Trintrud gnr. 57 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Trintrud gnr. 57 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Trintrud vert gjerne kalla Oppigarden i daglegtale. Det namnet skal koma av at det opphavlege tunet ein gong var ovanfor tunet på søre Trintrud. Denne garden vart frådelt Trintrud bnr. 3 i 1823.
    Areal 1865: dyrka jord 12 1/2 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 27 mål. Avling 11 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 105 mål, prod. skog 227 mål, anna utm. 83 mål. Leigd jord 41 mål. Buskap 96 vinterfora geiter, 6 oksar, 6 ammekyr.
    Våningshus bygt 1978, kårhus 1914, hallingstugu og loft omkr. 1800, 2 utleigehytter 1970 og 1972, driftsbygning 1942, påbygd 1985 og 1991, revegard 1986, ombygd til fjøs for ammekyr 1994, reiskapshus 1987, gardsverkstad 1994.
    Stølar: heimstøl på Myset og langstøl på Breastølen.
   
   

{3225} År: 1823

Olaug Botolvsdtr. Trintrud Persanbråten 13.03. 1800-1886
Foreldre: Botolv Pålson Trintrud og Anne Eilevsdtr. Noss.
Gm Ola Olson Persanbråten Trintrud 1786-1852
Foreldre: Ola Olson Klemetsplassen Hesla/Persanbråten og Anne Tolleivsdtr. Breidokk-eige, Gol.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Trintrud Vermåker 24.11. 1823-1899
G 1834 m Ola Herbrandson Vermåker, Gol 1817-1850. Barn: Herbrand 1843- til Am.: Hanska, MN; Olaug 1845-1845; Ola 1846- g 1868 m Margit Olsdtr. Stryken til Am.; Olaug 1850- gm ... ... (2 barn).
    Anne vart attgift 1851 med Ola Person Huseplassen, Gol. Barn: Ola 1853- g 1887 m Barbro Knutsdtr. Storøyen, til Am: Hanska, Brown Co MN (minst 5 barn).
2. Ola Olson Trintrud Brenno 13.03. 1825-1871
G 1846 m Guri Ellingsdtr. Brenno, Gol. Barn: Ola 1846-1920 farmar ved Grafton, Walsh Co. ND g 1873 m Guri Larsdtr. Øynadn; Elling 1848-1929 bonde på søre Brenno, g 1873 m Berit Halvorsdtr. Fuglehaug, N. Aurdal (9 barn); Olaug 1850-1918 gm John J. Lium (12 barn) farmar ved Christine, Richland Co ND; Ingrid 1852-1929 g 1873 m Ivar Olson Dokken, farmar ved Kindred, ND (12 barn); Knut 1854- gm Gunhild Torsteinsdtr. Huso, farmar ved Christine, Richland Co ND; Arne 1856-1883; Ola 1858-1938 farmar i Sask. Canada, g 1883 m Anne Håkonsdtr. Øynadn (8 barn); Ragnhild 1860-1936 gm John K. Thompson; Barbo 1864-1941 g 1886 m Ola Knutson Narvebråten Skreddarhaugen (11 barn).
    Ola og Guri hadde søre Brenno under Frøysok i Gol. Ola Olson vart kalla Persanguten.
    Han var ein begava handverkar, både sylvsmed, urmakar, snikkar og smed. Han kjøpte eit urverk på Toten og plukka det sund for å finne ut korleis det skulle lagast. Men han fekk ikkje til fordelingsnøkkelen for datoane. Dermed la han i veg til Toten for å spørja urmakaren om råd. Men Ola snudde då han var komen på Langehaugen. Då hadde han sjølv kome på korleis det skulle gjerast. Han var kjend for å laga fine klokkekasser. (Gol III s 567 og Gol II s 429)

Ola og Olaug gifte seg i 1823. Ola kjøpte halve nordre Trintrud hjå svigerfaren i 1823. Dottera Anne er fødd på Persanbråten i Gol. Dei selde Trintrud til Eivind Olson i 1835 og flytta til Persanbråten i Gol.
    Olaug vart attgift 1853 med Arnulv Olson Vermåker 1792-1861 i Gol.

{3226} År: 1835

Eivind Olson Kyrkjedelen Trintrud 19.06. 1774-1864
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedelen og Margit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Ågot Knutsdtr. Gurigard Trintrud 13.06. 1784-1872
Foreldre: Knut Torsteinson Svarteberg Gurigard og Sigrid Larsdtr. Gjeldokk?
*Barn
1. Margit Eivindsdtr. Gurigard Løkplassen 29.01. 1813-1868
G 1841 m Torstein Torson Løkplassen. Sjå der.
2. Sissel Eivindsdtr. Gurigard Glomsletten 15.04. 1818-1899
G 1838 m Embrik Botolvson Trintrud. Sjå Glomsletten 54/6.
3. Ola Eivindson Gurigard Trintrud 16.10. 1821-1915
G 1852 m Birgit Olsdtr. Skjervheim. Sjå neste hushald.
4. Knut Eivindson Trintrud Tveito 13.02. 1828-1905
G 1852 m Anne Jakopsdtr. Tveito. Sjå myljo Tveito.

Eivind og Ågot gifte seg i 1819. Dei fyrste åra budde dei på Gurigard. I 1835 kjøpte dei Trintrud.
    I unge år gjekk Eivind arbeidsledig og vart såleis idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)

{3227} År: 1853

Ola Eivindson Gurigard Trintrud 16.10. 1821-1915
Foreldre: Eivind Olson Kyrkjedeld Gurigard og Ågot Knutsdtr. Gurigard.
Gm Birgit Olsdtr. Skjervheim Trintrud 24.03. 1829-1907
Foreldre: Ola Nilsson søre Skjervheim og Kristi Syversdtr. Barskrind Sørbøen.
*Barn
1. Eivind Olson Trintrud 03.08. 1852-1929
G 1885 m Jørand Knutsdtr. Gurigard. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Trintrud Varaberg 10.12. 1855-1931
G 1881 m Birgit Nilsdtr. Ulshagen. Sjå Varaberg.
3. Ågot Olsdtr. Trintrud 29.11. 1858-1860
4. Knut Olson Trintrud 24.12. 1860-1918
G 1899 m Annie/Anna Kristine Søderholm/Swenson, Sverige 1880-1946. Barn: Adis 1900-1995 gm William Parnell Bates (3 barn); Knut Oscar 1902-1979, om han heitte det i russeavisa frå Fargo Highschool: 'kun sporadisk bruk av lampeolje etter midnatt', gm Joan ... (1 barn); Leonard 1904-1993 professor ved teologisk fakultet (presbyterian), gm Betty Williams (2 barn); Agnes 1908- gm ... Edlense. (1746)
    Knut reiste til Am. i 1882 og fekk opplæring på apotek hjå kjenningar. Knut vart sidan apotekar sjølv, og hadde det fyrste skjenkeløyvet i Aneta, ND. Familien flytta til Seattle Wash. etter 1929. Knut vitja heimbygda ein gong. Han gav då bort nokre måleglas med namnet sitt på.
5. Nils Olson Trintrud 06.01. 1864-1938
Ugift. Nils var sauehandlar og skreddar i 1900. Sjå Bakke og Teigen.
6. Ågot Olsdtr. Trintrud 12.09. 1866-
Ugift. Ågot var heime i 1891. Ho stelte foreldra sine og vart verande heime.
7. Syver Olson Trintrud Myking 30.06. 1869-1950
G 1897 m Margit Eiriksdtr. Embriksgarden Opheim. Sjå Myking.
8. Ola Olson Trintrud Bakke 18.02. 1872-1938
G 1909 m Turid Solvesdtr. Håheim. Sjå Gunhildgard og Jøta.

Ola og Birgit gifte seg i 1852. Dei bygde ny stugu og loft.
    Etter påskuv frå syskena reiste Eivind til Amerika ein vår i unge år. Men han treivst dårleg, og kom heim att same hausten og overtok garden.
    Ola var med til Skåne sumaren 1848 då Ålske kompani vart utkommandert under den 1. Slesvigske krig mellom Danmark og Tyskland. Dei kom heldigvis ikkje i strid, men Ola fortalde frå leirliv ved Malmø. Ola brukte ikkje barberkniv, han 'muska seg litt med ein skjære' så skjegget held seg i orden. (=brukte saks).
    Om Birgit vart fortalt at ho gjekk barntung heim frå heimstølen på Myset hausten 1866. Ho kjende at tida nærma seg, men rakk ikkje heim før fødselen byrja. Ei grannekone som hadde fylgd henne frå Myset, hjelpte til og der ute i marka fødde ho dottera Ågot. Alt gjekk greitt med fødselen. Då det leid mot kvelden, rusla dei vidare ned til garden, og Birgit ville sjølv bera barnet. Då dei kom fram til Trintrud sa Ola: 'No har du vore så flink at jamen skal du få ein dram!'. Men Birgit svara: 'Nei, jamen kan du gje meg to!'
    Birgit miste eit auga ein gong ei ku skaka på hovudet. Eine hornet råkte auga, og det sette seg ugjerd i såret. Dei reiste til doktor i byen, men for seint. Når ungane kom på vitjing til dei gamle, då kunne Birgit seie: 'Ko e det te lange rekel som kjem der burte på jordet?' Og så var det gjerne ein av sønene.

{3228} År: 1890

Eivind Olson Trintrud 03.08. 1852-1929
Foreldre: Ola Eivindson Trintrud og Birgit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Jørand Knutsdtr. Gurigard Trintrud 28.06. 1858-1944
Foreldre: Knut Oleivson Gurigard og Birgit Aslesdtr. Arnegard.
*Barn
1. Birgit Eivindsdtr. Trintrud 04.01. 1886-1886
2. Ola Eivindson Trintrud 21.03. 1887-1967
G 1932 m Kristi Syversdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
3. Birgit Eivindsdtr. Trintrud Sehl 25.03. 1892-1979
G 1917 m Halvor Oleivson Opheimshaugen Sehl. Sjå nordre Sehl.
4. Knut Eivindson Trintrud 22.03. 1894-1948
G 1924 Oslo m Birgit Alvhilde Andersen. Sjå år 1924.
5. Birgit Eivindsdtr. Trintrud Uppsata 29.06. 1896-1989
G 1926 m Hallgrim Tolleivson Uppsata. Sjå søre Opsata.

Eivind og Jørand gifte seg i 1885. Eivind overtok garden etter foreldra i 1890. Eivind og Jørand bygde stugu på garden.