Gurigard, nedre-søre gnr. 63 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gurigard, nedre-søre gnr. 63 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Gurigard vart delt i 1868 i nedre (bnr. 3) og nedre søre (bnr. 6) garden med 3 laupsbol på kvar. Sjå innleiinga under bnr. 1.
    Underbruk og plassar: Gurigardgjerda og Bakrang (fråselt til Nedre Dokk i 1941).
    Nokre stadnamn: Hundebetet (eit jordstykke som nok vart gjeve i bot for eit hundebit), Stølsberget.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna jbr. 30 mål, prod. skog 100 mål, anna utm. 45 mål. Jorda vert leigd bort. Buskap: kyr, sidan 50 vinterfora sauer fram til 1993.
    Våningshus bygt 1921, loft, 1900, driftsbygning 1898, fjøs og stall 1929.
    Stølar: heimstøl på Gurigardsstølen. Langstøl i Gravabotten.
   
   
   

{3489} År: 1877

Levor Solveson Medgard Tveito 23.03. 1806-1894
G 1836 m Helge Torsteinsdtr. Gurigard. Foreldre: Solve Olson nedre Medgarden (i Liagardane) til nordre Medgard (i Leveld) og Birgit Olsdtr. Medgard.

Levor Solveson Feten (Sjå myljo Tveito gnr. 55/10.) kjøpte Gurigard i 1877. Han selde til garden til svigerdottera Anne Olsdtr.

{3490} År: 1884

Knut Levorson Gurigard 23.11. 1852-1891
Foreldre: Levor Solveson Medgarden Gurigard Tveito og Helge Torsteinsdtr. Gurigard.
Gm Anne Olsdtr. Kyrkjedeld Gurigard 12.07. 1861-1944
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld og Anne Aslesdtr. Kyrkjedeld.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Helga Knutsdtr. Gurigard Skrattegard 03.11. 1885-1971
G 1916 Norderhov m enkjemann Lars Larsson Skrattegard. Sjå gnr. 107/9.
2. Anne Knutsdtr. Gurigard Ruud 26.08. 1888-1969
G 1920 m Eirik Olson Ruud. Sjå Rudmyre gnr. 95/1.

Knut og Anne gifte seg i 1884. Knut gjekk tidleg bort og Anne vart attgift. Sjå neste hushald.

{3491} År: 1896

Anne Olsdtr. Kyrkjedeld Gurigard 12.07. 1861-1944
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedeld og Anne Aslesdtr. Kyrkjedeld.
Gm Syver Knutson Myro Gurigard 21.10. 1868-1959
Foreldre: Knut Syverson Lappemyrane Ødelien og Birgit Syversdtr. Lappegard.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Syversdtr. Gurigard Torsteinsrud 21.02. 1897-1983
G 1923 m Sevat Knutson Torsteinsrud. Sjå Lappegard gnr. 65/1.
2. Knut Syverson Gurigard 04.10. 1900-1982
G 1924 m Guri Aslesdtr. Kyrkjedeld. Sjå neste hushald.
3. Margit Syversdtr. Gurigard 12.03. 1906-1997
Ug. Kva dreiv ho med???

Anne vart attgift 1896 med Syver Knutson. Han var handels-kar, timremann og gardbrukar. I daglegtale vart han kalla "Sjugurd". Han var også gravar. Syver hadde godt minne og ein god replikk. Det vart liv og røre når han kom til arbeids kringom i gardane. Han var makalaus flink til å ordleggja seg, og gav mangt eit råkande svar.
    Ein dag skulle han kjøpe tre-toms spiker på butikken. Ekspeditøren såg i prislista, og sa orsakande at "Dei har lagt på spikeren no!" Han meinte lagt på prisen. Då svara svara Syver: "Ja, det var rettigt bra at dei har lagt på'n, e ha ofto tått tre-tomsspkeren æ lite for stutt!"
    Ein gong kom det telefonbeskjed om Syver ville hente grannen sin til telefonen. Spørsmålet kom slik: "E undrast på om det ginji an å fa tak i 'n Nils der sø?" Og Syver svara lognt og blidt: "Å jau, e trur dæ skulde gå an dæ,- han æ no so spak!"
    På butikken ein dag stod ein handelsreisande som plent ville prate. Han dreiv på med turrprat om ver og avling, og sa m.a. at "Det vokser bra nå om dagen." Og Syver var samd i også det. Så kom det med ein bitter snert: "Ja, det er bøndene som skal ha alt!" Då svara Syver: "Å, dæ bli no so mykji no, so dæ må vel bli noko åt krytyro med!"
    Syver bygde ny stugu på garden. Gamlestugu kom til Kyrkjedeldmyrane. Han selde garden for 10000 kr og kår til sonen Knut i 1924.