Kyrkjedeld, nordre gnr. 64 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kyrkjedeld, nordre gnr. 64 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Om den opphavlege garden Kyrkjedelen og gardsnamnet, sjå innleiinga under bnr. 1. Slektsnamnet har vore dels Kirkedelen og dels Kyrkjedelen.
    Nordre Kyrkjedelen var kyrkjegods frå gamalt. Landskyld 8 2/5 laupsbol.
    Bnr. 4 Kirkedelen var mellombels frådelt bnr. 3 1864-1868. Sjå år 1830. Bnr. 6 Sygardsåkeren vart tilkjøpt frå bnr. 1 i 1910.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 112 mål, utslått 16 mål. Avling: 14 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 280 mål, anna utmark 300 mål. Leigd jord 90 mål. Buskap: 17 mjølkekyr, 23 ungdyr.
    Våningshus bygt 1964, påbygt 1988, kårhus 1905, påbygt 1959 og 1990, hallingstugu 1893, restaurert 1980, loft flytta 1980, gamle stallar med trev, driftsbygning 1970, garasje/verkstad 1984, gardssag med saghus frå 1977.
    Stølar: heimstøl Gunnarstølen og langstøl på Fagerdalen. Tidlegare heimstølar: Glennestølen ovanfor garden er nedlagt, Sisselstølen i Vestlien vart fråselt 1869 med bnr. 5. Opphavleg langstøl på Reine vart fråselt 1783 til Veslehaugen då dei kjøpte stølen Beihovd. Sidan kom dei til Fagerdalen.
   

{3533} År: 1754

Embrik Eivindson Kyrkjedelen Gurigard 1731-1763
Foreldre: Eivind Embrikson Kyrkjedelen og Sissel Olsdtr. Arnegard.

Embrik overtok Kyrkjedelen i 1754. G 1754 m Guro Halvorsdtr. Gurigard. Sjå meir om familien på Gurigard gnr. 63/3.

{3534} År: 1770

Ola Olson Lappegard Kyrkjedelen 04.03. 1744-1820
Foreldre Ola Syverson Lappegard Kyrkjedelen og Sissel Olsdtr. Arnegard Kyrkjedelen.
Gm Margit Embriksdtr. Espegard Kyrkjedelen 14.07. 1749-1839
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard og Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Kyrkjedelen Juvsjord 10.09. 1769-1872
G 1806 m Lars Person nordre Berg i Hovet 1770-1807. (Sjå Hol V s 26)
    G 1810 m Holge Olson Sletto Juvsjord. G 1815 m Steingrim Embrikson Syversgarden Rotneim Juvsjord.
    Sjå Juvsjord gnr. 42/1.
2. Embrik Olson Kyrkjedelen 15.09. 1771-1831
G 1806 m Guro Johannesdtr. Berg frå Hol. Sjå neste hushald.
3. Eivind Olson Kyrkjedelen Trintrud 19.06. 1774-1864
G 1819 m Ågot Knutsdtr. Gurigard. Sjå Trintrud gnr. 57/4.
4. Ola Olson Kyrkjedelen Sehl 1775-1821
G 1814 m enkje Haldis Halvorsdtr. Sehl. Sjå gnr. 45/1.
5. Sissel Olsdtr. Kyrkjedelen Lappegard 24.01. 1779-
Sissel kan ha flytta til Borre i Vestfold.
6. Birgit Olsdtr. Kyrkjedelen Sletto 09.09. 1781-1873
Gm Ola Olson søre Sletto i Hovet. Barn: Ola 1815-1857 til Am., g 1842 m Margit Knutsdtr. Bry; Ola 1816-1866 g 1846 m Margit Torjusdtr. Sandelien; Kari 1821- til Am., g 1851 m Holge Asleson Moen.
7. Guri Olsdtr. Kyrkjedelen Dokken 05.09. 1784-1868
G 1813 m Vebjørn Pålson Sletto Dokken, Skurdalen 1787-1854. Barn: Ola 1814-1894 bonde i Dokken, g 1857 m Gunhild Knutsdtr. Pålgardshaugen (8 barn); Pål 1817-1899 sjå Sæte og Kaupang, gm Birgit Knutsdtr. Flåten; Halvor 1822- gm enkja Gjertrud Halvorsdtr. Kleppo Kleiven. (Hol VII s 554)
   
8. Guri Olsdtr. Kyrkjedelen Kyrkjebøen 1785-
Gm em Ola Olson Kyrkjebøen, Hemsedal 1775-1846. Barn: Ola 1813-1845 på søre Skadengård, gm Ingebjørg Olsdtr. Imre; Hans 1822- til Hallbjørhus, sidan Am., gm enkje Barbro Hansdtr. Hallbjørhus; Knut 1825-1908 på søre Skadengård, gm enkja etter broren Ola (Barn 1 son). Guri var død før 1851. (Hemsedal s 273 og 149)
9. Embrik Olson Kyrkjedelen 02.07. 1786-
Truleg død liten.
10. Margit Olsdtr. Kyrkjedelen Heggedalen 03.02. 1788-
Truleg gm Ola Torbjørnson Kjellargard-Heggedalen (Hol) og død i 1842. Sjå Hol V s 126 - tillegg BB.
11. Birgit Olsdtr. Kyrkjedelen 19.01. 1794-1872
Barn: Ola 1828- ; Gro 1832- , sjå barnebarn. Birgit døydde på Sata som ugift inderst.
12. Embrik Olson Kyrkjedelen 02.10. 1796-
*Barnebarn
1. Ola Hermundson Kyrkjedelen Sataøyen 29.09. 1828-1905
G 1865 m Hallbjørg Olsdtr. Hagen.
    Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olsdtr. Kyrkjedelen.
    Ola var snikkar og sylvsmed, busett på Skjervheim i 1850. Sidan Sataøyen gnr. 32/20.
2. Gro Hermundsdtr. Kyrkjedelen Haugen 24.09. 1832-
Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olsdtr. Kyrkjedelen.
    I 1872 var Gro gift med Embrik Embrikson Haugen og reist til Amerika for omtrent 9 år sidan. Eller reiste dei i 1861?

Ola bygsla nordre Kyrkjedelen på livstid i 1770. I 1782 kjøpte Ola stølen Beihovd saman med Ola Løkensgard for 20 rd. Seljar var Mikkel Hove. Neste år selde Ola langstølen på Reine til Nils Knutson Veslehaugen for 33 rd.
    Våren 1800 miste han ei hest. To ungar i grannelaget hadde jaga hesten hans or hamna. Hesten gjekk med låshelde, han vart skræmt og drukna i vårflaumen.

{3535} År: 1807

Embrik Olson Kyrkjedelen 15.09. 1771-1831
Foreldre: Ola Olson Kyrkjedelen og Margit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Guro Johannesdtr. Berg Kyrkjedeld 1778-1857
Foreldre: Johannes Halvorson Berg i Hol og Sissel Embriksdtr. Kyrkjedeld.
*Barn
1. Sissel Embriksdtr. Kyrkjedelen 29.03. 1807-____
Truleg død liten.
2. Sissel Embriksdtr. Kyrkjedelen 03.02. 1808-
I 1839 var Sissel i tenest på Hadeland. Død før 1857.
3. Embrik Embrikson Kyrkjedelen Haug 02.08. 1811-1900
G 1853 m Guri Larsdtr. Haug. Sjå nordre Haug gnr. 59/3.
4. Johannes Embrikson Kyrkjedelen Løkensgard 28.10. 1813-1893
G 1853 m enkje Gunhild Embriksdtr. Skrindo Løkensgard. Sjå Løkensgard gnr. 58/6.
5. Margit Embriksdtr. Kyrkjedelen 24.08. 1815-1898
Ugift. Barn: Ole Aal og Embrik Knutson. Sjå barnebarn. Margit budde hjå broren Johannes E. Løkensgard. Ho var ugift inderst i Sletten i 1891.
6. Helge Embrikson Kyrkjedelen 19.11. 1817-1900
Gm ... ... . Barn: Oskar Vilhelm 1858- .
    Gm Anna ... ..., Danmark 1845-.... . Barn: Lovise Catherine Christine 1866c- død 15 år gammal; Teodor Ferdinand 1868- ; Julius Berthold 1870- ; Helge Edmund Marius 1873- ; Agnes 1874- . (epost Oliv Bakkeplass.)
    Helge vart konfirmert 1838 på Norderhov. I 1839 var han i tenest hjå Helge glassmester ved Hønefossen.
    Helge var ugift tenar i København i 1857. Helge og den mykje yngre kona Anna dreiv vertshus i København.
7. Birgit Embriksdtr. Kyrkjedelen Veslegard 24.11. 1821-
Gm Ola Mikkelson Veslegard. Til Am. 1857. I 1882 kom dei heim att og busette seg på Gaustadhaugen.
    Så reiste dei til Am. att båe og han døydde der borte i 1888.
    Birgit budde i Zumbrota i 1894. Ola drakk, men Birgit skreiv fylgjande: "Tro nå ikke att Ole har satt meg i armoden".
8. Birgit Embriksdtr. Kyrkjedelen Veslegard 1827-
G 1857 m Ola Mikkelson Veslegard. f 1831. Barnlause. Til Am. 1857: Olmstead Co., MN. Då Ola døydde reiste Birgit heimatt til Noreg og tok seg tenest "nedpå bygdene".
*Barnebarn
1. Embrik Knutson Kyrkjedelen Aahl 1850-1939
Gm Andrea Jensen 1882-1946. Barn: Martin Clarence 1902-1992 gm Lillian Ruby Lerohl; Arthur 1903-.... gm Mary Jeanne ... (... barn); George Leonard 1907-1986 gm Elizabeth Marie Schmoker; Addie 1907- gm James Irwin; Lille Christine/Tillie 1909- gm Bernard Wieman; Helen 1910-1928 bilulykke; Clifford 1913- gm Alice Evelyn Rogers; Albert 1914- 2002 gm Grace Berger; Margareth 1917-1918; Eleanor 1920- gm Hollis Swett; Leon 1923-1998 gm Edith Clouser; Lois 1923- gm James Cameron. (epost frå Robert Aahl)
    Foreldre: Knut Torsteinson Gurigard (ungkar) og Margit Embriksdtr. Kyrkjedeld.
    Busett i Fargo i ND. Embrik vart kalla Kubbe-Embrik. I Amerika skreiv han seg 'Albert K. Aahl'.
2. Ola Embrikson Kyrkjedelen Aahl 01.05. 1857-1929
Gm Anna Louise ... , ....-1916. Barn: Martin Albert 1882-1883; Oscar ....-1918 gm ... ... ; Anna gm E.A. McDonald.
    Utvandra 1877: Fargo ND. Ola var vakt-meister i Moorhead, jarnbanearbeidar og snikkar. Han tok seg farm i LaMoure County, ND og skreiv seg 'Ole Edward Aahl'. (epost J. Marler)
    Foreldre: Embrik Olson inderst i Trintrud (ungkar) og Margit Embriksdtr. Kyrkjedeld.

Embrik og Guro gifte seg i 1806. Han overtok bygsla i Kyrkjedeld etter far sin i 1807. Etter bygselsetelen kunne Guro sitja på garden så lenge ho levde. Kyrkjedeld var selt til Asle Strand i 1830. Embrik og Guro dreiv nok garden for Asle. (Sjå neste hushald.)
    Embrik drukna i juni 1831 i elva Mjølga på veg til (marken på) Lærdalsøyre. Buet hans var 31 spd i underskot, og enkja sat att med seks umyndige barn.

{3536} År: 1830

Asle Nilsson Strand Kyrkjedelen 25.04. 1799-1875
Foreldre: Nils Knutson Nilsegarden Strand og Anne Aslesdtr. Aslegarden Strand.
Gm Anne Tolleivsdtr. Vareberg Strand 31.08. 1801-1884
Foreldre: Tolleiv Olson Helling Huus Vareberg og 2.g Birgit Larsdtr. Bakketeigen.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Kyrkjedelen 28.01. 1824-1893
G 1850 m Ola Olson Kyrkjedelen. Sjå gnr. 64/2.
2. Nils Asleson Kyrkjedelen 05.03. 1827-1889
G 1853 m Guri Knutsdtr. .. Haug. G 1868 m Margit Eiriksdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
3. Tolleiv Asleson Kyrkjedelen 20.03. 1830-1854
Tolleiv fraus i hel på fjellet mellom Maurset og Nygard i januar 1854. (1016)
4. Birgit Aslesdtr. Kyrkjedelen 27.08. 1833-1888
G 1856 m Nils Olson myljo Helling i Øvre Ål.
5. Guri Aslesdtr. Kyrkjedelen 14.10. 1836-1861
Guri hadde fallesjuke. Ho fall i brunnen og omkom 24 år gamal då ho skulle hente eit mjølkekjerald. (Notat 1016) .
6. Ola Asleson Kyrkjedelen Lappegard 29.08. 1840-1874
Ola Asleson forpakta Kyrkjedeld i 1865. Ola var ugift i 1874.
7. Lars Asleson Kyrkjedelen Lappegard 11.01. 1846-1926
G 1870 m Rangdi Olsdtr. Løkensgard. Sjå Lappegard søre gnr. 65/2.

Då brureferda til Asle og Anne kom over isen på Oppsjø, sa presten:"Der kommer en 10-dalers' brudgom".
    Asle var korporal og skrivekunnig. Han var leiande i Thrane-rørsla i Ål, og han møtte på møtet som 'Centralforeningen' skipa til i Kr.ania i 1851. Det såkalla 'Vesle-tinget' vara åtte dagar. Lensmann og øvrigheit ottast desse arbeidar-foreningane. Lensmann Pleym og sorenskrivaren gjorde avhøyr på tilsaman 17 sider om korvidt dei to frammøtte ålingane kunne meine at 'revolution' og 'vold' var verkeråder ein skulle nytte. Dei hadde rett nok møtt den frykta hattemakaren Hallstein Knudsen. Elles hadde dei drøfta pensjonsordningar, almenn stemmerett, husmannsvesenet o.l. område der Stortinget låg noko 'bakpå'. Om dette hadde dei 'ventileret sin misnøye' til Stortinget.
    I 1830 kjøpte Asle Ål kyrkje og dermed også garden Kyrkjedeld. Dei fyrste åra hadde han siste bygselmannen og familien hans til å drive garden fram til 1836 då Asle og Anne flytta til gards. Stavkyrkja selde Asle til 'Aals sogns almue' for 800 spd i 1856. Sidan har bonden i Kyrkjedeld vore sjølveigar.
    Asle var ein dugande bonde. Han dyrka jord. I 1864 delte Asle garden i to like delar, og overførte den eine til svigersonen Nils Olson Helling. Garden vart samla att av sonen i 1869, og sidan samla under bnr. 3.

{3537} År: 1864

Birgit Aslesdtr. Kyrkjedelen 27.08. 1833-1888
Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Varaberg.
Gm Nils Olson Helling Kyrkjedelen 23.02. 1828-1884
Foreldre: Ola Olson myljo Helling og Guri Nilsdtr. Holto.
*Barn
1. Guri Nilsdtr. Helling Bergaplassen 27.01. 1856-1901
G 1883 m Nils Knutson Torsteinsrud Bergaplass, gnr. 74/6.
2. Anne Nilsdtr. Helling Ellingsgardhaugen 06.04. 1858-1913
G 1888 m Halvor Embrikson Arnegard Kaslegard Ellingsgardhaugen. Sjå nordre Kaslegard, gnr. 80/1.
3. Sissel Nilsdtr. Helling 22.05. 1860-1895
Barn m/ ... Hansen, Kr.ania: Sofie Hansen 1892-1946 g 1914 m Nils Lien (gravar, bygdevektar og småbrukar på Lien i Mysen.) Sofie og Nils hadde 6 barn: Johanne 1915- ; Birgit 1917- ; Johan 1919-1994; Ågot 1921- ; Guttorm 1923-1993; Thorleif 1925-1963. Mannen Nils døydde alt 33 år gamal.
    Då Sissel var gravid, reiste ho til Kr.ania og fekk barnefaren (truleg ein gift mann), til å vedkjenne seg farskapen.
    Sissel fødde dottera Sofie og fekk seg arbeid på ein av gardane Svendsrud, Hemnes i Høland. Men Sissel vart alvorleg sjuk, sette bort barnet til folka på garden og reiste aleine heim att til Ål der ho døydde i 1895. Sofie vaks opp på Svendsrud og hadde det bra der. Men pleiemor reiste til Amerika då Sofie var 12 år. (1387)
4. Ola Nilsson Kyrkjedelen Ruud 08.08. 1864-1926
G 1892 m Kari Eiriksdtr. Trintrud. Sjå nordre Ruud, gnr. 95/1.
5. Birgit Nilsdtr. Kyrkjedelen Gjeldokk 23.08. 1869-1917
G 1904 m Nils Larsson nedre Gjeldokk, gnr. 105/2.

I 1864 delte Asle Kyrkjedelen i to like delar, og overførte den eine til svigersonen Nils Olson Helling.
    Nils og Birgit gifte seg i 1856. Truleg har helsa eller arbeidsevna svikta for Nils. I 1869 vart Kyrkjedelen samla att av broren til Birgit, og Nils og Birgit var inderstar. Nils døydde som inderst på Gurigard.

{3538} År: 1868

Nils Asleson Kyrkjedelen 05.03. 1827-1889
Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Varaberg.
Gm Guri Knutsdtr. Haug Kyrkjedelen 10.05. 1830-1853
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand Haug og Sigrid Olsdtr. nordre Haug.
Gm Margit Eiriksdtr. Lappegard Kyrkjedelen 18.10. 1838-1922
Foreldre: Eirik Person Lappegard og Guri Torsteinsdtr. Medgarden.
*Barn i andre ekteskap
1. Asle Nilsson Kyrkjedelen 16.10. 1869-1951
G 1893 m Guri Sevatsdtr. Veslehaug. Sjå neste hushald.
2. Eirik Nilsson Kyrkjedelen Kirkedelen 04.02. 1875-1940
G 1900 m Ragna O. Mykinghaugen. G 1906 m Sissel O. Sollien Helling. Handelsbestyrar. Sjå nordre Lappegard 65/4 og eige hushald.
3. Ola Nilsson Kyrkjedelen 07.10. 1876-1895
4. Guri Nilsdtr. Kyrkjedelen Lappegard 30.12. 1880-1937
G 1903 m Mikkel Knutson Torsteinsrud Lappegard. Sjå gnr. 65/4.

Nils kjøpte halvparten i Kyrkjedelen hjå Nils Olson Helling i 1868 for 750 spd. Året etter kjøpte han den andre halvparten hjå far sin for 400 spd. I 1869 vart Kyrkjedelmyrane og Sisselstølen fråselde.
    Nils og Guri hadde ingen barn. Nils vart attgift 1868 med Margit og fekk fire barn med henne.
    Nils bygde nye stallar. På stølen Fagerdalen vart den gamle steinbu teken av skriu i 1876, Nils sette då opp ei timra bu. Eit lite jordstykke 'Slåtta' nede ved elva vart fråselt.
    Margit sat med garden fram til 1893. Sonen Asle Nilsson overtok garden for 5000 kr. og kår i 1909.