Tveito gnr. 55 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveito gnr. 55 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dette er søre delen av søre Tveito etter delinga 1727. Frå 1820 til 1839 var garden delt på løpenr. 151a og b. I 1839 vart garden samla att. Bruksnr. 5 skriv seg frå denne delinga.
    Areal 1865: dyrka jord 19 1/2 mål, naturleg eng 46 mål, utslått 56 mål. Avling 18 tunner bygg og 13 1/2 tunnepotet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, anna jbr. 25 mål, prod. skog 200 mål, anna utmark 590 mål. Leigd jord 24 mål. 12 mjølkekyr, 12 ungdyr.
    Våningshus bygt 1979, kårhus og stolphus 1740, driftsbygning 1972, påbygd 1986, reiskapshus 1984, smie av stein.
    Stølar: heimstøl i Hovda. Langstøl på Tormodset (gnr. 45, bnr. 6) tilkjøpt 1928. Opphavleg langstøl på Kråkhamar vart fråselt 1888.
    Gunhildgard (gnr. 44/4) har vore brukt under Tveito frå 1982.
   

{3028} År: 1790c

Embrik Olson Tveito 25.09. 1757-1819
Foreldre: Ola Embrikson Tveito og Guri Sevatsdtr. Thon.
Gm Sissel Knutsdtr. Myregarden Tveito 04.09. 1768-1852
Foreldre: Knut Larsson Rime Myregarden og Margit Olsdtr. Myregarden.
*Barn
1. Ola Embrikson Tveito 1791-
Gm Gro Fingarsdtr. Baklien. Sjå år 1820.
2. Margit Embriksdtr. Tveito 1795-
Gm Håkon .... ... ... . Barn: Margit Håkonsdtr. gm Ivar Torsteinson Svarteberg (Til Am.). Margit var tenestjente på Fornebu i 1820.
3. Knut Embrikson Tveito ToKnutplassen 26.02. 1797-1874
G 1828 m Guri Olsdtr. Ruud. G 1833 m Kristi Eivindsdtr. Oleivsgard. Sjå neste hushald.
4. Gunhild Embriksdtr. Tveito Røllång 1806-
G 1832 m Ola Aslakson Røllång (Rullangseie) 1800-.... . Barn: Jørand 1833- frå Voss til Am., dotter Olea 1862- med Anders Hansson Landåsen frå Land; Sissel 1837-1837; Sissel 1842- g 1871 m Jonas Christian Johannesson Vesterland frå Sverige (3 barn); Marit 1849- . (Brev Mona Dalen)
    Budde på garden Rølling i N-Aurdal. Enkje i 1867.
5. Guri Embriksdtr. Tveito Bakken 1808-
Gm Kristen Jørgenson Grasbærbakken. Kristen kvitterte for farsarven hennar i 1832. (1544)
    Guri var truleg enkje på Høgda på Jevnaker i 1867.
6. Embrik Embrikson Tveito Teigen 09.06. 1809-1894
G 1879 m Anne Larsdtr. Teigen, gnr. 56/2.
*Barnebarn
1. Margit Håkonsdtr. Tveito 12.02. 1827-
Gm Ivar Torsteinson Svarteberg. Til Am. i 1866.
    Foreldre: Håkon Knutson Svarteberg (ungkar) og Margit Embriksdtr. Tveito.

Embrik Olson lånte 800 rd saman med faren Ola Embrikson Tveito i 1788. Dei hadde søre Tveito i lag. Lånet vart avlyst 1811.
    På skiftet etter Embrik i 1820 var det 473 spd å dele. Sonen Ola og enkja skulle bruke kvar sin halvpart av garden inntil vidare, sidan skulle ho ha kår.

{3029} År: 1820

Knut Embrikson Tveito ToKnutplassen 26.02. 1797-1874
Foreldre: Embrik Olson Tveito og Sissel Knutsdtr.
Gm Guri Olsdtr. Ruud Tveito 21.11. 1790-1829
Foreldre: Ola Olson Ruud i Kvinnegardslia og Birgit Olsdtr. Havardsgard.
Gm Kristi Eivindsdtr. Oleivsgard Tveito 10.10. 1796-1886
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Knutsdtr. Tveito Toknutplassen 03.11. 1831-1887
G 1863 m Kristian Kristianson Eidseter, Hurdal. Sjå Toknutplassen.
2. Birgit Knutsdtr. Tveito 25.11. 1833-
Ho var tenestjente på Ringerike i 1874.
3. Margit Knutsdtr. Tveito 23.08. 1835-1839

Knut kjøpte Tveito hjå mora si i 1826. Knut og Guri gifte seg i 1828. Dei hadde ingen livsarvingar. Arvingane etter Guri i 1829 sa at det meste av lausøyret kom til garden med Guri.
    Knut vart attgift 1833 med Kristi Eivindsdtr. Knut selde garden kring 1836 til Sevat Olson utan å gje skøyte. Sevat selde att til Håkon Arneson. Knut var på Toknutplassen i 1867.
   
   

{3030} År: 1820b

Ola Embrikson Tveito 1791-
Foreldre: Embrik Olson Tveito og Sissel Knutsdtr. Myregarden.
Gm Gro Fingarsdtr. Baklien Tveito 1795-1830
Foreldre: Fingar Asleson Stavehaugen Arnegard og Margit Andresdtr. Aslegarden Strand.
Gm Liv Olsdtr. Håkonsgard Tveito 1793-1878
Foreldre: Ola Knutson Håkonsgard og 2.g Liv Embriksdtr. Espegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Olsdtr. Tveito Langeland 14.10. 1820-1892
Gm Holge Holgeson Hushaugen Langeland, gnr. 123/30.
2. Embrik Olson Tveito 20.04. 1823-
Ugift 1867. Kjøpte garden Kampen i Asker i 1867, nr. 149.. eigar. Ikkje funnen i 1875-folketeljinga.
3. Guri Olsdtr. Tveito 11.01. 1826-
Gm Nils Nilsson ...., busett hjå broren Embrik på Kampen i Asker i 1867.
    Då faren sat i tronge kår og gifte seg oppatt, vart Guri sett på legd ymse stader i bygda.
    Ho gjætte m.m., men var hjå far sin i onnene. Ho kom i tenest nedanfor, m.a. hjå kapellan Nielsen på Modum.
    Dit kom ein brå friar til Guri ein kveld. Ho fødde eit barn i dulsmål, barnet døydde og neste dag gjekk ho heimover og kom til Ål. (1591)2
4. Sissel Olsdtr. Tveito Glomsletten 10.12. 1828-
G 1858 m Ivar Ivarson Glomsletten. Busett i Bergen stift i 1867.
*Barn i andre ekteskap
1. Gro Olsdtr. Tveito 10.09. 1838-1839

Ola og Gro gifte seg i 1820. Då ho døydde vart garden rekna til 400 rd. I 1833 måtte Ola selja garden til Botolv Olson. Ungane frå fyrste ekteskap kom delvis på legd på bygda ettersom Ola sat i tronge kår, og gifte seg opp att.
    Ola vart attgift 1836 med Liv Olsdtr. som var enkje etter Ola Levorson UnderBerget. Ola døydde i legd på Tveito i 1859, støtta av fattigvesenet.

{3031} År: 1833b


Ola Botolvson, truleg Trintrud Aslegjerda kjøpte Tveito i 1833. Han selde vidare til Håkon Tveito i 1839.

{3032} År: 1839

Håkon Arneson Arnegard Tveito 26.12. 1802-
Foreldre: Arne Asleson Arnegard i nordre Votndalen og Birgit Jakopsdtr. Rudningen.
Gm Ingeborg Larsdtr. Opsata Tveito 18.02. 1798-1873
Foreldre: Lars Tolleivson Opsata og Randi Aslesdtr. øvre Medgarden.
*Barn
1. Ola Håkonson Arnegard 31.05. 1829-
Ug. Barn: 2 i Valdres. Ola reiste til Am. 1850. Kom sidan heim att og budde i Valdres. (Ikkje funnen på Digitalarkivet.) Ola var leug og mjuk, han spretta seg gjerne over både hestar og gjerdingar.
    Far hans var kårmann og enkjemann på ein plass under Leira i N-Aurdal i 1875.
2. Arne Håkonson Arnegard 21.07. 1833-1833

Håkon og Ingeborg gifte seg i 1830. Han var omgangskulelærar. Håkon og Ingeborg vart skilde. (OB).
    Håkon kjøpte Tveito lnr. 151b i 1839 og lnr. 151a i 1845. Dermed var garden samla att. I 1845 bygsla han Bruteigen til Eirik Asleson.
    Snikkaren Henrik Flattum hadde arbeid i Ål i 1849. Han skipa arbeidar-forening i Sando og Håkon vart
    formann i Sando arbeidar-forening i Ål i 1851. Dette var noko nytt. Det vekte stor åtgaum og otte mellom embetsfolk og øvrigheit. Lensmannen tok saka på alvor med avhøyr av mykje folk. Han skreiv ned vel 30 sider om denne saka. (1292)
    I 1850 vart Håkon Arneson Tveito avhøyrt om eit arbeidarmøte i Kr.ania i 1850. Sentrale personar var hattemakar Hallstein Knudsen og Marcus Thrane. Det var sosial uro kring i landet, nokre foreningar ville ha væpna revolusjon, andre berre nyordningar som ålmen stemmerett, husmannslover o.l. Landskapsmålar Balke ville ha pensjonsordningar. Håkon slapp ut or arresten då avhøyret var over. (1592)2
    Håkon selde Tveito i 1856 til Halvor Jakopson og kjøpte Tuv gnr. 84/1 i Vestre Slidre i 1857. Han selde att kring 1859 og kom til Sus gnr. 21/3 i N-Aurdal. Håkon var i Chicago ei tid frå 1871. I 1875 var han kårmann og enkjemann på ein plass under Leira i N-Aurdal. (1046)
    Ingeborg døydde hjå systera i Sataroen.

{3033} År: 1856


Helge Jakopson Skjerpingmoen kjøpte Tveito i 1856, og selde att etter tre år.

{3034} År: 1859

Oleiv Ivarson Sehl Tveito 12.04. 1825-1902
Foreldre: Ivar Oleivson Bråten Sehl og Haldis Halvorsdtr. søre Sehl.
Gm Helge Larsdtr. Holo Tveito 07.11. 1832-1898
Foreldre: Lars Sevatson Holo og Borghild Nilsdtr. Veslehaugen.
*Barn
1. Ivar Oleivson Tveito Tvete 24.02. 1859-1944
G 1885 m Emma/Ingeborg Johnson/Vindedal (Hafslo-ætt) 1863-1884. Barn: 6, av dei vaks 2 opp: Mable 1884-1970 gm Earl Townsend (1 barn); Ralph Olef 1899- gm Della Utrecht (3 barn).
    Ivar reiste til Am. 1880: Zumbrota, MN. Sidan var han farmar i Ryan, Lamoure, ND.
2. Lars Oleivson Tveito Tvete 28.03. 1861-1940
G 1888 m Brita/Bessie Johnson/Vindedal (Hafslo-ætt) 1860-1025. Barn: Olif 1874-ung; Alfred 1889-1976 g 1917 m Grace Williamson (5 barn); Clarence Otto 1892-1969 soldat i 1. verdskrigen, g 1919 m Pearl Berg (2 barn); Leonard Roy 1895- soldat i 1. verdskrigen, budde i Thief River Falls; Jessie 1898-1927; Ethel ...- gm Howard Paulson. (Oppl. v/L. Øyane og J. Marler)
    Lars fekk utflyttingsattest i 1888. Til Am. I 1910 var Lars farmar i Ryan i Lamoure, ND. Han skreiv seg Lewis Tvete.
3. Borghild Oleivsdtr. Tveito Skrindo 22.12. 1863-1939
Gm Nils Knutson Holo Skrindo 1847-1891. G 1892 m Lars Knutson Ellingsgard Trintrud Skrindo. Sjå Skrindo 47/2.
4. Halvor Oleivson Tveito 18.08. 1866-
Halvor var svært sterk. Han dreiv forretning i Drammen ei tid. Han var i Am. i 1902. (1345)
5. Nils Oleivson Tveito 04.03. 1869-1870
6. Nils Oleivson Tveito 25.07. 1871-1954
G 1908 m Guri Larsdtr. Haugen, Hovet. Fehandlar og bonde. Sjå myljo Tveito gnr. 55/11.
7. Oleiv Oleivson Tveito Oleivsgard 30.12. 1874-1940
G 1906 m Birgit Olsdtr. Oleivsgard. Postopnar og bonde i søre Oleivsgard. NB. Også Oleiv var i Amerika ein tur. Sjå søre Oleivsgard, gnr. 66/1.

Oleiv og Helge gifte seg i 1858. Oleiv kjøpte Tveito i 1859. Han selde frå mykje jord: fleire jordstykke, langstølen på Kråkhamar, Bruteigen. Det var fleire utleggsforretningar hjå han, til sist selde han garden til Håkon Olson.

{3035} År: 1896

Håkon Olson Skrindo Tveito 25.11. 1860-1944
Foreldre: Ola Knutson Leksvol (ungkar) og Birgit Håkonsdtr. Skrindo.
Gm Margit Eilevsdtr. Moen Tveito 21.03. 1866-1948
Foreldre: Eilev Eivindson Moen (Sundre) og Margit Tolleivsdtr. Hago.
*Barn
1. Ingebjørg Håkonsdtr. Tveito 20.09. 1887-1974
Ingebjørg var ugift. Ho reiste rundt i landet og heldt vevkurs. Var sidan handarbeidslærarinne i Ål. Ho var aktiv i ungdoms- og fråhalds-arbeid.
2. Sigvat Håkonson Tveito 15.02. 1889-1953
=Sevat. G 1922 m Margit Moe. Dansar og fotograf. Sjå eige hushald.
3. Eilev Håkonson Tveito 24.03. 1892-1959
Sjå neste hushald.
4. Håkon Håkonson Tveito 17.08. 1894-1964
G 1928 m Rangdi Olsdtr. Garnås. Lærar. Sjå Heggtveit.
5. Margit Håkonsdtr. Tveito 07.10. 1896-1896
6. Knut Håkonson Tveito 01.07. 1898-1943
G 1940 m Karen Sjursdtr. Birkeland, Sveio 1912- . Barn: Knut 1943- forretningsmann, gm Audfrid Wold (3 barn).
    Knut var folkehøgskulelærar m.a. på Toten. Han gav ut ei lærebok i matematikk. Knut var aktiv i ungdoms-, fråhalds- og song-lag. Dei flytta til Haugesund.
7. Torleiv Håkonson Tveito 09.10. 1901-1966
Gm Olaug Olsen 1905-1985. Lærar. Sjå eige hushald.
8. Olav Håkonson Tveito 10.11. 1904-1969
Gm Anne Nilsdtr. Slåtten. Organist. Sjå Slåtta/Gjeldokkslåtta gnr. 105/6.
9. Margit Håkonsdtr. Tveito Gunhildgard 20.02. 1908-
G 1946 m Knut Torson Gunhildgard. Sjå år 1952.

Håkon og Margit gifte seg i 1887. Håkon vaks opp på Veslestølen. Sjå der.
    Håkon Tveito hadde mange kommunale verv, m.a. heradskasserar. Han var ein av dei som ingen uven hadde, vart det sagt. Håkon arbeidde m.a. for skiping av fe-utstilling i Ål. Ei tid var han handelsbetjent hjå E. Svarteberg, så kjøpte han Tveito i 1896.