Løken søre gnr. 58 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løken søre gnr. 58 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Løken ligg mellom Trintrud og nordre Løken. Garden vart frådelt Løken i 1835.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 11 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål som vert leigd bort, skog og anna utm. 80 mål.
    Våningshus bygt 1887, eldhus, loft, stall, skåle.
    Stølar: Heimstølar Skansen og Løkdokki eller Mysetdokki, langstøl på Blåbergstølen.
    Frå 1972 har husa vore brukt som feriestad. Jordvegen er bortleigd.
   
   

{3261} År: 1835

Eirik Ellingson Løken 11.08. 1805-1843
Foreldre: Elling Olson Løken og Guri Eiriksdtr. Trintrud.
Gm Astrid Olsdtr. Gjeldokk Løken 04.09. 1809-1843
Foreldre: Ola Olson Gjeldokk og Gro Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Guri Eiriksdtr. Løken Dengerud 13.01. 1835-
Gm Knut Henrikson Dengerud Sagen 1833- . Barn: Henrik 1861- ; Erik 1863- ; Halvor 1865- ; Gina Andrine 1867- ; Agate 1869-1940 død i Goodhue County, gm Henry Røisum, Gol (... barn); Helge 1871- ; Andrine 'Alfrida' 1872- ; Olava 1877-1880f; Oscar 1878- .
    Til Am. 1861: Minneola. (1344)
2. Elling Eirikson Løken 13.01. 1837-
Gm ... ... ... . Elling var i tenest hjå bokbindar Clausen i Chr.ania. Ikkje funnen i folketeljinga 1875.
    I 1889 og 1890 fekk Lars Gjeldokk brev frå syskenbarnet sitt Erling Løken. Brevet var skrive i Fredriksstad. Han skriv: "Jeg er ved helsen og er antaget som Stald- og kjørekarl ved Ingeniør og Brandvæsnet her" i byen. Har ei årleg løn på kr. 650, fritt hus og kost. Han sender og helsing frå kona. (epost frå Ola E. Hagen.)
3. Ola Eirikson Løken 04.06. 1839-
'Ole Løken frå Ål f. 1839' budde på ein husmannsplass under Vossevangen på Voss i 1900. Han dreiv vedsaging og steinarbeid på plassen der ålingsjenta Guri Ivarsdtr. og mannen budde. (Ho var dotter til Ivar Olson Noss Gunhildgard SundreBråten og Olaug Olsdtr. Hallingstad som flytta til Voss). Ola er ikkje funnen mellom 'Døde i Voss 1890-1962'.
4. Elling Eirikson Løken 10.08. 1841-
Konfirmert i Norderhov i 1858. Ikkje funnen i folketeljingane på nettet.
5. Astrid Eiriksdtr. Svarteberg Løken 17.12. 1843-1921
G 1869 m Elling Knutson Løken. Sjå år 1870.

Eirik og Astrid gifte seg i 1834. Eirik kjøpte søre Løken etter delinga i 1835.
    Då både Eirik og Astrid gjekk bort same året, vart Løken seld på auksjon 1843 til broren Knut. Ein kjenner ikkje til korleis slekta tok seg av dei foreldrelause ungane. Men dei kom nok tidleg i arbeid. Sonen Elling vart såleis konfirmert i Norderhov.

{3262} År: 1844

Knut Ellingson Løken Arnegard 14.12. 1807-1868
Foreldre: Elling Olson Løken og Guri Eiriksdtr. Trinterud.
Gm Anne Olsdtr. Arnegard Løken 15.12. 1805-1871
Foreldre: Ola Olson Arnegard og Anne Torsteinsdtr. Sundre(lien).
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Løken Rudningen 23.03. 1835-1921
G 1864 m Ola Larson Rudningen 1840-1916. Barn: Lars 1864-1864; Borghild 1865-1866; Lars 1867-1927 g 1893 m Regina Holman 1873-1951 (5 barn); Knute 1869-1947 g 1898 m Marie Sophie Dybwad (12 barn); Borghild 1871-1927 g 1894 m John Swenson 1871-1954; Anna 1872-1958 g 1898 m Nels Hosager 1867-1943 (4 barn); Knute 1875-1936. (1635)
    Til Am. etter 1864. Død i Wanamingo, MN i 1921.
2. Elling Knutson Løken 19.11. 1836-1910
G 1869 m Astrid Eiriksdtr. Svarteberg. Sjå neste hushald.
3. Ola Knutson Løken 17.07. 1839-
Han var i Bergen stift i 1871. Ola reiste til Kinsarvik i 1878 for å søke arbeid.
4. Eirik Knutson Løken 23.11. 1841-
Gm ... ... ... . Barn: Severin gm ...; ... .
    I 1865 budde 'Elling Eriks.' 24 år gamal frå Ål i kaserna i Fredrikstad. Han var musketer. Til Am. i 1869: Redwing, MN.
5. Anne Knutsdtr. Løken Sletten 13.09. 1844-
G 1872 m Ola Larsson Glomsletten. Sjå der. Til Am. i 1881.
6. Eirik Knutson Løken Børsheim 16.07. 1846-1910
G 1871 m Marta Hansdtr. Indre Børsheim, Strandebarm. Barn: Knut 1873- til Am.
    G 1878 m Botild Ivarsdtr. myljo Børsheim 1856- . Barn: Marta 1878- gm offiser ... Gravdal, Raufoss; Anna 1881- ug.; Guro 1883- til Am.; Ola 1889- g 1929 m Karen Olsdtr. Rebnor, Austrheim; Brita 1892- til Am. ; Eirik 1894- til Am. ; Ragnhild 1896- til Bergen.
    Eirik kom til Strandebarm som gruvearbeidar/murar og vart gardbrukar på indre Børsheim. (Strandebarm II s 264)
7. Ola Knutson Løken 26.12. 1848-1848
8. Ola Knutson Løken 26.11. 1851-
I 1871 var Ola i tenest på garden Wagle. Sidan reiste han til Amerika: Kasson, MN.

Knut og Anne gifte seg i 1835. Dei var på Eikro under Arnegard i 1835. Anne hadde vore i tenest hjå kaptein Selmer, ho brende brennevin for han.
    Knut kjøpte Løken på auksjon etter broren i 1844. Dei selde Veslestølen og halve Ragnhildplassen til Torstein Torson i 1851. Anne selde garden til sonen Elling kring 1870.

{3263} År: 1870

Elling Knutson Løken 19.11. 1836-1910
Foreldre: Knut Ellingson Løken og Anne Olsdtr. Arnegard.
Gm Astrid Eiriksdtr. Svarteberg Løken 17.12. 1843-1921
Foreldre: Eirik Ellingson søre Løken og Astrid Olsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Anne Ellingsdtr. Løken 23.07. 1870-1870
2. Anne Ellingsdtr. Løken 15.12. 1871-
Til Amerika.
3. Knut Ellingson Løken 30.07. 1874-
Til Amerika.
4. Eirik Ellingson Løken 01.01. 1877-1877
5. Eirik Ellingson Løken 18.08. 1878-1878
6. Guri Ellingsdtr. Løken 17.07. 1879-1880
7. Eirik Ellingson Løken 30.04. 1881-1881
8. Guri Ellingsdtr. Løken Morken 26.07. 1883-1923
Gm Erik Thompson, frå Hola under Lomheim i Hafslo 1875-1913. Barn: Clara 1906- ; Martha 1908- ; Elma 1910- ; Iliana 1912- .
    G 1915 m Nels Lasseson Morken, Hafslo 1871-1940. Barn: Lawrence 1916- ; Norman 1918- .
    Til Am. i 1886: dei farma i Cherry Grove, Goodhue Co. MN. Guri (eller Gurine som ha vart kalla) omkom i ei bilulukke i 1923. (Oppl. av Lars Øyane). (1701)

Elling og Astrid gifte seg i 1869. Dei flytta til Norderhov i 1885 saman med barna: Anne, Knut og Guri. Dei reiste vidare til Amerika, og skal vera gravlagde i Minneola, Goodhue Co. MN. (1701)

{3264} År: 1885

Ola Knutson Ellingsgard Løken 05.01. 1861-1951
Foreldre: Knut Olson Lofthus Ellingsgard og Haldis Olsdtr. Tistilsgard.
Gm Gunhild Olsdtr. Haug Løken 01.12. 1867-1958
Foreldre: Ola Larsson Haug og Turid Larsdtr. Pålgard.
*Barn
1. Knut Olson Løken 22.12. 1886-1969
Sjå neste hushald.
2. Turid Olsdtr. Løken 12.03. 1889-1972
Ugift. Ho systera budde på garden hjå broren Knut.
3. Olav Olson Løken 31.01. 1891-1976
Gm Kirsten Henriksen, Nedre Eiker, 1906-1996. Barn: Hroar 1930- bankmann, gm Reidun Sørsdahl, sjå år 1963; Knut 1931- direktør i Kreditttilsynet/Bjølvefossen, var gm Elisabet Hesselberg Løvestad (3 barn), gm Ingeborg Wille (2 barn); Svein 1947- lærar på Handelshøgskolen, gm Asgjerd Stråndi, Rauland (2 barn); Ragnar 1950- direktør for Aktietrykkeriet, gm Karin Andreassen (2 barn); Haldis 1950- kontorarbeidar, gm Ingo Strasser, Jugoslavia (2 barn).
    Fyrste tida dreiv Olav som lærar i Ål. Han kjøpte ein Ford og dreiv rutekøyring frå stasjonen til Skarsgard om sumrane. Den tida var det gjerne ein dags opplæring med i kontrakta når ein kjøpte ny bil.
    Sidan flytta Olav og Kirsten til Asker. Olav var lærar ved Gisle skole, og sidan styrar ved Heggedal skole.
4. Haldis Olsdtr. Løken Bjøntegaard 04.08. 1899-1983
Gm Erik Bjøntegaard, Elverum. Barn: Hans Ole 1932- underdirektør ved Norsk Hydro, sidan direktør ved Norsk Sprengstoff, gm Åse Bjørgum (.. barn).
    Haldis var lærar i Åsnes i Solør i 1925. Erik var meieristyrar på Kirkenær. Dei flytta til Hamar på sine gamle dagar.
5. Gunhild Olsdtr. Løken Fjalestad 24.12. 1901-1983
G 1935 m Kjetil Fjalestad, Kvitseid 1896-1965. Barn: Gunhild 1936- g 1961 m Gudbrand Sveen (3 barn); Torleiv Olav 1940- bonde, g 1965 m Tora Bjørgum (2 barn); Turid Signe 1945- g 1972 m Nils Petter Kapstad (1 dotter). (1813)
    Gunhild kom til Kvitseid 1929 som hushaldnings-lærar på folkehøgskulen Utsund. Sidan dreiv dei garden nordre Haukom i Kvitseid.
6. Helga Olsdtr. Løken 30.08. 1904-1906
Helga døydde som liten.
7. Helga Olsdtr. Løken 01.06. 1907-1980
Ugift. Ho systera budde på garden hjå broren Knut.

Ola og Gunhild gifte seg i 1885, og kjøpte Løken same året. På den tida fødde dei 1 hest, 4 kyr og nokre sauer på garden. Ola Knutson har dyrka det meste av jorda. Ola bygde både stugu og loft. Og han bygde om uthusa.
    Ola las mykje og tok del i debattar i tida. Han hadde klåre meiningar t.d. om det reine norske flagget og målrørsla. Ola og Gunhild reiste ein gong til doktor på Sundre med eit sjukt barn. Men den dagen var doktoren i Hol. Då reiste dei ned på stasjonen, venta på det fyrste toget og fekk spurt etter doktor blant passasjerane. Og doktor det var det. Barnet fekk ein sjekk før toget køyrde vidare.