Tveito, søre gnr. 55 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveito, søre gnr. 55 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Tveito vart frå gamalt skattlagd som halvgard og hadde ei landskyld på 12 laupsbol.
    Garden står i jordebøkene frå 1557. Frå 1577 og utover var årleg skatt 3 kalvskinn, dertil skulle bonden betale 1 album i frelse.
    Namnet Tveito kjem av 'tveit' som tyder grasslette mellom berg eller skog. Forma 'Tveito' er fleirtal dativ. Det heiter 'på Tveito'. Frå gamalt er namnet skrive 'a Tveitum'. Her har truleg vore busetnad i høgmellomalderen. Etter boka 'Øygard og Rudning' vert søre Tveito rekna for 'sikker' og Kongstveito for 'truleg' høgmellomaldergard. (K. O. Solhjell 1987)
    Tveitogardane strekkjer seg frå Holo i aust til Arnegard i vest.
    Tveitogardane har nok vore to eller tre gardar i gamal tid. Søre Tveito, dvs. den austre garden har vore bondegods. Dei vestre gardane, Kongstveito nordre og søre, var krongods båe to, og eigne bruk så langt bakover me kan sjå.
    Søre Tveito var samla til 1727. Då vart garden delt. Og i 1810 vart den søre halvparten delt på nytt. Bnr. 1 og 2 har 3 laupsbol kvar.
    Frådelte bruk og plassar: Tveito eller Grinde (bnr. 2), søre Tveito (bnr 4. og 5),Toknutplassen, Bruteigen, Myset og Lauvludokken (stundom skrive Lauvlidokken) var busett i 1742. Lauvludokken vart målt ut til jordstykke av same vidde som Myset i 1741, og makeskifta mot dette. Sjå Myset år 1737.
    Tveitogardane var eigen skulekrins og fekk eige skulehus i 1878. Skulen vart nedlagt 1996?
    Stadnamn: Bjødnabakkjin, Humlegarden, Linlendet, Smøråkeren m.m.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 68 mål. Avling 15 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål og anna jbr. 65 mål som dels vert leigd bort, prod. skog 200 mål, anna utm. 180 mål. Våningshus bygd 1958, kårhus 1955, stabbur omkr. 1726, driftsbygning 1944, påbygd 1966.
    Stølar: heimstølar på Sigridstølen (like ova garden) og Skrunkegjerdet, og Myset. Langstøl på Kråkhamar.
   
   

{3009} År: 1792

Ola Sevatson Tveito 1742-
Foreldre: Sevat Olson Holo Tveito og Margit Olsdtr. Tveito.
Gm Guri Olsdtr. Løkensgard Tveito 19.01. 1744-1826
Foreldre: Ola Torkjellson Sehl Løkensgard og Kari Olsdtr. Løkensgard.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Tveito 06.01. 1769-1859
G 1803 m Tor Nilson Krosshaug Tveito. Sjå neste hushald.
2. Margit Olsdtr. Tveito Myregarden 15.09. 1771-1844
Gm Ola Knutson Myregarden, gnr. 107/7.
3. Sevat Olson Tveito 1775-1854
Gm Anne Olsdtr. Arnegard. Bødker. Sjå Tveito bnr. 2.
4. Kari Olsdtr. Tveito 1782-1870
Barn m/Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito: Ola Bjørnson 1816- . Sjå barnebarn. I 1865 var Kari ugift inderst på 'Arnegardeie' hjå sonen Ola Bjørnson.
*Barnebarn
1. Ola Bjørnson Tveito Bergaplass __.__. 1816-1908
G 1840 m Ågot Olsdtr. Trintrud Gurigard. G 1891 m Birgit Viggersdtr. Preinsrud.
    Foreldre: Bjørn Nilsson Krosshaug Tveito og Kari Olsdtr. Tveito.

Ola Sevatson gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773. Han overtok søre Tveito i 1792 for 550 rd.

{3010} År: 1810

Ågot Olsdtr. Tveito 06.01. 1769-1859
Foreldre: Ola Sevatson Tveito og Guri Olsdtr. Løkensgard.
Gm Tor Nilsson Krosshaug Tveito 1772-1854
Foreldre: Nils Hermundson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Nils Torson Tveito 15.01. 1804-1841
G 1832 m Barbro Embriksdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Ågot Torsdtr. Tveito 18.03. 1804-____
? I fylgje kyrkjeboka er Ågot fødd 2 månadar etter broren Nils. Sidan er ho ikkje å sjå i kjeldene. Truleg er Ågot tvillingen til Nils og død 2 månadar gamal.
3. Kari Torsdtr. Tveito Trintrud 26.05. 1806-1897
G 1828 m Knut Knutson Trintrud.

Tor og Ågot gifte seg i 1803. Tor kjøpte 3 laupsbol av garden Tveito for 1200 rd i 1810. Dertil betalte han 500 rd til verbroren for odelsretten.
    Grensene for garden vart sett opp i 1816. Han selde til sonen Nils i 1833.

{3011} År: 1833

Nils Torson Tveito 15.01. 1804-1841
Foreldre: Tor Nilsson Krosshaug Tveito og Ågot Olsdtr. Tveito.
Gm Barbro Embriksdtr. Skrindo Tveito 16.11. 1810-1900
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
*Barn
1. Ågot Nilsdtr. Tveito 24.01. 1837-1837
2. Ågot Nilsdtr. Tveito 27.10. 1839-1840
3. Tor Nilsson Tveito 11.05. 1841-1897
G 1865 m Sigrid Olsdtr. Løkensgard. Sjå år 1865.

Nils og Barbro gifte seg i 1832. Dei fekk 5 barn, men 1 vaks opp. På skiftet etter Nils i 1842 var eiga 819 spd. Barbro gifte seg opp att. Sjå neste hushald.

{3012} År: 1844

Barbro Embriksdtr. Skrindo Tveito 16.11. 1810-1900
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.
Gm Knut Embrikson Settungsgard Tveito 12.01. 1811-1900
Foreldre: Embrik Olson Settungsgard og Guri Olsdtr. Håheim.

Barbro vart attgift 1844 med Knut Embrikson. Dei fekk 7 dødfødde barn i åra 1845 til 1854.
    Knut var bonde og skulehaldar. Han skreiv dikt og songar, og han var fyritalsmann i bryllaup og likferder. Knut var ordførar frå 1864 til 1882. Styrken hans var å greie ut flokar og jamne ut motsetningar.
    Som omgangsskule-lærar fekk Knut mat på ein gard der dei hadde farga ullgarn. Men gryta var ikkje reingjort, så det vart servert blå graut. Då sa han: "Det kan nok koma den dagen at me lyt eta graut om den ikkje er magenta-farga".
    Knut kunne dette med fargar. Etter oppveksten i den rosemåla Settunggardsstugu tok han sjølv til å rosemåla litt til sine næraste. Knut var ein av dei få som skreiv ølbolle-rim på dialekt: 'Pass de sjål, drikk inkji for mykji! Tå fylln færn eit fåle sykji.' (Ellingsgard: Rosemåling i Hallingdal s 206)
    Knut hadde ingen annan utdanning enn omgangsskule. Han arbeidde litt ved sorenskrivarkontoret. Knut var ein smålåten og stillfarande mann, men kunne uttrykke seg godt. Har var visst noko av ein humorist. Samstundes var han av bygdens meste betrudde menn. E. T. Bekkestad sa det slik: "Når dei fungo med seg Knut Engebretsen, so voro dei fløygde!" (Banksoga s 174)
    I mars 1853 hyste Knut og Margit ei tiggarkvinne frå Aurdal, Margit Johannesdtr. Odden (enkje) og dottera. Den 1 1/2 årige dottera Margit Bendiksdtr. døydde i Tveito medan mora var der.
    Knut og Barbo døydde same dagen, 29. mars 1900 med seks timar mellomrom.

{3013} År: 1865c

Tor Nilsson Tveito 11.05. 1841-1897
Foreldre: Nils Torson Tveito og Barbro Embriksdtr. Skrindo.
Gm Sigrid Olsdtr. Løkensgard Tveito 16.06. 1844-1931
Foreldre: Ola Olson Løkensgard og Gunhild Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Nils Torson Tveito 23.01. 1866-1929
Ug. Sjå neste hushald.
2. Barbo Torsdtr. Tveito Solheim 20.02. 1868-1947
G 1893 m Arne Torsteinson Solheim. Sjå Styrkestad.
3. Ola Torson Tveito 15.04. 1870-1870
4. Gunhild Torsdtr. Tveito 31.07. 1871-1958
Ug. Gunhild var mykje borte på arbeid. Til sist kjøpte ho ei stugu i Svarteberg. (Der skiheisen kom.)
5. Ola Torson Tveito 14.10. 1873-1873
6. Ola Torson Tveito 22.04. 1876-1957
G 1907 m Margit Olsdtr. Sorteberg. Barn: Thor 1908-1998 ug. farmar ved Petersburg, ND; Olaf 1909- soldat i 2. verdskrigen, budde på farmen; Selma 1916- g 1945 m Everett Nash (2 barn); Myrtle 1927-1969 lærarinne, g 1948 m Lloyd Anderson (3 barn). (944) (1335)
    Ola var skraddar i 1900. Han reiste til Am. i 1902: Petersburg, ND. Ola var heimatt i Noreg frå 1912 til 1914. Frå 1920 hadde dei ein farm i Nash township Petersburg, ND. Ola omkom i ein gardsbrann i 1957.
7. Rangdi Torsdtr. Tveito 05.03. 1879-1951
Ug. Rangdi var heime og stelte hjå mora.
8. Ågot Torsdtr. Tveito 13.11. 1881-1963
Ug. Ågot stelte hjå broren Knut. Sidan budde ho hjå systera Rangdi.
9. Knut Torson Tveito 22.01. 1884-1969
Ugift. Sjå Bruteigen.
10. Embrik Torson Tveito 13.08. 1886-1963
G 1918 m Haldis Sevatsdtr. Løkensgard. Sjå år 1920.

Tor og Sigrid gifte seg i 1865. Dei brukte garden utan heimel. Tor var lærar og bonde.
    Sonen Nils fekk skøyte på garden i 1898.

{3014} År: 1898

Nils Torson Tveito 23.01. 1866-1929
Foreldre: Tor Nilsson Tveito og Sigrid Olsdtr. Løkensgard.

Nils Torson fekk skøyte på garden i 1898. Han var ugift. Foreldra hans brukte garden ei tid. Nils mista ein fot, og selde garden til broren i 1920.