Nedrejordet gnr. 70 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nedrejordet gnr. 70 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Espegard eller Nedrejordet (i daglegtale Flåten) vart frådelt bnr. 1 i 1893. Garden grensar mot Medgarden i aust og Espegard bnr. 6 i vest.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna areal 25 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 150 mål. Jorda er dels leigd bort.
    Våningshus bygt 1899, ombygd .... , gamalt loft, driftsbygning 1896, ny låve 1983.
    Stølar: heimstøl på Jødnbustølen, langstøl på Kråkhamar (Løke-gjerda, tilkjøpt frå Skrindo i 1917).
   
   

{3764} År: 1893

Eirik Embrikson Preinsrud Espegard 04.02. 1858-1942
Foreldre: Embrik Ivarson Preinsrud Espegard og Ågot Eiriksdtr. Espegardjordet.
Gm Jørand Embriksdtr. Dusegard Espegard 06.08. 1864-1933
Foreldre: Embrik Olson Dusegard og Liv Olsdtr. Espegard.
*Barn
1. Ågot Eiriksdtr. Espegard Feten 17.01. 1895-1931
G 1927 m Daniel Olson Feten, gnr. 72/2.
2. Embrik Eirikson Espegard 26.11. 1896-1973
G 1922 m Birgit Nilsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.

Eirik og Jørand gifte seg i 1894. Eirik kjøpte eigedomen Nedrejordet eller Flåten på auksjon i 1893. Dei bygde opp garden heilt frå nytt av. Stugu var den fyrste tohøgda huset i Leveld, og uthuset var det fyrste der alle husa var samla under eit tak. I 1924 selde dei garden til sonen Embrik