Torsteinsrud, øvre gnr. 62 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Torsteinsrud, øvre gnr. 62 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Torsteinsrud er nemnt i skattelistene frå 1577 og framover. Garden var skattlagt som slottelending og er nemnt saman med Sehl etter Bøygard. Det kan tyde på at garden vart brukt under ein av desse gardane.
    I 1588 heitte det 'Torsteinsrud øde'. I 1598 heitte det 'Søndre' Torsteinrud hadde årleg skatt på 1 kalvskinn.
    I 1616 finn me 'Johannes' i søre Torsteinsrud. Bygselsmann var Arne (Rasmusson) Frøysok på Gol som hadde 1/2 pund i Torsteinsrud.
    Nokre stadnamn: Trollebergtjødne, Harpereina (linåker), Træet, Kvednahusåkeren.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 96 mål. Avling 17 1/2 tunne bygg og 171 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål og anna areal omkr. 100 mål som dels vert leigd bort, prod. skog 25 mål, anna utm. 400 da. Buskap: kyr fram til 1970, 5 foringsdyr til 1991.
    Våningshus bygt 1983, gamal stugu, påbygd 1960, gamalt kårhus, loft ombygt 1935, låve 1924, fjøs og stall 1965, gml stallar med trev.
    Stølar: heimstølar Øyne i Nysetlien (bortpanta), 'Uppå Stølen' opp for garden. Langstøl på Hengsen.
   

{3432} År: 1758c

Liv Nilsdtr. Krosshaug Torsteinsrud 1718-1807
Foreldre: Nils Bjørnson Krosshaug og Anne Aslesdtr. Juvsjord.
Gm Ola Botolvson Espegard Torsteinsrud 1728-1811
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.

Liv vart attgift med Ola Botolvson kring 1758. Ola lånte ut 400 rd til Gunnar Ødelien. I 1783 kjøpte Ola Springgarden. Dei kom til Lappegard gnr. 65/4 ved makeskifte mot Springgarden og 625 rd i 1783.
    Ola var skatte-ytande handverkar/handelskar i 1752.

{3433} År: 1778c

Knut Knutson Torsteinsrud 24.04. 1750-1825
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Liv Nilsdtr. Krosshaug.
Gm Borghild Eiriksdtr. Gullhagen Torsteinsrud 28.08. 1757-1791
Foreldre: Eirik Olson Gullhagen og Anne Håkonsdtr. Arnegard.
Gm Astrid Nilsdtr. Krosshaug Torsteinsrud 19.06. 1768-1852
Foreldre: Nils Hermannson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Knutson Torsteinsrud 1779-1860s
G 1813 m enkje Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove. Sjå neste hushald.
2. Eirik Knutson Torsteinsrud Bjøberg 1780.-1852
Barn: Eirik 1816- m/Guri Andersdtr. Leksvol som budde på Bjøberg i 1836.
    G 1820 m Birgit Botolvsdtr. Espegard. Barn: Knut 1821-1902 bonde på Bjøberg, gm Ragnhild Husstad (av 13 barn vaks 9 opp).
    G 1822 m Kari Levorsdtr. Huus. Barn: Levor 1823-1888 til Klanten i Gol, gm Ragnhild Nilsdtr. Heggestad, Hemsedal; Ole 1837- på Bygdheim, gm Margit Nilsdtr. Venås; Birgit 1840-1923 g 1858 m Anders Knutson Torset (1 son);
    Eirik var ute i krigen 1807-14. Som arbeidsledig vart han idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    Eirik var tenestgut hjå enkja på Bjøberg i Hemsedal (Margit Botolvsdtr. Espegardsjordet Bjøberg). Då ho vart attgift til Holde kring 1817, kjøpte Eirik garden Bjøberg. Fyrste kona Birgit døydde i barnseng 1821. Eirik gifte seg opp att med Kari.
    Det vart fortalt om turen over til Hemsedal då Eirik skulle føre Kari Huus til Bjøberg. Eirik hadde nok fått seg litt i hovudet på Huus. Dermed datt han av hesten då dei var komne eit stykke på heimvegen. "Det var eit dårleg mark!", var det ein som sa. "Nei", svara Eirik, "Ikkji når eg fall framover hesten. Bakover vore verre." (1553)1902
    Det gjekk mange hermer etter Eirik Bjøberg, som han vart heitande i Hemsedal. "Det æ noko handfaste kara, desse Tøsteinsru-karatn. Me ha 'kji an' klukke enn den i vømben, me eta når me bli svøltne og kvile når me bli trøytte."
    Ein gong kom Eirik heim att frå hesteleiting utan hest. Han forklara det slik: "E sette hesten min burtunde ein skyflokji, men då eg kom att, va'n burte både hesten og skyflokjin!"
    Bjøberg er den siste garden før Hemsedalsfjellet. Frå gamalt var her nattelosji for ferdafolk. I Eirik si tid opna fjellvegen over til Vestlandet, og trafikken auka på. Dei levde av husdyrhald, turisme, jakt og fiske.
3. Oleiv Knutson Torsteinsrud Gurigard 1783-1852
G 1812 m enkje Jørand Olsdtr. Gurigard. Sjå Gurigard gnr. 63/1.
4. Nils Knutson Torsteinsrud Dahle 1787-1860
Gm Anna Larsdtr. Kylling Dahle 1809-1856. Barn: Lars 1843-1925 lærar og misjonær på Madagaskar, generalsekretær i Det Norske Misjonsselskap, g 1871 m Gabrielle Gustava Svendsen, Stavanger; Bertha 1848-1925 lærarinne på Madagaskar, gm Lars Stueland, Kvinnherad. (Dei har barnebarnet Bergfrid g. Fjose.) (1106)
    Nils dreiv handel i unge år. Han reiste fyrst til Hemsedal som dreng, og så vidare til Romsdalen til våren. Der kjøpte han seg kår hjå haugianar-venen Ola Dale, dreiv handel om vinteren og gardsarbeid om sumaren. Nils var ein av venene til Hans Nielssen Hauge. Nils kjøpte øvre Dale i Isfjorden i 1826. Og i 1840 kjøpte han nabogarden nedre Dale og flytta dit.
    Nils vart beskriven slik: 'en ren kjempe, han hadde meget av fjellfolkets urkraft i seg, var tykkfallen og bredskuldret, og utrustet med ualminnelige legemskrefter, som selv ikke krigens lidelser hadde kunnet knekke. (Krigen 1807-14.) Men var han sterk, så var han tillike herre over sin styrke'. (Bertha Stueland sitt jubileumsskrift om Lars Dahle. Frå Lars Øyane.)
    Ein gong Nils stod og hogde ved, kom ei lokal slåsskjempe bortom og ville prøve krefter. "Du får fløta deg", sa Nils. Då det ikkje skjedde, sette Nils frå seg øksa, fata mannen i nakke og buksebak og kasta han over vedahaugen. Så hadde han arbeidsro.
    Om Nils heitte det at han brukte ikkje undertøy. Han var snill som dagen var lang. Brørne hans skulle ha vore av same slaget, sa dei borte i Romsdalen.
    Kona hans Anna hadde bein i nasen, ho skal ha vore 'ein født dialektiker' og meir begava enn Nils. Det fortelst at ho tok tak i 'dei vakte' når ho oppdaga spor av lurvut moral. Dette ramma både lensmannen og ein prest som nekta dåp når fatigfolk ikkje kunne betale. (1379) s 232
5. Liv Knutsdtr. Torsteinsrud Arnegard 1789-1843
Gm ... ... ... . G 1813 m Tor Olbjørnson Dokk, han døydde, sjå barnebarn. G 1817 m Ola Olson Arnegard gnr. 40/1.
6. Ola Knutson Torsteinsrud Prestgarden 1791-1879
Ola Knutson var ute i krigen 1807-14. Han var i tenest hjå prestane Grøtting og Stenersen. Ola var fyrst dreng, men etterkvart vart det til at han dreiv Prestgarden heilt etter eige hovud. Og det var framifrå gardsdrift, men han var nok svært einerådig.
    Ein sumar skulle Stenersen ut på soknebod midt i forkøyringa, og han bad om å få ein hest klargjort. Då tente Torsteinsrud'n: "No er det turt for, og til våren bi det forløyse om ikkje arbeidet vart gjort i tide!" Og den som ikkje fekk hest, det var presten. (1553)48
    Ein gong gjorde Ola seg i stand til for-køyring frå Olset. Ein glytt på niste-maten gjorde han fykande sinna. Det var lite smør på potetkaka. Han fauk inn til presten og ropte: "E detta noko å reise til Olset på?" Presten gav han medhald og gav kokka pålegg om å smørja tjukkare på. Då vart Ola i godlag att.
    Karen Stenersen har skildra julefeiringa i prestgarden. Då kom stamtenarane 'Gamle Gjertrud' (ei tenestjente frå Elverum) og 'Torsteinsruden' med kvit sauma kofte, raud vest og sylvspente sko, kongeleg haldning med armane i kross over brystet. Torsteinsruden hadde visst fridd til ho Gjertrud både ein og to gonger, men ho fylgde ikkje opp.
    Etter at Stenersen var død, kom presten Engelstrup. Ola baud sine tenester til den nye presten, men fekk svaret at 'dreng' var det Engelstrup ville ha. 'Husbonde' ville han vera sjølv. Då kjøpte Ola seg inn på Sando og levde på oppsparte midlar.
    Som slåttekar var Ola noko hastig. Han 'slo frammi', dvs. førte ljåen slik at det vart ståande att ei stripe gras for kvart hogg. 'Ko gjere du med detta, då?', var det ein som spurde. 'Detta ta me til åre!', svara Ola.
    Ola Knutson kjøpte seg kår Sando i 1838. Kolbørn Olson Sando einaste arving etter testamente.
*Barn i andre ekteskap
1. Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud Trintrud 1794-1879
G 1816 m Lars Knutson Huus Holedokken nordre Trintrud.
2. Nils Knutson Torsteinsrud 1795-1802
3. Kari Knutsdtr. Torsteinsrud Svillegarden 1799-1866
G 1820 m Torgeir Olson nordre Svillegarden. G 1854 m enkjemann Torstein Torsteinson søre Holo. Sjå også Smedplassen.
4. Nils Knutson Torsteinsrud 09.01. 1803-
5. Anne Knutsdtr. Torsteinsrud Kyrkjedelen 03.10. 1810-1873
G 1839 m Syver Botolvson Kyrkjedelen. Sjå gnr. 64/1.
*Barnebarn
1. Tor Torson Arnegard 01.10. 1814-1904
G 1849 m Liv Embriksdtr. Juvsjord/Håkonsgard. 5 barn. Gm Anne Sevatsdtr. Anderson 1834-1924.
    Foreldre: Tor Olbjørnson Dokk og Liv Knutsdtr. Torsteinsrud.
    Far hans døydde før Tor vart født. Sjå søre Dokk gnr. 67/1. Tor var inderst på Arnegard i 1849. Til Am. i 1850.

Knut og Borghild gifte seg i 1778. På skiftet etter Borghild 11. oktober 1791 var buet på 658 rd. Knut vart attgift med Astrid i 1793.
    Knut fekk skøyte på garden hjå stefaren Ola Botolvson i 1807, men hadde nok drive garden i mange år før det.

{3434} År: 1812

Knut Knutson Torsteinsrud 1779-1860s
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og 1.g Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove Torsteinsrud 15.02. 1778-1867
Foreldre: Lars Olson Rimehaug Bakketeigen og Anne Toresdtr. Huus.
*Barn
1. Knut Knutson Torsteinsrud 02.12. 1813-1865
G 1841 m Guri Nilsdtr. Holto. Sjå neste hushald.
2. Lars Knutson Torsteinsrud 16.07. 1816-1898
Ugift. Rentenist og delvis dagarbeidar i 1891.
3. Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud Gurigard 13.02. 1820-1847
G 1844 m Knut Oleivson Gurigard. Sjå Gurigard gnr. 63/1.
4. Anne Knutsdtr. Torsteinsrud Kvammen 17.01. 1823-1881
G 1852 m Tolleiv Olson Kvamen. Gnr. 29/1.

Knut og Guri gifte seg i 1813. Ho var enkje etter Eirik Mikkelson Hove og hadde dottera Ragnhild med han.
    I 1809 gjekk Knut arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid. (Hallingdølen 18.02.95)
    Knut var komen i gjeld til Arne Arnegard i 1821. Han var pålagt å selja to kyr på auksjon for å gjera opp for seg, men sidan Arne ikkje viste seg, tok Knut kyrne heim att for at dei skulle få beite. Sidan hadde lensmannen varsla Knut to gonger om kyrne utan at dei vart leverte.

{3435} År: 1844

Knut Knutson Torsteinsrud 02.12. 1813-1865
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove.
Gm Guri Nilsdtr. Holto Torsteinsrud 18.08. 1815-1889
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Torsteinsrud Veslehaugen 13.04. 1842-1900
G 1864 m Sevat Mikkelson Veslehaugen.
2. Knut Knutson Torsteinsrud 07.10. 1846-1925
G 1871 m Sissel Mikkelsdtr. Veslehaugen. Sjå neste hushald.
3. Nils Knutson Torsteinsrud Bergaplass 10.02. 1850-1923
G 1883 m Guri Nilsdtr. Gurigard. Sjå Bergaplass.
4. Gro Knutsdtr. Torsteinsrud Veslegard 18.03. 1853-1937
G 1877 m Mikkel Torson Veslegard.
5. Lars Knutson Torsteinsrud Veslegard 08.06. 1860-____
Ugift. Tenar i Veslegard i 1891. Han var dagarbeidar og budde i kårhuset på Veslegard i 1900.

Knut og Guri gifte seg i 1841. Knut overtok garden etter foreldra i 1844. Knut var kyrkjetenar i Leveld.
    Denne utsegna kom frå Guri ein gong ho låg sjuk: "Blir eg frisk att, skal eg springe roleg!" (=heile tida). Og frisk vart ho. Knut laga til virke til ny stugu på garden, men døydde før stugu kom opp. Guri fekk sett opp stugu. (1597)98

{3436} År: 1876

Knut Knutson Torsteinsrud 07.10. 1846-1925
Foreldre: Knut Knutson Torsteinsrud og Guri Nilsdtr. Holto.
Gm Sissel Mikkelsdtr. Veslehaugen Torsteinsrud 11.06. 1847-1896
Foreldre: Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen og Sissel Torsteinsdtr. Holo.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Torsteinsrud 05.03. 1872-1912
Ug. 1900: 'Lærerinde i haandarbeide'. Guri budde på garden. Ho underviste i handarbeid på Leveld skule.
2. Knut Knutson Torsteinsrud 16.03. 1874-1966
G 1900 m Birgit Olsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
3. Mikkel Knutson Torsteinsrud Lappegard 21.04. 1876-1965
G 1903 m Guri Nilsdtr. Kyrkjedeld. Sjå Lappegard 65/4.
4. Nils Knutson Torsteinsrud 21.01. 1879-1942
Gm Kari Knutsdtr. Nedrebråten. Sjå Glomsletten gnr. 57/2.
5. Knut Knutson Torsteinsrud 29.07. 1881-1881
6. Torstein Knutson Torsteinsrud 05.11. 1883-1966
G 1909 m Sissel Embriksdtr. Hovdegard 1879-1909. Barn: Embrik 1909-1995 og Sissel 1909-1997 gm Ola Bråten. (Sjå eige hushald 'Bråten'.)
    Gm Hilda Tindvik. Ingen barn. Torstein hadde fleire småjobbar, lengste tida dreiv han ved-forretning i Bærum. Sonen Embrik overtok etter han.
7. Sigvat Knutson Torsteinsrud 12.07. 1889-1983
=Sevat. G 1923 m Birgit Syversdtr. Gurigard 1897-1983. Sjå Lappegard gnr. 65/1.
8. Ola Knutson Torsteinsrud 23.12. 1893-1979
Barn m/Ragnhild Kleppo: Arnfinn 1924- lensmanns-betjent i Fredrikstad, gm Ragnhild Sinclair (1 dotter). (1659)87
    G 1926 m Lovise Rustad død 1929, Elverum. Barn: Knut 1927- røyrleggjar i Sverige, gm Inger Anita Anderson (2 barn).
    G 1936 m Magnhild Kristine Kristoffersen 1907-1965, Haug på Toten. Barn: Sissel Solveig 1935- gm lege Tage Runo Verner Erikson (4 barn); Kjell Ola 1938- gm Inger Bergstrøm (2 barn); Finn Torbjørn 1945- gm Gerd Eivor Petterson (3 barn).
    Ola hadde vore 'rupe-gut' på Hengsen for forretningsmannen Arne Christensen. Det vart starten på eit eventyr, både for Ola og for bygda Ål. Ola vart tilsett som røktar i sylvrevfarmen til Christensen på øya Rauer i Olsofjorden. Hit kom det fyrste sylvrevparet her i landet. Og sidan spreidde sylvrev-næringa seg fort til Ål. (Sjå soga om Fekjo.)
    Seinare var Ola styrar på farmen til Harald Stange i Sverige. I Molkom i Värmland kom Ola til å bygge sin eigen sylvrevfarm. Han vart ein av pionerane innan pelsdyrnæringa.

Knut og Sissel gifte seg i 1871. Knut overtok garden etter mora i 1876.