Oleivsgard, søre gnr. 66 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Oleivsgard, søre gnr. 66 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I gamal tid heitte garden Leveld, og det skal koma av 'Leikvollr'. Same namnet finnst på Torpo og i Gol.
    Leikvoll-namn finn ein på sentrale gardar av høg alder, truleg var det ein leikevoll midt i bygda. Venteleg var Leveld opphavsgarden for Håkonsgard, Torsteinsrud, Gurigard, Dokk, Lappegard (Syver Lappen), Medgarden og Gudbrandsgard m. fl. Også garden Dokk var også skriven 'Leveld' i gamal tid.
    Gardsnamnet har vore skrive slik: 'Levellidt' i 1557. 'Løffuedal' i 1577. I dokumenta gjekk det gamle Leveld-namnet or bruk i 1780-åra, dvs. saman med Vigger Eivindson. Sidan har Leveld vore namnet på bygda. Oleivsgards-namnet dukka opp i eit skøyte i 1731. Fram til 1780 heitte garden anten Leveld eller Oleivsgard. Med unntak av dokumenta som Vigger Eivindson har styrt, synest namnevalet å vera tilfeldigt. Kring 1780 kom overgangen 'Oleivsgard eller Leveld'. I framstillinga nedanfor er Leveld-namnet ikkje nytta etter 1782. Men i matriklane vart det gamle Leveld-namnet nytta i allefall til og med 1904.
    Kven skriv namnet Oleivsgard seg frå? Det er litt uvisst. Den einaste kjende Ola eller Oleiv på garden i tida før 1730 er 'Ola Hus' / 'Ola Leveld'.
    Oleivsgard hadde 18 laupsbol i landskyld før delinga i 1815. (Og 9 laupsbol etterpå.) Frå gamalt skatta garden av 2 kalvskinn, frå 1616 vart det rekna 4 kalvskinn. Kanskje var Dokk medrekna i 1616?
    Det gamle tunet låg ovanfor bygdavegen. I 1950 vart tunet flytta nedanfor vegen. ? Låg det opphavlege tunet ova vegen på bnr. 4/5: 'Tuftidn'? Eller er det gamletuftene for bnr. 4?
    Plassar og frådelte bruk: nordre Oleivsgard (bnr. 4), Myro (no Ringstad, bnr. 16), Solbakken bnr. 12 selt til Leveld Sag.
    Areal 1865: dyrka jord 17 1/2 mål, naturleg eng 65 mål, utslått 44 mål. Avling 14 tunner bygg og 12 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 80 mål, anna areal 70 mål, prod. skog 228 mål, utmark 450 mål. Leigd beite 50 mål. Buskap: 120 vinterfora sauer.
    Våningshus bygt 1952, påbygt 1970 og 1992, kårhus 1965, stugu frå 1883, loft flytta 1984, driftsbygning 1958, påbygd 1972, reiskapshus 1976.
    Stølar: heimstøl Oleivsgardstølen. Langstøl på Lauvdalen, slåttevoll med 14 lass for. Heimstølen Hyttene (bnr. 3) på heimåsen vart fråselt i 1877.
   

{3610} År: 1755

Vigger Eivindson Leveld Kjellargard 1727-1783
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard Kjellargard og Gunhild Olsdtr. Bøygard.
Gm Kristi Bjørnsdtr. Medgard Leveld 1732-____
Foreldre: Bjørn Solveson Helling nedre Medgarden og Margit Olsdtr. ... .
*Barn
1. Margit Viggersdtr. Leveld Espegard 24.07. 1757-1831
Gm Botolv Embrikson Espegard.
2. Gunhild Viggersdtr. Leveld Gudbrandsgard 08.07. 1759-1795s
Gm Sevat Asleson Medgard Gudbrandsgard.
3. Eivind Viggerson Leveld 26.07. 1761-1846
Gm Birgit Sevatsdtr. Thon. Sjå år 1784.
4. Gunhild Viggersdtr. Leveld 09.03. 1766-
Truleg død liten.
5. Olbjørn Viggerson Leveld Kaslegard 20.10. 1767-1851
G 1786 m Birgit Guttormsdtr. Bergsgard. Sjå neste hushald og Kaslegard.
6. Bjørn Viggerson Leveld Malme 05.06. 1768-1843
G 1804 med Sigrid Embriksdtr. Espegard. Sjå barnebarn.
    Bjørn flytta til Romsdal, kjøpte fyrst gard i Rødal i Fræna som han selde til Knut Nilson Grøvo frå Skurdalen, kjøpte deretter Malmegarden i Fræna i Romsdal. Garden vart seinare delt mellom to sønesøner. Han var ein driftig jordbrukar, og han kjøpte opp fe om våren. Det vart også fortalt om mange feidar med grannane.
    Bjørn Viggerson Malme er det skrive mange soger om. Han hadde to bruk på Malme, men ville ikkje at sonen Bjørn Bjørnson skulle ta over garden. Sonen hadde gifta seg mot farens vilje med Beret Eriksdtr. Julset. Men sonen var heller ikkje den som gav seg, han fekk tak i garden gjennom kjøp frå andre!
    Det fortelst at Bjørn Viggerson var liten av vekst, men ledig og snøgg til å slå. Då han hadde slegest med Knut Nilsson Grøvo Rødal vart det avsagt slik dom: "Man finner intet å kunne gjøre med saken, begge er hallingdøler!"
    Ein gong fekk Bjørn Viggerson slik juling at han bar merke etter det sidan, han vart halt. At Bjørn skulle bli halt, var spådd i Hallingdal. Bjørn fortalde at som unggut vart han og ein kamerat bodne dram i eit sylvbeger hjå ein "hurre". Då Bjørn hadde tømt drammen, la han på sprang med drikkebegeret. I det same ropa det oppe i fjellet: "No må hain einbeint springja!"
    Mannen, som var halt, sprang så godt han kunne, men nådde ikkje tak i Bjørn. Då mannen gav seg, ropa han: "So ha drikkebegeret då, men det ska bli ein mann halt i slekta di i nie ætteledd!"
    Og slik vart det. Sonen til Kristi Bjørnsdtr. Knut Julset senior vart halt, sonesonen Knut Olsen Julset var halt, sonesonen til Kristi Bjørnsdotter, Kristian Olsen Åndal var halt, sonen til Karen Malme, Karl var halt. Dotter til Kristian Malme d.e. hadde dårlege føtter. Men noverande generasjon er god til beins. (Opplysningar ved Anne Holen Helseth.)
7. Ola Viggerson Leveld Lofthus 27.09. 1772-1842
G 1805 m Helge Knutsdtr. Gurigard. Sjå Lofthus gnr. 79/1.
*Barnebarn
1. Bjørn Bjørnson Leveld Malme 29.07. 1804-1872
G 1827 m Berit Eriksdtr. Juulset-Malme, Fræna 1806- . Barn: Siri 1829-1829; Berit 1830-1878 g 1862 m Arne Ingebretsen (1 son); Ingebret 1834-1904 g 1873 m Oline Petrine Rasmusdtr. Stranden-Malme (5 barn); Olava 1836- g 1869 m Ingebrikt Eriksen (2 barn); Bolla 1837- gm Syver Ellingsen Naas; Erik 1840-1922 g 1869 m Eli Knutsdtr. Mjelve (2 barn), gm Siri Anna Olsdtr. Dale (6 barn); Sivert 1842-1842; Elisabet 1844-1940 g 1873 m Kristoffer Sørensen Tornes (5 barn); Ole 1846-1847; Bård 1849- i Gråmyra.
    Bjørn var gardbrukar på Malme og Melsæter i Fræna.
    Foreldre: Bjørn Viggerson Oleivsgard 1768 og Sigrid Embriksdtr. Espegard.
2. Vigger Bjørnson Leveld 09.02. 1806-1806
Foreldre: Bjørn Viggerson Oleivsgard og Sigrid Embriksdtr. Espegard.
3. Embrik Bjørnson Leveld 09.02. 1806-
Foreldre: Bjørn Viggerson Oleivsgard og Sigrid Embriksdtr. Espegard.
4. Kristi Bjørnsdtr. Leveld Julset 12.04. 1807-1866
G 1827 m Ole Knutson Julset 1798-1835. Barn: Knut 1831- gm Kristianna Steffensdtr.; Botolv 1835-1835.
    G 1838 m Lasse Olson Tornes Juulset 1811- . Barn: Oline 1838-1862; Ole 1841- g 1866 m Kari Tøgersdtr. Aandal (2 barn); Berit Marie 1844-1850; Sirianna 1846-1847; Karoline 1849- gm Oluf Pedersen Rødal (1 son); Berit Marta 1851- gm Baard Bjørnson Malme (1772)
    Kristi reiste til Romsdal i 1810.
    Foreldre: Bjørn Viggerson Oleivsgard og Sigrid Embriksdtr. Espegard.

Vigger og Kristi gifte seg i 1756. Frå før hadde Vigger eit barn med Lukris Syversdtr. Bøygard: Syver 1754-1823, han var ugift tenestgut i Dokk.
    Vigger fekk 1760 ei bot på 6 lodd sylv for eit slagsmål med Syver Arneson Håheim. "Med vred hu" hadde Vigger oppsøkt Syver i arbeidet som tenestgut på Langegard, og overfalle han med "hug, slag, hårdrag og jord-skuv". (=dytta han overende) Tenestguten kasta ein leirklump på Vigger og beit han i fingeren. Då sa Vigger: "Du beit du, vesle buring!"
    I 1765 makeskifte han Kjellargard 'norda bekken' mot halve Oleivsgard med Asle Halvorson. Vigger held att Kjellargard sunna bekken. I 1767 makeskifta han plassen Torsteinsdokken og 26 rd med broren Eivind og fekk att 1/3 lb. skyldgods i Kjellargard og 1 1/2 lb. i Oleivsgard. (1194) s 177 b
    Vigger vart oppnemnt til lagrette-mann i 1772. I 1778 fekk han skøyte på den andre halvparten i garden hjå brørne sine.
    På skiftet etter Vigger i 1783 var buet 780 rd. Kristi fekk slikt kår i 1784 av sønene Eivind og Olbjørn: framfødd 3 kyr og 6 sauer, 3 1/2 tunne korn, 3 pund salt, 2 settung rug, 3 mark humle, tobakk for 1 mark, varmt hus på garden, hesteskyss til kyrkje og støl, og "gestedige hendes lig til jorden på en anstendig og sømmelig maade." Kåret minka litt etter seks år. Kristi kan vera død utanbygds.

{3611} År: 1783

Olbjørn Viggerson Leveld Kaslegard 20.10. 1767-1851
G 1786 m Birgit Guttormsdtr. Bergsgard. Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard.

Olbjørn kjøpte 1787 odelsretten til halve Oleivsgard hjå broren Eivind for 100 rd. Saman fekk dei dei to skøyte på halve garden i 1784.
    I 1795 kjøpte Olbjørn 9 laupsbol i Oleivsgard for 899 rd hjå mora. Av kjøpesummen skulle 400 rd stå i garden så lenge mora levde. Men då kom broren Eivind med odelskrav, og i 1797 vart Olbjørn dømt til å gje skøyte på halve garden til Vigger Eivindson som då berre var 10 år.
    Sjå meir om Olbjørn på Kaslegard, gnr. 80/1.

{3612} År: 1784

Eivind Viggerson Oleivsgard Kjellargard 26.07. 1761-1846
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard.
Gm Birgit Sevatsdtr. Thon Oleivsgard 18.09. 1768-1857
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplass Thon og Birgit Olsdtr. søre Thon.
*Barn
1. Vigger Eivindson Oleivsgard 09.04. 1787-1865
G 1816 m Gunhild Olsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
2. Sevat Eivindson Oleivsgard 01.03. 1789-1834
G 1819 m Anne Larsdtr. Espegard. Sjå Oleivsgard gnr. 66/4 og 5.
3. Ola Eivindson Oleivsgard 28.05. 1792-1856
G 1816 m Guri Ellingsdtr. Løkensgard. Ola overtok Preinsrudmyrane/Oleivgardsmyrane, eit bygslingsbruk nede ved elva. (Sjå Ringstad gnr. 66/16).
4. Eivind Eivindson Oleivsgard Evensen 21.04. 1794-
Gm ... Evensen i Drammen. Barn: Even Evensen 1826- kontorist hjå Middelfart, sidan byfut i Drammen, gm Hanna Christiane ... , Porsgrunn. (Barn: Nathalia Margaretha 1861- ugift husbestyrerinne i 1900; .. ); ...
    Sonen Even er født i Drammen i 1826. I 1857 heitte det at Eivind var fullmektig på eit embetsmannskontor i Drammen.
5. Kristi Eivindsdtr. Oleivsgard Tveito 10.10. 1796-1886
G 1833 m enkjemann Knut Embrikson Tveito Håheim. Sjå Tveito gnr. 55/4.
6. Arne Eivindson Oleivsgard 02.06. 1800-1829
Arne var ugift. Han vart konfirmert på Kr.ania Tukthus i 1828. Då hadde han vore på tukthuset i "fleire år". Dit var han sendt avdi han var "hengiven til sterk Drikke og meget Opfarende i beruset tilstand." Og når han dertil var temmeleg sterk, så var han ikkje god å leike med.
    Arne vart drepen av Ola Embrikson Kaslegard på HelligTreKonge-kvelden i 1829. Det heile starta i garden på Havarsgard som ein krangel om kven som greidde å legge sele på ein vanskeleg hest. "Slå du fyrst!" "Nei slå du fyrst!" Arne vart hardt skadd, og skulle køyrast med hest og slede til Oleivsgard. Men ferda stoppa då dei var komne til Lofthus. Det var dårleg med Arne. I staden for å køyre lenger, vart den sårkyndige Per Arnegard tilkalla, men såret var så stygt at han kunne ikkje gjera stort anna enn å ha på svart salve. (Kongo-salve)
    Ei anna rådgjerd var denne: ein kar gjekk på bygda og henta den kniven som Ola hadde brukt på Arne. Så strauk dei rundt såret med kniven. Arne døydde 1 1/2 døgn etterpå. (1315) s 13
7. Birgit Eivindsdtr. Oleivsgard Anfinnmoen 04.07. 1802-1893
Gm Sevat Olson Lislelien til Anfinnmoen, Gol 1796-1881. Barn: Turid 1826-1905 gm Eilev Knutson Brabant (Nes) Anfinnmoen; Birgit 1836-1927 g 1866 m Bjørn Syverson Jehansdalen; Ola 1838-1876 g 1862 m Margit Olsdtr. Danielsplassen; Anne 1838-1839. (Gol III s 627)
8. Ågot Eivindsdtr. Oleivsgard Arnefeten 29.07. 1804-1892
G 1832 m Knut Torsteinson Lappegard Gurigard Arnefeten, gnr. 71/1a.
    Til Am. i 1864 som enkje 'Å. E. Ødelien' med barna Sevat og Birgit.
9. Embrik Eivindson Oleivsgard 23.03. 1806-1815
10. Margit Eivindsdtr. Oleivsgard Dokkmyrane 04.02. 1808-
G 1840 m Ola Olson Dokkmyrane. Sjå gnr. 67/3.
11. Ola Eivindson Oleivsgard 14.11. 1810-1817
12. Bjørn Eivindson Oleivsgard 08.12. 1812-1813
13. Bjørn Eivindson Oleivsgard 27.12. 1814-1898
G 1843 m Guri Oleivsdtr. Gurigard. Sjå Lappegard gnr. 65/1.

Eivind og broren Olbjørn overtok Oleivsgard i 1784 og tok på seg kår til mora. I 1792 lånte han 240 rd hjå svigerfaren Sevat Embrikson Thon. Han sette 9 laupsbol garden som pant for lånet.
    Mora sat framleis med halve garden, og i 1794 skøytte ho den til sonen Olbjørn. Då vart Olbjørn 'utsagt' av Eivind frå sin del i garden. Eivind meinte at broren ikkje hadde betalt 'en skilling' til mora. Eivind reiste odelssak mot Olbjørn og vann. (Sjå førre hushald.) I 1801 sat Eivind med heile garden. Eivind delte garden kring 1815 mellom sønene Vigger og Sevat (nordre Oleivsgard).
    Ho Birgit la 100 dalar på bordet då ho kom til Oleivsgard. Så stor medgift var uhøyrt på den tid. Men Eivind sette det meste overstyr, han var hard på flaska. Ein gong hadde han sete mange dagar i eit drikkelag på Sundre. Då fekk ho Birgit nyss om at Eivind hadde selt halve garden til broren Bjørn. Ho Birgit henta far sin og reiste til Sundre og fekk den handelen omgjort.
    Men seinare måtte Eivind gje slepp på den søre delen av garden. Der var ikkje andre hus enn ei loftstugu. Men svigerfaren, Visken, greip inn att og tok att søre garden på odel for sonen Vigger. (Mehlum 1903/31)
    Eivind og Birgit hadde delt lausøyret og levd 'adskilt ved bord og seng' i 17 år, heitte det i 1845. Dei hadde kvar si kårkontrakt.

{3613} År: 1815

Vigger Eivindson Oleivsgard 09.04. 1787-1865
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Gunhild Olsdtr. Lappegard Oleivsgard 1793-1860
Foreldre: Ola Larson Lappegard og Astrid Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Kristi Viggersdtr. Oleivsgard Gudbrandsgard 29.12. 1816-1908
G 1850 m Knut Asleson Gudbrandsgard, gnr. 68/2. Sjå barnebarn.
2. Astrid Viggersdtr. Oleivsgard Gurigard 15.06. 1820-1853
G 1848 m Knut Oleivson Gurigard. Sjå gnr. 63/1.
3. Eivind Viggerson Oleivsgard Liahagen 01.03. 1823-1913
G 1858 m Sissel Sevatsdtr. Veslegardjøta. Sjå neste hushald og Liahagen, gnr. 3/7.
4. Birgit Viggersdtr. Oleivsgard Breidok 21.02. 1826-1910
G 1862 m Syver Olson Skjervheim Haugen under Gudbrandsgard.
5. Guri Viggersdtr. Oleivsgard Medgarden 22.12. 1828-1919
G 1862 m Embrik Knutson Medgarden (Bakrang).
6. Ågot Viggersdtr. Oleivsgard Feten 20.02. 1832-1894
G 1864 m Levor Eirikson Espegardjordet Feten.
7. Ola Viggerson Oleivsgard 21.09. 1835-1906
G 1861 m Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen. G 1871 m enkje Birgit Olsdtr. Torsgarden. Barn: Gunhild 1871- m Mari Oleivsdtr. Skarsgard. Sjå år 1860.
*Barnebarn
1. Kristi Olsdtr. Oleivsgard Ankerbråten 1844-1920
G 1867 m Ola Olson Ankersbråten, Nes 1843-1912. Barn: Ola 1868-1944; Gunhild 1873-1962 g 1905 m Amund Olson Storeli; Kristi 1877- til Am. gm ... ... ; Ola 1880- til Australia. (1244)
    Kristi og Ola budde fyrst i Tobråten, sidan i Ankerbråten i Nes.
    Foreldre: Ola Torson Hajem (ungkar) og Kristi Viggersdtr. Oleivsgard Gudbrandsgard.

Vigger og Gunhild gifte seg i 1816. Dei fekk sju barn. Frå før hadde Vigger desse barna: Guri 1811- m Anne Olsdtr. Gudbrandsgard (til Ringerike, sjå Gudbrandsgard); Vigger 1816-1910 m Kari Johannesdtr. Medgarden, sjå Vesleberg gnr. 35/13.
    Vigger overtok søre delen av Oleivsgard etter delinga og måtte bygge opp hus, der var berre ei loftstugu frå det gamle tunet. (Mehlum 1903)

{3614} År: 1856


Eivind Viggerson Oleivsgard 1823-1913 kjøpte søre Oleivsgard i 1856. Han selde Oleivsgard til broren Ola fire år seinare og kjøpte småbruket Breidokk eller Gudbrandsgardshaugen gnr. 68/3 i 1861.
    Eivind selde dette bruket til systera Birgit i 1871. Sidan leigde han seg inn her og der fram til 1876 då han kom til Liahagen. Sjå der. Eivind var låghalt og gjekk med stav.

{3615} År: 1860

Ola Viggerson Oleivsgard 21.09. 1835-1906
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Gunhild Olsdtr. Lappegard.
Gm Birgit Mikkelsdtr. Veslehaugen Oleivsgard 12.05. 1841-1868
Foreldre: Mikkel Sevatson Holo Veslehaugen og Sissel Torsteinsdtr. Holo.
Gm Birgit Olsdtr. Torsgard Holto Oleivsgard 27.01. 1839-1931
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Gunhild Olsdtr. Oleivsgard Lappegard 06.03. 1862-1895
G 1883 m Ola Sevatson Oleivsgard Lappegard. Sjå gnr. 65/5. Dottera deira overtok Oleivsgard. Sjå år 1902.
2. Sissel Olsdtr. Oleivsgard Medgard 06.12. 1863-1905
G 1884 m Johannes Johanneson Medgard. Sjå gnr. 69/1.
3. Birgit Olsdtr. Oleivsgard 01.04. 1866-____
Truleg død før 1875.

Ola og Birgit Mikkelsdotter gifte seg i 1861. Då Birgit gjekk bort vart Ola attgift 1871 med enkja etter Hans Jørgen Sveinson Holto, Birgit Olsdtr. Torsgard Holto. Dei hadde ingen barn. I 1871 fekk Ola eit barn med Mari Oleivsdtr. Skarsgard: Gunhild 1871-1954. (Sjå Haugegarden Noss). Ola og Birgit vart skilde kring 1903.
    Ola Viggerson vart kalla 'Oleivsgardsmannen'. Han skal ha vore ein drivande bonde. Han bygde ny stugu og vølte den gamle. Ola dyrka og grøfta myrene nedpå jordet. Han spikka spøner og sleivar i ledige stunder og gav bort. Og han hadde ei god songrøyst. Han song så det ljoma då han køyrde til skogs tidleg om vintermorgonane. (Etter L. Opsata.)