Løkengen gnr. 58 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løkengen gnr. 58 bnr. 1b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Løkengen var ein plass under Løken. Den er nemnd i siste halvpart av 1700-talet. Plassen vart også kalla 'Engjo'. Av kjeldene framgår ikkje om plassen låg på vestsida eller solsida. Men Astrid Løken f. 1897 fortalde at det var ein "gamal plass ned for Engjeåkeren". Tufta skal ha vorte borte då nyevegen vart bygt tvert over Løkjordet. (Notat Ola Hagen.)
    Denne plassen har truleg ikkje vore busett etter 1800. Krambua til gamle Samhald stod opphavleg på Engjo. Då Samhald vart flytta i 1930-åra fall tomta 'Engene' attende til Løken.
   
   

{3259} År: 1754c

Ola Syverson Lappegard Løkengen 1695c-
Foreldre: Syver Olson Lappegard og Dordei Guttormsdtr. Lappegard.
Gm Sissel Torsdtr. Håheim Løkengen 1715c-
Foreldre: Tor Olson øvre Håheim og Åse Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn
1. Syver Olson Snogsrud Glomsletten 23.11. 1755-1823
Syver vart konfirmert som 'Engo' i 1775. Ugift dagarbeider på Brattegard hjå broren i 1801. Sjå Glomsletten under Svarteberg.
2. Eirik Olson Snogsrud Brattegard 22.01. 1756-1826
Gm Birgit Sevatsdtr. Settungsgard. Sjå neste hushald og øvre Brattegard.

Ola Syverson og Sissel var på ein plass under Løken i 1762. Kring 1755 har dei truleg budd i Snogsrud.
    I 1766 vitna 'Ola Syverson Enge' om Syver Håheim. Han var også kalla 'Ola Løk-engen'. Sissel Olsdtr. Løkengen døydde 70 år gamal i 1788.

{3260} År: 1776c

Eirik Olson Kyrkjedeld Brattegard 22.01. 1756-1826
Foreldre: Ola Syverson Lappegard Løkengen og Sissel Torsdtr. Håheim.
Gm Birgit Sevatsdtr. Settungsgard Brattegard 25.07. 1756-1831
Foreldre: Sevat Olson Tveito Settungsgard og Gunhild Knutsdtr. Lappegard.

Eirik overtok plassen etter foreldra. Eirik og Birgit gifte seg i 1789.
    Eirik Olson skreiv seg 'Engen' i 1790 då Birgit arva etter faren. Og 'Løkensgard i 1791'. Sjå meir om denne familien på øvre Brattegard år 1791.