Dokkmoen gnr. 67 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dokkmoen gnr. 67 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Husmannsplassen Dokkmoen eller Jørondsetmoen ligg vestanfor Votna i skogen som no ligg til nedre Dokk. Frå 1830 og utover til 1872 budde ein familie her. Sidan vart plassen nedlagt og brukt under garden nordre Dokk. Frå 1911 under nedre Dokk. Tuftene syner. (Etter artikkel av Knut M. Lappegard i Dølaminne 1985.)
    Det er uvisst kva namnet Jørondsetmoen kjem av.
   

{3648} År: 1830

Ola Ørjansson Håheim Dokkmoen 1790-1875
Foreldre: Ørjans Sevatson ... Håheim og .....
Gm Guri Olsdtr. Lappegard Dokkmoen 04.05. 1777-1872
Foreldre: Ola Larson Lappegard og Astrid Olsdtr. Gullhagen.

Ola og Guri gifte seg i 1825. Frå før hadde Guri ei dotter Gunhild f. 1799. Ho vart gm Ola Embrikson Medgard og kom til Thon eller Tobråten i Nes. Sjå barnebarn på Lappegard gnr. 65/1 år 1773.
    Ole Ørjansson bygsla Dokkmoen i 1839 i fylgje husmannsmanntalet. Han var husmann med jord på Dokkmoen i 1865. Hjå dei budde inderst Torkjell Olson 40 år. Det budde ingen på Dokkmoen i 1875.