Gudbrandsgard, søre gnr. 68 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gudbrandsgard, søre gnr. 68 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Landskatten 1612 er den eldste skattelista der garden står nemnt. Men garden må vera mykje eldre. Ein kan tenkja seg at dette var den garden som ein Gudbrand fekk då den gamle Leveld-garden vart delt opp ein gong i høgmellomalderen. Gudbrandsgard ligg mellom Dokk og Medgarden.
    Gudbrandsgard er nemnd 1510 som jordegods i eiga til enkja Sunniva Torgilsdtr. på Sop i Aurland. Etter henne kom Gudrun Bjørnsdtr. Sjå nedanfor. Desse folka var truleg berre jordeigarar som sette leiglendingar på garden. Frå 1620 har nok bonden i Gudbrandsgard vore sjølveigar.
    Gudbrandsdgard vart skattlagd som øygard i 1647 og halvgard frå 1650. Garden skatta årleg av 2 kalvskinn, og hadde 6 laupsbol i landskyld. Etter delinga i 1750 fall det 3 laupsbol på kvar gard.
    Plassar og frådelte bruk: nordre Gudbrandsgard 1750-1950; på stølen Breidokk var fastbuande folk nokre år frå 1868. (Sjå Dølaminne 1985 s 69)
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 17 mål. Avling 9 tunner bygg og 7 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål, og anna areal 35 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 60 mål.
    Våningshus bygt omkr. 1900, stolphus, driftsbygning 1944.
    Stølar: heimstøl på Gudbrandgardsstølen og langstøl på Haugestølen.
   

{3666} År: 1752c

Asle Olson Gudbrandsgard 1723-
Foreldre: Ola Olson Gudbrandsgard og Sissel Aslesdtr. Medgarden.
Gm Kari Nilsdtr. Sehl Gudbrandsgard 1718-
Foreldre: Nils Torson Kvinnegard Sehl og 1.g Kari Olsdtr. nordre Sehl.

Asle og Kari var barnlause. Asle lånte 300 rd i 1771 mot pant i garden.
    Kring 1755 budde ein Vigger Syverson i Gudbrandsgard. Han kan ha vore dreng hjå Asle og Kari. Etter klage frå presten gjekk futen til avhøyr av vitner om Vigger sitt 'forhold i bygden' i 1755. Vigger vart beskriven som tungnem, ukonfirmert og ikkje lesefør. "Et enfoldigt og fredsommeligt menneske", var ei uttale. Men ein annan sa det slik: "Klammeri i drukkenskap". Vigger slapp unna tukthuset denne gongen. Han er ikkje nemnt i 1762-manntalet, men står oppført i fattigprotokollen 1780.
    Asle lyste garden til sals for odelsberettiga på tinget og frå kyrkjebakken i 1774. Etter utløp av "år og dag" ville garden bli selt til framande om ingen slektning melde seg. Garden vart selt 1775 til til brorsonen hennar, Ola Olson Sehl. Han fekk garden ved å ta på seg gjeld på 160 rd og yte kår til Asle og Kari.
    Det heiter at Asle var død før 1789, men han står oppført som kårtakar saman med Kari i eit kår av 1790.

{3667} År: 1789

Ola Olson Sehl Gudbrandsgard 17.12. 1752-1824
Foreldre: Ola Nilsson nordre Sehl og Lukris Olsdtr. Halvorsgard.
Gm Rønnaug Nubsdtr. Arnegard Gudbrandsgard 01.01. 1752-1827
Foreldre: Nub Embrikson Arnegard (søre Votndalen) og Kari Knutsdtr. ... .
*Barn
1. Lukris Olsdtr. Gudbrandsgard Kyrkjedelen 04.08. 1776-1820
G 1802 m Botolv Syverson Kyrkjedelen, gnr. 64/1.
2. Kari Olsdtr. Gudbrandsgard Vestenfor 05.07. 1778-1858
G 1818 m Per Knutson Vestenfor, gnr. 8/13.
3. Guri Olsdtr. Gudbrandsgard 31.08. 1783-
G 1805 m Ola Syverson Ødelien Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
4. Anne Olsdtr. Gudbrandsgard 29.03. 1789-1816
Ugift. Barn: Guri 1811- sjå barnebarn.
*Barnebarn
1. Guri Viggersdtr. Gudbrandsgard Bjerke 14.06. 1811-
G 1838 m Johannes Andersen Bjerke-eie, Ringerike. Johannes var husmann i 1838. (1766)
    Ho arva etter bestefaren i 1842.
    Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard (ungkar) og Anne Olsdtr. Gudbrandsgard.

Ola og Rønnaug gifte seg i 1775. Ola lånte 160 rd i 1787. Han fekk skøyte 1789 på "eiende og påboende" gard Gudbrandsgard for 150 rd og kår til Kari Nilsdtr.
    Då Ola Bøygard herja på Arnegard i 1772, vart bord og benk velta. Rønnaug prøvde å berge maten, men vart skadd i handa med kniv. (1370) s 43

{3668} År: 1809

Guri Olsdtr. Gudbrandsgard 31.08. 1783-
Foreldre: Ola Olson Sehl Gudbrandsgard og Rønnaug Nubsdtr. Arnegard.
Gm Ola Syverson Ødelien Gudbrandsgard 05.10. 1777-1845
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien.
*Barn
1. Borghild Olsdtr. Gudbrandsgard 19.01. 1806-
Borghild budde noko i Tuftedokken. Barn: Gro 1827-; Gro 1837-; og Tor 1841- . Sjå barnebarn.
    Det er mogleg at Borghild var ugift tenestjente på Nedre Vang på Jevnaker i 1865.
2. Syver Olson Gudbrandsgard 09.05. 1808-1883
G 1834 m Haldis Persdtr. Rue i Holet 1808-1880. Barn: Ola 1843- sjå Eimebakken g 1885 m Rønnaug Larsdtr. Helle; Birgit 1849- ug., dreiv med hamne-fe. Birgit vart funnen død "utpå åsane" etter å ha vore utover med ei drift. ( Hol III s 355 )
    Syver og Haldis var inderstar i Rue 1843, bygsla deretter "Plassen" under Rue i 1847. Den vart sidan kalla "Syversrud".
    Syver vart kalla "Kreger-Sjugurd". Dei leigde fjellhamna Ørterdalen til beite, og brukte å ta i mot mykje hamnefe. Dei var fastbuande i Ørterdalen ved Usta nokre år før dei kom til myljo Lauvrud i Hol kring 1872. I 1882 selde han garden til grannen Sjugurd Olson søre Lauvrud og tok seg kår.
3. Rønnaug Olsdtr. Gudbrandsgard Randen 26.11. 1810-1893
Ug. Død som inderst (hjå broren) i Randen i 1893.
4. Ola Olson Gudbrandsgard 29.03. 1813-1839
Ug. Soldat, død av barnekopper.
5. Embrik Olson Gudbrandsgard 20.10. 1815-1839
Embrik vart drepen i Kr.ania vinteren 1839 av to artilleri-soldatar. Det hadde vore noko bråk i byen ein dag. Same kvelden gjekk ein flokk med hallingar, valdreser og numedøler frå hus til hus på leiting etter nokre artilleri-soldatar. Då desse vart funne hjå høker Aslesen i Pipervika, brukte soldat nr. 51 og 35 sabel på Embrik Gudbrandsgard og Herbrand Bråtalien. Embrik var dødeleg skadd. (1348) s 11
6. Eivind Olson Gudbrandsgard 05.10. 1818-1900
G 1863 m Guro Olsdtr. øvre Håheim. Sjå neste hushald og myljo Tveito, gnr. 55/10 år 1892.
7. Botolv Olson Gudbrandsgard Randen 01.12. 1821-1896
G 1849 m enkje Guri Embriksdtr. Langegard Randen. G 1884 m Rønnaug Embriksdtr. Turkarstad.
8. Anne Olsdtr. Gudbrandsgard Brattegardslåtta 16.02. 1827-1902
G 1863 m Ola Hermannson Brattegardslåtta, gnr. 84/4.
*Barnebarn
1. Gro Hermundsdtr. Gudbrandsgard 23.12. 1827-1828
Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) og Borghild Olsdtr. Gudbrandsgard.
2. Gro Hermundsdtr. Gudbrandsgard Bruteigen 26.05. 1836-1914
G 1881 m Eirik Olson Bruteigen, gnr. 55/9.
    Foreldre: Hermund Olson Ellingsgard (ungkar) Borghild Olsdtr. Gudbrandsgard.
3. Tor Eirikson Gudbrandsgard Rudningen 25.06. 1841-1921
Ug. Var i Etne i 1888. Budde i Arnegardsrudningen, gnr. 91/13.
    Foreldre: Eirik Torson ... Lappegard (ungkar) og Borghild Olsdtr. Gudbrandsgard.

Ola og Guri gifte seg i 1805. I 1831 heldt Ola takst over kåret som han ved dom av 1830 var tilkjent hjå Sevat Eirikson Gudbrandsgard.
    Det var det andre som dreiv garden dei siste åra Ola levde. Krøtter og lausøyre vart selt denne tida. Guri ville ha slikt kår: 2 kyr framfødd, 2 tunner korn, 1/4 mål åker til potetland, bruk av hest til reiser til kyrkje og til stølen.

{3669} År: 1845

Eivind Olson Gudbrandsgard 05.10. 1818-1900
G 1863 m Guro Olsdtr. øvre Håheim. Foreldre: Ola Syverson Øylie Gudbrandsgard og Guri Olsdtr. Gudbrandsgard.

Eivind kjøpte Gudbrandsgard i 1845. Han selde att i 1890 til Syver Olson.
    Om familien til Eivind og Guro, sjå myljo Tveito, gnr. 55/10 år 1892.

{3670} År: 1890

Syver Olson Håheim Gudbrandsgard 08.11. 1853-1948
Foreldre: Ola Solveson Medgarden nedre Håheim og Margit Embriksdtr. Espegard.
Gm Guri Embriksdtr. Dusegard Gudbrandsgard 26.12. 1861-1938
Foreldre: Embrik Olson Dusegard og Liv Olsdtr. Espegard.
*Barn
1. Ola Gudbrandsgard 02.10. 1888-1890
2. Margit Gudbrandsgard Espegard 06.01. 1890-1970
G 1911 m Ola Larsson Espegard, gnr. 70/5.
3. Ola Gudbrandsgard Lofthus 11.02. 1892-1971
G 1916 m Rønnaug Knutsdtr. Lofthus. Sjå Lofthus gnr. 79/1.
4. Embrik Gudbrandsgard 09.03. 1894-1945
G 1925 m Guri Torsdtr. Veslehaug. Sjå neste hushald.
5. Embrik Gudbrandsgard 26.01. 1896-1969
Gm Gunhild Olsdtr. Oleivsgard 1895-1987. Barn: Gudrun 1921- postmeister i Drammen, gm Arne Sten Amundsen (ingen barn); Solveig 1923-1993 gm Håkon Nordal (2 barn).
    Embrik d.y. arbeidde hjå skreddar Rostock i Drammen.
6. Ola Gudbrandsgard 26.01. 1896-1898
7. Liv Gudbrandsgard 10.01. 1898-1905
8. Birgit Gudbrandsgard 07.10. 1900-1978
Ugift. Birgit var tenestjente i Hurum. Sidan husholderske i Oslo.
9. Borghild Gudbrandsgard Torsteinsslåtta 01.07. 1903-1967
Gm Syver Torsteinsslåtta, gnr. 25/7. Ingen barn.
10. Liv Gudbrandsgard 27.04. 1906-1992
Var gm Ola Nilsson Bergaplass. Ingen barn. Liv flytta sidan til Oslo og arbeidde som nattevakt på sjukehus.
    63 år gamal reiste ho til Puerto Rico og arbeidde på barneheimen 'Sarons Rose' i fleire år. Liv var medarbeidar til den kjende Sally Olsen. Liv var evangelist. Ho kom heim att på sine gamle dagar.

Syver og Guri gifte seg i 1888. Syver kjøpte garden for 5800 kr. i 1890. I daglegtale vart han kalla Sjugurd.
    Syver kjøpte langstølen Haugestølen i 1903 og selde frå langstølen på Reine i 1913. Syver bygde ny stugubygnad.
    Han var krøterhandlar og bonde. Han var ein slagferdig kar. På ei drifteferd kom han til ein gard der folket kom ut og gav seg til å kjefte på hunden hans Syver. 'Jammen era me glad for at me ikkje ha ein slik skarvehund!" Då svara Syver: "De trengi kji hund,de. De kunn gjøy sjålve!"
    Det fortelst frå ungdomstida at Syver og kameratane var ute på jentebesøk ei sumarnatt. Dei banka på ei loftsdør, men slapp ikkje inn. Då kom det frå Syver: 'Det e no sér når ein fær det akkorat som ein vil ha det!"
    Guri og ho Birgit Håkonsdtr. i nordre Gudbrandsgard treftest gjerne om sundagane. Då sette dei seg i grasbakken nedanfor stolphuset, tok fram tobakken or lomma i dåsen og så røykte dei krokpipe.
    I 1922 overtok sonen Embrik garden for 6000 kr.