Snogsrud gnr. 72 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Snogsrud gnr. 72 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Snogsrud ligg nord vest for øvre Håheim, og var opphavleg ein plass. Frå gamalt av var Snogsrud benifisert gods under Ål prestebol med årleg skatt 1 kalvskinn. Det var såleis presten som sette brukarar i Snogsrud. Dette vara fram til 1858. Snogsrud vart frådelt Håheim som eige bruk i 1858, grunna preste-godset vart det gjeve kongeleg skøyte.
    Namnet kan koma av sno eller snok. I såfall er tydinga ein rudning der det er kald sno. Gardsnamnet vert skrive både Snogsrud og Snoksrud.
    I 1640 var lagretten på øvre Håheim i høve skattlegging. Det heitte då at øydeplassen Snogsrud, som nyleg var opprydda, skulle skatte som halv øygard. Snogsrud vart brukt under Håheim og skatta eit kalvskinn og eit gråskinn frelse. I 1713 vart Snogsrud 'bevilget at have udi slottelende øverst i Nysetlien.' (1085) s 2a
    Areal 1865: dyrka jord 6 1/2 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 16 mål. Avling 4 tunner bygg 5 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 71 mål, anna areal 70 mål, produktiv skog ca. 75 mål, anna utmark ca. 300 mål.
    Våningshus bygt 1949, påbygt og rest. 1967 og 1982, gamalt stolphus, fjøs og låve 1932, ny driftsbygning 1973. Buskap: 12 mjølkekyr, 20 ungdyr.
    Stølar: heimstøl Nystølen. Langstøl i Fossestølen.
    Under Snogsrud ligg også søre Kjellargard (gnr. 77/3) og Aslegjerda (gnr. 44/7).
   

{3850} År: 1768c

Ambjørg Arnesdtr. Håheim Snogsrud 1740-1776
Foreldre: Arne Viggerson Oleivsgard Håheim og Turid Aslesdtr. Langegard.
Gm Ola Olson Sire Snogsrud 1743c-1771
Foreldre: Ola Olson myljo Sire og 1. g. ... ... ... .

Ola Olson var soldat og husmann i Snogsrud før 1770. Ola vart kalla "Snogsrud-Svensken", eit oppnamn han hadde fått etter ei ukjend hending.
    Ola vart drepen av svogeren Syver Arneson Håheim om morgonen etter eit barsøl i Lislelien 25. november 1771. Der hadde Ola og Syver, bror til Ambjørg, hadde krangla om ein skogrem. Vel heimatt-komen utpå morgonsida hadde Ola lagt seg til å sova. Like etterpå kom Syver rett inn i stugu og flaug på Ola i senga.
    "Det var så mange i barselet, nu er vi alene. Een om een og toe om Fanden!" Medan Ola kledde på seg, fekk han det fyrste av fleire knivstikk hjå Syver. Og deretter slo Syver sund eit riveskaft over ryggen på systera Ambjørg. Ola var slik kledd: brystduk, skjorte, vest, grå Valdres-kofte. (1370) s 25
    I straffesaka mot Syver la kaptein Thomas Aarøe fram ei rekning som viste 'at den dræbte Ole Olsen har kosted Regimentet 25 rd: 49 s. Hvilcke Aarøe begiærede Retten ved domsaflæsning over denne Manddraber Syver Hajem maatte vorde Regimentet tillagt.'
    Det såg ut til at Ambjørg måtte flytte frå garden og selja dyra. Istaden vart ho attgift med Halvor kring 1772. Sjå neste hushald.

{3851} År: 1770

Ambjørg Arnesdtr. Håheim Snogsrud 1740-1776
Foreldre: Arne Viggerson Oleivsgard Håheim og Turid Aslesdtr. Langegard.
Gm Halvor Olson Opheim Snogsrud 1739-1802
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. Opheim.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Halvorsdtr. Snogsrud Medgard 1773-____
G 1798 m Asle Johanneson Medgard, gnr. 69/1.

Ambjørg var enkje etter Ola Olson myljo Sire Snogsrud som døydde i 1771.
    Halvor hadde bygsla Snogsrud hjå Ola Torsteinson Håheim i 1770, og fekk bygselsbrev frå presten i 1773.
    Halvor gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i minst 11 år. Halvor vart attgift med Margit i 1777. Sjå neste hushald.

{3852} År: 1777

Halvor Olson Opheim Snogsrud 1739-1802
Foreldre: Ola Halvorson Vesledalstugu Opheim og Guri Persdtr. Opheim.
Gm Margit Aslesdtr. Medgard Snogsrud 1739-1803
Foreldre: Asle Olson Medgard (Leveld) og Birgit Johannesdtr. Skrindo.

Halvor vart attgift 1777 med Margit. Dei hadde ingen barn. Då Halvor døydde i 1802 sende Margit søknad til Buskerud amt om å få godkjent fletføringskontrakt. Dvs. at ho kunne bu på garden mot at amtet skulle overta eiga hennar då ho gjekk bort. Men Margit døydde alt neste år.

{3853} År: 1803


I 1803 vart Snogsrud bortbygsla av presten Nimb til bonden på Håheim, Torstein Olson. Enkja hans overtok garden i 1858, og sonen overtok att same året.

{3854} År: 1858

Ola Torsteinson Håheim 31.08. 1794-1871
Foreldre: Torstein Olson øvre Håheim og Mette Johannesdtr. Mørk frå Hol. G 1824 m Torand Persdtr. Thon.

I 1858 vart Snogsrud frådelt Håheim og overført til enkja Mette Johannesdtr. Håheim med kongeleg skøyte. Tidlegare hadde brukaren betalt ei fast årleg jordavgift på garden på 1 bismarpund smør kvart år.
    Mette skøytte garden vidare til sonen Ola Torsteinson same året. Han selde garden til Daniel Viggerson i 1864. Sjå meir om Ola på øvre Håheim, gnr. 72/1.

{3855} År: 1864

Daniel Viggerson Gurigard Snogsrud 31.05. 1833-1919
Foreldre: Vigger Botolvson Espegard Gurigard og Guri Danielsdtr. Gurigard.
Gm Mette Olsdtr. Håheim Snogsrud 18.02. 1836-1915
Foreldre: Ola Torsteinson Håheim og Torand Persdtr. Thon.
*Barn
1. Vigger Danielson Snogsrud 28.08. 1864-1864
2. Vigger Danielson Snogsrud 08.10. 1865-1865
3. Guri Danielsdtr. Snogsrud 27.08. 1866-1866
4. Guri Danielsdtr. Snogsrud 17.09. 1867-1867
5. Guri Danielsdtr. Snogsrud 23.09. 1868-1868
6. Embrik Danielson Snogsrud 25.09. 1869-1869
7. Ola Danielson Snogsrud 24.11. 1870-1870
8. Vigger Danielson Snogsrud 06.02. 1872-1877
9. Ola Danielson Snogsrud 20.05. 1874-1874
10. Guri Danielsdtr. Snogsrud Feten 12.08. 1875-1961
G 1895 m Ola Olson Arnegard Feten, gnr. 72/2.
11. Guri Danielsdtr. Snogsrud 12.08. 1875-1875
Tvilling.

Daniel og Mette gifte seg i 1863. Dei kjøpte Snogsrud i 1864, og selde att i 1881 då dei kjøpte Feten.
    Daniel og Mette fekk då 11 ungar, av dei var det berre ei dotter som vaks opp. Det kan vera dette som førte til at dei bytte gard med Levor Eirikson.

{3856} År: 1881


Levor Eirikson Feten (1829-1898) kjøpte Snogsrud i 1881. Sjå Feten, gnr. 72/2. Sonen Ola overtok garden, truleg i 1898.

{3857} År: 1898c

Ola Levorson Feten Snogsrud 06.10. 1867-1932
Foreldre: Levor Eirikson Espegard Feten og Ågot Viggersdtr. Oleivsgard.
Gm Anne Olsdtr. Opheimsjorde Snogsrud 11.03. 1874-1908
Foreldre: Ola Nilsson Opheimsjorde og Gro Embriksdtr. Preinsrud.
*Barn
1. Levor Snogsrud 05.02. 1902-1931
Ug.
2. Ågot Snogsrud 07.08. 1903-1920
Ugift. Tuberkulose.
3. Ola Snogsrud 17.09. 1905-1965
Var gm Borghild L. Stavehaugen. G 1945 m Ågot H. Ødelien. Sjå neste hushald.
4. Embrik Snogsrud 23.09. 1907-1908

Ola og Anne gifte seg i 1902. I 1900 var Ola gardbrukar og skreddar.