Springgard gnr. 58 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Springgard gnr. 58 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Springgard ligg på vestsida av Votna. Det er bru over dei to elvegreinene her. 'Brynadn' var kommunal bru fram til 1896. Det var her Baklivegen kom fram att. (Baklivegen var fyrste køyrevegen til Nordbygdane, bygd i 1830-åra. Bru og veggrunn fall attende til grunneigarane kring 1896 då den nye Nordbygdvegen var teken i bruk.)
    'Slåtta vest for Løkensgard' på vestsida av elva vart beskrive i eit tingsvitne frå Sundre tingstugu frå 1650. 6 lagrettemenn vitna at Svein Løkensgard hadde 'forverfvet' seg denne eigedomen i ei rettssak med Ola Svarteberg. Retten kom til at Ola hadde trengt seg over 'een gl: udgaard paa en Slotte til een Steen 75 Skret fra Udgaarden, hvor Løchens opsidere hafver een huusmands Pladz og et Slottelende under Gaarden Løcken'. (Dette kan gjelde Springgard.)
    Tidlegare heitte bruket Springhuset. Dette namnet kjem nok av husmannen frå 1720-åra, 'Ola Knutsen Springer'. Sjå åt 1716. Bruket vart også kalla Løkslåtta i 1742. Og Springslåtta i 1773.
    Husmannsplass under Løken fram til 1775. Namnet Springplassen gjekk gardvis over til Springgard i 1780-åra. I daglegtale vert garden også kalla 'I Springhusé'.
    Nokre stadnamn: Asleåkereikra, Kvednateigen, Langegjøta (her var hoppbakken 'Springhusbakkjin'), Slåtteskorri (utslåtte), Svenskepytten, Krukkejøta, Mårikolljøta, Træet/Sveri (dyrka av svenskar), Hamrane (oppi her er fleire høge steinmurar!).
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål; naturleg eng 72 mål, utslått 11 mål. Avling 11 tunner bygg og 6 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål anna jbr. 50 mål, prod. skog 170 mål, anna utm. 50 mål. Buskap: 6 mjølkekyr, 9 ungdyr, 12 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1947, påbygt 1970, nytt bustadhus 1991, kårhus 1910, påbygt 1982, loft og bu 1880, uthus 1937, utvida i 1950-åra.
    Stølar: heimstølen 'Stølen' (støl/slåtte tett ova innmarka, mjølka vart bore ned til garden vår og haust, brukt som beite frå utpå 1950-talet); Krusestølen (ovanfor Stølen, oppunder Krusenatten. Der syner ei luatuft. Skogvakse i 1932); langstøl på Blåbergstølen.
   
   

{3278} År: 1754

Asle Knutson Løkensgard Løkslåtta 1724.-
Foreldre: Knut ...
Gm Barbro Olsdtr. ... Springslåtta 1725c-1762
Foreldre: Ola ... ... og ... ... ... . Truleg var Barbro 'fattig gammel enke' på søre Skarsgard under manntalet i 1762.
*Barn
1. Helge Asleson Løkslåtta 12.04. 1754-
Faddrar: Torgeir Nilson Løkensgard, Torstein Herbrandson Skrindo, Eilev Torson ibid. Kari Løken, Helge Persdtr. Holo.
2. Ola Asleson Løkslåtta 12.09. 1756-
Faddrar: Eilev Bakke, Eirik Veslehaugen, Margit Gurigard, Margit Ottarsdtr. Varberg, Ambjørg Olsdtr. Løkensgard.
3. Kari Aslesdtr. Løkslåtta 07.10. 1759-
Faddrar: Eirik Olson Veslehaugen, Knut Knutson Haug; Elling Løkens kvinne; Helge Persdtr. Holo; Margit Olsdtr. Løken.

Asle Knutson var husmannson født på Løkensgard. Som ugift soldat budde han på Espegard i 1748.
    I 1749 fekk han sonen Tolleiv utanfor ekteskap med Birgit Olsdtr. Løken. (Tolleiv Asleson var fattig og sjukeleg inderst på Haug i 1762.)
    Dei tre ungane er alle fødde innanfor ekteskap og på Løkslåtta i åra 1754 til 1759. I 1754 var 'Barbro Olsdtr. Springslåtten' fadder for Rønnaug Eiriksdtr. Veslehaug. Namnet på kona hans Asle vart ikkje oppgjeve ved dåpen, men når 'gift Barbro Olsdtr. Løkslåtten' døydde i 1762, så må det vera henne.
    NB. Om lag samtidig døydde også 'Anne Olsdtr. Løkslotten, qvindemenneske 74 år'.
    Om Asle heitte det i 1762: 'meget syk'. Han og alle ungane vart borte mellom 1762 og 1801.

{3279} År: 1772

Tolleiv Halvorson Gurigard Springslåtta 1744-1790
Gm Sigrid Ellingsdtr. Løken. Foreldre: Halvor Johanneson Halsteinsgard Gurigard og Guri Aslesdtr. Lå Gurigard.

Tolleiv Halvorson kjøpte Springslåtta i 1772, men greidde ikkje å reise kjøpesummen. Handelen vart difor omgjort i 1773. Tolleiv var hestehandlar. Sjå øvre Gurigard. Han reiste til Holmedal i Sunnfjord før 1781. Tolleiv kjøpte plassen Haslebrekke i Gudalen i Sunnfjord.

{3280} År: 1775

Jakop Arneson Trillhus Trintrudrudningen 1739-1812
Gm Jørand Tomasdtr. Steinsrud 1741-1825.

Jakop kjøpte Springplassen i 1775 for 285 rd hjå Ola Ellingson Løken. Jakop skulle ha langstøl under Blåbergo saman med seljaren.
    I 1783 selde Jakop 'eiende og hittil beboede plass Springplass' vidare til Ola Botolvson Torsteinsrud for 384 rd. Sjå meir om denne familien i Rudningen, gnr. 57/6.

{3281} År: 1783

Eirik Eirikson Lappegard Springplassen 1743-
Foreldre: Eirik Guttormson Lappegard i Leveld og Margit Olsdtr. Logsengard.
Gm Anne Embriksdtr. Ulshagen Springgard 22.02. 1745-1836
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Rønnaug Eiriksdtr. Springgard 1772-1860
Rønnaug budde hjå foreldra i 1801. Død i legd som ugift fruentimmer i 1860.
2. Kari Eiriksdtr. Springgard 1777-1862
G 1804 m Lars Tolleivson Dengerud Springgard. Sjå neste hushald.
3. Eirik Eirikson Springgard 10.12. 1780-
Truleg død i 1790-åra.
4. Guri Eiriksdtr. Springgard 29.05. 1785-1785
5. Anne Eiriksdtr. Springgard 29.05. 1785-1785

I 1783 kjøpte Ola Bottolvson Torsteinsrud Springplassen hjå Jakop Arneson. Same året makeskifta han Springplassen og 625 rd med Eirik Eirikson og fekk att Lappegard. Eirik tok atterhald om at arvingane hans kunne koma til å løyse inn att Lappegard i framtida. Men Eirik budde i Lappegard så seint som som 1785.
    Trass i det store mellomlaget lånte Eirik 120 rd i 1786. Lånet vart erstatta med eit nytt lån på 220 rd i 1793. Eirik var husmann med jord i 1801.
    Eirik Eirikson gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløperkompani i 1773. Han var då gift og hadde 2 barn.
    Anne Embriksdtr. vart 92 år gamal. Ho var sengeliggande mange år. Kåret hennar var ei ku framfødd og ei tunne korn.

{3282} År: 1804

Kari Eiriksdtr. Springgard 1777-1862
Foreldre: Eirik Eirikson Lappegard Løken og Anne Embriksdtr. Ulshagen.
Gm Lars Tolleivson Dengerud Springgard 30.10. 1776-1838
Foreldre: Tolleiv Sevatson Dengerud og Birgit Larsdtr. Sundremyren (?)
*Barn
1. Eirik Larsson Springgard Toset 08.09. 1805-
Gm Johanna Ludviksdtr. ... , Kvinnherad. Barn: Lars 1856c- ;
    Eirik var husmann på Toset i Tysnes i Hordaland. På plassen kunne fødast to kyr og ei geit ifylgje folketeljinga 1865.
2. Tolleiv Larsson Springgard 02.06. 1807-1813
3. Embrik Larsson Springgard 03.03. 1810-1900
G 1837 m Margit Helgesdtr. Juvsjord. Sjå neste hushald.
4. Birgit Larsdtr. Springgard Sehl 08.10. 1814-1893
G 1841 m Tolleiv Olson søre Sehl.
5. Anne Larsdtr. Springgard Baklien 19.02. 1816-1889
G 1842 m Per Anderson søre Baklien.

Lars og Kari gifte seg i 1804, og overtok garden etter foreldra hennar. Frå før hadde Lars sonen Tolleiv 1800-1885 med Margit Hermundsdtr. Uthus - Noss. (Sjå Tangeviken).
    Lars var soldat. Han deltok i krigen 1807-14. På skiftet etter Lars i 1838 var buet 239 spd.

{3283} År: 1837

Embrik Larsson Springgard 03.03. 1810-1900
Foreldre: Lars Tolleivson Dengerud Springgard og Kari Eiriksdtr. Springgard.
Gm Margit Helgesdtr. Sletto Springgard 05.04. 1813-1904
Foreldre: Holge Olson Sletto Juvsjord og Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld Juvsjord, Hol.
*Barn
1. Lars Embrikson Springgard Engebretsen 13.02. 1838-1895
Gm Liv Larsdtr. Rudningen. Trintrud 1830-.... .Ingen barn.
    I ungdomen var Lars liten og tuslen, ingen rekna med at det skulle bli noko av han. Men han reiste ut og kom i smed-lære i byen. Ingen høyrde noko frå han før han vart kjend som "Engebretsen på Kampen".
    Lars starta L. Engebretsens Mekaniske Verksted i Oslo i 1865. Der laga han ymse maskiner, m.a. maskinhamrar etter modell av ein maskin som Ola A. Strand hadde kjøpt i Amerika. Og han utvikla eigne oppfinningar.
    I 1869 utvida han verkstaden. Då kjøpte han 2500 kv. alen a 24 skilling av Brinkensgt. nr. 54 og 56. Sum 520 rd. I 1870 utvida han med pakkhus og ny maskinhall. I 1890 var der 54 tilsette, derav 4 på kontoret.
    Lars fekk mange medaljer for sine oppfinningar både i Europa og i Amerika.
    Han tok i mot fleire læregutar frå heimbygda. Tolleiv A. Strand t.d. var på verkstaden i tre år. Engebretsen var litt av ein sinnatagg og ein hard 'arbeidsherre' som ikkje var god å gjera til lags. Men om Tolleiv sa han: "Tollef var den beste læregutt jeg ennu har hatt".
    Det var lang arbeidstid i dei dagar. Læreguten måtte opp klokka 4 om morgonen for å fyre opp under dampkjelen, og det vart ofte seint om kveldane også. Og i matvegen var det ikkje meir enn høgst nødvendig.
    Av vareutvalet frå verkstaden kan nemnast: sagutstyr, sirkelsag, boremaskin, lokomobil (8 HK), treskeverk, dampkjelar, reimskiver, kyrkjeklokker, tannhjul, vognbussingar, vifter, sylinder-omnar og luftventilar.
    Lars sleit med helsa og vart ingen gamal mann. Enkja overtok firmaet, men måtte leige folk til forretningsdrifta. Fyrst på 1900-talet var verkstaden konkurs. Og han som overtok det heile var den same overretts-saksføraren som hadde vore leiar den siste tida. (!) Verkstaden gjekk vidare under namnet Kampen Mekaniske, og gjekk inn i Akers Mek. Verkstad i 1956. Delar av bedriftsarkivet kom til Norsk Teknisk Museum. (Oppl. v/Ola E. Hagen)
    Liv budde aleine på ein gamleheim i Schandorffs Gate 2 i 1900.
2. Kari Embriksdtr. Springgard Olsen 04.03. 1840-
Gm Kristian Olsen, Enebakk 1842- . Dei budde i Grefsenv. 17 der Kristian var 'Gaardeier og Kreaturholder'. Dei hadde ei tenestejente.
3. Helge Embrikson Springgard 15.02. 1842-1915
G 1874 m Haldis Tolleivsdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
4. Anne Embriksdtr. Springgard Eriksen 04.10. 1844-
Gm Hans Eriksen, Kr.ania. Barn: Elise/'Else' gm Ludvig Orbeck, Redelm, SD. (4 barn). (1431) nr 158
    Hans var vogmann og dei budde i Bøgata 24 i Kr.ania. Fyrste tida dreiv dei mjølkeproduksjon i Trondheimsvegen.
5. Kari Embriksdtr. Springgard 02.11. 1847-
Ug. Ho døydde vistnok i 18-årsalderen, i Kr.ania. I eit brev frå 1876 vart opplyst at sjukehuset hadde skrive at 'ingen maatte Komme for at talle med hende, af den Grund at det Krenker hende formeget.'
6. Eirik Embrikson Springgard 22.12. 1850-1931
G 1885 m Guro Embriksdtr. Haug. Sjå år 1884.
7. Tolleiv Embrikson Springgard 02.02. 1854-
Ugift. Tolleiv var handverkar. Han reiste til Ulvik i unge år. I 1870 budde han i Etne. I 1900 var han ugift steinarbeidar i Stavanger. Han budde hjå feiaren Svend Rage. 1904: 'Kjender ikke nu hans tilholdsted'.
8. Ola Embrikson Springgard 18.08. 1857-1857
Ola døydde som liten.

Embrik og Margit gifte seg i 1837.

{3284} År: 1872

Helge Embrikson Springgard 15.02. 1842-1915
Foreldre: Embrik Larson Springgard og Margit Helgesdtr. Juvsjord.
Gm Haldis Tolleivsdtr. Sehl Springgard 13.05. 1849-1895
Foreldre: Tolleiv Olson søre Sehl og Birgit Larsdtr. Springgard.
*Barn
1. Margit Helgesdtr. Springgard Anderson 24.02. 1875-1900
=Maggie. Margit reiste til Am. 1884. Gm John Anderson. Barn: Hilda 1900-1921; Helen 1900-1967 gm .. Simmons (4 barn). Dei farma jamsides med broren Tolleiv i Walworth Co, SD. Margit døydde etter ein hard tvillingfødsel. Tvillingane vaks opp hjå ein annan familie, og John reiste til Canada. Sidan fekk han døtrene med seg til Canada, men dei reiste der frå grunna kortspel og 'roughhouse'.
2. Embrik Helgeson Springgard 20.07. 1876-1947
Ugift. Til Am. i 1884: farmar i Walworth Co, SD. Revisor i Hallinglaget kring 1912. Embrik køyrde treskemaskina som faren hadde kjøpt. Embrik mol sitt eige mjøl og budde i eit 'ungkars skur' på farmen sin.
3. Birgit Helgesdtr. Springgard Jensson 18.01. 1879-1963
'Betsy'. Gm John Engebret Jensson. Barn: Hilda Rosine 1901-1956 gm Walter Schubert (5 barn); Edwin Helmere 1903-1980 g 1929 m Anna Marie Worgic; Richard 1906-1994 g 1943 m Florence Myra Nelson (2 barn); Bertha Marie 1909-1958 g 1929 m Carl Nathaniel Johnson (3 barn); Emma Otilda 1914- g 1937 m Albert Gene Hanson (4 barn).
    Til Am. i 1884: Fairview, Campbell Co. SD.
4. Tolleiv Helgeson Springgard Engebretson 08.01. 1881-1973
Ugift. Til Am. i 1884: Selby and Walworth Co, SD. Han skreiv seg 'Tom Engebretson'.
    Tolleiv gjekk på eit landbrukskurs i St. Paul, og vart ein ivrig farmar. Han la mykje arbeid i foredling av korn, kjøpte ulike maistyper og dreiv kryssing. Fyrste tida gjekk det smått, men Tolleiv gav ikkje opp. Etterkvart fekk han fram eit kornslag som vart kalla 'Engebretson Silver King Corn' og som høvde godt til jord og klima i Sør-Dakota. Dette kornslaget hausta mange prisar. Høgdepunktet vart 1. premie på landbruksmessa i Chicago i 1947. Tolleiv vart kalla "The Corn King".
    Han arbeidde hardt, men var også ein sosial mann som gjerne var på byen laurdagskvelden. Han likte å reise, og hadde køyrd med tog gjennom 40 statar. På hans gamle dagar var gikta plagsam. Då reiste han til nokre varme kjelder i Montana, og sette seg til der. Men gikta var som ho var, og sletningane måtte henta han ned att.
5. Kari Helgesdtr. Springgard Olson 06.01. 1883-1970
=Carrie. G 1913 m Edward Olson 1887-1971. Barn: Elsie Helena 1914- g 1938 m Emil Kreb (4 barn); Melvin 1915-1923; Clemet 1917- g 1933 m Joy Louise Hartmann (2 barn), g 1994 m Emma Sandmiere; Delphia Geraldine 1919- g 1937 m George Fischer (3 barn); Harvey Julian 1921- g 1945 m Blanch Pederson (3 barn).
    Kari reiste til Am. i 1884. I 1910 tok Kari homestead i Walworth Co, SD og budde i ei enkel hytte saman med ei veninne dei påkravde tre åra til ho fekk papir på farmen. Som gift slo ho seg ned på Edvard sin farm ved Camp Crook SD. Kari var sydame og sydde finare drakter for dåp og bryllaup.
   
    Barn i USA: Helena 1885-1972 g 1912 m John Johnson (4 barn); Sissel 1889-1929 gm Rasmus Hagen, Bergen 1883-1958 (9 barn); Elesa Omilda 1890-1890; Emma Omilda 1894-1988 g 1940 m Martin Julius Sauer 1891-1985. (1719)

Helge og Haldis gifte seg i 1874. Helge selde garden til broren Eirik og reiste til Am. i 1884: Campbell Co, SD. Farmar og smed. Og han dreiv med skinn og lærarbeid. Helge kjøpte eit dampdrive treskeverk. (Sjå Hallingen hefte 6 s 16) Opplysningar frå 'Pasque Flowers along the Ipswich Trail' av Brenda Sue Linkeman.
   

{3285} År: 1884

Eirik Embrikson Springgard 22.12. 1850-1931
Foreldre: Embrik Larsson Springgard og Margit Helgesdtr. Juvsjord.
Gm Guro Embriksdtr. Haug Springgard 27.06. 1858-1898
Foreldre: Embrik Embrikson Kyrkjedeld nordre Haug og Guri Larsdtr. søre Haug.
*Barn
1. Embrik Eirikson Springgard 16.11. 1885-1888
2. Embrik Eirikson Springgard 03.08. 1889-1947
Ug. Embrik reiste til Am. 1905 saman med ein morbror som var heim att ein tur. Nemnt i Hall. 75 s 7.
    Embrik Springgard dreiv med bygningsarbeid på Vestkysten. Han var heim att 1914, og sidan hadde han då brevkontakt med Knut Løken. I 1930 er brev sendt frå Seattle Wash. Embrik kom ut for ei bilulykke og døydde i 1947. Syskena fekk ein større arv etter han.
3. Kari Eiriksdtr. Springgard 05.08. 1891-1973
Ugift. Sjå år 1917.
4. Guri Eiriksdtr. Springgard Helstrøm 02.08. 1895-1981
Barn: Solveig 1918-1989. Gm murarbeidar ... Helstrøm, Sverige. Barn: Frits 1921- ; Rolf 1923- ; Ernst 1925- . Til Østre Aker i 1921.

Eirik og Guro gifte seg i 1885. Eirik dreiv i yngre år sauehandel. Eirik selde eit kvernbruk i 1887 og kjøpte det attende i 1903. ('Springgårdens møllebrug', bnr. 7.)
    Alle dei tre ungane til Eirik og Guro er med på skulebilete frå Tveito. Springgard høyrde den tid til Tveito skulekrins. Under målstriden kring 1920 vart Løkgardane og Springgard lagde til Leveld.
    Eirik skulle ha vore ein omgjengeleg person ute mellom folk, men i heimen var han ikkje det. Ungane reiste ut i tenest når dei var konfirmerte.
    Eirik hadde ei kårku, og brukte sjølv å vera på langstølen under Blåbergo i lag med dei andre stølskjerringane. Der inne sette han seg opp eit spesielt husvære: reisverkhus med 'isolasjon' av reinsmose og never som 'papp'. Dette var før isolering var kome i bruk. Ein må kunne seia at Eirik "var lenge føre si tid". Huset var både vindtett og lunt.