Fekjo gnr. 61 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Fekjo gnr. 61 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Fekjo var opphavleg ein heimstøl på vestsida under Veslegard. Namnet kjem av 'fekjo' (fleirtal, dativ) av 'fet' som tyder grasslette. Fekjo vart frådelt 1924 som bureisarbruk. Alt måtte ryddast og byggast av 'rå rot'.
    I 1920-åra starta sylvrev-eventyret i Ål på dette bruket. Kring 1960 fødde bruket 8-10 kyr, 3 ungfe og 10 småfe.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna jbr. 75 mål, prod. skog 15 mål. Våningshus bygt 1924, påbygt 1966, driftsbygning 1926, påbygd 1955 og 1988.
    Stølar: heimstøl på Myset (tilkjøpt 1950). Langstøl på Reine (tilkjøpt 1956). Fekjo var busett til 2002. Jordvegen er i drift.