Espegard gnr. 70 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Espegard gnr. 70 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Espegard ligg mellom Medgarden og Håheim i Leveld. Namnet kjem truleg av treslaget osp. Denne garden har nok opphav i mellomalderen. Fyrst på 1600-talet vart Espegard brukt under søre Skjervheim. I 1670 vart Espegard skattlagd som øygard med landskyld på 6 laupsbol.
    Espegard vart delt i to like store bruk midt i 1680-åra. Enkja Astrid Embriksdtr. og den nye mannen overtok det som vart bruksnummer 1, og sonen Knut frå hennar fyrste ekteskap overtok garden som vart bnr. 5. Knut skal ha prøvd å samle garden att i 1700, men ved lagmannsdom av 1703 fekk mora hans stadfesta sin rett til halve garden. Dommen bygde på tanken om at ein fjellgard kunne delast avdi det låg jaktrettar til eigedomen. Såleis skulle garden tåle ei deling. Bnr. 1 vart kalla Espegard-jordet eller 'Oppi Jordet'.
    Dei gamle nemningane 'øvre og nedre Espegard' har skifta innhald etterkvart som Espegard-gardane vart oppdelte vidare.
    Bonden på Espegard betalte kvernskatt 1770. 'Kvernastøet' er no eit stadnamn under bnr. 6. Mellom steingardar og gjerde gjekk 'Gutu', den gamle bufarvegen for Leveld, over også denne eigedomen.
    Areal 1865: dyrka jord 16 1/2 mål mål, naturleg eng 48 mål, utslått 40 mål. Avling 14 tunner bygg og 13 tunner potet.
    Tunet til den bortkomne garden Espegard bnr. 1 låg nordaust for tunet til bnr. 5, mest oppe ved den gamle bufarvegen. Dei gamle tomtene vart oppdyrka midt på 1980-talet. Innmarka låg i teigblanding etter oppdelinga av bnr. 1. I 1902 vart halde utskifting av innmarka og nye deler vart sette. Tunet til bnr. 6 vart flytta nedover til noverande tun i 1908.
    Stølar: heimstølen Jødnbustølen og langstølar i Lyserbotnen og på Lauvdalen.
   

{3734} År: 1759c

Embrik Botolvson Espegard 1726-1783
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen Espegard 1729-1808
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Margit Embriksdtr. Espegard Kyrkjedelen 14.07. 1749-1839
Gm Ola Olson myljo Kyrkjedelen, gnr. 64/3.
2. Knut Embrikson Espegard 14.11. 1751-1752
3. Knut Embrikson Espegard 25.02. 1753-1754
Knut skadde seg med ein kniv og døydde knapt to år gamal.
4. Botolv Embrikson Espegard 13.01. 1755-1834
Gm Margit Viggersdtr. Oleivsgard. Sjå neste hushald.
5. Knut Embrikson Espegard Kolbjørnstølen 28.08. 1757-1840
G 1780 m Guri Larsdtr. Noss. G 1785 m Anne Embriksdtr. Ulshagen. Sjå Kolbjørnstølen gnr. 98/1.
6. Embrik Embrikson Espegard Kolbjørnstølen 01.01. 1760-1760
Embrik døydde av hoste.
7. Embrik Embrikson Espegard 28.06. 1761-
Ukjent lagnad.
8. Liv Embriksdtr. Espegard Håkonsgard 04.03. 1764-1838
Gm enkjemann Ola Knutson Håkonsgard, gnr. 62/1.
9. Sigrid Embriksdtr. Espegard Malme 14.09. 1766-
Gm Bjørn Viggerson Oleivsgard Malme. Dei flytta til Romsdal. Sjå Oleivsgard 66/1 år 1755.
10. Astrid Embriksdtr. Espegard 05.03. 1769-
11. Embrik Embrikson Espegard 29.04. 1774-
Barn: Ambjørg 1804- (død ung?) m Kari Olsdtr. Løkensgard.
    G 1810 m enkje Guri Halvorsdtr. Snogsrud. Barn: Halvor 1807- ; Ambjørg 1807- . Sjå Medgard gnr. 69/1 år: 1785c.
    Embrik var handelskar i unge år. Han kjøpte seg gard i Romsdal kring 1810. Han drakk som ein svamp i alle år og kom seg ikkje or armoda. (Mehlum)

Embrik og Birgit fekk minst 11 barn. Embrik Espegard var handelskar i 1749. Faren skifta i levande live i 1759. Det var 297 rd å dele. Embrik skulle løyse inn syskenpartane straks og svara faren kår.
    Embrik kjøpte 1759 stølen Medskålen hjå 10 bønder i Hemsedal for 10 rd. ('Like ovanfor Mørkedalen, som tager sin begyndelse i Nybunøsen, og vest i Gjeldskiftet, og sålangt nord som våres strekning kan strekke.') H. Flaten meiner at Medskålen omfatta: Gravabotten, Gyrinosen, Skålen, Lyserbotten, Jonstølen og Nybunose. Ifylgje brev frå O. Havarsgard utgjer Medskålen Jonstølen og Lyserbotn. (1614)
    I 1764 tapte Embrik eit odelssøksmål mot Torkjell Kolbjørnsgard. Embrik stevna på Kolbjørnsgard sidan morfar og onkelen hans hadde brukt den garden. (1288) s 8
    I 1765 vart Ola Skar i Hemsedal stevna for å ha teke 10 bismarpund talg frå Embrik. Dette var ein del av ein handel på 9 bismarpund talg som Embrik hadde kjøpt hjå Hans Trøym for 1 rd pr. bpd.
    Embrik stevna Tolleiv Hus i 1770 for å ha trengt seg inn i Lyserbotten. Embrik hadde ein kjøpeavtale vedrørande stølen Lyserbotn med Tolleiv og Tor Hus (10 rd til kvar for å løyse dei ut or Lyserbotn.) Avtalen var no broten og karane hadde prøvd kreftene på kvarandre. (1368) s 45
    Også Tolleiv Viljugrein og Embrik hadde ein avtale om deling ein støl i Hemsedal. I 1772 vart Embrik saksøkt av Tolleiv. (1370)
    I 1772 selde Embrik ein langstøls-lut i Medskålen til Ola Asleson Havarsgard i 1773 for 100 rd. Det heitte då at 'sæterlodden er under Havarsgard', og at kjøparen skal kunne beite med 40 stk. fe. Kjøparen skulle sjølv bekoste stølsbu, og i øvrigt beite felles med seljaren i Medskålen bubeite og fjellet. (1370) s 64
    I 1773 vart det vitna om at Jon Knutson Varaberg og Tolleiv Karistølen (Hemsedal) hadde trengt seg inn på fjellbeitene til Embrik Espegard, Flæ-fjellet og Lyserbott-fjellet. Embrik hadde forkynnt beiteforbod ved lensmannen i Hemsedal, og framførte eit vitne om forkynninga på tinget på Grimsgard tingstugu på Nes. (1372) s 10
    I 1775 ville futen Dorph ha Embrik straffa og bøtelagt for "Drik og Sabatens Overtrædelse".
    Embrik selde 1782 stølen Lyserbotnen med to buer til Knut Larsson Myregard for 48 rd. Han tok atterhald om at sonen Knut skulle få beite i Lyserbotnen med dei dyra som kunne fødast på Kolbjørnstølen. NB. I 1782 budde Embrik og Birgit på Eikre i Hemsedal.

{3735} År: 1776

Botolv Embrikson Espegard 13.01. 1755-1834
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard Kolbjørnstølen og Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Margit Viggersdtr. Oleivsgard Espegard 24.07. 1757-1831
Foreldre: Vigger Eivindson Oleivsgard og Kristi Bjørnsdtr. Medgard (Liagardane).
*Barn
1. Gunhild Botolvsdtr. Espegard Håheim 07.09. 1777-1841
G 1808 m Ola Olson myljo Håheim. Sjå gnr. 71/3.
2. Birgit Botolvsdtr. Espegard Bjøberg 1782-1821
Barn: Birgit 1808-1856, sjå barnebarn.
    G 1820 m Eirik Knutson Torsteinsrud Bjøberg 1780-1852. Barn: Knut 1821-1902 bonde på Bjøberg, gm Ragnhild Husstad (av 13 barn vaks 9 opp). Om Eirik, sjå Torsteinsrud gnr. 62/3 år 1778c.
3. Embrik Botolvson Espegard 01.07. 1787-1856
G 1809 m Borghild Olsdtr. Lappegard. Sjå neste hushald.
4. Kristi Botolvsdtr. Espegard Lislelien 1789-1871
G 1807 m Tor Olson Lislelien, gnr. 71/5.
5. Margit Botolvsdtr. Espegard Bjøberg Holde 22.04. 1792-1872
G 1812 m Knut Olson Lislelien Bjøberg 1786-1817. Barn: Ola 1813- ; Kristi 1810-1899 gm Ola Nilsson Husstad (2 barn); Turid 1816- g 1839 m Hallstein Ivarson Husstad.
    Gm Jakop Pederson Holde 1794-1859. Barn: Knut 1820-1882 bonde i Holde, gm Ingrid Knutsdtr. Torset; Botolv 1825-1833.
    Båe mennene til Margit omkom i ulykker. Knut og tenestguten sette livet til i uvær i november 1817. Dei skulle hente reinskjøt i fjellet vest for Bjørberg. Sumaren 1859 drukna Jakop i elva, han prøvde ein beinveg istaden for å gå over brua.
    H. Flaten: "Margit var ein meister til å skrape i hop mammon. Det var smør og og krøter som utgjorde velstanden. Ho vart kalla "Hølledøla". Mehlum har ei segn om Margit: Ein 'fremmanbekar' var brått komen inn i høya ein kveld. Og då det mørkna kom det ei haugakjering fram til buadøre og sa: "Denna bukken ska du ha før at du heldt buahella di so rein, for det e bordet mitt det." Margit hadde stor lykke med sauehaldet så lenge bekaren levde. Det vart laga eit stev om denne hendinga. (1235) s 306
6. Vigger Botolvson Espegard Gurigard 1796-1860
G 1825 m Guri Danielsdtr. Gurigard, sjå gnr. 63/2.
7. Botolv Botolvson Espegard 17.02. 1799-
8. Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk 25.05. 1801-1870
G 1829 m enkje Birgit Olsdtr. Underberg Gjeldokk, gnr. 105/1.
9. Gunhild Botolvsdtr. Espegard 1828m-1867.
Gm Botolv Viggerson Gurigard Espegard. Barn: Eivind 1858- sjå barnebarn.
    Dei var inderstar på Espegard i 1858. Problemet er berre at av dei to aktuelle Botolv Viggerson var den eine gift og den andre ungkar. Sjå Gurigard gnr. 63/2 år 1867.

Botolv fekk 1776 skøyte på garden for 800 og dessutan eit 'forsvarleg' kår til foreldra. I 1781 overdrog faren sitt kår til Botolv, kåret til mora derimot skulle stå ved lag. Det var 2 kyr og 6 småfe framfødd, årleg 2 tunner godt korn, og varmt hus, nødvendigt stell og bruk av hest.
    Det vart fortalt at Botolv "sat i jule-stugu" for å sjå kven han skulle bli gift med. Botolv sette seg til aleine julekvelden etter gamal skikk, men noko tidleg. Då kom ho Margit inn til han, drivande våt og med utslått hår. Ho hadde stade og vaska seg i Oleivsgard, og så fekk ho det for seg at ho måtte avgårde ... (1553)1902
    I 1778 makeskifta Botolv bort langstølen Hengsen til Ivar nedre Espegard og fekk att Lauvdalen.
    I 1800 vart Gunnar Kaslegard slik forlikt med Botolv Espegard: for ettertida skulle dei leve som "Venner og uden Uvilje mot hinanden'. Om forliket vart brote skulle den skuldige bøte 3 rd til fattigkasssa. (1407) s33
    På skiftet etter Margit var buet 271 spd.

{3736} År: 1809

Embrik Botolvson Espegard 01.07. 1787-1856
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Viggersdtr. Oleivsgard.
Gm Borghild Olsdtr. Lappegard Espegard 1784-1842
Foreldre: Ola Larson Lappegard og Astrid Olsdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Margit Embriksdtr. Espegard 04.05. 1811-1815
2. Astrid Embriksdtr. Espegard 20.08. 1814-____
Truleg død liten.
3. Margit Embriksdtr. Espegard Håheim 12.01. 1816-1911
G 1839 m Ola Solveson Medgarden nedre Håheim.
4. Kristi Embriksdtr. Espegard 08.08. 1819-1830
5. Astrid Embriksdtr. Espegard Veslegard 01.12. 1822-1881
G 1844 m Tor Mikkelson Veslegard, gnr. 61/1.
6. Birgit Embriksdtr. Espegard Svarteberg 20.05. 1827-1907
G 1845 m Torstein Olson Svarteberg, gnr. 54/2.
7. Botolv Embrikson Espegard Medgard 04.10. 1830-1908
G 1850 m Liv Tolleivsdtr. Bjella. G 1882 m Sigrid Knutsdtr. Medgard. Sjå neste hushald.

Embrik og Borghild gifte seg i 1809. Same året fekk han skøyte på garden for 1000 rd og kår til foreldra.
    I 1842 fekk Embrik kongeleg løyve til å sitja i uskifta bu. Lausøyret etter Embrik Espegard vart delvis delt og delvis auksjonert bort i 1856. Det var 94 spd totalt.

{3737} År: 1848

Botolv Embrikson Espegard Medgard 04.10. 1830-1908
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard.
Gm Liv Tolleivsdtr. Bjella Espegard 03.04. 1825-1874
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Ingeborg Kitilsdtr. Livrud.
Gm Sigrid Knutsdtr. Medgard Espegard 06.09. 1836-1927
Foreldre: Knut Embrikson Thon søre Medgard og Ågot Tolleivsdtr. Løkensgard Medgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Borghild Botolvsdtr. Espegard 22.02. 1851-1881
Ug.
2. Ingeborg Botolvsdtr. Espegard Aslesen 03.12. 1852-
Gm Erling Aslesen, busett i Linton Co. Dakota.
    Til Am. i 1869 (frå Stavanger): Ceder Falls. I 1903 budde dei i Hudson, Lenchon Co. SD.
3. Embrik Botolvson Espegard 24.03. 1855-1855
4. Kristi Botolvsdtr. Espegard Dekko 22.04. 1856-1940
Gm enkjemann Ola Amundson Dekko, gnr. 32/24.
5. Embrik Botolvson Espegard 22.03. 1859-1893
6. Sigrid Botolvsdtr. Espegard 03.01. 1862-1862
7. Tolleiv Botolvson Espegard Medgard 30.08. 1863-1903
Ugift. Gardbrukar og skomakar, sjå søre Medgard, gnr. 69/1.
8. Botolv Botolvson Espegard 18.04. 1866-1868
9. Sigrid Botolvsdtr. Espegard Gran 18.04. 1869-1940
G 1928 m enkjemann Georg Hansen Gran. (Son til husmann Hans Olsen Gran.)
    Sigrid reiste truleg til Amerika i 1906, men må ha kome attende nokså fort. I 1908 budde ho på Hvalby i ... . Sidan var Sigrid tenestjente på Moen i ..... der Georg arbeidde som jordarbeidar. Død i Ål 1940.

Botolv fekk skøyte på garden 1848 for 800 spd. Botolv og Liv gifte seg i 1850. Dei fekk ni barn, men tre av dei døydde småe.
    Botolv vart attgift 1882 med Sigrid Knutsdtr. Medgard. Ingen barn.
    Botolv pantsette garden til Hypotekbanken for eit lån på 800 kr i 1877. Sidan auka gjelda på og obligasjonane vart mange. Botolv byrja å selja unna: Jødnbustølen i 1880, Lauvdalen og Jordesteigen i 1883. Det vart halde eksekusjonar for lausgjeld, og til sist vart garden selt på auksjon til kreditoren Ola H. Sato.
    Det vart fortalt at Botolv hadde meint å flytte tunet ned på flata der bnr. 9 no er. Men økonomien bar ikkje. I staden for flytting så vart det til at han selde stugu. Den står no på søre Skjervheim. Botolv og Sigrid døydde på Løkensgardslåtta.

{3738} År: 1888


Ola H. Sato kjøpte Espegard på auksjon i 1888. Ola begynte der Botolv slapp, han selde reisten av garden ut i smått. I 1886 sat Botolv att med ei markaskyld på 3,90. I 1904 hadde Ola Sato berre att 1,74 mark, og sidan vart eigedomane bnr 11, 12 og 13 frådelte.
    Desse eigedomane er frådelt bnr. 1 etter 1888: bnr. 8 Storåkeren til Håheim; bnr. 9 Nedrejordet til Espegardflåten; bnr. 10 Øvre Jønnbustølen til Bergaplass; bnr. 11 Jordesbakkane til Underberget; og bnr. 12 Øvrejorde til Botolvshuset.
    Resten av jordvegen på Espegard har fått bruksnummer 9 og vert kalla Nedre-jordet eller Flåten. Her vart nytt tun bygd opp i 1890-åra. I 1943 fekk Ola Sato auksjonsskøyte på garden. Då selde han det siste jordstykket til Underberget.
    Det resterande av bnr. 1 vart kalla Steintræet. Forfattaren Jens Bjørneboe kjøpte denne eigedomen i 1955 og sette opp eit loft frå Ødelien til hytte. (Jfr. kunstnar-kolonien i Leveld.) Kring 1987 overførte Lisel Bjørneboe eigedomen til Steinerskolen i Bergen. Og i 2004 vart Steintræet tillagt UnderBerget.