Ringstad gnr. 66 bnr. 16
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ringstad gnr. 66 bnr. 16-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ringstad er ein del av eit tidlegare bygslingsbruk nedst i jordet til nordre Oleivsgard. Det vart kalla Myro eller Oleivsgardsmyro. Her budde folk frå omlag 1820 til 1880. Sidan vart jorda brukt under Oleivsgard fram til bruket Ringstad vart frådelt i 1940.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål og anna areal 5 mål, produktiv skog 100 mål. Medrekna eit jorde kjøpt frå Gudbrandsgard (gnr. 68/2). Bruket var i drift med kyr til 1955, sidan var det sauehald fram til omlag 1987.
    Våningshus bygt 1946, stugu frå 1943, driftsbygning 1943.
    Stølar: heimstøl Puserud (tilkjøpt frå Dokk), og langstøl i Gravabotten. Hytte på Skomakergjerda.
   

{3626} År: 1815c

Ola Eivindson Oleivsgard Oleivgardsmyro 28.05. 1792-1856
Foreldre: Eivind Viggerson Oleivsgard og Birgit Sevatsdtr. Thon.
Gm Guri Ellingsdtr. Løkensgard Oleivsgardmyro 10.09. 1797-1885
Foreldre: Elling Olson Løken (ungkar) og Margit Olsdtr. Løkensgard
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Oleivsgardsmyro Oleivgard __.__. 1816-1895
G 1843 m Sevat Sevatson nordre Oleivsgard. Sjå gnr. 66/4.

Ola og Guri gifta seg i 1816. Preinsrudmyradn/Oleivgardsmyro var eit bygslingsbruk nede ved elva. Ingen bygselsavtale er kjend. Dei brende brennevin som attåtnæring den tid det var lovleg. (1816-1846.) Guri var svær til å brenne brennevin. Folk kom med korn og ho brende.
    Ola døydde som husmann på Oleivgardsmyro i 1856. I 1865 var det ingen fastbuande på plassen.

{3627} År: 1870


I 1875 var Lars Tomasson frå BukkeHaugen 1849-1885 og kona Margit Knutsdtr. Medgard 1839-1885 inderstar på Myro. Dei kom til Vesleengen kring 1880.