Ødelien, nordre gnr. 73 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ødelien, nordre gnr. 73 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Ødelien var eigentleg søre Ødelien etter delinga i 1842. Truleg var dette den opphavlege garden Ødelien. Lars Opsata skriv at det heitte 'sy garde' om denne garden, og 'nordi stugun' om noverande søre Ødelien. Ut frå dette kan det her vera slik at bruksnummer 2 eigentleg var den opphavlege garden.
    Ved delinga var det sterk teigblanding, og tunet på denne garden vart liggande synst. Garden hadde kvern og sag nedanfor fossen i Votna. Sjå år 1877.
    Den fyrste tida etter delinga var det felles bruk av sume av uthusa. Etter utskiftinga 1916-1919 vart tunet flytta nord til noverande stad. Her stod det stugu og stallar, og staden var kalla Slåtta.
    Frådelte bruk og plassar: søre Ødelien bnr. 1 og Åsheim bnr. 5.
    Nokre stadnamn: Bergagjøta, Fugleglennhovda, Hesjabakken, Øylibrennun.
    Areal 1865: dyrka jord 12 1/2 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 24 mål. Avling 11 tunner bygg 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark. 20 mål. Leigd jord og beite 25 mål. Buskap: 75 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1880, flytta og ombygt 1922, påbygt 1960, gamalt loft, driftsbygning flytta og påbygd 1922 og 1975, 5 utleigehytter.
    Stølar: heimstøl på Nystølen, langstøl i Gyrinose. Stølane var i drift til ....

{3876} År: 1841

Syver Botolvson Ødelien 21.11. 1802-1888
Foreldre: Botolv Syverson Ødelien og Ambjørg Olsdtr. Haug.
Gm Guri Persdtr. Lappegard Ødelien __.__. 1808-1895
Foreldre: Per Person Gunhildgard nordre Lappegard (Leveld) og Margit Eiriksdtr. Lappegard.
*Barn
1. Ambjørg Syversdtr. Ødelien 03.08. 1841-1929
Ambjørg mista høyrselen under sjukdom som 10-åring. Ambjørg hadde kår i Ødelien og fødde sine tre geiter. Ho las mykje, og ettersom ho hadde lært seg å lesa på munnen, var det lett å samtale med henne. (1142)
2. Botolv Syverson Ødelien 23.09. 1843-1924
G 1877 m Torand Torsteinsdtr. Thon. Sjå neste hushald.
3. Margit Syversdtr. Ødelien Trintrud 04.01. 1847-1917
G 1878 m Lars Knutson nordre Trintrud, gnr. 57/3.

Syver og Guri gifte seg i 1840. Syver overtok gardeparten bnr. 2 i 1841 og saman bygde dei opp garden.
    Syver og Guri sleit med økonomien, og var i ferd med å selja og reise til Amerika. Men så vart reisa utsett eit par år, og dei vart verande likevel ettersom økonomien retta seg.
    Syver var liten av vekst og Guri var stor. Det vart sagt at ho stod for styringa på garden, og at ho lukkast med det. (1142)
    Guri fekk slag ein sundag nett då ho var på veg inn i kyrkja i Leveld. Etter 7 år sengelege døydde ho.
    I 1865 budde Knut Syverson Myro med kone og dotter i eit eige hus i Ødelien. Truleg var det i Slåtta. Knut var inderst og skomakar. Sjå meir om dei på Kyrkjedeldmyro gnr. 64/5.

{3877} År: 1877

Botolv Syverson Ødelien 23.09. 1843-1924
Foreldre: Syver Botolvson Ødelien og Guri Persdtr. Lappegard.
Gm Torand Torsteinsdtr. Thon Ødelien 20.12. 1857-1925
Foreldre: Torstein Olson nordre Thon og Liv Mikkelsdtr. Veslegard.
*Barn
1. Guri Botolvsdtr. Ødelien Håplassen 08.01. 1880-1963
G 1907 m Ola Olson øvre Håheim Håplass. Til Am. 1907: White Earth, Minot ND. Etter fire år kom dei heim att og kjøpte Håplassen, gnr. 53/2.
2. Liv Botolvsdtr. Ødelien Gurigard 30.03. 1881-1969
G 1911 m Botolv Sevatson Gurigard, gnr. 63/2.
3. Syver Botolvson Ødelien 12.11. 1883-1901
Syver drukna under bading i Mohølen i Votna i juli 1901.
4. Torstein Botolvson Ødelien 23.01. 1886-1963
G 1912 m Ågot Olsdtr. Opheimsjorde. Sjå neste hushald.
5. Ola Botolvson Ødelien 01.06. 1888-1963
G 1912 Eiker m Birgit Sandersdtr. Tufte eller Skjerping.
    G 1941 Oslo m Barbro Holgesdtr. Bjella. Gardbrukar i nordre Thon og Larsgarden Sundre, sidan handelsstyrar m.m. Sjå Larsgarden Sundre.
6. Mikkel Botolvson Ødelien 05.10. 1893-1984
G 1931 m Anna Øidne 1899-...., Audnedal. Barn: Bjarne 1933- gm Kari Engstad; ... .
    Mikkel tok seg utdanning: handelsskule, landbruksskule, NLH. Vidare hadde han mange studieopphald i utlandet. Ei tid var han lærar og gardstyrar ved Søve landbruksskule.
    Mikkel var beitekonsulent og forsøksleiar ved Norges Vel i 11 år. Han arbeidde m.a. med kultur-beite. I 1932 vart Mikkel professor. Sidan var han rektor på Landbrukshøgskulen eit par år, men Mikkel ville heller drive forsking i staden for administrasjon.
    Mikkel sat i ymse utval. Han vart utnemnd til Riddar av 1. klasse St. Olav i 1959, og i 1962 æresdoktor ved Kungliga Lantbrukshøgskolan i Sverige. Medforfattar til ei lærebok om gjødsellære.
7. Margit Botolvsdtr. Ødelien 06.10. 1902-1997
Ug. Sjukesyster, arbeidde lenge i Hemsedal m.m. Avdelingssyster ved Strømsø pleieheim, Drammen. Kom heim att til Ål etter oppnådd aldersgrense.

Botolv og Torand gifte seg i 1877. I unge år dreiv Botolv sauehandel mellom Sogn og Oslo. Som bonde ofra han seg heilt for garden. Og han skar timmer. Øylisaga var oppgangsag. Ei tid hadde han også halve Myresaga. (1142)
    Botolv vog sine ord nøye, det skulle vera rett når han sa noko. Ein gong fortalde han om noko arbeid med ein stein. 'Om steinen klovna eller sprakk, det skal vera usagt!'