Toknutplassen gnr. 55 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Toknutplassen gnr. 55 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Toknutplassen er eit småbruk ovanfor Tveito. Øvrigheita skreiv ofte 'Tveiteeie' i protokollane. Så slapp dei bry seg med kva bruka heitte på bygda. Namnet skal koma av at det budde to Knut'ar der ei tid. Fyrste bygselbrevet me kjenner er frå 1828.
    Grenser 1829: 'på sydsiden en bekk der adskiller Knut Embrikson Tveito sin eiendom og Holo. På nedre og vestre kant til bygdevegen, på nord mot min øvrige eiendom, på austsida går delet mot stølen Bodilstølen. Dessuten en åker nede ved allfarvegen, og rett til trevirke etter behov'. (1538)7
    Bruket vart frådelt Tveito i 1844, Knut Embrikson Tveito held det att som kårbustad då han selde garden.
    Areal 1865: dyrka jord 3 1/2 mål, naturleg eng 15 mål, utslått 10 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 2 1/12 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 4 mål og anna jbr. 5 mål som vert lånt bort til beite, prod. skog 60 mål. (gnr. 35, bnr. 29). Våningshus bygt 1939, påbygt og restaurert 1994, eldhus og låve med gamalt fjøs.
    Her var fastbuande folk til 1954. (?) I dag vert Toknutplassen nytta som feriestad.
   

{3039} År: 1828

Knut Olson Randen ? Toknutplass 1761c-1858
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Kristi Olsdtr. Helling Toknutplass 23.11. 1783-1841
Foreldre: Ola Eilevson Helling og Ragnhild Nilsdtr. Noss.
*Barn
1. Ola Knutson Hove Toknutplass 02.03. 1816-
Gm Mari Larsdtr. frå Bærum. Barn: Carl August ; Kristian 1842- vegarbeidar; Anne 1848- ; Maren 1852- ; Anders 1856- .
    Kring 1858 vart Ola og Mari skilde. Det heitte at ho 'ruinerede han'. Dei vart nok forlikte att, for i 1865 budde Ola og Mari på Haugerud i Tranby. Ola var dagarbeidar/skipstømmermann. Han budde i Drammen i 1862.
    Ola og Mari reiste til Amerika. I fylgje eit brev frå systera Birgit: Ola reiste til sonen 'Christian i Ames, Store Co., Iowa 1872 med kone og to barn. / evt. en anden søn'.
2. Birgit Knutsdtr. Toknutplass Arnegard 15.07. 1821-1915
G 1848 m Embrik Embrikson Medgarden. Sjå Piperslåtta, gnr. 110/1c. Til Am. 1865.

Knut vart attgift 1814 med Kristi Olsdtr. Fyrste kona hans er ikkje kjend.
    Dei var inderstar på Hove i 1816. På Hestebrekk 1821. Så bygsla dei Toknutplassen i 1829 hjå Knut Embrikson Tveito. Årleg leige 3 spd. Det heitte då: 'Når De ved døden afgår, skal deres søn Ole Knudsen med sin vordende hustru ha rett til å overta plassen på samme vilkår."

{3040} År: 1863

Guri Knutsdtr. Tveito Toknutplass 03.11. 1831-1887
Foreldre: Knut Embrikson Tveito og Kristi Eivindsdtr. Oleivsgard.
Gm Kristian Kristianson Eidseter Toknutplass 1841-
Foreldre: Kristian Halvorson Eidseter og ... ... ... , Hurdal.
*Barn
1. Knut Kristianson Toknutplass 01.10. 1862-
Sprikande opplysningar: Knut budde i Lier 1887./Til Am. i 1886.
2. Barbro Kristiansdtr. Toknutplass 11.01. 1864-
G 1893 Bragernes m/Lars Anderson, Bragernes 1863- . Lars arbeidde på høvleri og var son til gassverksarbeider Anders Larsen. (1678)
    I 1900 var ho svensk statsborgar og gardbrukarkone, gm Gabriel Peterson frå Sverige som hadde vestre Kjenne på Onsøy i Østfold. Barn: Karen Kristine 1867- .
3. Sevat Kristianson Toknutplass 1867c-
Sevat var 20 år gamal i 1887 då mora var død.
4. Ola Kristianson Toknutplass 07.05. 1874-
Til Am. i 1893: New York.

Kristian og Guri gifte seg i Hurdal i 1861. Kan hende hadde Guri vore i Hurdal som tenestjente.
    I 1865 var dei inderstar på garden Hasleverk i Østre Aker.
    Kristian og Guri var inderstar i Toknutplassen hjå foreldra hennar ei tid. Sidan var dei på 'Haugen' fram til 1884/1886 då Knut reiste til Dakota. Guri døydde i Tveiteie i 1887.

{3041} År: 1887

Embrik Larsson Bakke Tveiteeie 17.11. 1837-1923
Foreldre: Lars Embrikson Tveito og Birgit Embriksdtr. Bakke
Gm Margit Olsdtr. Rudlang Tveiteeie 1849-1936
Foreldre: Ola Aslakson Rudlang og ... ..., N.Aurdal.
*Barn
1. Lars Embrikson Toknutsplass Tveiteeie 28.12. 1881-1974
Lars utvandra til Amerika. Han kom heim att, truleg kring 1945 og budde saman med broren Ola.
2. Ola Embrikson Toknutsplass Tveiteeie 05.06. 1888-1967
Gm Marianne Olaisdtr. Olsen, Oslo 1887-1955. Sjå neste hushald.
3. Embrik Embrikson Toknutsplass 26.05. 1891-1891
4. Embrik Embrikson Toknutsplass 09.06. 1892-1893
*Barn elles
1. Gunhild Nilsdtr. Rudlang Gundersen 03.11. 1870-
Gm ... Gundersen. (?) Barn: Marie (Maien) Nilsen 1910-1993 i Valdres, oppvaksen i Drammen, gm Gunnar Hermansen 1911-1976. Sjå år 1955 og 1977.
    Foreldre: Nils Olson Kvam frå Sogndal (ungkar) og Margit Rudlang frå Nord-Aurdal.

Embrik og Margit gifte seg i 1882. Ho kom frå Valdres og hadde vore tenestjente på Tveito. Frå før hadde Margit dottera Gunhild Nilsdtr. 1870- sjå ovanfor.
    Embrik kjøpte Toknutplass hjå Kristi Eivindsdtr. Tveito for 480 kr i 1887. Embrik var jordbrukar og dagarbeidar i 1900.