Arnegard gnr. 56 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnegard gnr. 56 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnegard ligg mellom nordre Kongstveito og Trintrud. Namnet vert uttala 'Ådngard'. 1 1/2 bismarpund i garden var krongods frå gamalt. Arnegard vart skattlagt som øydegard med ei landskyld på 12 3/5 laupsbol. Sjå også Arnegard i søre Votndalen.
    Arnegard står i jordebøkene frå 1577. Same året var garden også kalla 'Øde Ødegard'. (som kan vera feilskrift for 'øde Ådngard'.) I 1588 heitte det: 'Øde Arnegard - krongods 1 kalvskinn, frelse 1 album'.
    I 1616 heitte det at 'Arnnegaardøde' vart brukt under Aslaksgard, dvs. noverande Tormodsgard. Same året vart landskylda for krongodset justert ned med eit kalvskinn. Bonden åtte sjølv heile den andre parten, og rådde difor bygsla. Bonden var delvis leiglending under kongen fram til 1661. I 1663 fekk bonden kjøpt heile garden fri.
    Frådelte bruk og plassar: 1839: Teigen bnr. 2; 1905: søre Arnegard bnr. 5; 1905: Aslegard bnr. 6; plassen Nygjerda.
    Stadnamn: Gråtarteigen (her var det steinut slåttemark), Robbe (Her stod det gamle tunet. Stuguhella ligg att.), Karigutstølen, Embrikåkeren m.m.
    Areal 1865: dyrka jord 30 mål, naturleg eng 100 mål, utslått 30 mål. Avling 23 1/2 tunne bygg 20 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 45 mål, anna jbr. 48 mål, prod. skog 336 mål, anna utm. 176 mål. Leigd jord 35 mål. Buskap: 21 foringsdyr, 55 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt omkr. 1885, rest. 1958, stabbur 1964 (det gamle loftet brann ned i 1963), driftsbygning 1994, trev omkr. 1856, 2 utleigehytter, 1 hytte. I tunet er ei gamal olde som står under tak mellom steinmurar. Olda vart også brukt til mjølkekjøling. Gommo-stugu vart riven i 1978, og står no som hytte i Skrindehaugen.
    Stølar: langstøl på Hellebu (tilkjøpt 1914). Opphavleg langstøl på Breastølen vart fråseld i 1861. Sidan støla dei i Venebotnen nord for Versjøen fram til 1890. Frå 1890 til 1914 hadde dei støl på Varaldset. Heimstølen Vårstølen oppe ved Hestebrekk er no bruka til beite. Her er steingjerde og tufter, men ingen hus.
   

{3153} År: 1764

Asle Håkonson Arnegard Langegard 1736-1804
Foreldre: Håkon Asleson Langegard Arnegard og Gunhild Botolvsdtr. Ulshagen.
Gm Guri Arnesdtr. Sehl Arnegard 25.03. 1746-1798
Foreldre: Arne Torkjellson Oppistugu Sehl d.y. og Ingrid Larsdtr. Sata.
*Barn
1. Håkon Asleson Arnegard Storlien 29.09. 1764-1831
G 1790 m Guri Håkonsdtr. Sørbøen. Sjå øvre Storlien.
2. Arne Asleson Arnegard Sehl 15.11. 1767-1840
Gm Birgit Jakopsdtr. Rudningen. Sjå neste hushald.
3. Gunhild Aslesdtr. Arnegard Bergsgard 03.12. 1769-1847
G 1785 m Ola Guttormson Bergsgard.
4. Ingrid Aslesdtr. Arnegard Gunhildgard 06.12. 1772-1846
G 1810 m Per Olson Gunhildgard.
5. Anne Aslesdtr. Arnegard Noss 1782-1868
Gm Ivar Knutson Knutsgarden Noss, gnr. 120/1.
6. Embrik Asleson Arnegard 1787-1841
G 1825 m Kari Olsdtr. Holo. Barn: Guri 1835-1921 gm Ola Olson Sandelien Gutigard Rotneim. (Sjå Svillegarden gnr. 51/1)
    Embrik var ute i krigen 1807-14. Embrik og Kari døydde med fem dagars mellomrom i ein farsott som gjekk over bygdene. (Truleg tyfoidfeber.) Då hadde dei i lengre tid vore inderstar på Arnegard.

Asle Håkonson fekk skøyte på garden 1764 for 400 rd og kår til foreldra. Men i 1770 vart det reist odelssak på Arnegard av Ola Løkensgard og Ola S. Tveito. Odelskravet vart etterkvart trekkt attende, og Asle betalte odelssøkjarane 80 rd i sakskostnader. (1368) s 25
    I unge år hadde Asle drive handel med slaktefe. Han vart skattlagt som handels-kar i 1753. Asle vart oppnemnd til lagrettemann i 1782. Asle kjøpte Øvre Storlien hjå Eggert O. Storlien for 440 rd i 1783.
    På skiftet etter Asle i 1804 vart det ordna slik at sonen Arne skulle overta Arnegard for takstsummen og at sonen Håkon skulle få Storlien på same vilkår.

{3154} År: 1804

Arne Asleson Arnegard Sehl 15.11. 1767-1840
Foreldre: Asle Håkonson Arnegard og Guri Arnesdtr. Nordistugu Sehl.
Gm Birgit Jakopsdtr. Rudningen Arnegard 27.09. 1772-1824
Foreldre: Jakop Arneson Trillhus Rudningen og Jørand Tomasdtr. Steinsrud (Gol).
*Barn
1. Jakop Arneson Sehl 06.04. 1795-1870
G 1822 m Birgit Embriksdtr. Arnegard. Sjå år 1838.
2. Asle Arneson Arnegard 14.10. 1798-1888
G 1820 m Haldis Halvorsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
3. Guri Arnesdtr. Sehl Teigen 26.12. 1800-1840
G 1829 m Knut Knutson Svarteberg Tveito Teigen. Sjå bnr. 2.
4. Håkon Arneson Arnegard Tveito 26.12. 1802-
G 1830 m Ingeborg Larsdtr. Opsata. Omgangskulelærar. Sjå Tveito gnr. 55/4. I 1875 var han kårmann på Leira i N-Aurdal. (1046)
5. Jørand Arnesdtr. Arnegard 1805-1813

   
6. Gunhild Arnesdtr. Arnegard 1807-1832
Ho døydde i barselseng i 1832.
7. Arne Arneson Arnegard Bergsgard 10.10. 1809-1887
G 1842 m Haldis Olsdtr. Sehl. Sjå Bergsgard.
8. Embrik Arneson Arnegard Bergsgard 16.03. 1812-1883
Embrik var ugift og budde hjå broren Arne.
9. Botolv Arneson Arnegard Kaslegard 09.02. 1815-1872
G 1862 m Haldis Knutsdtr. Logsengard. Sjå Kaslegard, gnr. 80/2.
10. Knut Arneson Arnegard Svarteberg 13.09. 1818-
G 1842 m Birgit Larsdtr. Holo. Sjå Svarteberg gnr. 105/3. Sidan til Kr.ania.

Arne og Birgit hadde Sehl Nordistugu frå år 1790 til 1803. Arne overtok Arnegard etter faren i 1804 for 1900 spd. Arne skal ha vore med på bondeopprøret i 1818, men han vart frikjend etterpå.
    I 1835 vart garden Arnegard, ei kvern og 1/2 bygdesag vart taksert til 1200 spd.
    På skiftet etter Birgit i 1837 kom ungane med skuldingar om at faren "handler ilde og forødsler boet". Men grannane vitna det motsette: "Opfødt sine barn i agt og ære" og "Opbygget husene påny og været en agted og strevsom Mand".

{3155} År: 1838

Asle Arneson Arnegard 14.10. 1798-1888
Foreldre: Arne Asleson Arnegard og Birgit Jakopsdtr. Rudningen.
Gm Haldis Halvorsdtr. Kvinnegard Arnegard 18.02. 1798-1866
Foreldre: Halvor Ivarson Kvinnegard og Birgit Olsdtr. Tveito.
*Barn
1. Arne Asleson Arnegard 21.11. 1820-1820
2. Arne Asleson Arnegard 07.12. 1821-1821
3. Arne Asleson Arnegard 17.03. 1823-1904
G 1849 m Ingeborg Sveinsdtr. Holto. Sjå år 1865.
4. Halvor Asleson Arnegard 23.03. 1826-1838
Halvor drukna i Votna 1838.
5. Asle Asleson Arnegard Sandehuset 03.11. 1829-1912
G 1858 m Gunhild Jakopsdtr. Tveito. Barn : Asle 1858- ; Jacop f 1862; Arne f 1865. Til Am. i 1866 : 3 barn i Amerika: Halvor 1869- ; Helena 1874- ; Engebrect 1875- .
    Dei budde i Sandehuset ei tid, reiste så til Amerika (Sweden i Nicollet Co MN) og vart "rike folk."
6. Birgit Aslesdtr. Arnegard Gurigard 05.03. 1833-1922
G 1855 m Knut Oleivson Gurigard. Sjå år 1863 og Gurigard.
7. Birgit Aslesdtr. Arnegard 29.07. 1836-

Asle og Haldis gifte seg i 1820. Dei vart skilde ved dom, sjå nedanfor.
    I 1838 vart Arnegard delt i to. Asle Arneson overtok ein halvpart og broren Jakop overtok den andre. Så makeskifta Jakop sin part til Asle mot Tveito gnr. 55/11 og garden var samla att.
    Asle skulle eigentleg ha vore ein klok og vyrd mann. Men så kom han ut for ei 'illgjeti kvinne'. Det vart fortalt at ho 'hildra' han Asle, det var som det var som kasta trolldom over han. Han tenkte ikkje på noko anna enn denne kvinna.
    Då var det garden held på å koma ut til framande. Det vart halde utleggsforretning for noko gjeld i 1857. Asle selde frå stølen til sonen Asle, og dessutan ein skogrem og langstølen Bræastølen til svigersonen Knut. Likevel kom garden på auksjon, men svigersonen slo til og berga garden.
    I 1865 var Haldis inderst i Sandelien.

{3156} År: 1838.

Jakop Arneson Arnegard Tveito 06.04. 1795-1870
G 1822 m Birgit Embriksdtr. Arnegard i søre Votndalen. Foreldre: Arne Asleson Arnegard Sehl og Birgit Jakopsdtr. Rudningen.

I 1838 makeskifte Jakop til seg Tveito mot Arnegard (nordre Votndalen) med broren Asle Arneson. Sjå meir om Jakop på Tveito, gnr. 55/11.

{3157} År: 1863


Dottera Birgit Aslesdtr. og mannen Knut Oleivson Gurigard fekk auksjonsskøyte på garden for 1300 spd i 1863. Då melde bror hennar odelskrav og overtok to år seinare.

{3158} År: 1865

Arne Asleson Arnegard 17.03. 1823-1904
Foreldre: Arne Asleson Arnegard og Haldis Halvorsdtr. Tveito.
Gm Ingeborg Sveinsdtr. Holto Arnegard 23.01. 1825-1884
Foreldre: Svein Nilsson Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
*Barn
1. Asle Arneson Arnegard 07.09. 1849-1942
G 1871 m Borghild Olsdtr. Håheim. Sjå neste hushald.

Arne og Ingeborg gifte seg i 1849. Arne tok att garden på odel 1865 frå Knut Gurigard, men greidde ikkje å skaffe nok pengar. Dermed vart langstølen Bræastølen heretter liggande under Gurigard.
    Sidan fekk Arne brukeleg pant i langstølen Venebotten nord for Versjøen.
    Arne vart kalla 'Gamle-Ådne'. Både Arne og Ingeborg var sterke arbeidsfolk, og dei fekk bruk for kreftene. Det var stor gjeld på garden ei tid, og avdraga skulle betalast punktleg på marimessedagen. Lars Opsata skildrar alvoret det var då 'Lærdalsbanken' var ventande.
    Ein gong sette ei patron seg fast i børsa hans. Arne tok børsa med seg inn i stugu, og ville slå laus patrona. Då gjekk skotet rett i storetåa. Men til doktor ville han ikkje. Han slo sprit i såret og kurerte seg sjølv.
    Omtrent 80 år gamal held Arne på å setja livet til på Djupsbottane. Han skulle køyre eit saltlass til Skålen, og så vart det uver. (Ål III s 593)

{3159} År: 1876

Asle Arneson Arnegard 07.09. 1849-1942
Foreldre: Arne Asleson Arnegard og Ingeborg Sveinsdtr. Holto.
Gm Borghild Olsdtr. Håheim Arnegard 22.07. 1843-1940
Foreldre: Ola Solveson Medgarden nedre Håheim og Margit Embriksdtr. Espegard.
*Barn
1. Ingeborg Aslesdtr. Arnegard Høgset 11.02. 1872-1934
G 1913 m Torkjell Olson Kolbjørnsgard Høgset.
2. Arne Asleson Arnegard 18.09. 1873-1928
G 1905 m Ågot Sevatsdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
3. Ola Asleson Arnegard 28.02. 1875-
Gm Hilda Olsdtr. Tangen, Snarum. Barn: Borghild ; Asle 1910- ; Olga ; Hilmar ; Gustav ; Ingeborg . Ola var gardsarbeidar på Østre Sørum i 1900. Dei budde på Vikersund.
4. Asle Asleson Arnegard 15.11. 1877-1942
Gm Ragnhild Helle, Vang i Valdres. Barn: Alfred død ung; Borghild gm ... ; Agnes gm ... .
    Asle reiste til Canada. Farmar ved Youngstown, Alberta. (1247) s 24
5. Embrik Asleson Arnegard 22.03. 1879-1968
Gm Ragna Eriksen, Brooten, MN. Barn: Eldorodo 1921- g 1943 m James Eldar Gardiner; Blance Irene 1924- g 1956 m William Suutly; Alma Erlene 1930- g 1950 m Phil Purcha; Norma Marie 1933- g 1947 m Edward Ingham. (1247) s 24, (1435)
    Embrik reiste til Canada i 1901: Hadde farm ved Govan, Sask. Til Cloverdale, BC i 1944.
6. Svein Asleson Arnegard 18.02. 1882-1920
Tub.
7. Halvor Asleson Arnegard 01.02. 1884-1927
Ug. Halvor var snikkar. Barn: Kristi 1911- m Sissel Olsdtr. Hove.
8. Hans Asleson Arnegard 03.06. 1888-1964
G 1917 m Birgit Larsdtr. Haug. Bureisar på søre Arnegard bnr. 5.
9. Syver Asleson Arnegard 11.02. 1891-1964
G 1915 m Margit Aslesdtr. Kyrkjedeld. Sjå Arnegardsmyro.

Asle og Borghild gifte seg i 1871. Han overtok garden etter foreldra i 1876.
    Asle kjøpte støl på Varaldset, og betra garden mykje. I 1905 delte Asle og Borghild garden i tre partar til sønene: Arne fekk hovudbølet for 5200 og kår. Hans fekk søre Arnegard, bnr. 5.
    Og så bygde Asle og Borghild eit nytt bruk til seg sjølve nedanfor vegen, på Arnegardsmyro. Sjå bnr. 6.