Haug, nordre gnr. 59 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Haug, nordre gnr. 59 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sjå innleiinga til søre Haug. Nordre Haug vart eige bruk i 1630-åra. Landskyld 6 laupsbol.
    Husmannsplass: Haugslåtta, sjå gnr. 59/3a.
    Nokre stadnamn: Raunekallåkeren, Roneåkeren, Oldeåkeren, Tjuveruste og Eikra (i heimehamna), Løytudn.
    Areal 1865: dyrka jord 13 mål, naturleg eng 44 mål, utslått 29 mål. Avling 29 1/2 tunne bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 61 mål, anna areal 120 mål, prod. skog 220 mål, anna utm. 150 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 9 mjølkekyr, 11 ungdyr.
    Våningshus bygt 1951, loft 1880, driftsbygning 1962, garasje/verkstad 1980.
    Stølar: langstøl på Fjellstølen, heimstølar Haugstølen i Vestlia, Gjerdun.
    Leveld kyrkjegard vart frådelt i 1929.
   
   

{3348} År: 1770

Knut Knutson Haug 1733-
Foreldre: Knut ...
Gm Liv Knutsdtr. Tunehagen Haug 1725.-1804
Foreldre: Knut ...
*Barn
1. Lars Knutson Haug 22.03. 1755-
Truleg død før 1801.
    Faddrar: Lars Lappegard, Ola Mikkelson Bry, Ola Syverson Lappegard, Margit Gurigard, Sissel Knutsdtr. Skrindo.
2. Ingeborg Knutsdtr. Gurigard Haug 11.04. 1757-
G 1789 m Ola Torgeirson Lå, husmann i Haugslåtta.
3. Oleiv Knutson Haug 11.04. 1757-
4. Oleiv Knutson Haug 18.06. 1762-
5. Mari Knutsdtr. Haug 23.05. 1768-1790f
Mari hadde ei dotter. Sjå barnebarn. Mari var død før 1790.
*Barnebarn
1. Mari Embriksdtr. Haug 01.08. 1790-
Foreldre: Embrik Ivarson Espegard med 'avgangne Mari Knutsdtr Haug'.

Knut og Liv gifte seg i 1756. Knut lånte 400 rd i 1764 mot pant i påbuande gard Haug. I 1767 lånte han 540 rd med pant i garden. Knut lova dessutan at han sjølv skulle halde husa vedlike, dvs. brukelege og dråpelause ...
    Avtale 1770: Etter Elling og Ambjørgs tid skal garden Haug delast i to (a 6 lb.), dvs. slik som garden tidlegare hadde vore brukt. Knut Tolleivson Noss (ved dottera) og Knut Knutson Haug skulle ha kvar sin gard. (1194) s 37
    I 1772 vart Knut stevna av Lars Vold frå Bergenhus len for gjeld.
    Det var gardsyn på søre Haug 1772. Husa var: stugu 10 rd; nordre stugu; bu m/loft; fjøs; ei bu; låvehus m/ skjykju og vedaskåle; heststall, stolphus; lu; saustall; eldhus; badstugu; ei smie bygd av osp; hest- og sau-stall; ei lu; kvernhus - forfalle. På Nystølen: ei stølsbu og ei lu. På Botolvstølen: stølsbu og lu. På stølen Holu: ei bu. På stølen Fjellset: ei ny stølsbu 8 rd. Åker: 14 mål. (1194) s 536
    Dei selde garden til Rasmus Olson Løken og Eli Botolvsdtr. Espegard for 540 rd. Skøyte vart skrive i 1776. Knut og Liv held att til bruk på livstid: ei slåtte ned til Haug-utgarden; den søre halvparten på heimstølen; langstølen; hamning og hogst i skogen på austsida, men ikkje i furuskogen på vestsida. (1203) s 233 b
    Det var avtala handel om Haugslåtta. Men Knut vart sjuk, og sende ho Liv på haust-tinget med signeten for forsegle skøytet på Haugslåtta til enkja Eli Haug. Men det oppstod usemje om avtalen, og så havna gardehandelen for retten. Etter ei rettssak med enkja Eli Haug i 1779 vart Knut verande eigar av Haugslåtta. (1397) s 36

{3349} År: 1775c

Rasmus Olson Løken Helling 1729-1776
Gm Eli Botolvsdtr. Espegard. Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Sigrid Johannesdtr. Skrindo.

Sjå søre Helling i Torpo år 1771. Eli Botolvsdtr. kjøpte halve nordre Haug i Leveld (6 lb.) for 540 rd hjå Knut Knutson Haug. Sonen hadde garden fram til 1787. sjå neste hushald.

{3350} År: 1780c

Ola Rasmusson Helling Tveito 03.08. 1760-1835
G 1783 m Birgit Olsdtr. Skjervheim. Foreldre: Rasmus Olson Løken Haug og Eli Botolvsdtr. Espegard.

Ola Rasmusson selde Haug i 1787 etter å ha site med garden frå 1780 om lag. Sjå meir om denne familien i Tveitehagen. Ola døydde som inderst i Opheim 1835.

{3351} År: 1787


Ola Larsson søre Haug kjøpte også nordre Haug i 1787. Meir om han, sjå år 1770 på søre Haug.

{3352} År: 1806


Lars Olson på søre Haug kjøpte både nordre Haug og søre Haug hjå faren i 1806. Han selde nordre Haug til broren Knut i 1813.

{3353} År: 1813

Knut Olson Haug 14.09. 1783-1818
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard Haug og Mari Knutsdtr. Noss.
Gm Guri Nilsdtr. Veslehaug Haug 27.03. 1785-1825
Foreldre: Nils Knutson Veslehaug og Gunhild Syversdtr. Ødelien.
*Barn
1. Ola Knutson Haug 19.12. 1814-1850
G 1843 m Margit Botolvsdtr. Ødelien. Sjå år 1841.

Knut kjøpte garden 1813 hjå broren Lars. Knut og Guri gifte seg i 1814.
    På skiftet etter Knut var det 282 spd å dele. Guri gifte seg opp att med Knut Knutson. Sjå neste hushald.

{3354} År: 1818

Guri Nilsdtr. Veslehaug Haug 27.03. 1785-1825
Foreldre: Nils Knutson Veslehaug og Gunhild Syversdtr. Ødelien.
Gm Knut Knutson Strand Haug 26.12. 1785-1872
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand og Kari Olsdtr. Strand.
*Barn i andre ekteskap
1. Gunhild Knutsdtr. Haug Sehl 29.11. 1820-
Gm Ola Olson søre Sehl Bæra 1821-1926. Barn: 3. Sjå barnebarn.
    Ola Sehl hadde søre Bæra mindre enn eit år i 1850. Han vart kalla 'tamburen' skriv L. Opsata i Ål III s 381. Til Am. i 1861: Goodhue Co. MN. (811)
2. Knut Knutson Haug 17.06. 1824-
Gm Sissel Kristiansdtr. ... . Barn: Carl Olavus 1866- gm Anne Sørum, Hadeland (2 barn); Christian 1868-1938 g 1906 m Julia Thompson (8 barn); ... gm ... Peterson; ... gm Thor Kjosa; ... gm Otto Kjosa. (1351)
    Til Am. i 1857: Fayette Co Iowa.

Guri vart attgift 1820 med Knut. Ho gjekk tidleg bort og Knut vart attgift med Sigrid Olsdtr. Haug. Sjå neste hushald.

{3355} År: 1827

Knut Knutson Strand Haug 26.12. 1785-1872
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand og Kari Olsdtr. Strand.
Gm Sigrid Olsdtr. Haug __.__. 1793-1868
Foreldre: Ola Torgeirson Lå (husmann i Slåtto under Haug) og Ingeborg Knutsdtr. Gurigard.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Knutson Haug Gjerden 16.09. 1827-1911
G 1859 m Liv Torsdtr. Feten. Sjå Anfinngarden, gnr. 106/11 og Øygardsslåtta, gnr. 43/2.
2. Guri Knutsdtr. Haug Kyrkjedelen 10.05. 1830-1853
Gm Nils Asleson Kyrkjedelen, gnr. 64/3.
3. Knut Knutson Haug 11.03. 1833-
Truleg g 1879 m Sissel Johannesdtr. Bakke. Barn: Knut 1879-; Ola, Sissel, Johannes 1889?
    Til Am. kring 1861: McGregor, Clayton, Iowa. Knut arbeidde sidan på salmakarverkstad i Minnesota. (Frå amerika-brev v/Ola Hagen)
4. Knut Knutson Haug 12.10. 1836-1836
5. Knut Knutson Haug 11.08. 1838-1925.
Den yngste broren 'Knut Knutson Haug' reiste til Am. i 1858: McGregor. Sidan busett i Fayette Co. Iowa. Knut budde hjå Knut Olson Blingsmoen frå Nes.
   

Knut gifte seg opp att 1827 med Sigrid og fekk fem barn med henne.
    Knut selde garden til stesonen Ola Knutson i 1841.

{3356} År: 1841

Ola Knutson Haug 19.12. 1814-1850
Foreldre: Knut Olson Haug og Guri Nilsdtr Veslehaugen.
Gm Margit Botolvsdtr. Ødelien Haug 12.02. 1814-1888
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og Ambjørg Olsdtr. søre Haug.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Haug Langeland 31.01. 1844-1905
G 1868 i Asker med Arne Olson Isi-eie/ Burås frå Bærum. (Lier IV s 356) Barn: Anton 1879- tømmerhoggar; Carl 1887- ; Gustav 1889- .
    I 1900 budde dei på Langeland / Eik i Lier, Arne var hustømmermann.
2. Knut Olson Haug 01.04. 1847-1847
3. Knut Olson Haug 06.01. 1850-
Knut var visst døvstum. Han er ikkje funnen død. I FT 1875 var han gardsarbeidar på Håheim 71/1.

Ola fekk skøyte på garden 1841 for Ola og Margit gifte seg i 1843. Økonomien har nok gått dårleg her. I 1852 kom garden på auksjon.

{3357} År: 1852

Embrik Embrikson Kyrkjedelen Haug 02.08. 1811-1900
Foreldre: Embrik Olson Kyrkjedelen og Guro Johannesdtr. Berg (Hol).
Gm Guri Larsdtr. Haug Haug nordre 06.01. 1820-1882c
Foreldre: Lars Olson søre Haug og Ingrid Assordtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Embrik Embrikson Haug 26.05. 1854-
Embrik budde i Spocarie Forks, Washington.
2. Ingrid Embriksdtr. Haug Holo 14.02. 1856-1934
G 1880 m Mikkel Sevatson Holo. Sjå søre Holo.
3. Guro Embriksdtr. Haug Springgard 27.06. 1858-1898
G 1885 m Eirik Embrikson Springgard.
4. Sissel Embriksdtr. Haug 24.12. 1860-1904
Ugift. Ho var strikkerske i 1900.
5. Embrik Embrikson Haug Howe 10.12. 1864-
G 1894 m Gjertrud Pedersdtr. ... (trønderslekt) 1870-1959. Barn: Georg 1894-1990 dreiv plantasje/vegarbeid, gm Gladys Holt (1 dotter). (1248)
    Sjå neste hushald. Embrik reiste til Am. 1886t. Han bytte farm med Tolleiv Helling. Embrik var heim att ein tur i 1905.
    Dei skreiv seg Houg eller Howe og budde i Kirkland i Washington DC. (Spocarie Forks?) Embrik var murar. Ein veit ikkje når Embrik gjekk bort. Han 'vart borte'. (1686)

Haug vart selt på auksjon 1852 til Embrik Embrikson. Embrik og Guri gifte seg i 1853.

{3358} År: 1886


Embrik Embrikson f. 1864 kjøpte Haug i 1886, men reiste til Amerika same året. Garden vart seld ved fullmektig Lars Haug i 1890. Pris 4800 kr.

{3359} År: 1890

Tolleiv Olson Helling Haug 21.01. 1852-1926
Foreldre: Ola Tolleivson nordre Helling (Øvre Ål) og Ågot Knutsdtr. Myking.
Gm Margit Olsdtr. Lå Haug 25.06. 1855-1911
Foreldre: Ola Olson Øvre Lå og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
*Barn
1. Ågot Tolleivsdtr. Haug Dokk 12.02. 1880-1941
G 1912 m Ola Embrikson Dokk.
2. Ola Tolleivson Haug 23.10. 1881-1924
G 1913 m Malene Agjeld, frå Olden i Nordfjord 1874-1954. Barn: Thelma 1914- g 1935 m Lester Lowdermilk (3 barn); Clara 1915- gm Vernon Olson (4 barn). (1242)
    Til Am. i 1901. Ola tok seg land i Williams Co, ND og dreiv med brunnboring ei tid. Malene hadde teke seg land i Mckenzie, ND. Sidan fekk Ola og Malene seg farm i Epping, ND.
3. Sigrid Tolleivsdtr. Haug Veslegard 04.10. 1883-1971
G 1909 m Tor Mikkelson Veslegard.
4. Tolleiv Tolleivson Haug 22.02. 1893-1980
G 1920 m Gunhild Olsdtr. Varaberg. Sjå neste hushald og Varaberg.
5. Knut Tolleivson Haug 17.10. 1894-1963
G 1927 m Anne Knutsdtr. Skjerping. Sjå år 1925.
6. Ingeborg Tolleivsdtr. Haug Hagen 28.12. 1896-1981
G 1919 m Embrik Olson Hagen. Sjå Springgard.
7. Lars Tolleivson Haug 21.12. 1898-1898

Tolleiv og Margit gifte seg i 1879. Barna Ågot og Sigrid var fødde på nordre Helling i Øvre Ål.
    Tolleiv prøvde seg med sauehandel, men der kom nokre år med svært låge prisar på livdyr. Tolleiv kom i pengevanskar, kjøpte ei stugu i Øvre Ål til Margit, og var i Am. frå 1883 til 1892.
    Margit livnærte seg ved bunadsaum, og ho var 'reiekjering' i samvær kringom i bygda.
    Tolleiv tok seg land i Rollete Co ND. I februar 1888 råktest Tolleiv og Embrik Haug i Hatton, ND. Det fekk fylgjer. I 1899 kjøpte Tolleiv garden Haug i Leveld ved kjøpekontrakt skriven i Ramsay Co, ND. Pris 4800 kr.
    Tolleiv kom då heim att og vart bonde på Haug. I unge år forfraus Tolleiv føtene då han seinhaustes var til Skålen 'etter varulass' (smør og ost). Heimedoktoren i Votndalen, 'Einhendingen' måtte amputere tærne hans. (Skreiv A. Mehlum) (Oppl. v/Ola Hagen)