Løkjordet gnr. 58 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Løkjordet gnr. 58 bnr. 4a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Løk-jordet eller Løk-rudningen var ein liten plass eller bustad som låg i sørvestre hjørnet av jordet til søre Løken. Dei som budde her kom frå Turkarstad i Vats, så i daglegtale vart plassen gjerne kalla Turkejorde.
    I Løkjordet var det fastbuande frå sist i 1860-åra og fram til nesten 1900. Her budde det ein syskenflokk som berga livet så godt dei kunne. Dei rekna fattigkassa som ei skam, dei ville heller gå på bygda og be. Då fekk folk gje det dei tykte om.
    Ola Løken overtok seinare stugu i Løkjordet og flytta ho til heimstølen Myset som stølsbu. Der skal ho stå den dag i dag med eit tilbygg.
   

{3275} År: 1867c

Guri Persdtr. Turkarstad Løkjordet 02.11. 1812-1901
Barn m/enkjemann Guttorm Kolbjørnson Viko: Ola 1837-1839 m/Ola Olson .. Tullegarden; Anne 1842-1921 og Birgit 1845- . Barn m/Halvor Mikkelson Bergsmoen: Per 1848- . Barn m/Ola Knutson Morehaugen: Knut 1855-1938. Sjå nedanfor. Barna Birgit og Knut reiste til Amerika i 1883. Knut var farmar/poståpnar 'Knut Løkken' i Sarnia, Walsh Co. Anne levde i Ål, ho var ugift og gjekk og bad. G 1883 m Eirik Eirikson Tveitojordet Løken. Sjå neste hushald. Foreldre: Per Larsson Arnegard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad.
Birgit Persdtr. Turkarstad Løkjordet 01.05. 1816-1900
Barn m/enkjemann Lars Olson Jeglum på Geilo: Birgit 1849- til Am., gm Knut Myre. Barn m/Helge Torson Jeglum, Geilo. Tore 1858- Foreldre: Per Larsson Arnegard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad. Barna Birgit og Tore reiste til Am. Tore var farmar, sidan fotograf, g 1880 m Rebekka P. Nelson (10 barn). Birgit Persdtr. hadde eit gulna fotografi av Tore, og vart ikkje trøytt av å fortelja om sonen sin, fortalde E. Bekkestad i Hallingen.
Torand Persdtr. Turkarstad Løkjordet 22.09. 1825-1870
Barn m/Ola Sevatson Vangen: Syver 1854-1870. Barn m/Gullik Olson Skansen: Margit 1858-1859. Foreldre: Per Larsson Arnegard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad.
*Barn elles
1. Anne Guttormsdtr. Løkjordet 14.11. 1842-1921
Ho vart kalla "Turke Anne", og var ei av dei siste som livnærte seg ved tigging her i bygda. Og ho rusla kring på stølane. Jamnt over likte folk at Anne kom. Ho hadde mykje nytt å fortelja. Men i sengetøyet kunne det koma lus om det vart overnatting. Anne hadde uvanleg digre leggar. Det kom nok av vandringa hennar.
    Foreldre: enkjemann Guttorm Kolbjørnson Viko, Gol med Guri Persdtr. Turkarstad.
    Siste åra var Anne bortsett i pleie på Lå. Lars Skrindo skreiv eit dikt om Anne i Hallingdølen i 1953. Sjå Dølaminne 1986.
2. Per Halvorson Løk-jordet 28.06. 1848-
Foreldre: Halvor Mikkelson Bergsmoen (ungkar) og Guri Persdtr. Turkarstad.
    Som barn var Per på legd. Per flytta til Horten. Han var 19 år gamal skipstømmermann frå Ål i 1865. (1077) s 15
3. Knut Olson Løk-jordet Loken 28.06. 1855-1938
Gm Elizabeth ... Loken 1856-1926. Til Am. 1883. Knut vart omtala som ein velvyrd og hjelpsam granne i Am. Han var vegvaktar ei tid, sidan vart han den andre poståpnaren i Sarnia township, Nelson Co.
    Kona hans var vakker, og hadde god sangstemme. (Jfr. Brev frå Sigrid Gudmundsrud)
    Foreldre: Ola Knutson Morehaugen (ungkar) og Guri Persdtr. Turkarstad Løkjordet.
    Knut var til god hjelp for nykomerar frå heimlandet. Han er gravlagt på Wallingford Lutheran Cemetery, Estherville, Iowa.
4. Tore Helgeson Løkjordet 1858-1945
Truleg gm Rebekka Pedersdtr. Nelson (egentleg Valaker av Hafslo-slekt) 1855-1930. Barn: 10.
    Fotograf, busett i Lake Mills, Winnebago Co, Iowa. Til Am. 1872 eller 1875.
    Foreldre: Helge Torson Jeglum (ungkar) og Birgit Persdtr. Turkarstad Løkjordet.

Guri Persdtr. og dei ugifte systrene Torand og Birgit flytta inn i ei liten stugu i Løkjordet etter 1865. Desse jentene var truleg litt mindre 'frampå' enn folk flest. Alle tre vart dei utnytta av friarar som ikkje hadde giftarmål i tankane. Men Guri vart no gift til sist. Sjå neste hushald.
    Det var smått om levemåten i Turkestugu. Torand og systera Birgit gjekk på bygda og bad. Birgit rekna det som som ei skam å koma på fattigkassa. Ved å gå og tigge 'greidde ho seg sjølv', og folk kunne gje som dei syntest. Så tusla jentene kringom i bygda, og satsa på at folk hadde hjartelag og at dei fekk tak over hovudet innan kvelden kom.
    Då folket i Reinton buførde til Langesend våren 1870, dreiv det ein kvelva båt utpå Langesend-vatnet. Reinton-folket hadde sett Torand og sonen nokre dagar før, og ottast kva som var skjedd. Dei leitte langs med landet, og snart fann dei Torand drukna. Men sonen hennar, Syver, var borte. Det vart sokna etter han i mange dagar, men utan resultat. Noko seinare flaut liket opp og dreiv i land synst i vatnet. Fattigkommisjonen sytte for gravferda.
    Då skjedde noko underleg. Kyrne på Langesend hadde gått i vantrivnad sidan buføringa. Og rummen smaka rart og var seig. Etter gravferda kvikna kyrne til att og mjølka vart som vanleg. 'Koss kan slikt ha seg?', skreiv S. Reinton. (Dølaminne 1980 og 1986 s 42)

{3276} År: 1883

Guri Persdtr. Turkarstad Løkjordet 02.11. 1812-1901
Foreldre: Per Larsson Arnegard Turkarstad og Torand Olsdtr. Turkarstad.
Gm Eirik Eirikson Bruteigen Løkjordet 18.08. 1828-1886
Foreldre: Eirik Asleson Holto Bruteigen og Birgit Ivarsdtr. Tangeviken Foss-slåtta.

Eirik og Guri gifte seg i 1883. Båe vart då godt oppi åra. Også han slo seg ned i Løkjordet. Dei onna noko jord der, og hadde nokre geiter.
    Det var gutungar som fann det for godt å plage Eirik og Guri. Ved eit høve var det lagt krutt og lunte inn under senga deira. Då dei to hadde lagt seg om kvelden, vart lunta tent frå utsida. Guri og Eirik vart noko forbrende før dei fekk sløkt varmen i sengehalmen. Etter 13 års ekteskap vart Guri enkje.
    Dottera Anne budde også i Løkjordet. Også ho gjekk og bad. Sjå meir i ein artikkel av Knut M. Lappegard i Dølaminne 1986.