nordre Svarteberg. Sonen Torstein overtok myljogarden i 1826.
   

{2951} År: 1826

Lars Torsteinson Svarteberg 25.10. 1795-1858
Foreldre: Torstein Larsson Svarteberg og Ågot Olsdtr. Løkensgard.
Gm Jørand Tolleivsdtr. Huus Svarteberg 08.02. 1795-1870
Foreldre: Tolleiv Olson Helling Huus Varaberg og 1.g Jørand Eivindsdtr. Øvre Lå.
*Barn
1. Torstein Larsson Svarteberg 01.11. 1816-
G 1837 m Gunvor Olsdtr. Løkensgard. Sjå neste hushald.
2. Tolleiv Larsson Svarteberg 10.04. 1819-1856
Truleg ugift dreng 'Tollef Larsen Haugen' som vart drepen om kvelden andre juledag i 1856.
3. Ågot Larsdtr. Svarteberg 06.02. 1828-1908
G 1853 m Arne Jakopson Tveito Svarteberg 1827-1905. Sjå år 1857.

Lars og Jørand gifte seg i 1815. Lars vart ilagt 5 dagar på vatn og brød for 'udøst skjellsord'. (1292)
    Lars vart drepen i eit bryllaup ein laurdag i juni i 1858. Like etter at brurefylgjet var komne att frå kyrkja, gjekk to yngre menn laus på Lars. Dei 'slog og spente denne mand til døden'. Liket vart lagt på ein låve, og så held gjestebodet fram i tre dagar.
    Jørand var død 1870 'i den største armod'. Sonen Tolleiv vart rekna for å vera 'vanvittig'.

{2952} År: 1838c

Torstein Larsson Svarteberg Stølen? 01.11. 1816-____
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Jørand Tolleivsdtr. Hove.
Gm Gunvor Olsdtr. Løkensgard Svarteberg 28.08. 1819-1877
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Sigrid Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Lars Torsteinson Svarteberg 27.12. 1837-1840
2. Sigrid Torsteinsdtr. Svarteberg 27.05. 1840-
Sigrid var truleg tenestjente på Grønvold i Ådal i 1865.
3. Lars Torsteinson Svarteberg 04.02. 1842-1844
4. Jørand Torsteinsdtr. Svarteberg 24.02. 1844-
Jørand fekk utflyttingattest i 1872. Kvar vart det av henne?
5. Ola Torsteinson Svarteberg 29.09. 1846-1860
Gjætarguten Ola Torsteinson drukna i september 1860 då han drista seg over ei stri elv nord for Ustevatnet. (1016) s 40
6. Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg Klausen 27.06. 1850-
Utflutt til giftarmål: Gm ... Klausen, Chicago.
7. Torstein Torsteinson Svarteberg Gjøta 13.01. 1854-1952
G 1876 m Birgit Håkonsdtr. Olaguthaugen. Sjå Jøta under gnr. 31.
    Torstein fortalde han gjekk på bygda med posen då han var smågut. (Bad om mat.) Det fyrste han var 'god til' å gjæte, så vart det gjæting og hardt arbeid.
8. Ola Torsteinson Svarteberg Thomsen 12.05. 1858-
=Olee Thomson. Til Am. i unge år. Så kom han heim att, og dreiv kledeforretning i Kr.ania nokre år kring 1875 før han reiste attende til Am. i 1882. Arbeidde ved McCormick's Harvesters i Chicago. (1420)
9. Lars Torsteinson Svarteberg 16.08. 1862-1864

Torstein og Gunvor gifte seg i 1837. I 1845 fekk Torstein sonen Ola med 'pige Birgit Torjusdtr. Sandelien'. Me veit ikkje om den sonen vaks opp.
    Torstein og Gunvor overtok garden kring 1838, men greidde ikkje å sitja med garden. Torstein selde frå Nystølen og eit skogstykke i 1846, sidan hamn til 2 hestar, 12 storfe og 24 småfe i Skålen. I 1850 feste han bort Glomsletten. Men alt han selde, så muna det ikkje nok. Garden gjekk på auksjon i 1855.
    Torstein og Gunvor vart buande på Svarteberg som inderstar ei tid framover. I 1865 budde han som husmann i ein plass under Sandelien. Og i 1875 var dei i Bergsgard-Baklien. Gunvor døydde i legd på Svarteberg i 1877.
    Torstein bygsla Kulutunga i 1879, sjå gnr. 115/16b.

{2953} År: 1855


I 1855 vart Svarteberg seld på auksjon til Asle Eirikson Lien. Han selde til Knut Eirikson utan heimel nest år, og han selde att til Arne Jakopson i 1857.

{2954} År: 1857

Ågot Larsdtr. Svarteberg 06.02. 1828-1908
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Jørand Tolleivsdtr. Hove.
Gm Arne Jakopson Tveito Svarteberg 30.08. 1827-1905
Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ågot Arnesdtr. Svarteberg Hantho 07.10. 1853-1926
G 1881 m Ole Hantho 1842-1913. Barn: Halvor 1882-1960 g 1912 m Sophie Shelstad (ingen barn); Alice 1883-1942 g 1910 m Martin Winge (2 barn); Albert 1886-1960 g 1915 m Louise Shelstad (4 barn); Gena 1880-1966 gm Carl Hanson (5 barn); Laura 1890-1914(1976?) gm Martin Avelsgard (1 barn); Ida 189_- gm Alfred Hoff (2 barn); Olga 1896-1952 gm Halfdan Hoff (2 barn). (1650)
    Busett i Minot, ND. (958) Pionerfarmarar, farmen Hantho vart seinare til småbyen med same namn.
    Dei er gravlagde i Louisburg, MN.
2. Birgit Arnesdtr. Svarteberg 20.06. 1855-1949
G 1874 m Sevat Knutson Hjallo Svarteberg. Sjå neste hushald.
3. Jørand Arnesdtr. Svarteberg Hjallo 28.09. 1857-1937
G 1879 m Tolleiv Knutson Svarteberg Hjallo 1853-1926. Barn: Knut 1879-1967 ug.; Albert 1882-1960 farmar i Montana, gm ... ... (ingen barn); Anne 1884- gm John A. Johnson (ingen barn); Agnes 1886-1940 gm Markus Lauritsen; Lina 1889-1987 forretningsdrivande i Middle River, g 1910 m Richard Sjøberg, Sverige (2 barn); Oscar 1892-1918 ug.; Teodor 1895-1918 soldat, død i ei skyttargrav ved St. Michel i Frankrike i sept. 1918. (1408); Olaf 1896- gm Martha ... 1903-1934 (2 barn), gm Eva Armstrong (2 barn); John 1902-1984 gm Mabel Matson (ingen barn). (1406), (1650)
    Til Am. i 1880: farmar i Roseau Co MN. (958) Tolleiv omkom i ei heste-ulykke. Vart Jørand attgift med Eilev Arnegard ?(1047)
4. Lars Arneson Svarteberg 02.10. 1859-1946
G 1889 m Margit Olsdtr. Skrindo 1869-1906. Barn: Albert 1889-1964 soldat i Frankrike i 1. verdskrigen; Alma 1891-1919 gm John Foss (ingen barn); Clara 1893-1918; Ola 1897-1919; Ludvig 1899-1919; Henry 1902-1902. (958)
    G 1909 m Ellen Karine Olson /Jonson. (Ingen barn)
    Til Am. i 1879: farmar i Lac Qui Parle Co i MN.
5. Birgit Arnesdtr. Svarteberg 07.05. 1861-1862
6. Jakop Arneson Svarteberg 03.04. 1863-1924
Gm Katrine Persdtr. Varberg. Barn: Agnes (Ågot) 1885-1901; Albert 1889- jarnbanearbeid gm ... ... (.. barn); Peder 1893-1973 farmar, gm ... ... (.. barn); Jakop 1900-1983; Elmer 1905-1976 i Anoka; Minnie 1907-1972 lærarinne gm ... Brenna; Nellie 1891-1902; Millie 1907-1972 gm ... ... . (1650)
    Busett i Montevideo, MN.
7. Birgit Arnesdtr. Svarteberg Kleppo 10.01. 1866-1936
G 1895 i Am. m Elling Ivarson Kleppo (Hol). Barn: Inga 1903- g 1922 m Martin Shelstad; + 5 andre.
    Dei farma ved Appleton, MN. og hadde 6 barn.
8. Arne Arneson Svarteberg 27.06. 1868-1956
Gm Ingeborg Torgerson 1873-.... . Barn: 10 stk. Til Am. i 1888: New York. Pionerfarmar i Roseau, MN.
9. Torstein Arneson Svarteberg 10.07. 1871-1937
G 1893 m Torine Olsdtr. Åkre. Barn: 10. Til Am.

Arne og Ågot gifte seg i 1853. Dei overtok garden i 1857. I 1876 gjekk dei store skridene. Kor mykje vart garden skadd? Arne selde frå stølen Vesleskrøyva, Nedrehjallen og ei grasing i Lislelien for 140 spd i 1863. Og i 1864 selde han frå Glomsletten. (bnr. 6)
    Arne og Ågot selde garden i 1875 til svigerson Sevat K. Hjallo, og reiste til Am. i 1892: Louisburg, Lac qui Parle Co, MN. Dei budde hjå dottera Ågot i Lac Qui Parle Co, MN.
    Arne ville nok heim att til gamlelandet etterkvart, men Ågot hadde hatt nok sjøreise og var ikkje til å flytte på. (1650), (Slektsheftet 'Arne Jakopson Tveito og Ågot Larsdtr').

{2955} År: 1874

Birgit Arnesdtr. Svarteberg 20.06. 1855-1949
Foreldre: Arne Jakopson Tveito Svarteberg og Ågot Larsdtr. Svarteberg.
Gm Sevat Knutson Hjallo Svarteberg 15.01. 1847-1918
Foreldre: Knut Sevatson Svarteberg Hjallo og Anne Knutsdtr. Varaberg.
*Barn
1. Knut Sevatson Svarteberg 13.06. 1874-1883
2. Arne Sevatson Svarteberg 28.01. 1877-1946
G 1905 m Kari Knutsdtr. Bjella. Sjå neste hushald.
3. Anne Sevatsdtr. Svarteberg Gudbrandsgard 02.06. 1879-1965
G 1915 m Knut Sevatson Gudbrandsgard. Sjå Gudbrandsgard år 1937.
4. Ågot Sevatsdtr. Svarteberg Arnegard 25.12. 1881-1978
G 1905 m Arne Asleson Arnegard. Sjå nordre Arnegard i nordre Votndalen.
5. Birgit Sevatsdtr. Svarteberg Medgard 16.04. 1884-1969
G 1911 m Nils Olson Dokk Medgard. Sjå Medgarden gnr. 69/1.
6. Birgit Sevatsdtr. Svarteberg Olås 17.01. 1887-
G 1916 m Syver Olsen Guttormsplass Olås 1892-1979. Barn: Otto Sigmund 1917- maskinentreprenør, busett i Oslo, g 1949 m Kari Ihle Hansen; Bjarne Ragnar 1920- salgssjef, busett i Oslo, g 1943 m Harriet Alm; Borgny Solveig 1927- bibliotekar på Skedsmo, g 1960 m Leif Nielsen.
    Syver var gartnar i Oslo frå 1912. (På Hjallo 1926-27.) Birgit passa Halling-tunet på Folkemuseet på Bygdøy ei tid.
7. Knut Sevatson Svarteberg 30.07. 1889-1973
G 1916 m Ågot Helgesdtr. Bjella. Sjå Hjallo.
8. Sevat Sevatson Svarteberg 31.12. 1892-1980
G 1920 m Anne Torsteinsdtr. Mørk, Hol. Sjå Vesleengen.
9. Guri Sevatsdtr. Svarteberg Dekko 28.02. 1896-1967
G 1932 m Tomas Knutson Dekko. Sjå Kristmoen.

Sevat og Birgit gifte seg i 1874. Sevat var hestehandlar. Sevat bygde opp tidhøvelege hus på garden.
    Etter skredulykka 1876 vart skylda nedsett. Sevat selde frå fjellhamna Skålen i 1891, og kjøpte Vesleengen i 1893 (sjå der), Hjallo 1894 (sjå der), langstøl på Tormodset og Gaukelie på Tormodset. Han kjøpte og dreiv mølla i Tveitefossen. Dei siste åra vart han liggande med gikt.