Svarteberg, nordigarden gnr. 54 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svarteberg, nordigarden gnr. 54 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordigarden Svarteberg vart delt frå nordre Svarteberg i 1778. Slektsnamnet på garden har vore 'Sorteberg' etter 1900.
    Plassar og frådelte bruk: Høgetrå. Sjå Ål III s 563 om Trond Høgetrå. Han hadde den uvanen at han plukka med seg vedkubbar etter vegen. Til sist fekk han ein kubbe med krutt i. Venteleg var vedeigaren lei av at det minka i vedladet. Trond fekk seg ein lei støkk då smellen kom så peisen druste ned og stugu hans brann opp. Det skal enno syne ei tuft i Høgetrå, litt ovanfor nordigarden.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål; naturleg eng 64 mål, utslått 68 mål. Avling 16 tunner bygg og 12 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål; anna jbr. 20 mål, prod. skog 250 mål, anna utm. 200 mål.
    Våningshus bygt 1910, påbygt 1960 og 1980, tre gamle restaurerte hus som vart nytta som hytter, gamle driftsbygningar, garasje. Buskap 100 revetisper.
    Stølar: langstøl på Skardstølen med Einarset som vart tilkjøpt i 1909. Heimstøl var Skrøyva og Hjalleslåtta. Hyttevollen og Hamrane vart brukte som slåttemark i gamal tid.
    Garden vart driven som pensjonat ei tid. Jordvegen vert brukt under Øvre Arnegard (gnr. 40, bnr. 3, 4 og 8). Sjå der. I dag er tunet frådelt som bustad.
   

{2959} År: 1778

Torkjell Torsteinson Svarteberg 26.12. 1747-1809
Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og 2.g Sigrid Jensdtr. Gunhildgard.
Gm Guri Olsdtr. Myregarden Svarteberg 01.06. 1755-1801
Foreldre: Ola Halvorson Leksvol Myregarden og Gunhild Syversdtr. Myregard.
*Barn
1. Torstein Torkjellson Svarteberg 05.10. 1777-1867
G 1802 m Ingeborg Aslaksdtr. Strand. G 1849 m enkje Guri Nilsdtr. Holto Helling. Sjå neste hushald. Torstein og Guri hadde kår på nordre Holto.
2. Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen 09.05. 1779-1860
G 1807 m Margit Eilevsdtr. KanafetMyro. G 1836 m Kari Olsdtr. Billehuset. 'Ola Rugg.' Sjå Rudning gnr. 32/34.
    "Da jeg var og endnu er, i meget mådelig forfatning, og dessuden simpel husmand, ble det ikke holdt noen registreringsforretning". (Sa Ola under skiftet etter Margit. )
3. Ola Torkjellson Svarteberg Larsstølen 17.06. 1781-1865
Gm Mari Olsdtr. Gjeldokk 1790-1863. Sjå Larsstølen, gnr. 110/3.
4. Torkjell Torkjellson Svarteberg 07.12. 1783-1801f
Truleg død før 1801.
5. Anders Torkjellson Svarteberg KuluTunga 10.09. 1786-1857
G 1822 m Birgit Eivindsdtr. Stranden. Sjå Kulutunga, gnr. 115/16b.
6. Torstein Torkjellson Svarteberg Vesle Dengerud 23.11. 1789-1863
G 1820 m Anne Amundsdtr. Hellinghaugen. Sjå Vesle-Dengerud, gnr. 115/18.
7. Syver Torkjellson Svarteberg 16.01. 1791-
Truleg død før 1801.
8. Gunhild Torkjellsdtr. Svarteberg 22.09. 1793-1877
Gunhild var inderst i Vesle Dengerud i 1829. Barn: Ågot 1829- sjå barnebarn. Gunhild døydde i legd i Vesle Dengerud i 1877.
9. Torkjell Torkjellson Svarteberg Dokklien 17.01. 1796-1883
G 1832 m Birgit Andersdtr. Dokklien.
10. Guri Torkjellsdtr. Svarteberg 11.08. 1799-1801f
Truleg død før 1801.
*Barnebarn
1. Ågot Eilevsdtr. Svarteberg 20.06. 1829-
Truleg: Gm Hans Gundersen 1835c- , Sande. Dei budde på Klinestad i Sande. Han var matros og huseigar med eit jordstykke der dei kunne sette 1/4 tunne potet.
    Foreldre: landevernsoldat Eilev Sevatson Ruud (ungkar) og Gunhild Torkjellsdtr. Svarteberg.
    Det er mogleg at Ågot fekk eit barn med Embrik Sevatson Vangen: Eilev 1851-1929. Mora var 'Ågot Eilevsdtr Fly'.

Torkjell og Guri gifte seg i 1777. Torkjell fekk skøyte 1778 på halve garden for 600 rd og kår til foreldra. Kjøpesummen skulle stå i garden så lenge foreldra levde. Broren Lars fekk den andre delen av garden.
    Torkjell kava med nokre hestehandlar. Våren 1776 var Torkjell i ein hestehage i Borgund og kjøpte ein raud hest av David Raae i Lærdal. I 1778 reiste David krav på oppgjer, men det kom fram at Torkjell ikkje hadde funne hesten på Bergstølen som avtala. Under rettssaka vart Ola Hovdegard pålagt 'silentium' av domaren, han la seg opp i vitneavhøyret på tinget.
    I 1789 vart Torkjell fråstolen ein borkut hest. Hesten vart selt på Kongsberg marken. Men Torkjell kunne ikkje prova kven som hadde teke hesten. (1673)5
    Så vart det reist odels-søksmål frå Torstein Larsson Svarteberg. Ein ser ikkje meir til den saka. Men i 1794 fredlyste Torkjell alle sine eigedomar, kone og barn. Grunnen til dette var at "en del ondskapsfulle mennesker har truet med at beskadige" eiga hans. Det er mogleg at det var ein samanheng i desse to sakene. (1221) s 497 b
    Netto eige etter Guri i 1801 var 115 rd. Det var 548 rd å dele etter Torkjell.

{2960} År: 1804


Halvor Ivarson Kvinnegarden Holto makeskifta Holto mot Svarteberg i 1804. Så selde han Svarteberg i 1806 til Torstein Larsson på myljogarden Svarteberg.

{2961} År: 1806


I 1806 vart garden kjøpt for 1115 rd av Torstein Larsson myljogarden Svarteberg. Sjå meir om familien der. Torstein hadde båe gardane. Han selde frå Hjallo i 1812 for 640 rd. I 1822 overtok sonen Ola nordre Svarteberg.

{2962} År: 1822

Ola Torsteinson Svarteberg 29.04. 1798-1858
Foreldre: Torstein Larsson myljo Svarteberg og Ågot Olsdtr. Løkensgard.
Gm Birgit Rasmusdtr. Opheim Rasmusgarden Svarteberg 20.09. 1801-1886
Foreldre: Rasmus Steingrimson Rasmusgarden Opheim og Margit Syversdtr. Barskrind.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Svarteberg Sehl 28.08. 1822-1900s
G 1841 m Nils Olson Sehl. Sjå nordre Sehl.
2. Torstein Olson Svarteberg 24.01. 1824-1824
3. Torstein Olson Svarteberg 02.05. 1827-1867
G 1845 m Birgit Embriksdtr. Espegard. Sjå neste hushald.
4. Ågot Olsdtr. Svarteberg Medgarden 15.04. 1830-1913
G 1847 m Tolleiv Knutson Medgarden, gnr. 24/3. Til Am.
5. Gunvor Olsdtr. Svarteberg Berg 29.04. 1831-1910
G 1851 m Håkon Olson Berg. Sjå nordre Berg.

Ola og Birgit gifte seg i 1821. Dei makeskifta bort Glomsletten i 1844 og fekk att Skarstølen.
    Birgit brukte å sitja ved peisen om kveldane og fortelja gamalt. Det kunne vera om svenske krigsfangar, Holstein-karadn osv. Ho song, men hadde visst nok berre ein melodi til alle Kingo-salmane. (1420)

{2963} År: 1854

Torstein Olson Svarteberg 02.05. 1827-1867
Foreldre: Ola Torsteinson Svarteberg og Birgit Rasmusdtr. Opheim.
Gm Birgit Embriksdtr. Espegard Svarteberg 20.05. 1827-1907
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Birgit Torsteinsdtr. Svarteberg 13.09. 1846-1847
2. Ola Torsteinson Svarteberg Thompson 06.02. 1848-1914c
Gm ... ..., Sverige. Barn: 3. Til Am. 1868: Quebec, sidan til Austin, MN. Til Oslo 1875 der han dreiv klede-forretning. Ola reiste attende til Chicago. Han skreiv seg Olle Thompson.
3. Birgit Torsteinsdtr. Svarteberg 08.07. 1850-1939
G 1869 m Embrik Nilsson Skrindo Svarteberg. Sjå neste hushald.
4. Embrik Torsteinson Svarteberg Sorteberg 23.12. 1852-1908
G 1877 m Kari Andersdtr. Ulshagen. Handelsmann busett på Sundre. Sjå eige hushald 'Sorteberg'.
5. Borghild Torsteinsdtr. Svarteberg Erikson 03.04. 1855-1940
G 1891 m e.m. Lars Eirikson Underåsen Opheim 1845-1930. Barn: 2 eller ingen.
    Borghild arbeidde i Kr.ania i fleire år. Så kom ho heim att og var hushalderske for broren Embrik som vart enkjemann. Så møtte ho Lars som var enkjemann frå Amerika og heimom ein tur. Dei reiste til Am. i 1891 og farma ved Rock Dell, Olmstad Co., MN.
6. Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg Haug 13.06. 1857-1943
G 1880 m Lars Olson Haug. Sjå søre Haug.
7. Margit Torsteinsdtr. Svarteberg Hjelmberg 02.10. 1859-
Gm Gustav Hjelmberg. Barn: Bertha ; Agnes. Til Chicago.
8. Ågot Torsteinsdtr. Svarteberg Klausen 23.12. 1861-
Gm Alex Klausen, Chicago. Barn: 2 .
9. Torstein Torsteinson Svarteberg 19.12. 1864-1931
Ugift. Utvandra til Am. 1888 og farma nær Fosston, MN. Han gav eit legat på om lag 10000 $ for folk i Ål.
10. Ola Torsteinson Svarteberg 14.12. 1866-1868

Torstein og Birgit gifte seg i 1845. Torstein dreiv vinhandel og landhandel på Svarteberg i lag med Asle Bjella ei tid. Det var ikkje særleg velykka. Då buet vart oppgjort, åtte han ikkje nåla i veggen.
    Torstein døydde i stor gjeld 40 år gamal. Det vart halde eksekusjon hjå Birgit neste år. Ho berga garden, og selde til svigersonen i 1871. NB. Sonen Embrik vart handelsmann på Sundre.

{2964} År: 1871

Birgit Torsteinsdtr. Svarteberg 08.07. 1850-1939
Foreldre: Torstein Olson Svarteberg og Birgit Embriksdtr. Espegard.
Gm Embrik Nilsson Skrindo Svarteberg 20.11. 1840-1929
Foreldre: Nils Embrikson nordre Skrindo og Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass.
*Barn
1. Nils Embrikson Svarteberg 31.01. 1870-1951
G 1891 m Sofie Buckholt, Frosta ....-1908. Barn: Lillian 1894-1977 gm Herbert Feeley, Hollywood; Edna 1896-1981 gm Sydney Mccoy, Miami; Esther 1902-1988 gm Bernard Smith, California (2 barn).
    G 1911 m Loise Wold, Steigen ....-1912. (1047)
    G 1923 m Josephine Anderson 1885-1961. Barn: Ruth 1928-1977 ug., busett i Grafton, ND.
    Nils reiste til Am. i 1888: Bowdon ND. Han var skrivar i Hallinglaget 1931-43. (Sjå Hallingen 156 s 25) (809)
2. Ola Embrikson Svarteberg 29.06. 1875-1945
G 1903 m Bertha Highland 1887-1913. Barn: Oliver 1905-1984 gm Edna Hanson; Gladys 1908-2003 g 1928 m Richard Oppen.
    Ola reiste til Am. Gravlagt i Bowdon, ND. (809) (J. Marler)
3. Embrik Embrikson Svarteberg 1877-1955
Gm Ingeborg Tormodsgard 1882- . Barn: Harry ...- tannlege, gm Ruth ... ; Elvina ...- gm Lloyd Wigdahl, Edwin ...- gm ... ; Pearl ...- . (809) Til Am. 1889: Minneapolis, MN.
4. Knut Embrikson Svarteberg 20.03. 1880-1922
G 1903 m Lucy Koltze. Barn: Opal ....- gm ... Sheldon ....- ; Beatrice ....-; Lillian ....- .
5. Anders Embrikson Svarteberg 02.02. 1883-1955
G 1929 m Rose Ring. Barn: Lois ...-; Warren 1932-2000 g 1958 m Phyllis Nielsen (4 barn); Jenie ...- . (809)
    I 1950 budde Anders i Canton, SD.
6. Ragnhild Embriksdtr. Svarteberg Stubsten 09.03. 1885-1973
G 1903 m Benhard Stubsten 1876- . Barn: Ruby Hazel ....-; Florence ....- ; Lorraine Alice ....-; Merle ....-. (809)
    Ragnhild skreiv seg 'Rena' i Am. Truleg død i Canada.
   
    Barn i USA: Bertine 1889-1965 g 1925 m C. A. Boyle (2 barn); Sofie 1892-1985 g 1920 m Wendell W. Warren (2 barn). (809) (J. Marler)

Embrik og Birgit gifte seg i 1869. Dei fekk skøyte på Svarteberg hjå mor hennar i 1871.
    14. juni 1876 gjekk det store jordskrider i Ål. Det byrja med eit veldigt regnvær. I Svarteberg hadde Birgit samla småungane inne i stugu. Dei stod i glaset og såg det kom eit skred nord for stugu. Som skredet nærma seg, flytta dei over til låven som stod lenger sør. Dei fekk overnatte i myljogarden til neste dag. Nils på 5 år fekk lånt seg brok hjå skyldfolk. Broka var nok for stor, 'Men det verste var, sa Nils, 'at det var so mange hol i ho!'
    Embrik Nilsson var på veg oppover dalen med lass frå Gulsvik denne dagen. Elva steig mykje, og snart vart det moldblanda vatn. Så kom der drivande ting i flaumvatnet, og etter ei tid kom der lausøyre som Embrik drog kjensel på. Då hadde stugu i Svarteberg reist i skriene. Han ottast det verste, men ho Birgit hadde redda familien.
    Familien budde på Tveito den sumaren medan dei henta tømmer og fekk opp att stugu. Om hausten kunne dei flytte inn att på Svarteberg. Men garden var mykje øydelagt. Embrik og Birgit selde garden 1889 og reiste til Fairview, Dakota. Sidan kom dei til Canton, SD. Farmar. Dei skreiv seg 'Sorteberg'. (809), (Notat frå M. Skrindo.)

{2965} År: 1889

Lars Olson Haug Svarteberg 02.01. 1860-1913
Foreldre: Ola Larsson Haug og Turid Larsdtr. Pålgard.
Gm Haldis Tolleivsdtr. Bjella 26.07. 1859-1957
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Ola Larsson Bjella Larson 30.12. 1883-1971
G 1909 m enkje Gunhild Skjervheim Veslehaugen, Olmstead Co. MN. 1881-1941. Barn: Lars Lionel 1910-1983 med US Army til Noreg i 1945, ug.; Hilda 1912- lærarinne, g 1935 m Lionel Nelson= son til Knut Nilsson (Gjeldokk) (4 barn); Lester Georg 1914-1993 farmar, g 1936 m Klara A. Knutson, sat i Representanthuset, ND kring 1960 (1 dotter); Tollef Henry 1916- farmar, gm Anna Marie Joney (1 barn). (1491)326, (1047)
    Ola var krambugut hjå E. Kirkedelen på Sundre. Han reiste til Amerika i 1904: Brocket, ND. Han tok seg tenest på farmen hjå Gunhild. Så vart dei gifte, og farma fram til sønene hennar overtok farmen i 1934. Ola tok seg då tenest som fullmektig på ein kvegfarm i 12 år. Han tok del i ymse offentleg arbeid, var m.a. visepresident i Farmer's Union. Ola sat to år i Representanthuset i ND frå 1932. Han var med og starta Bank of North Dacota. Sjå Hallingen juni 1933 og juni 1965. Han skreiv seg 'O. B. Larson'. (1195) s 5
2. Tolleiv Larsson Bjella 03.03. 1886-1965
G 1917 m Sissel Eiriksdtr. Noss. Sjå søre Bjella, gnr. 104/3.
3. Turid Larsdtr. Bjella Gjeldokk 04.12. 1887-1965
G 1916 m Embrik Ivarson Gjeldokk. Sjå Nydokk, gnr. 105/15.
4. Sigrid Larsdtr. Bjella Skarsgard 16.01. 1890-1973
G 1915 m Tolleiv Olson Skarsgard. Sjå Toresgard.
5. Sevat Larsson Bjella 28.09. 1892-1970
G 1923 m Sigrid Arnesdtr. Solheim. Sjå Nyheim gnr. 112/4.
6. Mari Larsdtr. Bjella Lå 20.03. 1895-1985
G 1917 m Ola Olson Lå. Sjå nordre Lå.
7. Gunhild Larsdtr. Bjella Styrkestad 02.02. 1898-1985
Gm Tor A. Solheim (Styrkestad, gnr. 103/1).
8. Lars Larsson Bjella Styrkestad 10.07. 1901-1946
G 1943 m Mari Holto. Sjå nedre Styrkestad.

Lars og Haldis gifte seg i 1883. Dei hadde Ruud i Liagardane frå 1883-til 1888. Lars og Haldis bygde nye uthus på Svarteberg, selde øvre Nystølen og ein skogrem. Dei overtok søre Bjella i 1901 og selde Svarteberg i 1904.