Ragnhildplassen gnr. 58 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ragnhildplassen gnr. 58 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ragnhildplassen er eit småbruk ovanfor Løken. Bruket var også kalla 'Huse' eller 'Helgehuse' (Etter Helge Halvorsdtr.) I daglegtale heiter det 'I Huse'.
    Grensene for Ragnhildplassen vart beskrivne slik i 1777: 'fra Hestebrekkvegen på søndre kant imellom Trintrud og Løken gjerder, opp etter delet direkte opp i Nysets gjerdesgard på den øvre side. Og på nordre side går delet ned og langs med en bekk til førommeldte Hestebrekkvegen i gjerdes-leet.'
    Ragnhildplassen var husmannsplass fram til 1851. Og i 1879 vart Løkplassen bnr. 2 slegen saman med bruket.
    Eit stadnamn: Jobakkadn (av ljogras = vikke).
    Areal 1865: dyrka jord 4 mål, naturleg eng 30 mål. Avling 3 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 7 mål og 50 mål beite som vert leigd bort, prod. skog 30 mål, bjørkeskog 150 mål. Våningshus bygt 1909, hallingstugu frå 1870-åra, kjøpt av Olav Bakken og sett opp i 1958, loft 1895, låve med trev, fjøs, stall og sauefjøs 1895, vedskjul 1895, 2 løer.
    Stølar: heimstølen Løkplassen og langstølen Lauvdalsbrea (utan hus).
    Her var fastbuande til 196... . Sidan har bruket vore feriestad og leigejord.

{3267} År: 1750c

Sissel Hansdtr. Løken 1720c-
Foreldre: Hans ...

Sissel Hansdtr. Løken vart dømt til å betale consumpsjonsskatt i 1752. Ho er ukjend elles, truleg var ho på ein av plassane under Løken.

{3268} År: 1777

Knut Torson Øygard Gurigard 1730-1791s
Foreldre: Tor Torson Øygard og Barbro Olsdtr. Haukstad (Gol).
Gm Helge Halvorsdtr. Gurigard Løkplassen 04.09. 1746-
Foreldre: Halvor Johanneson Hallsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå.
*Barn
1. Mari Knutsdtr. Løkplassen 15.02. 1767-
Barn: Ivar Arneson f. 1796. Sjå barnebarn.
2. Barbro Knutsdtr. Løkplassen 04.12. 1774-
Barbro vart konfirmert 1792 som 'Løketeigen'.
3. Guri Knutsdtr. Løkplassen 1778-
Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Ivar Arneson Oleivsgard Bergsmoen 11.12. 1796-1871
G 1841 m Mette Olsdtr. Tullegard. Dei bygsla Bergsmoen.
    Foreldre: Arnes Ivarson Skarsgard Løkensgardslåtta og Mari Knutsdtr. Løkplassen Rudningen.

Knut og Helge/Helga gifte seg i 1765. Frå tidlegare hadde Knut desse barna: Sigrid 1763- m/ Sissel Olsdtr. Løken; ... ; Knut 1765- m/ Jørand Tomasdtr. Steinsrud, Gol (hans 3. legemål.). Knut var i minst 9 år hjå farbror Knut i oppveksten. I 1763 var han lausgjengar.
    Ved Allehelgenstider 1761 vart Knut hardt skadd i ein dugnad på Veslegard. Syver Håheim brukte kniv, og Knut vart sengeliggande i tre veker. Det rann lenge or såret, og dei ottast for livet hans. Men Knut stod det over.
    Knut og Helge bygsla Ragnhildsplassen 1777 hjå Ola E. Løken for 3 rd årleg leige. Med plassen fylgde: jord mellom Hestebrekkvegen, Trintrud, Løken og Nyset og langs ein bekk på nordsida. Vidare var det ein liten åker i jordet hjå Ola. Knut fekk løyve til å bygge seg støl på ein del av langstølsvollen, og likeeins løyve til ein støl i åsmarka. Ungane skulle få overta bygsla mot 20 rd samt 3 rd årleg leige. (1203) s 333b
    Knut hadde nedre Gurigard frå 1766 til 1776. Sjå der.
    Knut reiste frå Helge omlag 1780. Ein tur tok han heim att før han døydde i 1791. Då snøydde han plassen for det som var, m.a. 7 bismarpund med sild og 7 flasker tran frå Hemsedal. Knut tok med seg alt, og Helge Halvorsdtr. måtte tigge seg maten sidan. To kviger var selt i 1791, og kua var berre leigd.
    I 1801 sat Helga som enkje på plassen. Namnet 'Helge-Huset' skriv seg frå henne. Ho er ikkje funnen død i Ål, men skal vera død før 1834.
   

{3269} År: 1833

Torstein Torson Løkplassen 25.11. 1804-1879
Foreldre: Tor Olson Sata Reiersgard (ungkar) og Guri Knutsdtr. Løkplass.
Gm Margit Eivindsdtr. Løkplassen Løkplassen 29.01. 1813-1868
Foreldre: Eivind Olson Kyrkjedeld Gurigard Løkplassen og Ågot Knutsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Guri Torsteinsdtr. Løkplassen Opperud 04.12. 1841-
G 1876 m Peter G. Holte, Ø. Aker 1855- . Barn: Emil ; Torvald ; Gunda, alle barna til Am.
    I 1865 var ho budeie på Helgeland i Hole. Peter var skomakar. Dei budde på Opperudseje.
2. Ågot Torsteinsdtr. Løkplassen 23.01. 1844-1853
3. Helge Torsteinsdtr. Løkplassen Beaver 04.01. 1846-1930
Gm Olavus Beaver, Kongsberg. Han døydde etter tre år ekteskap. Busett Grand Forks i 1924.
    Ho tente på Norderhov i mange år før ho reiste til Amerika i 1871. Helge dreiv farmen vidare ei tid. Så selde ho den, og sidan dreiv ho handel med land, samt hoteldrift og bygging i N-Dakota.
4. Tor Torsteinson Løkplassen 29.11. 1848-1917
G 1878 m enkje Eli Olsdtr. Løken 1851-1946. Barn: Tom 1889-1986 farmar gm Mattia Rustebakke 1893-1920 (2 barn), g 1925 m Minnie Midthun (5 barn); Gurine 1890-1988, farmar g 1912 m Carl A. Moe (3 barn); Martin 1892-1983, farmar gm Ingeborg Dahl (3 barn); Helge 1894-1918, soldat 1. verdskrigen. (1242), (1730)
    Tor reiste til Am. i 1870. Dei farma ved Petersburg, ND.
5. Sigrid Torsteinsdtr. Løkplassen Paulsen 07.03. 1851-
Gm Anton Paulsen, Ø. Aker. Barn: Margit 1874- ; + 7 andre.
    Sigrid reiste til Kr.ania for å gifte seg i 1874. Som enkje reiste Sigrid til Amerika med sine 8 barn.
6. Knut Torsteinson Løkplassen Huse 06.06. 1853-
G 1880 m Ågot Knutsdtr. Tveito 1853-1943. Sjå neste hushald.
7. Eivind Torsteinson Løkplassen 07.04. 1856-1871
Eivind var sjukleg og hadde ofte slagtilfeller. Frå han var 1 1/2 år vaks han opp som fosterbarn hjå Ola Bjørnson Bergaplass. 20. august 1871 gjekk Eivind for å sjå til med nokre fiskegarn. Han vart funnen død ved elvekanten.
8. Ågot Torsteinsdtr. Løkplassen 09.06. 1858-1859

Torstein og Margit gifte seg i 1841. Frå før hadde Torstein desse barna: Ola 1833-1874 m/Ingeborg Olsdtr. Holo, Birgit 1835- (ukjent) m/Sigrid Henriksdtr. Torsgard (Torstein nekta for denne farskapen); Tor 1837- til Am.; Ola 1841- (ukjent) m/Ingeborg Olsdtr. Holo.
    Torstein 'Huse' var ein gamal runekall, skreiv S. Reinton i Dølaminne 1919. Han hadde Svarteboka og han brukte henne. Torstein hadde ei viss tiltru hjå folk, og mange kom til han for å få hjelp med store og små plager. Vossa-Eirik derimot, arvtakaren hans Torstein, vart ikkje teken heilt på alvor. Meir om dette, sjå om Eirik Olson, år 1881 i Bruteigen. (1450)70

{3270} År: 1833c

Guri Knutsdtr. Løkplassen 1778-
Foreldre: Knut Torson Øygard Løkplassen og Helge Halvorsdtr. Gurigard.

Frå 1836 til 1839 var ei Guri Knutsdtr. husmann i Huse. I 1801 var ho ugift og 'enkens datter' hjå mor si.
    Ho arva 22 spd i 1844 etter morbror Halvor Halvorson Arnegard. Truleg er ho utflytta ut or bygda og død før 1865.

{3271} År: 1870

Knut Torsteinson Løkplassen Huse 06.06. 1853-
Foreldre: Torstein Torson Løkplassen og Margit Eivindsdtr. Gurigard.
Gm Ågot Knutsdtr. Trintrud Arnegard 08.09. 1853-1943
Foreldre: Knut Eivindson Trintrud Arnegard og Anne Jakopsdtr. Tveito.
*Barn
1. Torstein Knutson Tveito Loken 18.11. 1880-1949
Gm Ragnhild Hamre ....-1916. Barn: Roy; Carl; + to jenter .
    Til Am. 1881: Kasson, MN. Han skreiv seg 'Thomas Loken'. Grand Forks, ND.

Barn i Amerika: Karl 1884-1968 g 1907 m Carrie Hamre, Hønefoss (3 barn); Mandt døydde 2 år gamal; Mandt ....-1958 g 1913 m Carrie Linstad (5 barn); Anna gm Reuben Focky; Clara gm Martin Haugen (5 barn), gm Harry Baker. (1412) s 13, (A Story of Walsh County and Its Pioneers, Volume 2, Knut Loken Family and Carl Loken & Ole Linstad, epost frå Jackie Marler)
    Knut overtok Løkplassen kring 1870 og gav kår til faren. Knut og Ågot gifte seg i 1880. Det heitte at Knut og Ågot var døypte i same vatnet. Knut hadde to barn med Ambjørg Olsdtr. Hestebrekk ('Sjåheim') 1847-1932: Ola 1877- (ukjent); Gunhild 1880- (Sjå Stranden).
    Knut og Ågot reiste til Amerika i 1881. Fyrste tida arbeidde han hjå broren Tor. Sidan tok han seg land i Red River Valley.

{3272} År: 1881

Sevat Olson Løkensgard 03.03. 1850-1935
Foreldre: Ola Knutson Feten Løkensgardslåtta og Gunvor Sevatsdtr. Hjallo.
Gm Birgit Arnesdtr. Bergsgard Løkensgard 02.10. 1847-1925
Foreldre: Arne Arneson Sehl Bergsgard og Haldis Olsdtr. Sehl.
*Barn
1. Olav Sevatson Løkensgard 28.07. 1880-1945
G 1911 m lærarinne Alice Mariet Hafslund, Lillestrøm 1880-1957. Barn: Sigmund 1917- ingeniør/kontrollsjef hjå Volvo, busett i Sverige, g 1944 m Kerstin Anderson (2 barn).
    Ola reiste til Lørenskog i 1911. Han var lærar i Telemark ei kort tid. Sidan på Hammer i Lørenskog. (1814)
2. Arne Sevatson Løkensgard 29.04. 1882-1882
3. Arne Sevatson Løkensgard 24.09. 1883-1963
G 1908 m Kristi Andersdtr. Leksvol. Barn: Birgit 1909-1988 ug. kontordame; Gunvor 1912-2005 gm prest Rasmus Aurdal (3 barn); Aslaug 1916-1991 ug. forretningsdrivande på Lillehammer; Solveig 1919-2002 dekorasjonsmålar, gm Nils Høiland, Stavanger.
    Arne og Kristi gifte seg i Lørenskog kyrkje. Arne var lærar i Fåberg gjennom 39 år. Han gav ut fleire lærebøker. (1814)
4. Knut Sevatson Løkensgard 15.03. 1886-1965
Sjå neste hushald.
5. Sevat Sevatson Løkensgard 30.04. 1888-1973
G 1913 m Anne Marie Sæbø, Eidfjord 1886-1981. Barn: Sigmund 1914-1999 lege, gm Harriet Ellinor Mørck (sjå år 1963); Trygve 1916-1995 fiskerikonsulent og forskar gm Lillemor/Synnøve Ask (2 barn 1 vaks opp); Arvid 1926-2000 adm.dir. NVE/jurist i dep., gm Madly Kubberud (2 søner); Alfhild 1920- revisor, skogeigar i Drangedal, gm Bjørn Tuft (2 barn);
    Sevat var handelsbestyrar på Sundre i unge år. Sidan vart han reisande for Aspelin. Dei flytta til Stabekk ved Oslo kring 1917.
6. Haldis Sevatsdtr. Løkensgard Tveito 12.11. 1890-1979
G 1918 m Embrik Torson Tveito. Sjå søre Tveito.
7. Gunvor Sevatsdtr. Løkensgard Espegard 11.05. 1893-1980
G 1922 m Torleif Larsson Espegard. Sjå nordre Trintrud.

Sevat og Birgit gifte seg i 1880. Han var lærar og gardbrukar. Sevat underviste i Leveld i 37 år.