Rudningen gnr. 57 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rudningen gnr. 57 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rudningen eller Nyegjerda var eit lite småbruk som låg på vestre kanten av Trintrud bnr. 3. Her var husmannsfolk frå 1784 og framover.
    I dag ligg eigedomen under GlomSletten gnr. 54/3.
   

{3233} År: 1784

Jakop Arneson Trillhus Rudningen 1739-1812
Foreldre: Arne Tomasson Tomasgarden Sire Trillhus og Birgit Jakopsdtr. Storedal.
Gm Jørand Tomasdtr. Steinsrud Rudningen 1741-1825
Foreldre: Tomas Endreson Steinsrud og Gunhild Nilsdtr. Krosshaug, Gol.
*Barn
1. Birgit Jakopsdtr. Rudningen Arnegard 27.09. 1772-1824
Gm Arne Asleson Arnegard. Sjå Arnegard gnr. 56/1.

Jakop og Jørand fekk ei dotter. I 1784 kjøpte Jakop ei slåtte under Trintrud og dessutan hamnerett under Breastølen for dei dyra som kan fødast på slåtta. Pris: 60 rd. Frå 1775 og utover til 1783 hadde Jakop og Jørand Springplassen. Sjå der.
    I 1808 selde dei Rudningsplassen til Halvor Mikkelson for 540 rd. Jørand var død 1825 som enkje og legdelem i Arnegard.

{3234} År: 1808

Halvor Mikkelson Arnegard Bergsmoen 26.11. 1775-
G 1806 m Sigrid Syversdtr. Toresgard. Foreldre: Mikkel Person Arnegard (i Vats) og Kari Knutsdtr. Medgard

Halvor Mikkelson kjøpte Trintrudrudningen i 1808 for 540 rd. (1536)527b
    Halvor selde bruket til Arne Asleson. Meir om familien til Halvor på Bergsmoen.

{3235} År: 1815

Lars Knutson Trintrud 09.09. 1852-1925
G 1878 m Margit Syversdtr. Ødelien. Foreldre: Knut Larson nordre Trintrud og Mari Olsdtr. Ruud.

Arne Asleson Arnegard gm Birgit Jakopsdtr. Rudningen (sjå år 1784) selde Rudningen til Tolleiv Eirikson (HolteRudningen?) i 1815.
    Tolleiv selde garden vidare 1828 for 540 rd til Lars Knutson Leksvol Trintrud. Og han kjøpte også nordre Trintrud i 1829.
    Rudningen vart brukt under garden fram til 1920. Då vart eigedomen seld til Sevat Torkjellson Kyrkjedeld som selde til bonden i Sletten gnr. 54/3. Og sidan har Rudningen vore brukt under Sletten.