Tveito, myljo gnr. 55 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tveito, myljo gnr. 55 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myljo Tveito eller Kongstveito er den vestre av gardane frå delinga av søre Kongstveito i 1832.
    'Gamlegarden' skal vera det gamle tunet til søre Kongstveito. syner tufter ???
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 28 mål. Avling: 10 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 36 mål, anna jbr. areal 15 mål, produktiv skog 80 mål, anna utmark 30 mål. Buskap: 40 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1980, kårhus omkr. 1900, rest. 1980, loft og låve omkr. 1880, fjøs 1980, trev 1870.
    Stølar: heimstøl i Tveitekinn (tilkjøpt 1909), heimstølen Øvrestølen er nedlagt, langstøl på Tormodset (tilkjøpt 1882). Opphavleg langstøl på Kråkhamar vart fråselt i 1868.
   
   
   

{3071} År: 1832

Knut Knutson Svarteberg Teigen 22.04. 1796-1878
G 1829 m Guri Arnesdtr. Arnegard. Foreldre: Knut Håkonson søre Svarteberg og Guri Knutsdtr. Helling/Rotneim

"Einhendingen". Knut kjøpte halve søre Tveito etter delinga i 1832.
    Knut og Guri sat med garden til 1838. Då held dei makeskifte med Asle Arneson og kom til Teigen under Arnegard i nordre Votndalen. Sjå meir om familien der.

{3072} År: 1838


Asle Arneson Arnegard skifte Tveito mot Teigen under Arnegard i 1838. Same året skifte han Tveito mot Arnegard med Jakop Arneson.

{3073} År: 1838c

Jakop Arneson Arnegard Tveito 06.04. 1795-1870
Foreldre: Arne Asleson Arnegard i nordre Votndalen og Birgit Jakopsdtr. Rudningen.
Gm Birgit Embriksdtr. Sundrelien Tveito 07.01. 1798-1854
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen (ungkar) og Anne Torsteinsdtr. Sundre Arnegard.
*Barn
1. Anne Jakopsdtr. Tveito 17.12. 1822-1887
G 1852 m Knut Eivindson Trintrud. Sjå neste hushald.
2. Birgit Jakopsdtr. Tveito Bakkeplass 03.07. 1825-1900
G 1850 m Torstein Larsson Bakkeplass. Sjå Oppåstølen.
3. Arne Jakopson Tveito Svarteberg 30.08. 1827-1905
G 1853 m Ågot Larsdtr. Svarteberg. Til Am. i 1892: Lac qui Parle Co, MN.
4. Gunhild Jakopsdtr. Tveito Sandehuset 11.04. 1833-1906
Gm Asle Asleson Arnegard 1830- . Barn: Asle 1858- ; Jacop 1862- ; Arne 1865- .
    Sjå Inderstar under 'Sandehuset'. Til Am. 1866. (1247)
5. Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen 29.04. 1836-1921
G 1865 m Ola Olson Glomsletten Tveito 1826-1869. Sjå år 1862.
    G 1870 m Embrik Larsson Tveito Nupestølen. G 1891 m Sevat Olson Skrindo Nupestølen.
6. Jørand Jakopsdtr. Tveito Thoresen 13.02. 1841-
G 1863 m Eilev Toreson Torelien. Barn: Torvald 1864- ; Jakop Bernhard 1869- ; Karoline 1869- til Am. ; Anna Matilde 1873- til Am.; Edvard 1876- ; Tilla Janette 1879- ; Ågot 1843- . (1262)
    Jørand og Eilev skreiv seg 'Thoresen' og budde i Sjøgaten i Kr.ania. Han var bryggearbeider.

Jakop og Birgit gifte seg i 1822. I 1838 makeskifte Jakop til seg Tveito mot Arnegard (nordre Votndalen) med broren Asle Arneson. Sonen Arne Jakopson overtok Tveito i 1854.

{3074} År: 1854


Arne Jakopson Tveito kjøpte Tveito hjå foreldra i 1854. Sjå myljo Svarteberg og Vesleengen. I 1862 selde Arne Jakopson Tveito til den komande systermannen. Så kjøpte han myljogarden Svarteberg. Sjå der.

{3075} År: 1862

Ola Olson Glomsletten Tveito 24.09. 1826-1869
Foreldre: Ola Olson ØvreLå Glomsletten og Gunhild Halvorsdtr. Bjella.
Gm Guri Jakopsdtr. Tveito Nupestølen 29.04. 1836-1921
Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.

Ola Olson Glomsletten sat med garden i to år før han selde til Knut Eivindson. Guri og Ola gifte seg i 1865. Ingen barn.
    Ola døydde som 'Nupestølen eller Tvete'. Guri vart attgift med Embrik Larsson Tveito Nupestølen og sidan med Sevat Olson Skrindo Nupestølen.

{3076} År: 1864

Anne Jakopsdtr. Tveito 17.12. 1822-1887
Foreldre: Jakop Arneson Sehl Arnegard Tveito og Birgit Embriksdtr. Arnegard.
Gm Knut Eivindson Trintrud Tveito 13.02. 1828-1905
Foreldre: Eivind Olson Kyrkjedeld Gurigard Trintrud og Ågot Knutsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Ågot Knutsdtr. Trintrud Loken 08.09. 1853-1943
G 1880 m Knut Torsteinson Løken (Huse) Tveito. Barn: Torstein/Tomas 1880- gm Ragnil Hamre (3 søner); Karl 1884-1968 g 1907 m Carrie Hamre, Hønefoss (3 barn); Mandt døydde 2 år gamal; Mandt ....-1958 g 1913 m Carrie Linstad (5 barn); Anna gm Reuben Focky; Clara gm Martin Haugen (5 barn), gm Harry Baker.
    Knut og Ågot vart døypte i same vatnet. Dei utvandra til Am. i 1881 og farma i Walsh Co. Busett i Kasson, MN. Dei skreiv seg 'Loken'. Død i Grand Forks, ND.
    ('A Story of Walsh County and Its Pioneers, Volume 2': s 1053-1054, Knut Loken Family and Carl Loken &
    Ole Linstad s 926.), (1412) s 13 (og brev frå Jackie Marler.)
2. Eivind Knutson Tveito 25.09. 1859-1931
G 1884 m Borghild Nilsdtr. Holo. Sjå neste hushald.
3. Knut Knutson Arnegard Tveito 26.01. 1863-
Ikkje funnen død. Ikkje i FT 1891.

Knut og Anne gifte seg i 1852. Knut var lottebrukar under Arnegard i 1863. Knut kjøpte Tveito i 1864 i namnet til den 5-år gamle sonen Eivind. Så spara dei utgifter med tinglysinga. Truleg har Knut og Anne stade for gardsdrifta fram til kring 1884.
    Knut selde stølen på Kråkhamar i 1868. Knut og sonen sette opp loft og låve og trev i åra 1870 til 1880. Så kom dei tunge 1880-åra og det vart fleire låneopptak. På denne tida har noko sonen overteke gardsdrifta.

{3077} År: 1884c

Eivind Knutson Tveito Arnegard 25.09. 1859-1931
Foreldre: Knut Eivindson Trintrud Arnegard og Anne Jakopsdtr. Tveito.
Gm Borghild Nilsdtr. Holo Tveito 16.01. 1856-1941
Foreldre: Nils Larsson Holo og Randi Steingrimsdtr. Ruud.

Eivind og Borghild gifte seg i 1884. Dei hadde ingen barn. Han fekk skøyte på garden i 1864, men det var far hans som dreiv garden i mange år.
    Det vart tungt økonomisk utover i 1880-åra. Nedrejordet vart fråselt i 1888. I 1909 selde Eivind garden til Nils Oleivson, men han held attende nedre delen av garden. Der bygde han bustadhus og uthus på eigedomen som fekk namnet Solbakken.