Håheim, nedre gnr. 71 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Håheim, nedre gnr. 71 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Håheim-gardane har vore ein gard frå gamalt. Håheim er nok rydda ein gong i høgmellomalderen. Namnet tyder 'garden som ligg høgt'. Skrivemåten har skifta noko, 'Hayemb' i 1652 og 'Hajum' i 1692. Etterkvart har garden vorte skrive som 'Hajem' og 'Håheim', medan muntleg bygdetale har vore 'Håheim'. Som slektsnamn i dag vert både Hajem og Håheim nytta.
    Håheim-gardane ligg mellom Espegard og Heståne i Leveld.
    Den nedre garden kom ut or øydetida som underbruk for Sundre, og den øvre garden som underbruk til Opsata, og dessutan med ei viss tilknyting til prestebolet i Ål. I 1616 var årleg skatt 1 kalvskinn.
    Oppdelinga i øvre og nedre Håheim har truleg skjedd såpass tidleg at garden har vorte matrikkulert som gnr. 71 og 72. Etter 1670-matrikkelen var landskylda 6 laupsbol for nedre Håheim og 3 laupsbol for øvre Håheim.
    Her frå fylgjer me nedre Håheim vidare. Garden skatta som øygard i 1670.
    Frådelte bruk: myljo Håheim bnr. 3 (2 lb.), Lislelien bnr. 5 (1 lb.), Håheim bnr. 10, Ådnefeten og Tresko-haugen. Frå 1791 har noverande søre nedre Håheim hatt att ei landskyld på 3 laupsbol.
    Frådelte plassar: Ådnefeten, sjå bnr. 1a; Treskohaugen ligg ned mot elva nord for Medgardshaugen i Leveld. Her budde treskomakaren Ola Eirikson Espegard i 1865. (sjå Underberget gnr. 70/7 år 1832.)
    Sevatstugu var ingen plass, berre ei stugu der Sevat Kjellargard og familien budde etter at dei selde Tveitehagen, gnr. 55/12. Sjå meir om familien hans der.
    Gardsyn 1745: stugu 9 rd, må vølast; stolphus 9 rd; fehus 11 rd; gamal låve med dårleg tak; ei gamal "Gar lye" på veggen, dårleg tak; stall med trev; eldhus; badstugu; sauestall med trev; kvernhus; smie; ei lu i Myren.
    På langstølen Lauvdalen stod ei steinbu i dårleg stand. På heimstølen Jødnbustølen var ei bu med dårleg tak. På stølen store Nyset var ei gamal bu, fjøs og lu. På "Rødstø"-stølen var ei gamal lu. (1102) s 62
    Nokre stadnamn: Lumpestølen, gamal voll med tuft, i nordaustre kanten av Nyset; Trolldalen;
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 24 mål. Avling 12 tunner, potet 12 tunner.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål og anna areal 40 mål som vert leigd bort, produktiv skog 80 mål, anna utmark 100 mål. Våningshus bygt 1976, kårhus bygt 1912, loft på to etasjar 1861, fjøs, låve og stall 1870.
    Stølar: heimstølar på Nyset og på Sjugurdstølen. Langstøl på Lauvdalen.

{3778} År: 1755

Asle Arneson Håheim 1730-1792s
Foreldre: Arne Viggerson Oleivsgard Håheim og Turid Aslesdtr. Langegard.

Asle var ugift, men hadde sonen Arne 1777-? med Kristi Gjestsdtr. Kvinnegarden. Asle overtok 3 laupsbol i garden kring 1755, men han vart knapt nokon bonde.
    I unge år var Asle tenestefør og gjekk i arbeid hjå Embrik Ellingsgard. Så vart han "svekket i sine Sanser" og fekk raserianfall. Asle vart sett i jarn i eit eldhus på Ellingsgard eit halvår. I sinne kunne han kaste stein etter dei som kom med mat til han. Eller han kunne rive sund kleda sine.
    Etterkvart fekk Asle forstanden tilbake og han tok så garden sin i bruk ved sida av noko arbeid på Ellingsgard. (1288) s 31
    Formyndaren Svein Holto selde 1779 Asle sin part i søre Håheim (3 lb.) for 100 rd og slikt kår: varmt hus og oppvarting/evt. 1 rd 2 ort husleige om han ville bu ein annan stad; 2 1/2 tunne bygg; framfødd 2 kyr og 6 sauer. Asle skulle ha mjølka av den eine kua. Av den andre skulle han ha 3 bismarpund smør, 3 bp. sur ost, 3 bp. sur prim. Broren Syver hadde reisten av garden. Enkja hans gifte seg att med Rasmus. Sjå år 1775.
    På skiftet etter Asle i 1792 heitte det at han var 'berøvet forstandens bruk' og at formyndaren Svein Nilsson Holto hadde brukt garden i 10 år. (Gjekk handelen frå 1779 opp att?) Garden vart selt på auksjon, men i påvente av ein dom og eit skifte etter klokkaren Qvam, drog skiftebehandlinga ut i mange år. Ei rekning frå arvingane etter Svein Holto vart bestridd av arvingane.

{3779} År: 1758c

Syver Arneson Håheim 1732-1772c
Foreldre: Arne Viggerson Oleivsgard Håheim og Turid Aslesdtr. Langegard.
Gm Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld Håheim 1739c-
Foreldre: Ola Knutson Lappegard myljo Kyrkjedeld og Sissel Olsdtr. Arnegard Kyrkjedeld.
*Barn
1. Turid Syversdtr. Håheim Logsengard 29.09. 1761-1849
Gm Asle Endreson Logsengard. Barn: Endre og Asle.
    Dei flytta til garden Løs i Borre. Turid budde hjå sonen Asle på østre Helland og fekk kår der då Asle kom til grannegarden Tveitan i Nykirke.
2. Tora Syversdtr. Håheim 1763-
Tora var 29 år i 1792.
3. Ola Syverson Håheim 27.01. 1765-
Barn m Birgit Olsdtr. Thon: Sissel Olsdtr. f. 1797. Sjå år 1793.
4. Arne Syverson Håheim 05.07. 1767-
5. Sissel Syversdtr. Håheim 15.09. 1771-

Syver og Sissel gifte seg i 1760. Syver overtok ein del i Håheim, truleg 2 eller 3 laupsbol, utan at garden vart delt.
    I 1760 fekk Vigger Oleivsgard dom for slagsmål med Syver Arneson Håheim. "Med vred hu" hadde Vigger oppsøkt Syver i arbeidet, og overfalle han med "hug, slag, hårdrag og jord-skuv". (=dytta han overende)
    Syver vart tiltala av presten Qvam i 1763 for ulivnad. Futen ville sende han på tukthuset 1763 grunna "ugudelig og forargerlig levemåde". I ein dugnad på Veslegard hadde Syver brukt kniv på Knut Øygarden. Syver vart bøtelagt 9 lodd sylv til kongen for kvart av dei 4 knivstikka, samt 45 lodd sylv "for Skade af Kniven som et lumsk Våben". Om han ikkje greidde å betale bota, skulle han sitja på tukthuset inn til pengane var opptente der.
    Det var gardsyn på søre Håheim i 1763. Syver hadde forbetra garden. Husa var: ei dårleg, gamal stugu 4 rd; stabbur 6 rd; låve 8 rd; gamal heststall med trev 2 rd; gamal, dårleg saustall 1 rd; eldhus; fehus; nokre luer. På stølen Rustidn: gamal bu til nedfalls 2 sk. På Nyset: fehus og bu. På Jødnbustølen: stølsbu og ei lu. (1305) s 28
    Ein hestehandel med Ola Børgeson "Jusne" (Lysne?) i Bergenhus kom retten i 1765. Hesten viste seg å vera "stikkelshåret" og handelen vart omgjort.
    Syver prøvde å ta Lappegard i Leveld på odel då Sissel arva 1 3/7 laupsbol, men vart 1769 dømt til å ta i mot pengar for arven. (1368) s 4
    Syver Håheim kom på tinget 1771 og stevna Ola Kyrkjedeld i eit søksmål. Grunnen var at kona til Ola hadde rive til seg stevninga og putta den opp i ei matgryte. Utan stevninga kunne ingen sak førast, dermed måtte Syver stevne på nytt. (1368) s 54
    I 1772 vart Syver tiltala for drap på svogeren Ola Snogsrud. Dei hadde krangla i eit barnsøl i Lislelien. Ola gjekk heim og la seg, men då kom Syver etter og gjekk til åtak på han i senga. Ola for opp i berre skjorta og ut bar det med båe. Ola døydde straks av knivstikk.
    Syver gøymde seg bort, men han vart funnen dagen etter i halmen i låven på Skarsgard. Han "bejamrede sin kone og sine børn" etter ugjerninga som han hadde gjort. "Lenge har jeg vært skikkelig, det kvitter Fanden med mig." Syver kalla inn mange vitne, m.a. nokre Kopperud-folk frå Sundland ved Bragernes.
    Det vart oppstyr då Syver stod for retten. Han stod der i tingstugu utan handjern, brått hadde han ein jernbolt i handa, men vakta greip fort inn då han ville slå til syster si, Ambjørg. Med vitne-føringa prøvde forsvararen å vise at Syver hadde vore "confus i hovedet" ved fleire høve. Andre vitne slo fast at der var ingen kjenneteikn på "en forrycket hjerne". (1370) s 37
    Syver vart dømt til døden i 1772. Hovudet skulle setjast på stake og lekamen gravast ned av nattmannen på rettarstaden. Han anka til lagtinget på staden. Men i 1775 heitte det: "... nu henrettet .. " (1370) s 25+49
    Sissel vart attgift 1775 med Rasmus Knutson Ruud Håheim. Sjå neste hushald.

{3780} År: 1775

Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld Håheim 1739c-
Foreldre: Ola Knutson Lappegard myljo Kyrkjedeld og Sissel Olsdtr. Arnegard Kyrkjedeld.
Gm Rasmus Knutson Ruud Håheim 03.10. 1751-1832
Foreldre: Knut Holgeson søre Ruud i Opheim og 1.g Birgit Knutsdtr. Helling.
*Barn i andre ekteskap
1. Tolleiv Rasmusson Håheim Høiføtt 02.07. 1775-
G 1806 m Olea Abrahamsdtr. Krokskogen i Slagen. Barn: Andreas 1807- .
    Tolleiv kom til bruket Høiføtt i Slagen. (1077)
2. Syver Rasmusson Håheim Kjeran 01.03. 1778-1830
Gm Sissel Gulliksdtr. Eikenes 1774-1840 frå Borre. Barn: Ola .... gm Gunhild Jonsdtr .. frå Ramnes.
    Syver bygsla Øvre Kjeran i Nykirke/Borre i 1806. Sissel vart attgift med Anders Jensen Kopstad, men ho døydde like etterpå.
3. Knut Rasmusson Håheim 26.04. 1782-
Ukjent lagnad.

Sissel vart attgift 1775 med Rasmus Knutson. Dei hadde omlag halve garden. I 1779 kjøpte Rasmus 3 laupsbol i søre Håheim for 100 rd og kår til "den vanvittige" Asle Arneson. Etter kontrakta skulle Rasmus overlate Håheim til Svein Holto (verge for Asle A. ) og motta 16 rd. Dersom Rasmus ville bruke garden til 'halnings' med Svein, skulle han betale 14 rd og ha avlinga av Jødnbustølen. (1396) s 36
    Rasmus og Sissel flytta til Borre i Vestfold. Rasmus delte bygsla med sonen Syver på Øvre Kjeran i Nykirke/Borre i 1806. I 1807 budde han på garden Loss.
    I 1829 ville han trekke seg attende til fordel for sonesonen Ola Syverson. Men sjølv om Rasmus var 80 år og Sissel 96 år, så ville dei ha litt å stelle med. Til trass for "høg alder og svakelighet" skulle kåret omfatte m.a. søre delen av enga, "Hegnen" og noko åker og dessutan hamn til 1 ku og 1 sau. osv. (Opplyst av Rune Helland, Åsgårdstrand.)

{3781} År: 1791


Håheim vart selt på auksjon i april 1791. Ola Arneson Lislelien kjøpte søre-nedre Håheim (3 laupsbol), men selde att i 1793 til Ola Syverson for 590 rd.

{3782} År: 1793

Ola Syverson Håheim 27.01. 1765-
Foreldre: Syver Arneson Håheim og Sissel Olsdtr. Kyrkjedeld.

Ola Syverson lyste pengemangel på søre Håheim i 1791. Farbroren Asle hadde selt odelsgarden or slekta våren 1791. I 1793 kjøpte Ola søre-nedre Håheim for 590 rd hjå Ola Arneson og Turid Olsdtr.
    Ola var ugift, men han hadde truleg dottera Sissel Olsdtr. 1797- med Birgit Olsdtr. Thon. Birgit var død alt i 1802, og Ola nekta for farskapet.
    I 1794 bygsla Ola bort eit jordstykke kalla Nysethaugen til husmann Ola Olson Feten. I 1799 selde Ola søre Håheim til Per Olson Arnegard for 1048 rd. Truleg held han attende myljo Håheim. Sidan ser me ikkje meir til Ola. Det kan tenkjast at han døydde 1816 som Ola Syverson Slåtten.

{3783} År: 1799

Per Olson Arnegard Håheim 1767-1813
Foreldre: Ola ... Arnegard og ... .
Gm Gunvor Larsdtr. Svarteberg Håheim 09.06. 1771-1822
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
*Barn
1. Ambjørg Persdtr. Håheim Noss Torkjellsgard 10.09. 1797-1873
G 1820 m Lars Larsson Torkjellsgard Noss.
2. Ågot Persdtr. Håheim 03.11. 1799-
G 1824 m Sevat Sevatson Thon Noss. G 1829 m Ola Mikkelson Medhus. Sjå fylgjande to hushald.
3. Astrid Persdtr. Håheim 20.06. 1802-1853
Astrid var døvstum og ugift. Ho hadde kår på garden.
4. Margit Persdtr. Håheim 29.03. 1807-1810
5. Ola Person Håheim 24.01. 1810-1811
6. Margit Persdtr. Håheim Noss 22.03. 1813-
Gm Svein Olson Noss Tveito, gnr. 118/2. Til Am. 1853: ....., Wisconsin.

Per fekk skøyte på søre Håheim for 1034 rd i 1799. Han lånte 500 rd i 1799. Lånet var avlyst 1811. I 1806 kjøpte Per odelsretten til Håheim hjå Arne Syverson for 1600 rd. Per var 'national soldat' i 1801.
    Gunvor vart attgift med Botolv Olson Halvorsgard i 1814.

{3784} År: 1814

Gunvor Larsdtr. Svarteberg Håheim 09.06. 1771-1822
Foreldre: Lars Torsteinson Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
Gm Botolv Olson Halvorsgard Skalle 1776c-1866
Foreldre: Ola Sveinson Halvorsgard Bøygard og Gro Håkonsdtr. Langegard.

Gunvor vart attgift med Botolv Olson i 1814. Dei brukte nok ein del i garden nokre år framover.
    Botolv Håheim handla saman med Ola Bjørnson Sata. Dei delte slik at Botolv fekk plassen Skalle, Skallestølen, skog og andel i Rime sin langstøl Rødungen med fiskeri.
    Botolv vart attgift 1826 m enkje Anne Olsdtr. Kvinnegard.

{3785} År: 1824

Ågot Persdtr. Håheim 03.11. 1799-
Foreldre: Per Olson Arnegard Håheim og Gunvor Larsdtr. Svarteberg.
Gm Sevat Sevatson Thon Noss Håheim 04.02. 1787-1827
Foreldre: Sevat Embrikson Viskeplassen Thon og Birgit Olsdtr. Thon.
*Barn
1. Gunvor Sevatsdtr. Håheim 28.11. 1823-
2. Birgit Sevatsdtr. Håheim Skaga 24.11. 1826-1921
G 1849 m Knut Olson Kinneberg Skaga, Gol 1806-1876. Barn: Birgit 1848-1925 g 1883 m Herbrand Knutson Slåtto Skaga (6 barn); Ola 1850-1892 ugift og sjukleg; Sevat 1853-1905 til Am. , gm Margit Olsdtr. Gjerdingo (7 barn); Jøran 1855-1881; Ågot 1857-1929 ug.; Gunvor 1861-1861; Gunvor 1865-1882; Ingrid 1867-1954 til g 1889 m Amund Karlson Ask, g 1904 m Halvor Knutson Stavn (3 barn); Per 1871-1954 til Lauvdokken, g 1907 m Ingeborg Knutsdtr. Nivstad. (Gol VI s 479)
    Knut Olson kravde auksjon i 1853 over Sevat Olsons part i Kjellargard. .. (1549)

Sevat og Ågot gifte seg i 1824. Sevat hadde vore gift med enkja Birgit Knutsdtr. Leksvol på Torkjellsgard Noss. Sevat var truleg ute i krigen 1807-14 som 'S.S. Ulshagen'. Han vart dimmitert pga. skade i høgre arm.
    Skiftet etter Sevat vart utsett grunna ei rettssak om uteståande gjeld, men alt saman brann opp saman med sorenskrivargarden på Nes. Skiftet vart slutta 1829, då var der ingen gjeld, men ein del uteståande fordringar. Håheim vart taksert til 750 spd.
    Ågot vart attgift 1829 med Ola Mikkelson Medhus. Sjå neste hushald.

{3786} År: 1830

Ågot Persdtr. Håheim 03.11. 1799-
Foreldre: Per Olson Arnegard Håheim og Gunvor Larsdtr. Svarteberg.
Gm Ola Mikkelson Medhus Håheim 19.08. 1804-
Foreldre: Mikkel Nubson Medhus og Ragnhild Olsdtr. Barskrind.
*Barn i andre ekteskap
1. Ragnhild Olsdtr. Håheim 24.02. 1830-
Ragnhild flytta ikkje til Nes 1846 saman med resten av familien.
2. Per Olson Håheim Mikkelson 07.11. 1831-1920
G 1867 m Kirsti Branson 1830-1875. Barn: Ole Andrew 1869-1946 juveler, g 1892 m Berit Reiersdtr. Moen, Oddengen i Flå (2 barn); Sivert 1872-1949 gm Julia ... 1880-1946 (1 barn); Olina 1874-1908 g 1901 m Alvin Benoni Ranum (2 barn).
    G 1877 m Ingeborg Steenson. Barn: Martin ; Carl ; Stener ; + 4 andre?
    Per skreiv seg 'Peder Mikkelson', dvs. han tok faren sitt patronymikon som slektsnamn. Han reiste til Nes med foreldra i 1846. Til Am. 1860. Då Kirsti døydde, vart ungane sett bort til fosterforeldre. Per farma i Brookfield, Iowa. Sonen O. A. Mikkelson dreiv urmakarforretning i Kensett i Iowa. Sjå Ulvestad Bind 2 s 801, Nes I, s 226-27.
3. Sevat Olson Håheim 23.02. 1836-
Sevat reiste til Nes med foreldra i 1846.
4. Ragnhild Olsdtr. Håheim Olson 09.04. 1841-1925
G 1868 m Herbrand Langeberg Olson 1845-1926. Barn: Gertrude ; Augustine ; Emilie ; Olina 1874-1908.
    Til Nes 1846. Til Am.: Worth Co. Herbrand var kommunekontorist, fylkesrådgjevar m.m. (1360)
   

Ågot vart attgift 1829 med Ola Mikkelson. Ola makeskifte bort garden med Ola Solveson. Ola held attende ein del av stølen Lauvdalen. (bnr 2, som kom på handel og ligg no til Feten.)
    Ola og Ågot reiste til Nes 1846. Dei selde Benterud i Nes i 1849 til Torstein Snogsrud og reiste til Am. kring 1850: Green Co. Wisconsin. 'Ågot Skagen' = Ågot Persdtr., enkje etter Sevat Sevatson Thon Noss Håheim.

{3787} År: 1843

Ola Solveson Medgarden 21.03. 1799-1881
Foreldre: Solve Olson nedre Medgarden (Liagardane) og Birgit Olsdtr. Medgarden (Leveld).
Gm Margit Embriksdtr. Espegard Håheim 12.01. 1816-1911
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard og Borghild Olsdtr. Lappegard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Håheim Randen 11.10. 1840-1919
G 1867 m Ola Tolleivson Randen, gnr. 92/5.
2. Borghild Olsdtr. Håheim Arnegard 22.07. 1843-1940
G 1871 m Asle Arneson Arnegard, gnr. 56/1.
3. Solve Olson Håheim 24.10. 1846-1912
G 1875 m Kristi Olsdtr. søre Haug. Sjå neste hushald.
4. Embrik Olson Håheim Dokk 14.11. 1849-1924
G 1871 m Margit Sevatsdtr. Oleivsgard. Sjå nordre Dokk, gnr. 67/2.
5. Kristi Olsdtr. Håheim 23.08. 1852-
Truleg død liten.
6. Syver Olson Håheim Gudbrandsgard 08.11. 1853-1948
G 1888 m Guri Embriksdtr. Dusegard. Sjå søre Gudbrandsgard, gnr. 68/1.
7. Kristi Olsdtr. Håheim 06.01. 1857-1863

Ola og Margit gifte seg i 1839. Ola makeskifte til seg Håheim i 1843. Dei bygde stugu, låve stallar og loft. I 1872 overtok sonen Solve garden.

{3788} År: 1872

Solve Olson Håheim 24.10. 1846-1912
Foreldre: Ola Solveson Medgarden nedre Håheim nedre og Margit Embriksdtr. Espegard.
Gm Kristi Olsdtr. Haug Håheim 17.03. 1857-1929
Foreldre: Ola Larsson søre Haug og Turid Larsdtr. Pålgard.
*Barn
1. Ola Solveson Håheim Hajem 01.01. 1876-1960
G 1906 m Birgit Embriksdtr. Sorteberg. Sjå Nedrejordet gnr. 55/15 og eige hushald 'Hajem'.
    Barn m/Ingrid Larsdtr. Skrattegard: Astrid 1907- .
2. Margit Solvesdtr. Håheim Medgard 17.02. 1878-1974
G 1898 m Ola Johanneson nordre Medgard, gnr. 69/4.
3. Ola Solveson Håheim Hajem 20.06. 1880-1950
Barn m Ingrid Larsdtr. Skrattegard: Astrid 1907-1993 gm Torstein Torsteinson Sorteberg.
    G 1908 m Kari Nilsdtr. Svenkerud. Barn: Nils 1909- ug. forretningsmann på Nes; Kristi 1912- (?) gm meieri-ingeniør Odd Fiske, Oslo (1 son); Marie 1920- gm Jon Hoksmark Sørensen (2 barn).
    Ola gjekk på handelskule i Kr.ania i 1900. Kom til Nes i 1903. Ola var forretningsmann på Nesbyen. (1047)
4. Embrik Solveson Håheim 05.08. 1882-1895
5. Lars Solveson Håheim 15.10. 1884-1979
G 1921 m Ågot Torsdtr. Løken. Sjå Bakke gnr. 49/1.
6. Turid Solvesdtr. Håheim Gunhildgard 03.02. 1887-1950
G 1909 i Bergen m Ola Olson Trintrud Gunhildgard, gnr. 44/1.
7. Knut Solveson Håheim 09.08. 1889-1975
Ug. Knut var i Am. frå 1910 til 1938. Han farma i Canada. Sidan var han heime og hjelpte syskena sine.
8. Svein Solveson Håheim Hajem 09.08. 1889-1984
G 1917 m Astrid Embriksdtr. Espegard. Sjå år 1919.
9. Birgit Solvesdtr. Håheim Dybsjord 24.07. 1892-1977
G 1924 m em Olav O. Juvsjord i Hol 1892-1981. Barn: Sigmund 1931- overtok Håheim 1982, g 1966 m Reidun Rødahl frå Kristiansund (2 søner).
    Olav og Birgit dreiv bruket Urshovd i Hol. Dei kjøpte jord og dyrka opp bruket. Dei hadde 1 hest, 4 kyr og 12 geiter i 1957. Sigmund overtok Urshovd i 1958. Sjå år 1982.

Solve og Kristi gifte seg i 1875. Solve fekk skøyte på garden hjå faren i 1872.