Hesjabakken gnr. 74 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hesjabakken gnr. 74 bnr. 2a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hesjabakken, også kalla To-eie var ein husmannsplass under søre Thon. Den låg like ved den gamle ålmann-vegen oppe i halla vest for Bergton. 'Her syner tufter, rydningsrøysar og steingjerde. Det har tydeleg vore ein velstelt plass'. (Ola Ellingsgard 1991)
    Her budde strevsame arbeidsolk, i fylgje Guttorm Toeie i Dølaminne 1923. Nede i jordet var rydda jord til nepe-lende. Grunnleiga var anten 2 rd eller pliktarbeid: å slå ein teig og skjera 2 1/2 mål åker.

{3919} År: 1861

Guttorm Olson Bergsgard Toteigen 30.09. 1798-1871
Foreldre: Ola Guttormson Bergsgard d.y. og Kari Knutsdtr. Sire.
Gm Margit Olsdtr. Svillegarden Toeie 14.05. 1807-1902
Foreldre: truleg Ola Olson Arnegard Noss Svillegarden og Birgit Syversdtr. Kyrkjedeld.
*Barn
1. Ola Guttormson Toeie 29.09. 1840-1848
2. Kari Guttormsdtr. Toeie Bøygardshagen 11.01. 1843-1923
G 1869 m Ola Håkonson Halvorsgardshagen Bøygardhagen, gnr. 38/8.
3. Ambjørg Guttormsdtr. Toeie 06.12. 1844-1923
Ambjørg var ugift arbeiderske i 1900. Ho dreiv 'Spinding og strikking'.
4. Ola Guttormson Toeie Medgardshaugen 29.09. 1846-1910
G 1883 m Turid Sveinsdtr. Underberget Gol 1856-1938. Timremann. Sjå Medgardshaugen, gnr. 69/3.
5. Haldis Guttormsdtr. Toeie 29.12. 1848-1925
Ugift. Barn: Guttorm Botolvson, sjå barnebarn. Haldis var ugift arbeiderske som dreiv 'Spinding og strikking' i FT 1900,
6. Kari Guttormsdtr. Toeie Rue 16.06. 1852-
Gm Knut Olson Rue, Seljord. Ingen barn i 1900. Dei budde ved Ulefoss Verk der Knut hadde målar-verkstad.
7. Margit Guttormsdtr. Toeie Brattegard 02.12. 1856-1934
G 1891 m Eirik Olson øvre Brattegard.
*Barnebarn
1. Guttorm Botolvson Toeie 02.12. 1873-1951
Ug. Foreldre: Botolv Olson Håkonsgard med Haldis Guttormsdtr. Toeie.
    Sjå Guttormstræet under nordre Thon.

Guttorm og Margit gifte seg i 1840. Guttorm budde på Veslegard før han gifte seg. I 1831 var Margit var tenar på Buskerud herregard.
    Guttorm budde i Teigetræet i nordre Thon før han bygsla Hesjabakken i 1861.
    Dei fekk seg tildelt korn på fattigkassa i 1846. I FT 1865 hadde dei 1 ku og 1 geit. Dei sette 1/4 tunne potet.
    I 1900 sat Margit som husmannsenkje utan jord med døtrene Ambjørg og Haldis. Sjå meir under Teigetræet i nordre Thon.