Lappegard, øvre/søre gnr. 65 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lappegard, øvre/søre gnr. 65 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lappegardane i Leveld ligg mellom Kyrkjedeld og Oleivsgard. Som granne til Oleivsgard ('Leveld') så kan ein tru at Lappegard er frådelt den opphavlege Leveld-garden.
    Lappegard er fyrst nemnt som slottelending og skattlagt 1/2 skilling i 1588. Ut frå plasseringa i dei eldste skattelistene så har nok Lappegard vore brukt under Sata saman med Sando og Trintrud.
    Lappegard var nok ein gard fram til 1627. Frå den tid har skattelistene søre og nordre Lappegard med 6 laupsbol kvar. Den opphavlege garden må ha vore skattlagt som halvgard med 12 laupsbol. Søre Lappegard vart skattlagt som øygard med 6 laupsbol i landskyld i 1670. Fyrste tida var skatten 2 kalvskinn og 1 skilling i frelse.
    Mange har undra seg over namnet Lappegard. O. Rygh har to framlegg: at garden kan ha vore ei samling av fleire jordlappar. Eller at namnet kjem av 'loppr' dvs. frosk. Vidare må me peike på at nordre Tistilsgard i Vats også er kalla Lappegard.
    Truleg kjem me nærare forklaringa ved å sjå på garden Sata. Sist på 1400-talet levde 'Syver Lappen' dvs. Syver Torsteinson Haukstad frå Gol (sjå Sata gnr. 32/1 og Gol VI s 345) som var gift til Sata. Syver Lappen var født kring 1450. Han var truleg far til Torstein Sata. Dvs. 'Thosthen j Sottum' som var nemnt i 1528-manntalet.
    Me veit ikkje om 'Syver Lappen' har budd på Lappegard eller berre vore eigar. Dei gamle dokumenta på Sata gjekk med i ein brann for 'rum tiid siden' heitte det i 1635.
    Vidare er det ei viss tilknytting mellom Lappegard og Tistilsgard/Lappegard i Vats mellom Nedremyr-arvingane i 1615. Systrene til Syver Magnusson, Anne Larsgard og Gjertrud arva 6 laupsbol i Tistilsgard på skiftet etter Magnus Sigurdson Nedremyr-Torkjellsgard Noss i 1615. Sjå under Herbrand Lappegard år 1628. Og nordre Lappegard år 1674.
    Ved delinga i 1835 vart gamle søre Lappegard til øvre Lappegard bnr. 1, nye søre Lappegard fekk bnr. 2.
    Areal 1865: dyrka jord 9 3/4 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 16 mål. Avling 8 tunner bygg og 7 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 100 mål, anna utmark 370 mål. Buskap 70 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1947, påbygt og rest. 1985, gamalt loft, driftsbygning 1931, påbygd 1965, garasje 1983.
    Stølar: heimstøl i Nysetlia og Glennestølen ovanfor garden. Langstøl på Reine.
   
   

{3555} År: 1773

Ola Larsson Lappegard 15.10. 1747-1794s
Foreldre: Lars Knutson Lappegard og Guri Herbrandsdtr. Skrindo.
Gm Astrid Olsdtr. Gullhagen Lappegard 01.03. 1750-1833
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Lappegard Dokkmoen 04.05. 1777-1872
Barn: Gunhild Olsdtr. f 1799- ; Ola 1803- , sjå barnebarn.
    G 1825 m Ola Ørjansson Gjuvsjord-eie Dokkmoen.
2. Lars Olson Lappegard 30.11. 1780-
Truleg død i 1790-åra.
3. Ågot Olsdtr. Lappegard Smedslåtta 1781-1878
G 1828 m Syver Arneson Smedslåtta. Sjå Smedslåtta gnr. 52/2 og Løkensgardslåtta. Sjå barnebarn Knut 1803- og Ågot 1819- .
4. Borghild Olsdtr. Lappegard Espegard 1784-1842
G 1809 m Embrik Botolvson Espegard. Sjå øvre Espegard gnr. 70/1.
5. Lars Olson Lappegard 05.11. 1786-
G 1810 m Guri Larsdtr. Trintrud. Sjå år 1835.
6. Ola Olson Lappegard 1790c-1795
Arva 1794, skifte i juni 1795. Myntling. Buet var 23 rd.
7. Gunhild Olsdtr. Lappegard Oleivsgard 1793-1860
G 1816 m Vigger Eivindson Oleivsgard. Sjå gnr. 66/1.
8. Astrid Torsteinsdtr. Lappegard 15.04. 1808-1883
Ugift. Barn: Randi f. 2. april 1843 m/ungkar Olavus Hansen Jordnes(?) Aker.
    Foreldre: Torstein Knutson Gurigard (ungkar) og Ågot Olsdtr. Lappegard.
    Astrid var i tenest hjå prokurator Høstad. I 1865 var ho ugift inderst i Hagen i Leveld.
*Barnebarn
1. Gunhild Olsdtr. Lappegard Thon 22.09. 1799-1877
G 1832 m Ola Embrikson Medgard til Thon eller Tobråten i Nes. Barn: Embrik 1832- til Am. 1861, deltok i borgarkrigen, nemnt 1893; Ola Olson 1843-1912 hadde Tobråten, sidan på Ankerbråten i Nes, g 1867 m Kristi Olsdtr. Gudbrandsgard 1844-1920 (4 barn). (Nes I s 642)
    Foreldre: Ola Viggerson Lofthus (ungkar) og Guri Olsdtr. Lappegard.
    Gunhild tok seg tenest på Bygdøy i 1820. I 1840 fekk Guri og Ola attest for flytting til Nes.
2. Knut Torsteinson Lappegard Gurigard 25.09. 1803-1812
Ugift. Hadde nedre Gurigard i 1845 til 1850. Død 1874 som ungkar og kårmann.
    Foreldre: Torstein Knutson Gurigard (ungkar) og Ågot Olsdtr. Lappegard.
3. Ola Olson Lappegard 03.04. 1803-
Ola vart konfirmert 1820.
    Foreldre: Ola Viggerson Oleivsgard (ungkar) og Guri Olsdtr. Lappegard;
4. Ågot Eivindsdtr. Lappegard Smedhaugen 28.09. 1819-
Barn: Ola 1845-1847 med Tolleiv Embrikson Skrattegard/Dortehaugen.
    Barn: Ola 1847- med Håkon Olson Skrattegard Eikro.
    Barn: Embrik 1852-1858 med Embrik Embrikson Tveito 1809- .
    Barn: Nils 1855-1858 med Torkjell Nilsson SørbøensStølen.
    Foreldre: Eivind Eivindson Oleivsgard (ungkar) og Ågot Olsdtr. Lappegard.
    Ågot var inderst på Smedhaugen under Sandelien. I 1891 budde Ågot aleine i Arnegards-eie som husmann utan jord. Ho levde av handarbeid. I 1900 var Ågot 'innkjøpt' hjå Ola Olbjørnson Tveito. Truleg død utanfor Ål.

Ola Larsson fekk skøyte på garden (6 laupsbol) i 1773 for 500 rd og kår til faren. Han lånte 240 rd. I 1776 fekk Ola skøyte på ein 1 3/7 laupsbol i garden.
    I 1781 selde Ola ein skogrem i Tegjestølslien for 8 rd. Berre skogen vart seld. Stølane nordre og søre Tegjestølen eller SøreStølen/Nordrestølen vart nemnde i grensebeskrivelsen for skogteigen.
    I 1782 lånte Ola 398 rd mot pant i søre Lappegard. (Lånet vart avlyst 1804.) Det var skifte etter Ola Larsson juli-oktober 1794. Det var 346 rd å dele.
    Astrid vart attgift med Guttorm Olson Brattegard Lappegard. Sjå neste hushald.

{3556} År: 1790c

Astrid Olsdtr. Gullhagen Lappegard 01.03. 1750-1833
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen og Ågot Torsdtr. Medgard.
Gm Guttorm Olson Brattegard Lappegard 21.11. 1751-1834
Foreldre: Ola Asleson Brattegard og Åse Syversdtr. Lappegard.

Astrid vart attgift med Guttorm kring 1790. Guttorm delte frå halve Lappegard til Lars Olson. Sjå bnr. 2.
    Då Guttorm var død i 1834 vart resten av bnr. 1 overført til Lars Olson.

{3557} År: 1835

Lars Olson Lappegard 05.11. 1786-
Foreldre: Ola Larson Lappegard og Astrid Olsdtr. Gullhagen.
Gm Guri Larsdtr. Espegard Lappegard 24.09. 1789-1830
Foreldre: Lars Olson Trinterud Espegard og Birgit Knutsdtr. Larsgard (Hol).
*Barn
1. Ola Larsson Lappegard 12.10. 1811-1861
G 1844 m Borghild Mikkelsdtr. Veslegard. Som barn på legd i Leveld 1816-1836. Til Blåfargeverket i mars 1827. Inderst i Lappegard, sidan inderst i Snogsrud frå 1852. Sjå inderstar 'Snogsrud'.
2. Lars Larsson Lappegard 22.05. 1815-1871
Som barn på legd i Votndalen. Han reiste fyrst til Blåfargeverket, sidan til Krødsherad i 1829.
    Gm Marte Johannesdtr. ..., Drammen. Barn: Dortea 1843- ; Kristian Fredrik 1858- ; Augusta 1858- ; Ludvige 1863- ; .. .
    'Tjener ved de gevorbne (=leigesoldatane) i Kr.ania. i 1840. Lars Larsson var truleg fullmektig ved ei papirmølle i Kr.ania i 1865. Han døydde i Kr.ania i 1871. (865)
3. Astrid Larsdtr. Lappegard Ottarsrud 26.09. 1817-
Gm Lars Mathiesen, Spydeberg 1814- . Barn: Gustave 1850- ; Lars 1855- ; ...
    Som barn var Astrid på legd i Leveld. I 1844 fekk Astrid attest for flytting til Frogn ved Drøbak. I 1865 budde Astrid og Lars på plassen Ottarsrud i Frogn pr.gj. Lars var husmann utan jord.
4. Birgit Larsdtr. Lappegard Olsen 26.09. 1817-
Gm ... Olsen .... - .... . Barn: Marie Olsen 1856- ; Gunder Olsen 1860- gm Anna Olsen (mange barn, derav Sigfried, ein rik oppfinnar i Am.) Birgit budde nær Drammen 1840.
    I 1865 var Birgit enkje og budde med barna i Nydalen i Vestre Aker, eigedomen heitte Bro eller Damstuen. (Truleg arbeiderboligen til Nydalen Companie Bomuldsspinneri og Væveri). (Epost frå Anita Johansen)
5. Ola Larsson Lappegard 11.10. 1820-
G 1847 m Ingeborg Guttormsdtr. søre Bøygard 1818-1877. Barn: Astrid 1848- gm skipsførar Schøyen.
    Ola reiste til Kr.ania i 1843. Han var sersjant i 1847. Ingeborg vart gift på nytt i Hole før 1865.

Lars og Guri gifte seg 1810. Han var ute i krigen 1807-14.
    Fyrst overtok Lars halve garden, noverande bnr. 2. Det finnst ikkje noko dokument på denne delinga. Men truleg måtte det byggjast og dyrkast før familien fekk leveveg av jorda. Lars og Guri sat trongt i det, og fleire av barna vaks opp på legd. Garden Lappegard vart delt. Lappegard bnr. 2 vart fråselt på auksjon til løytnant Ditrichsen i 1822.
    I 1835 overtok Lars den andre halvparten i Lappegard, dvs. bnr. 1, hjå Vigger Eivindson. Vigger hadde kjøpt garden på auksjon, og selt den vidare att same dagen.
    Lars selde garden til Bjørn Eivindson i 1846. Sonen Lars opplyste at 2 brør og 2 systre hadde utvandra til Am.

{3558} År: 1846

Bjørn Eivindson Oleivsgard 27.12. 1814-1898
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Margit Oleivsdtr. Gurigard Lappegard 02.10. 1816-1899
Foreldre: Oleiv Knutson Torsteinsrud Gurigard og Jørand Olsdtr. Gurigard.
*Barn
1. Eivind Bjørnson Lappegard 20.01. 1844-1934
G 1898 m Ågot Johannesdtr. Medgard. Sjå neste hushald.
2. Oleiv Bjørnson Lappegard 16.08. 1846-1909
G 1879 m Haldis Knutsdtr. Gurigard. Sjå Lappegard i Vats, gnr. 90/4.
3. Sevat Bjørnson Lappegard Gurigard 27.03. 1849-1925
G 1885 m Margit Nilsdtr. Myro. Sjå øvre Gurigard gnr. 63/2.
4. Birgit Bjørnsdtr. Lappegard Lien 17.11. 1851-1943
G 1883 m Kitil Olson Hansebråten SundreLien. Sjå Kapteinstølen gnr. 110/56.
5. Ola Bjørnson Lappegard 25.05. 1854-1932
Gm Elisabeth Andersdtr. Gaardfeldt, Vermland i Sverige 1857-1928. Barn: Berdoc/Bredo 1883- gm Borghild ... 1904-1970. (1032) Brev frå Margit Evjen 2010.
    Ola var gardbrukar på Multehaug i Østre Aker i 1900.
6. Tor Bjørnson Lappegard Veslehaug 06.04. 1857-1944
G 1896 m Sissel Sevatsdtr. Veslehaug. Sjå Veslehaugen gnr. 60/1.
7. Ola Bjørnson Lappegard Løkensgardsslåtta 27.05. 1860-1927
G 1914 m Kristi Sevatsdtr. Løkensgardsslåtta. Sjå der.

Bjørn og Margit gifte seg i 1843. Frå før hadde han dottera Birgit f. 1837 med Gunhild Knutsdtr. inderst på Veslehaugen.

{3559} År: 1870

Eivind Bjørnson Lappegard 20.01. 1844-1934
Foreldre: Bjørn Eivindson Oleivsgard Lappegard og Margit Oleivsdtr. Gurigard.
Gm Ågot Johannesdtr. Medgard Lappegard 28.04. 1858-1925s
Foreldre: Johannes Torkjellson Medgarden og Turid Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Birgit Lappegard Daler 05.10. 1899-1965
Barn m/Ola Snogsrud: Gunnar 1925- . Sjå barnebarn.
    Gm Ole Daler, Kongsvinger. Barn: Birger 1931- gm Klara Bruun (3 barn).
    Dei hadde eit småbruk ved Kirkenær. Kring 1960 kjøpte dei ein større gard nord for Kirkenær og dreiv korndyrking. (1342)
2. Johannes Lappegard 31.01. 1905-1983
Barn m/Anne Sevatsdtr. Kyrkjedeld: Eivind 1923- . Sjå barnebarn.
    G 1929 m Magnhild Helene Ødegard Svindal, Varteig 1906-1974. Barn: Eivind 1929- skiftekonduktør, gm Liv Johansen (2 barn); Ågot 1931-2006 til USA, gm Wayne Ernest Allen (4 barn); Magne Johannes 1933-1971 bygningsentreprenør, gm Ruth Nornes; Bjørn Andreas 1935- ug. revolver-dreiar; Gudmund Kjetil 1937- arbeidsformann, gm Kari Thoresen (2 barn); Olav Torkel 1939- ingeniør, gm Ragnhild Kirsten Sløra Kristiansen; Sverre Harald 1940- elektromontør, gm Solfrid Nancy Nilsen (2 barn).
    Johannes overtok garden på skiftet etter Ågot Lappegard i 1925. Han skifta meining: 1 månad seinare selde han garden vidare. Johannes var gards-arbeidar i Østfold frå 1927. Sagbruksarbeidar frå 1940, busett i Nittedal. (1306)
*Barnebarn
1. Eivind Lappegard 25.11. 1923-
Gm Lilly Kristoffersen, Skoger. Barn: 3 barn.
    Foreldre: Johannes Eivindson Lappegard (ungkar) og Anne Sevatsdtr. Kyrkjedeld.
    Eivind vart oppfostra hjå Ola L. Lappegard på gnr. 65/2. Eivind var snikkar. Han sette opp bustadhus og snikkerhus på Skogly gnr. 65 bnr. 17. Sjå eige hushald under 'Lappegard'.
2. Gunnar Snogsrud 20.06. 1925-
G 1963 m Kari Bakko/Prestgardshus, Hemsedal. Barn: 3 døtre.
    Foreldre: Ola O. Snogsrud (ungkar) og Birgit Eivindsdtr. Lappegard.
    8 år gamal kom Gunnar til Snogsrud. Han reiste tidleg ut på arbeid og slo seg til i Drammen. (1235) s 166

Eivind og Ågot gifte seg i 1898. Frå før hadde ho sonen Svein i 1887. Han reiste tidleg til Amerika, og vart borte. Visst nok som soldat i 1. verdskrigen.
    Sonen Johannes overtok garden så snøggast i 1925. Etter ein månad selde han garden til Sigvat Torsteinsrud for 19500 kr. Eivindbakken er kalla etter Eivind Bjørnson, her var hoppbakke.