Espegard øvre gnr. 70 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Espegard øvre gnr. 70 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Noverande Øvre Espegard vart frådelt Espegard kring 1687. Garden fekk ei landskyld på 3 laupsbol. Eigedomen består no av bnr. 5, 4 og 16. Tidlegare 'Øvre Espegard' er no bnr. 1. Bnr. 5, 4 og 16 var tidlegare ein eigedom, men vart skylddelt i 1936. Jordstykket Espeset og eit kårhus vart frådelt som bnr. 16.
    I 1945 overtok yngste sonen Olav Espegard (sjå Jordet, gnr. 31/ 2) bnr. 16. Bnr. 5 og 4 utgjer no reisten av øvre Espegard.
    Areal 1865: dyrka jord 11 1/2 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 40 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 7 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 36 mål, anna areal 62 mål, produktiv skog 50 mål, anna utmark 50 mål. Leigd jord 35 mål. Økologisk dyrking av poteter og urter. Buskap: 35 vinterfora sauer, 3 hestar, 6 ammekyr.
    Våningshus bygd omkr. 1900, restaurert og påbygt 1920 og 1997, driftsbygning 1988.
    Stølar: heimstøl Tegjistølen ligg rett ovanfor garden, langstøl på Hengsen.
   

{3741} År: 1758

Ivar Embrikson Kolbjørnstølen Espegard 1736-1798s
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen Espegard og Liv Knutsdtr. Espegard.
Gm Turid Olsdtr. Raunsgard Espegard 1737-1803s
Foreldre: Ola Vebjørnson Raunsgard og Rønnaug Arnesdtr. ... . (Hol VII s 338.)
*Barn
1. Liv Ivarsdtr. Espegard Håkonsgard 10.03. 1756-1791s
Gm Ola Knutson Håkonsgard, gnr. 62/1.
2. Embrik Ivarson Espegard 30.07. 1758-1796.
Barn: Embrik 1790-1853 m Guri Eiriksdtr. Tistilsgard (sjå der); Mari 1790- (ukjent) m avgangne Mari Knutsdtr. Haug.
    G 1792 m Ragne eller Ragnhild Syversdtr. Ødelien.
    Embrik og Ragnhild budde på Espegard. Han døydde kring 1796. Ragnhild budde i Ødelien i 1801. Sjå barnebarn i Ødelien.
3. Ola Ivarson Espegard 11.01. 1761-
Ola vart konfirmert, men er ikkje spurt sidan.
4. Levor Ivarson Espegard Underberget 05.07. 1763-1830
G 1789 m Gro Aslesdtr. Toresgard. Sjå Underberget gnr. 70/7.
5. Svein Ivarson Espegard 25.04. 1766-
Truleg død liten.
6. Margit Ivarsdtr. Espegard Holto 10.07. 1768-1816s
Gm Aslak Larsson Svarteberg Holto, gnr. 94/6.
7. Olaug Ivarsdtr. Espegard 1771-
Olaug var ugift i 1803. Ukjent lagnad.
8. Svein Ivarson Espegard 13.03. 1774-1783
Trulg død ung.
9. Knut Ivarson Espegard 1777-
Knut vart konfirmert i 1796, på Espegard i 1801. Ukjent lagnad.

Ivar og Turid gifte seg i 1755. I 1752 betalte Ivar konsumpsjonsskatt som fehandlar/laus person. Ivar var soldat då dei gifte seg. Ivar fekk skøyte på Espegard 1758 hjå faren for 330 rd.
    I 1778 makeskifta Ivar ein part i langstølen Lauvdalen og 82 rd med Botolv Embrikson og fekk att ein part i Hengsen med hus og rettar.
    I 1781 selde Ivar Nedre Myset til Tor Torson Lille Torsteinsrud i 1781 for 160 rd. Same året kjøpte Ivar skogremmen søre Lappegardsremmen hjå Ola Larsson Lappegard i Leveld for 8 rd. (stadnamn: Tømremyren, Tejestøllien, Åsvegen, Nordrestølmyren) (1206) s 118
    Ivar lånte 590 rd i 1787 mot pant i garden Espegard (3 lb.) På skiftet etter Ivar var netto eiga 1493 rd.
    Turid fekk utlagt 'forlodds etter sedvane i bygda': 1 ku med bjelle og klave, 1 kvinnfolksal, 1 oppreidd seng. Garden vart selt på auksjon i 1798. Etter Turid var netto eiga 603 rd.

{3742} År: 1798

Lars Olson Trintrud Espegard 30.11. 1757-1840
Foreldre: Ola Eirikson d.y. Gullhagen søre Trintrud og Guri Larsdtr. Sata.
Gm Birgit Knutsdtr. Larsgard Espegard 1764-1805
Foreldre: Knut Halvorson Larsgard, Hovet og Guro Olsdtr. Ruud (Kvinnegardslia.) (Hol IV s 412)
*Barn
1. Guri Larsdtr. Espegard Lappegard 24.09. 1789-1830
G 1810 m Lars Olson Lappegard, gnr. 65/1.
2. Knut Larsson Espegard 16.07. 1791-1810
Ugift.
3. Anne Larsdtr. Espegard Oleivsgard 24.09. 1793-1866
G 1819 m Sevat Eivindson nordre Oleivsgard, gnr. 66/4.
4. Guro Larsdtr. Espegard Thon 25.09. 1796-1873
G 1818 m enkjemann Embrik Sevatson Thon, gnr. 74/1.
5. Ola Larsson Trintrud Espegard 03.11. 1799-1878
G 1822 m Margit Olsdtr. Noss. G 1827 m Jørand Mikkelsdtr. Veslegard. Sjå neste hushald.
6. Eirik Larsson Espegard Larsgard 03.04. 1803-1891
G 1834 m Ingebjørg Halvorsdtr. søre Berg 1811- . Barn: Halvor 1834- døvstum; Lars 1836-ung; Birgit 1838- gm Kitil Sveinson nordre Sletto; Guro 1840- til Am., gm Ola Torsteinson Dokken d.y. (Sudndalen); Mari 1841-1917 gm Ola Torsteinson Dokken d.e. (Sudndalen); Ingeborg 1845- gm Svein Olson Kvamen; Guri 1848- gm em Syver Olson nordre Berg (Hol). (1323) s 413
    Eirik og Ingebjørg kom til nordre Larsgard i Hovet. Sjå Hol IV s 431.

Lars og Birgit gifte seg i 1788. Lars og Birgit hadde heimegarden hennar, Larsgard i Hovet, frå 1792 til 1795. Så selde dei og flytta til Espegard. I 1798 fekk Lars auksjonskøyte på Espegard.
    I 1821 sende Lars Olson rekning til svigersonen Embrik Thon. Reknestykket var slik: oppvekst med kost for dottera Guro Larsdotter gjennom 25 år, eller 326 mndr, eller 9131 dagar à 4 måltid à 2 skilling = 760 rdlr 16 skilling! Truleg hadde Guro og Embrik gifta seg utan løyve frå foreldra hennar!

{3743} År: 1821

Ola Larsson Trintrud Espegard 03.11. 1799-1878
Foreldre: Lars Olson Trintrud Espegard og Birgit Knutsdtr. Larsgard frå Hol.
Margit Olsdtr. Noss Oppigarden Espegard 05.12. 1802-1825
Foreldre: Ola Nilsson Oppigarden Noss og Guri Olsdtr. ... .
Gm Jørand Mikkelsdtr. Veslegard Espegard 17.07. 1808-1860
Foreldre: Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard og Liv Torsdtr. Veslegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Lars Olson Espegard 26.03. 1824-1824
2. Margit Olsdtr. Espegard 05.07. 1825-1826
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Olsdtr. Espegard Gurigard 25.11. 1828-1902
G 1859 m Ola Viggerson Gurigard Granby. Barn: Jørand 1861-1947; Guri 1863-1923. Barn i USA: Elisabeth 1866-1929; Boletta 1869-1926. (1244)
    Til Am. 1866."Ole Viggersen Granby, Nicolett Co MN. (Sjå "Relatives of Ole Wiggerson Gurigard" av Bill og Mary Ann Gjeldaker.) Sjå søre Øvre Gurigard gnr. 63/2 om døtrene Jørand og Guri.
2. Birgit Olsdtr. Espegard 05.10. 1831-1832
3. Birgit Olsdtr. Espegard Gurigard 21.11. 1833-1875
G 1868 m Botolv Viggerson Gurigard. Sjå søre Øvre Gurigard gnr. 63/2.
4. Liv Olsdtr. Espegard Dusegard 26.10. 1837-1904
G 1862 m Embrik Olson Dusegard.
5. Anne Olsdtr. Espegard UnderBerget 01.01. 1842-1927
G 1876 m Ivar Embrikson Espegard. Sjå UnderBerget bnr. 7.
6. Guro Olsdtr. Espegard 31.05. 1845-1847
7. Lars Olson Espegard 06.06. 1848-1921
G 1877 m Torand Larsdtr. Thon. Sjå neste hushald.
8. Mikkel Olson Espegard Kyrkjedeld 25.09. 1851-1928
G 1884 m Torand Olsdtr. øvre Håheim. Sjå Kyrkjedeld gnr. 64/2.

Ola kjøpte Espegard hjå faren i 1821. Ola og Margit gifte seg i 1822. Dei fekk to barn som ikkje vaks opp.
    Margit døydde i barnseng, og Ola vart attgift med Jørand i 1827. Buet etter Ola var på 1688 kr.

{3744} År: 1870

Lars Olson Espegard 06.06. 1848-1921
Foreldre: Ola Larsson Trintrud Espegard og Jørand Mikkelsdtr. Veslegard.
Gm Torand Larsdtr. Thon Espegard 11.08. 1850-1932
Foreldre: Lars Olson Randen Thon og Haldis Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Jørand Larsdtr. Espegard 19.01. 1878-1902
Ug. I 1900 dreiv Jørand med 'Husgjerning og Kreaturstel'.
2. Ola Larsson Espegard 20.11. 1879-1971
G 1911 m Margit Syversdtr. Gudbrandsgard. Sjå neste hushald.
3. Lars Larsson Espegard 26.04. 1884-1971
Gm Marie ... . Barn: Ninni ....- ; Erna ....- var gm Sigurd ... .
    Lars var målarmeister og budde på Slependen utanfor Oslo.
4. Tolleiv Larsson Espegard 24.02. 1888-1939
G 1922 m Gunvor Sevatsdtr. Løkensgard. Snikkar og gardbrukar i (Trintrud)Rudningen gnr. 57/3.
5. Haldis Larsdtr. Espegard 13.10. 1892-1979?
Haldis var sjukepleierske i Oslo. Ho stellte foreldra sine då dei vart gamle.

Lars og Torand gifte seg i 1877. Lars fekk skøyte i 1870 for 600 spd og kår. Kring 1890 bygde han om uthusa og kring 1900 vart det sett opp ny kårstugu.