Dokken gnr. 76 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dokken gnr. 76 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dokken heitte Tuftedokken frå gamalt. Dokken ligg mellom for nordre Ton og søre Kjellargard.
    I 1663 budde Botolv Tolleivson i 'Sletten som ligger mellem Thon og Kiellergaard' då han makeskifta søre Thon med Håkon Lofthus og fekk att rudningsplassen Tuftedokken og 136 rd i mellomlag. Botolv hadde nok overteke bruket hjå far sin Tolleiv Person Bjella Thon. Etter dette så var truleg TufteDokken ein rudningsplass under søre Thon.
    I 1729 var 6 lagrettemenn og futen sin fullmektig i Tuftedokken. Garden vart matrikkulert og lagt i 1 laupsbol landskyld.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 25 mål. Avling 3 1/2 tunne bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål og anna areal 6 mål som vert leigd bort, produktiv skog 10 mål, anna utmark 210 da. Medrekna Brattegard (gnr. 84, bnr. 2). Del i Hesthovdstølen og Vats stølssameige.
    Våningshus bygt 1911, nytt våningshus 1980, driftsbygning 1971, gamalt loft.
    Stølar: heimstøl Dokkenstølen (rett ovanfor garden) og ein nedlagt heimstøl i Vestlia. Langstøl på Hovda (tilkjøpt frå Havarsgard 1815). I 1896 vart Langegard-delen på Sirestølen tilkjøpt.
   

{3968} År: 1750

Knut Tolleivson Svarteberg Tuftedokken 1724-1751
Foreldre: Tolleiv Person Svarteberg og ... ... ... .
Gm Birgit Larsdtr. Skarsgard Tuftedokken 1728-1752
Foreldre: Lars Eilevson Berg Skarsgard og Guri Ivarsdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Ingeborg Knutsdtr. Tuftedokken Gunhildgard 21.07. 1748-1827
Gm Herbrand Person Bakke, sjå Baggegarden, gnr. 44/11.
2. Lars Knutson Tuftedokken 1750-
3. Ivar Knutson Tuftedokken 28.03. 1751-

Knut kjøpte Tuftedokken hjå Sevat Olson Settungsgard i 1750 for 90 rd.
    På skiftet etter Knut i 1751 var Birgit sjuk og sengeliggande med to barn på 1 og 3 år. Buet var 3 ort i underskot. Verga for enkja, Ola Håkonson Berg, fekk sett ned taksten på garden til 54 rd.

{3969} År: 1752

Embrik Syverson Thon TufteDokken 1715-1800.
Foreldre: Syver ... ... og ...
Gm Barbro Aslesdtr. Havardsgard TufteDokken 1730c-1801
Foreldre: Asle Olson Havardsgard og Guri Olsdtr. Noss Gunhildgard.
*Barn
1. Birgit Embriksdtr. TufteDokken 05.01. 1744-
Gm Eirik Henrikson ... død ca 1781. Busett Strøm sokn i Hurum.
    Barn: Birgit 1784 27.06 m Asle endreson Logsengard.
2. Syver Embrikson Kjellargard 14.04. 1746-1768
Syver og landevernsoldat Johannes Gurigard hadde krangla om ein svart hest.
    Så ein dag møttest dei to i Lislelien. Dei byrja å slåst og Syver vart drepen av Johannes. (1289) s 32
3. Asle Embrikson TufteDokken 01.01. 1749-1800f
Asle var død før 1801.
4. Asle Embrikson Dokken Thon 27.02. 1757-1836
G 1800 m Birgit Embriksdtr. Arnegard. Asle var dagarbeidar og husmann utan jord i Thon. Sjå Fivilstølen. Død i legd på Skarsgard 1836.
5. Guri Embriksdtr. TufteDokken 13.07. 1760-
6. Ola Embrikson TufteDokken 19.06. 1763-
7. Jon Embrikson Tuftedokken 19.05. 1766-
Jon stod på lista over "fattige børn" i 1780. I 1801 var han gevorben soldat ved garnisonen på Fredrikshald. SK 10.10.1801.
    Også kalla Jon Embrikson 'Toskedokken'. (Sjå forklaringa under år 1767.)
*Barnebarn
1. Birgit Aslesdtr. Tuftedokken 27.06. 1784-
Truleg død i 1790-åra.
    Foreldre: Asle Endreson Logsengard med Birgit Embriksdtr. Tuftedokken.

Embrik lånte ut 54 rd i 1755 mot brukeleg pant i Tuftedokken. Embrik 'Toskedokken' døypte sonen Jon 19. mai 1766.
    Embrik og Barbro levde 'i fattige omstendigheder' heitte det. Embrik var skomakar. Barbro var ei røddig kjering. Som enkje budde ho hjå sonen i Thon i 1801. For å tene til livets opphald la ut ho ut på handelsferder i fjellbygdene. Ho handla med småkrytyr og 'ubetydeleg kram'. Barbro døydde 1801 på garden til Harald Hanto i Lunde i Bø i Telemark.
    Barbro hadde noko gjeld hjå kjøpmann Peter Dardanell i Drammen, og buet kom 113 rd i underskot. Ingen av barna ville ha skiftebrevet!

{3970} År: 1767

Per Botolvson Granhagen Tuftedokken 09.12. 1753-
Foreldre: Botolv Person Tuftedokken Håkonplassen og Ingeborg Andersdtr. Strand.

Per vart kalla Botolvs-Per. Som konfirmant var det ei kjering som spurde Per: "Du er vel god te å lesa du?" Han svara: "Å nei, eg kan ikkji sea me so god inniboks, men eg er god til å stå!"
    I 1767 kjøpte Per garden Tuftedokken saman med stefaren Halvor Knutson Tjødndalen hjå Eilev Olson for 80 rd. Truleg sat Per med garden til 1785, då han med verge selde for 160 rd til Torgeir Knutson.
    Ikkje alle folk var snille med Per. Garden gjekk delvis under namnet 'Toskedokken' den tida Per hadde den. Jamvel i kyrkjeboka vart det skrive at 'Embrik Toskedokken' døypte sonen Jon sin i 1766. Per var nok ein original.
    Sidan budde Per i ei liten stugu på søre Breie. Han rusla rundt frå gard til gard og det vart mange hermer etter han. I nigarde på Strand var det ein gul hest som Per var kamerat med. Per fortalde ei gong han stod uti garden og prata, "Då kneggja stallen so det rundæ i gule". Hesten hadde høyrt stemma hans. "Det va an kjering å koke i!" sa Per, han hadde kjøpt seg ny kaffikjel. (1018) s 3

{3971} År: 1775

Torgeir Knutson Tangane Tuftedokken 1732-
Foreldre: truleg Knut Asleson Tangane og Kari Kitilsdtr. ... . G 1756 m Margit Aslesdtr. Hagen.

Torgeir kjøpte Tuftedokken som enkjemann i 1775 for 160 rd. Han selde att 1788 for 163 rd.

{3972} År: 1780c

Torgeir Olson Tuftedokken 1740c-
Foreldre: Ola ... ... ... og ...
Gm Birgit Eiriksdtr. ... Tuftedokken 1740c-1781s
Foreldre: Eirik ... ...
*Barn
1. Knut Torgeirson Thon Bergadekko 1771c-
G 1798 m Guro Eiriksdtr. Lappegard 1774- . Sjå Bergadekko under Turkarstad.

Med uviss heimel har Torgeir og Birgit site med Tuftedokken fram til 1781. Sonen Knut Torgeirson hadde Sevat Kjellargard som formyndar i 1781.
    På skiftet etter Birgit 27 juni 1781 møtte ingen. Det vart opplyst at Torgeir "allerede før siste høstting hadde forlatt sitt hus og hjem". Lausøyret var "kun 3 gjeter med lam". Skifteretten bestemte at Tuftedokken skulle seljast på auksjon. Då møtte Torgeir og ville ta plassen i bruk. Buet var på 123 rd. Med fråtrekk for omkostningar og gjeld, fekk Torgeir og sonen kvar 49 rd tilslutt..

{3973} År: 1794

Sander Guttormson Skarsgard Tuftedokken 1770-1806
Foreldre: Guttorm Ivarson Nestegard Skarsgard og Birgit Levorsdtr. Medhus i Hol.
Gm Turid Olsdtr. Berg Tuftedokken 11.01. 1756-
Foreldre: Ola Sevatson Thon Berg og Margit Knutsdtr. Kyrkjedeld.

Sander og Turid gifte seg i 1793. Dei hadde ingen barn. Fosterson Ola Olson f. 1796.
    Sander lånte 120 rd i 1793 og betalte av eit pantebrev på Tuftedokken i 1794.
    Sander feste to hustomter til Asle Embrikson i 1804. Turid levde i 1806. Eiga vart taksert til 723 rd og gjelda til 419 rd. Det kom brev frå Fattighuset i Kr.ania som viste til at Sander hadde ein arving i systera Liv Guttormsdatter som var i forsorg hjå fattigvesenet i Kr.ania.

{3974} År: 1806

Eirik Olson Hovdegard Kolsrud 27.09. 1772-1853
Foreldre: Ola Olson Berg Hovdegard og Guri Eiriksdtr. Hovdegard.
Gm Birgit Oleivsdtr. Settungsgard Dokken 17.04. 1775-1825c
Foreldre: Oleiv Embrikson Kyrkjedeld Settungsgard og Guri Knutsdtr. Håkonsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Eirikson Settungsgard Tuftedokken 06.04. 1795-1812

Eirik Olson Hovdegard kjøpte Tuftedokken i 1806. Eirik og Birgit gifte seg i 1806.
    Eirik vart attgift 1826 med Anne Syversdtr. Kyrkjedelen. Sjå nordre Kolsrud, gnr. 14/2.
    I 1844 gifte Eirik seg opp att med enkja Torand Torsteinsdtr. Torpeslåtta, sjå Hagaplassen, gnr. 8/1c.

{3975} År: 1824

Per Olson Thon n 17.03. 1762-1839
G 1798 m Guri Olsdtr. Kvinnegard. Foreldre: Ola Person Arnegard Thon og Torand Olsdtr. Thon.

Per Olson i nordre Thon kjøpte Tuftedokken i 1824. Denne garden vart selt på auksjon 1832 til Halvor Olson Kvinnegarden. Han selde vidare med ein gong til Halvor Olson Havarsgard.

{3976} År: 1832

Halvor Olson Opheimsjorde Tuftedokken 15.09. 1793-1843
Foreldre: Ola Halvorson Opheim Opheimsjorde og Guri Halvorsdtr. Gurigard.
Gm Turid Halvorsdtr. Berg Tuftedokken 29.10. 1780-1841
Foreldre: Halvor Torsteinson Svarteberg Berg og Birgit Olsdtr. søre Berg.
Gm Ågot Helgesdtr. Sæte Tuftedokken 01.01. 1797-1873
Foreldre: Helge Olson Hamarsbøen Sæte og Ragnhild Kitilsdtr. Rygg. Sjå Hol VII s 528.

Halvor og Turid gifte seg i 1824. Ingen barn. Halvor vart attgift 1842 med Ågot Holgesdtr. Sæte Rygg. Ingen livsarvingar. Ifylgje testamente av 1843 overtok Ågot heile eiga. Sjå neste hushald.

{3977} År: 1845

Ågot Helgesdtr. Sæte Tuftedokken 01.01. 1797-1873
Foreldre: Helge Olson Hamarsbøen Sæte og Ragnhild Kitilsdtr. Rygg, Hol. (Hol VII s 528)
Gm Amund Person Sandelien Kveno 01.03. 1801-1893
Foreldre: Per Amundson Bakke Sandelien og Margit Torkjellsdtr. nordre Tveito.

Ågot vart attgift 1845 med Amund. Amund kjøpte søre Kjellargard i 1863. Han selde Dokken og Kjellargard for 350 spd til Ola Hermundson i 1872.

{3978} År: 1872

Ola Hermundson Kaslegard Fivilstølen 29.03. 1819-1891.
Foreldre: Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard (ungkar) og Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard.
Gm Anne Olsdtr. Fivilstølen Kjellargard 02.01. 1821-1900
Foreldre: Ola Sevatson Fivilstølen og Anne Olsdtr. Helling.

Ola og Anne gifte seg i 1848. Dei budde på Fivilstølen fram til 1869. Sjå Fivilstølen, 74/1 b.
    Ola Hermundson Kaslegard kjøpte søre Kjellargard i 1863, og Dokken i 1872.
    Sonen Ola overtok søre Kjellargard i 1869, og sonen Olbjørn overtok Dokken i 1894. Ola og Anne flytta opp på Fivilstølen før den tid. Sjå gnr. 74/1 b.

{3979} År: 1894

Olbjørn Olson Kjellargard Dokken 15.12. 1859-1936
Foreldre: Ola Hermundson Kjellargard og Anne Olsdtr. Fivilstølen.
Gm Birgit Larsdtr. Thon Dokken 27.12. 1871-1958
Foreldre: Lars Olson Randen Thon og Haldis Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Haldis Olbjørnsdtr. Dokken 26.09. 1899-1989
Haldis var ugift. Ho stellte huset hjå andre. Frå 1960 budde ho hjå systera Anne.
2. Anne Olbjørnsdtr. Dokken Thoen 21.04. 1908-1997
G 1949 m Torleiv Olson Thoen 1898-1981. Sjå eige hushald. Jordmor.
3. Ola Olbjørnson TufteDokken 27.02. 1910-2001
G 1934 m Mari Sevatsdtr. Brattegard. Sjå neste hushald.

Olbjørn og Birgit gifte seg i 1895. Olbjørn fekk skøyte på Tuftedokken i 1894. Olbjørn og Birgit bygde ny stugu og stallar. Olbjørn dreiv skomakararbeid ved sida av garden.