Kyrkjedeld, myljo gnr. 64 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kyrkjedeld, myljo gnr. 64 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Kirkedelen, eller eigentleg den nordre delen av søre Kyrkjedelen vart frådelt i 1720 då Knut Syverson delte garden. Sjå bnr. 1 år 1719. Landskyld 4 1/2 laupsbol.
    Fyrste bygselbrevet er frå 1737. Dvs. som Kyrkjedelen elles tilhøyrde denne garden kyrkja, og bonden måtte betale årleg leige. Frå 1810 var bonden eigar av eigen gard.
    Areal 1865: dyrka jord 9 1/4 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 48 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 150 mål. Leigd beite 25 mål. Buskap: 84 vinterfôra sauer fram til 2002.
    Våningshus bygt 1954, Kvinnegardsstugu flytta 1945, driftsbygning 1954, reidskapshus 1982.
    Stølar: Glennestølen (nedlagt), heimstøl i Nysetlie. Garden har ingen langstøl no, men tidlegare brukte dei Hjallestølen ei tid, og så ein bortpanta støl i Gravabotten.

{3514} År: 1779


I 1779 kjøpte Ola (Torgeirson) Løkensgard (Svillegarden) 1/4 i Kyrkjedelen hjå dei fire kyrkjeeigarane for 180 rd. Han selde att 1788 for 295 rd til Ola Rasmusson.

{3515} År: 1788


Ola Rasmusson Barskrind (f. 1741) skreiv seg "Haug" i 1788 då han kjøpte 1/2 pund i Kyrkjedelen for 295 rd. Han selde garden att for same pris i 1794 til Knut Pålson.

{3516} År: 1794

Knut Pålson Kyrkjedelen Jegermoen 01.11. 1753-1837
G 1777 m Ågot Ellingsdtr. Løken. Foreldre: Pål Knutson Kyrkjedelen og Anne Herbrandsdtr. Skrindo.

Knut og Ågot bygsla fyrst Gullhagamoen/Jegermoen i 1784. Etter to år i Kyrkjedelen kom dei til Branden under Sørbøen. Sjå meir om familien der.
    I 1792 fekk Knut tingsvitne over kva han hadde mist i ein brann: 7 småfe, 3 vårfødde kyr, stølsbu med redskap og klede, ei badstugu med 2 tunner korn og 1 hest. (Sjølv sa han 2 hestar.) Han og familien var no i 'ynkverdigste forfatning', og han forventa å få løyve frå amtet til å be medlidande menneske om 'Livets underhold.' (1673)56
    Knut og Ågot kjøpte 1794 ein gardpart i Kyrkjedelen for 295 rd. Dei selde att for 320 rd til Olbjørn Viggerson.

{3517} År: 1796


Olbjørn Viggerson Oleivsgard skal ha kjøpt Kyrkjedelen i 1796. Sjå meir om han på Kaslegard.
    Olbjørn makeskifte Kyrkjedelen mot Kaslegard i 1800 med Embrik Olson Oleivsgard Kaslegard, men dette bytet må ha vorte omgjort. Olbjørn selde garden 1810 til Ola Ivarson på vegner av sonen Vigger.

{3518} År: 1810

Ola Ivarson Kvinnegard Kyrkjedelen 11.09. 1774-1847
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Haldis Halvorsdtr. Styrkestad.
Gm Borghild Olsdtr. Ulshagen Kyrkjedelen 02.06. 1782-1863
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Haldis Olsdtr. Kyrkjedelen 27.07. 1806-1856
Ug. Haldis var sjukleg og hadde kår på garden. Ho var sengeliggande i 27 år før ho døydde.
2. Ivar Olson Kyrkjedelen 26.08. 1809-1853
Gm Birgit Torsteinsdtr. Gurigard. Sjå neste hushald.
3. Ola Olson Kyrkjedelen 09.09. 1821-1910
G 1850 m Anne Aslesdtr. Kyrkjedelen. Sjå år 1851.

Ola og Borghild gifte seg i 1805. Dei budde i Svarteberg før han kjøpte Kyrkjedelen i 1810. Ola lånte 200 spd hjå Ola Viggerson Lofthus i 1829.
    Det var nok Ola som bygde den stugu som heiter Kvinnegardsstugu, og som enno står på garden.

{3519} År: 1847

Ivar Olson Kyrkjedelen 26.08. 1809-1853
Foreldre: Ola Ivarson Kvinnegard Kyrkjedelen og Borghild Olsdtr. Ulshagen.
Gm Birgit Torsteinsdtr. Gurigard Kyrkjedelen 1810c-1861
Foreldre: Torstein Knutson nedre Gurigard og Birgit Sevatsdtr. Gudbrandsgard.
*Barn
1. Borghild Ivarsdtr. Kyrkjedelen Bruer 28.11. 1843-
Gm ... Bruer. Barn: Karl Kristian Bruer 1878- ug. kontorist i Sjøfartstidende; Lilly Elfrida Bruer 1887- .
    1861: I tenest på Rustad i østre Asker. 1865: tenestjente på Haugen i Spydeberg.
    1875: Syjomfru busett hjå kjøpmann Rynneke i Pilestredet 37.
    1900: losjerande hustru 'Borghild Bruer' med to barn i Reichweins gt. 3 i Kr.ania. Husverten var styrmann Halvor Villars. Mannen hennar var ikkje heime til folketeljinga i 1900. Truleg var Borghild gift med ein sjømann.
2. Birgit Ivarsdtr. Kyrkjedelen Moen 1850c-
Gm Anton Mattiassen frå Toten på Bråtenmoen i Norderhov. Barn: Martin 1887- ; Inga 1892- .
    Birgit budde på Ringerike i 1864. Anton arbeidde på tresliperi i 1865.

Ivar og Birgit gifte seg i 1841. Dei budde i Viggerstugu under Espegard dei fyrste åra. Ivar og Birgit kom til Kyrkjedelen kring 1847, og fekk skøyte på garden i 1851.
    Ivar skifta i levande live i 1851. Takst på garden vart 420 spd, men gjelda var 440 spd.

{3520} År: 1851

Ola Olson Kyrkjedelen 09.09. 1821-1910
Foreldre: Ola Ivarson Kvinnegard Kyrkjedelen og Borghild Olsdtr. Ulshagen.
Gm Anne Aslesdtr. Kyrkjedelen 28.01. 1824-1893
Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand myljo Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Varaberg.
*Barn
1. Nils Olson Kyrkjedelen 03.05. 1848-1921
Ug. Nils reiste til Østerdalen i 1874 eller 1880.
    Handelsmann, busett i Skippergate 31 i Kr.ania i 1900. Han dreiv kråmhandel og var mest i Flå og Kr.herad.
2. Ola Olson Kyrkjedelen 29.05. 1851-1923
Ug. Arbeidar. På legd i 1900.
3. Asle Olson Kyrkjedelen 21.06. 1853-1857
Asle var dverg. Han drukna fire år gamal i Gunnarhølen i november 1857. Broren hans prøvde å berge han, men måtte gje opp for å berge seg sjølv. (1016)
4. Ola Olson Kyrkjedelen 30.09. 1855-
Til Kr.ania før 1893. Ola er ikkje spurt sidan.
5. Haldis Olsdtr. Kyrkjedelen Norstad 22.10. 1858-
G 1880 m Ola Gunnarson Norstad, Stange 1855-.... . (Han var lærar i Leveld 1879-1883.) Barn: Sigrid 1881- , sjå barnebarn.
    Som 'enke på skolehuset' fekk ho ein son med Torkjell Halvorson Ødelien: Ola 1893- reiste til Drammen.
    I 1900 budde Haldis og sonen Ola i handelsbygningen på Stalsberg på Modum. Ho var sydame og lærarenkje.
6. Anne Olsdtr. Kyrkjedelen Gurigard 12.07. 1861-1944
G 1884 m Knut Levorson Tveito Gurigard. G 1896 m Sigurd Knutson Øylislåtta Myro Gurigard. Sjå gnr. 63/6.
7. Borghild Olsdtr. Kyrkjedelen Gudbrandsgard 29.09. 1863-
G 1885 m Ola Eivindson Gudbrandsgard. Barn: Guro 1885-; Ola 1888- ; ... . Barn i Oslo: Anna 1894- ; Emma 1897- .
    Ola var ullvarehandlar på Nordre gt. 11 i Kr.ania i 1900.
*Barnebarn
1. Sigrid Olsdtr. Norstad 09.08. 1881-
Sigrid var tenestjente hjå enkjefru Charlotte Aass i Drammen i 1900.
    Foreldre: Ola Gunnarson Norstad og Haldis Olsdtr. Kyrkjedelen.
2. Guro Olsdtr. Gudbrandsgard Gilbart 02.10. 1885-
Foreldre: Ola Eivindson Gudbrandsgard og Borghild Olsdtr. Kyrkjedelen.
    Slektsnamn: Gilbart frå 16.02.1925. Til Kr.ania i 1892. Utflutt til Am.?
3. Ola Olson Gudbrandsgard 07.09. 1888-
Slektsnamn: Gilbart frå 16.02.1925. Utvandra?
    Foreldre: Ola Eivindson Gudbrandsgard og Borghild Olsdtr. Kyrkjedelen.

Ola og Anne gifte seg i 1850. Då var fyrste sonen komen. Lars Opsata siterar Asle Kyrkjedelen i Ål III s 672:
    'Ola Olson var ein flink bonde. Han kausjonerte for sønene sine som dreiv handel. Og så kom han i stor gjeld for dei. Ola Olson umyndiggjorde seg sjølv til slutt, og selde garden v/verge for kr 3300 og eit lite kår til Mikkel Espegard'. Det skjedde i 1888. Konkursbuet var på Sundre, der var handelsvarer, brennevin, klede, m.m.

{3521} År: 1888

Mikkel Olson Espegard Kirkedelen 25.09. 1851-1928
Foreldre: Ola Larsson Trintrud Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.
Gm Torand Olsdtr. Håheim Kirkedelen 24.06. 1857-1902
Foreldre: Ola Olson øvre Håheim og Rønnaug Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Olaf Mikkelson Kirkedelen 17.04. 1885-1944
Ug. Sjå neste hushald.
2. Ola Mikkelson Kirkedelen 19.07. 1886-1966
Gm Sissel Olsdtr. Roen. Handelsmann. Sjå Solvang gnr. 55/41.
3. Jørand Mikkelsdtr. Kirkedelen 11.02. 1889-1978
Ugift. Jørand var ute på tenest i unge år. Sidan hjelpte ho til heime på garden.
4. Rønnaug Mikkelsdtr. Kirkedelen 04.07. 1890-1937
Ug. Kva dreiv ho med???
5. Liv Mikkelsdtr. Kirkedelen Lyngstad 22.05. 1895-____
Gm Anders Lyngstad, Gran. Barn: Tarand 1922- gm Otto Kjekshus; Julie 1924- gm Ole Bømarken; Marie 1927-1973 gm Toralf Tuffhagen; Kristoffer 1925- bonde i søre Kyrkjedelen, sjå år 1944; Arne 1929- ug; Oline 1932- gm Gunvald Langli, gm Markus Nilsen; Mikkel 1936- gm Kristen ... (1078) 64/2
    Kva dreiv Anders og Liv med? Kva med syskena til Kristoffer: yrke, make, antal barn ..... årstal ...
6. Sissel Mikkelsdtr. Kirkedelen Gurigard 26.12. 1897-1979.
G 1931 m Eivind Sevatson nedre Gurigard. Sjå gnr. 63/3.

Mikkel og Torand gifte seg i 1884. Mikkel dreiv fehandel i 1900.